Eg har lurt veldig lenge på om eg skulle skrive noko om dette, sidan eg sikkert kjem i eit dårleg lys. Men eg har likevel bestemt meg for å gjere det. For eg synest ikkje dette var greit.
Ein gong var eg på turné i Den kulturelle skulesekken (DKS) i ein ikkje-namngitt norsk by, med eit opplegg rundt bøkene i serien Overleve. Det er jo eit relativt “nytt” opplegg, sidan bøkene var ganske ferske, men eg har prøvd ut opplegget mange gonger, med stort hell, synest eg. Det er laga for klassetrinna femte til åttande, og fungerer greitt for heile denne målgruppa, sjølvsagt med individuelle tilpassingar undervegs. Men på ein ungdomsskule skar det seg. Eg kjem ikkje til å nemne namnet på skulen, så du kan slutte å lure på det. Men det var aust for Finse. Og det har skjedd i laupet av dei siste åra.
Som barne- og ungdomsbokforfattar som hovudsakleg skriv nynorsk, så veit eg at lærarar (og kanskje aller mest bibliotekarar) er mine beste vener. Fordi det er dei som formidlar bøkene mine til både barn og vaksne. Det er fantastisk kjekt å møte engasjerte lærarar som er glad i elevane sine, og som har tatt seg tida til å sette elevane inn i kva det vil seie å ha ein forfattar på besøk. Skular har ofte lesetid i kvardagen, og litteratur blir snakka om i timane, og lærarane tar denne vanskelege jobben med kvart bidige årskull for å få dei til å lese bøker. Fordi dei veit at eit godt forhold til det å lese tekstar vil gi elevane fortrinn i alle andre fag, og i alle andre yrker seinare i livet.
Eg har hatt svært mange slike møte, der elevane kosar seg med å høyre på det eg har å fortelje. Dei blir tydeleg engasjerte, dei stiller spørsmål og dei ler når eg fortel noko morsomt. Og eg har identifisert nokre faktorar som gjer jobben min lettare, i tillegg til at eg er ein sabla god formidlar og forfattar, sjølvsagt. Du burde blitt stand-up komikar! var det ein elev som sa til meg ved eit tidlegare høve. Ja, kanskje eg må det, etter det eg opplevde, som eg snart kjem fram til.
Men desse faktorane er:
Elevane er førebudde på kva som skal skje, og eg kan påverke dette med å kommunisere med skulen på førehand - noko eg alltid gjer.
Elevane har sitteplass på ein stol, gjerne ein sitteplass som lærarane har makt over, spesielt med tanke på kven som sit med kven. Ikkje på låge benkar. Ikkje på matter, og slett ikkje på kalde golv. Dette spesifiserer eg alltid på førehand.
Lærarane er til stades saman med elevane, utan å jobbe med PC-en, sitte på mobilen, snakke med andre lærarar. Denne er vanskelegare for meg å påverke, sidan det er verre å oppdra dei vaksne, enn barna. Eg er ikkje vikarlærar, skriv eg til skulen på førehand. Dersom læraren ikkje skal følge med, kan dei gå ut. Å ha ein aktiv lærar er viktigare når eg held skrivekurs enn ved vanleg formidling av bøker. Men det at elevane ser ein vaksen lærar som deltar på deira eige nivå, er ekstremt viktig.
At vi er eit rom som egnar seg: Auditorium, vanlege klasserom, kinosal, kulturhus eller liknande. IKKJE i rom som har gjennomgangstrafikk, som aulaer, kantiner eller liknande. Heller ikkje gymsalar, dersom det kan unngås, fordi der er lyden alltid grusom, og det er som regel altfor kaldt. Det er betre med elevar klassevis i gode rom, enn hundrevis i gymsal.
Det bør vere god luft i rommet, men enkelte skular har så elendig inneklima at både eg og elevane blir sløve av det. Eg har vore på skular som aldri burde hatt lov til å vere opne, men kommunen har ikkje råd til fikse det. Dei bryt rett og slett arbeidsmiljølova. Ei stor skam, men det er ei anna sak.
Sjølv om denne lista høyrest vanskeleg ut, så klarer eit overraskande høgt antal skular å fikse dette før eg kjem, og vi får ei god stund saman, der eksterne faktorar ikkje blir ein faktor i det heile tatt. Lærarane er engasjerte, og elevane har tydeleg respekt for dei. Det blir latter og jubel, og lærarane smiler frå øyre til øyre, og eg får takkemail seinare på dagen, det blir venteliste på bøkene mine i skulebiblioteket (eller folkebiblioteket, sidan mange ikkje har slikt på skulen), selfiar blir tatt, autografar blir skrivne, og elevane skriv oppgåve om meg når dei kjem i tiandeklasse.
Eg vil påstå at dette er normalen når eg turnerer. Uansett kor det er i landet. Om det er i Arendal eller Honningsvåg, speler inga rolle. Engasjement finnest overalt. Kulturforskjellar, ja, men ikkje nødvendigvis på om elevane er etnisk norske eller ei. “Skulekulturen” har ingenting med hudfarge, religion eller språk å gjere. Den har med heile systemet, frå rektor ned til dei ferske lærarvikarane, å gjere. For dette er primært opp til dei vaksne, sjølvsagt også dei heime, men mest dei på skulen.
For nokre skular har eit problem med nettopp skulekulturen, eller miljøet, om du vil. På nokre forfattarbesøk sit eg igjen med kjensla av at heile skulen slit med eitt eller anna. Det er sjølvsagt vanskeleg for meg å peike nøyktig på kva det er, sidan eg berre er innom nokre timar. Det er nokre få slike skular i landet, og det har ingenting med kor i landet det er, men det er kanskje eit større problem i byar, enn på landet. Etter å ha vore på over 700 skular og hatt nærare 2000 oppdrag, så kjenner eg igjen mønster i skulekvardagen, tonen mellom elevar, mellom lærarar og ikkje minst mellom lærar og elev.
Eg kom til den aktuelle skulen etter å ha vore på fleire skular i same område, der alle besøka var utelukkande positive. Med engasjerte vaksne og ungdommar. Mange hadde lese bøkene mine, og eg var faktisk overraska over at eg hadde så mange fans. Eg var høg på meg sjølv denne fredagen. Det var snart helg, og eg visste at eg generelt leverer veldig bra slike dagar.
Men på skulen merka eg fort at lærarane hadde svært liten kontroll på elevane. Dei hadde ei blanding av frykt og underdanighet overfor ungdommane. Mobiltelefon var flittig i bruk, der mange skular har forbod mot dette. Også fleire av lærarane trykka på mobilen undervegs, sjølv om eg bad «alle» om å legge dei bort. Dei var eit svært dårlege forbilde for elevane på så mange måtar.
Elevane var ikkje førebudde på kva dei skulle vere med på, og det var tydeleg at dei hadde null erfaring med å vere publikum. Men dette er det jo mange som har gått glipp av under coronaen, kanskje spesielt i byar der nedstenginga var strengare enn andre stader. Eg var jo masse på turné under pandemien, men spesielt då 1-4 klasse, sidan dei blei skjerma for dei verste endringane i skulekvardagen. Men på ei anna side har jo dei aller fleste elevar og skular klart å komme seg tilbake til eit nivå der dei førebur elevane på rolla deira som publikum, og bruker tid på å jobbe med dette.
Eg avtaler tid med skulane på førehand, og sjekker at det passer med timeplan. Det hadde eg gjort her også, men fann jo fort ut at eg skulle ha framsyningane midt i friminutta. Det er ikkje slik at alle skular har same timeplan, så dette er skulen sin feil. Eg spør jo spesifikt om dei vil endre noko for å få det til å passe med timeplanen.
Mange skular er også strengare med korleis dei plasserer elevane i salen. På denne skulen var det masse styr med å få dei til å sette seg på dei næraste seteradene. Mykje sukking og klaging. Dei var om lag tretti elevar i kvar gruppe, og det var plass til kanskje tre klassar i auditoriet, (så eg kunne i teorien hatt begge klassane samstundes, også dårleg planlagt frå skulens side). Det hadde uansett sett dumt ut med alle på bakarste benk, som elevane sjølv ville. Dette er ikkje unikt for denne skulen, elevar set seg som regel bak dersom dei får bestemme. Men lærane sin jobb er då å få dei fram. Her gav dei berre opp. Dette skapte ein dårleg start, og dersom lærarane hadde vore tydelege på korleis elevane skal sitte hadde humøret deira nok vore annleis. Men det krever planlegging og engasjement frå dei vaksne. Det var det ikkje her. Dei vaksne sat seg på bakarste benk, så korleis kan dei forvente at elevane bryr seg? Elevane kom slentrande inn over ein femten-minuttsperiode.
Når det gjeld dei to gruppene, så opplevde eg begge som trøytte og slappe heilt frå starten av. Dei var ikkje bråkete, snarare tvert imot. Dette blir tungt, tenkte eg. Men eg skal gi alt! Elevane var søvnige. Dei sat med augene igjen, hetta ned over over fjeset. Dei la hovudet ned på benken framføre (dette var eit auditorium med smale “pultar” framføre). Nokre la seg ned på benkane mellom radene, eller heilt ned på golvet. Læraren prøvde å få dei opp, og var av og til litt rundt i rommet. Det var ikkje spesielt dårleg luft der inne. Absolutt ikkje perfekt kvalitet på oksygenet, men ikkje nedleggingstruga.
Nokre få elevar sat og høyrde etter. Men ikkje mange. Eg veit eg burde ha fokusert på desse som faktisk var interesserte, men det var vanskeleg.
Eg snakka direkte til to gutar som masa i begynnelsen på den første formidlinga, dette pleier eg å gjere litt spøkefullt første gongen for å vise at eg forventer at dei følger med. Andre gongen måtte eg vere streng, og sa at eg har lav terskel for å hive folk ut, men nok ein gong litt spøkefullt. Nærast ironisk i tonen, som den vestlendingen eg er. Eg burde kanskje visst betre.
På andre framsyning bad eg to stykk om gå. Dei hadde ein stor sekk liggane på auditoriepulten som dei gøymde seg bak mens dei såg på videoar på mobilen, utan at andre enn meg reagerte. Lærarane ensa dei ikkje. Eg burde kanskje ha gitt elevane litt meir tid til å komme seg frå latterkrampen, men eg oppdaga fort at desse to hadde inga interesse av å vere der. Og ingen vaksne greip inn. Eg pleier ikkje kaste ut folk, og eg har gjort det berre 6-7 gonger i laupet av dei siste tretten åra. Med 75000 publikummarar, så synest eg ikkje det er så ille. Dumt at denne skulen kom inn i den kategorien.
Første runden var det ein gut som synest det var kjedeleg. Noko han ropte ut til alle. Eg kasta han ikkje direkte ut, men han gjekk då eg sa han ikkje måtte vere der for min del. Dette synest eg var respektlaust frå elevens side. Og alt grunnar i dette med skulens grunnleggande problem, slik eg ser det. Sjølv om han kjedar seg så får han late som det er kjekt. Sjølv om han hadde meir lyst å spele fotball, må han skjøne at han ikkje alltid kan få det som han vil. Dette kan dei vaksne lære han.
Eg hadde som sagt to separate formidlingar på denne skulen, og i første runden hadde eg tydelegvis sagt noko så fælt, eller gjort noko så dumt at ein lærar hadde komme på gråten i pausen etterpå. Læraren gjekk til skuleleiinga og ein skriftleg klage blei sendt til DKS umiddelbart. På den andre formidlinga møtte leiinga opp mannsterke for å sjå kva denne forfattarfyren hadde sagt eller gjort som var så grusomt. Ingen av dei hadde noko å utsetje på meg, blei eg fortalt etterpå av DKS. Sjølv om det var på denne formidlinga eg heiv ut dei to som såg videoar.
Ingen vaksne eller barn helste på meg då eg gjekk gjennom gangane. Ikkje eit blikk eller nikk eller smil. Eg visste jo ikkje at ein klage hadde blitt sendt.
Eg forlet skulen og var ikkje i superhumør, men eg følte ikkje at dette var heilt håplaust, heller. Av og til funkar det berre ikkje slik det skal. Skulen hamna i den 0.1 % kategorien der eg føler ting var mislukka. Det var fredag og eg reiste heim. På mandag fekk eg telefon frå DKS. Min svært hyggelege kontaktperson som eg jo hadde møtt då hen var og såg framsyninga onsdagen veka før. Hen hadde ingenting å klage på, men dei hadde fått ein skriftleg klage på opplegget eg hadde gjort på denne ikkje namngitte skulen, og dette måtte dei ta seriøst. Faktisk så seriøst at dei avlyste veke nummer 2. Eg skulle få betalt, men dei torde ikkje å sende meg ut endå ei veke.
Vi grubla lenge på kva grunnen kunne vere til denne reaksjonen frå skulen. Vi granska kva eg hadde sagt og gjort, men kunne ikkje komme fram til noko særleg graverande. Eg sat meg umiddelbart ned og skreiv mi erfaring, der eg var svært kritisk til meg sjølv. Men eg enda opp med at både lærarar og elevar var umotiverte, uoppdragne og uinteresserte - dei tre U-ane som er einkvar turnerande forfattars verste fiende.
Eg kunne kanskje spart meg replikken: “Dette er den slappaste gjengen eg nokon gong har hatt!” - men å bli kansellert for den? Det er i drøyaste laget. Dei var jo den slappaste gjengen eg har hatt! Skal ein ikkje få seie dette når det faktisk er tilfelle? Det var ikkje uthenging av enkeltelevar, det var heile gjengen som gruppe. Og det var gjort med spøkefullt ironisk tonefall. Men ikkje sikkert det blei oppfatta slik. Og som eg sa så kunne eg med hell ha spart meg den.
Skulane eg skulle på veke 2 (eg hadde ei pauseveke mellom dei to) hadde allereie førebudd seg, og eg hadde sjølvsagt kommunisert med dei og gjort avtalar. Men no blei alt avlyst, grunna éin lærars oppfatting av eitt eller anna. Mest sannsynleg på vegne av elevane eg bad vere stille, eller eleven som gjekk ut frivilig fordi det var “så kjedeleg!”. Det er visstnok ikkje lov å reagere på elevars oppførsel, og slett ikkje lov å “krenka” dei så brutalt at det ender i gråt.
Eg har opplevd ein gong tidlegare at bruk av ironi er vanskeleg med barn og unge, altså på Austlandet, i resten av landet går det heilt fint. Den gongen blei det kalla inn til møte med DKS, rektor og foreldre til ei jente som blei redd, fordi eg starta med å seie: “eg elskar å skremme ungar”, på ein spøkefull måte. Eg kunne ikkje møte opp til samtale, sidan eg ikkje bur på Austlandet, men DKS gjekk meg i forsvar. Sjølvsagt var dette ironisk sagt, men jenta tok det bokstaveleg, og blei redd.
Denne mangelen på å skjøne ironi er oppsiktsvekkande for ein vestlending, og denne mangelen på å forstå har spreidd seg til mange unge lærarar. Dei tar absolutt alt du seier hundre prosent bokstaveleg, og velger å bli krenka av dette. Dette er eit landsdelsfenomen, trur eg. Ironi er vanskeleg for ein god del austlendingar, har eg erfart. Men som regel opplever eg dette med barn i femte og sjette, og eg er forsiktig med å bruke det. I 1-4 trinn gjer eg det aldri, for ironiforståing kjem med alderen. Eg må liksom sjekke kva nivå dei ligg på før eg set i gang.
No var det ein åttandeklasse som ikkje forstod ironi? Og læraren deira? Hjelpe meg!
Eg hadde tenkt å la denne saka forbigå i det stille. Eg fekk ei ekstra veke fri, og betalt for det. Eigentleg inga krise for meg personleg. Men eg har blitt meir irritert jo meir eg tenker på det. DKS burde ikkje ha vore nødt til å avlyse, eller kansellere. Dei må også ta omsyn til lærarane, sjølvsagt, men kvifor denne lammande redsla for at elevar får ein munnleg reaksjon på oppførsla si? Kvifor gjorde ikkje skulen eit forsøk på dialog med meg direkte? Berre vage antydingar i ettertid via DKS om at eg ikkje burde ha kasta ut elevar, for det gjer vi ikkje i 2023! Dei få gongene eg har gjort det før, har lærarar gitt meg skryt. Eg vil nok ein gong minne på at eg kasta ingen ut på første framsyninga, han gjekk frivillig etter å har ropt ut at dette var kjedeleg. Greit nok, det er ikkje alle som er opptatt av klimaendringar og dystopi. Men eg kasta han ikkje ut.
På den andre framsyninga gjorde eg det, men denne gongen var det ingen lærarar som klaga på meg. Ingen av lærarane (som altså sat på bakarste benk, mange med mobilen) hadde noko å utsette på formidlinga mi.
Så då var det altså éin lærar, på éi formidling, på vegne av éin elev som fekk DKS til å avlyse turneen for heile veke 2. Dette synest eg er ekstremt og overdrive.
Eg ser på meg sjølv som ein profesjonell formidlar, både av mine eigne bøker, men også av kunnskap utover bøkene. Når eg fortel om Svarte-Mathilda snakkar eg masse om korleis skrive spennande skrekk. Når eg formidlar Glimt eller Kodeord Overlord snakkar eg masse om andre verdskrigen. I tilfelle Overleve snakkar eg om klimaendringar, og moglege framtidsscenario rundt dette. Eg prøver å gjere det spennande, underhaldande og morsomt. Og tilbakemeldingane eg får er stort sett alltid positive.
Barn og unge er eit ærleg publikum og eg tar mykje energi frå engasjementet deira. Men dersom eg ikkje får nokon ting tilbake, blir eg mindre engasjert. Og det er vanskeleg å halde energinivået oppe med ein gjeng som tydelegvis ikkje bryr seg. Dei var ikkje førebudde på kva dei skulle vere med på, dei hadde uengasjerte lærarar som hadde null autoritet, og ingen av dei var oppdratt til å vere publikum.
Men var alt berre heilt fælt på denne skulen? Nei, då, det kom ein elev bort til meg etter første økta. Han hadde spørsmål og var ein positiv fyr! Eg tar med meg smilet hans vidare. Kanskje eg svartmaler situasjonen litt, men å bli kansellert gjer det med meg. Eg rangerer mine eigne formidlingar i prosent, og det er sjeldan eg scorer 100%. Eg er streng med meg sjølv. Denne aktuelle gongen tenkte eg at eg scora rundt 70% i energinivå. Ikkje så ille, men eg krever av meg sjølv at eg skal vere hundre prosent på, alltid. Det er derfor turnering er så ekstremt slitsomt. Du får ikkje eitt sekunds pause når du står der framføre elevane.
Eg likar ikkje å skulde på andre for ein dårleg dag på jobben, eg kunne sikkert gjort noko annleis. Men eg tenkjer på kva som hadde skjedd dersom eg ikkje hadde fått betalt etter avtalen. Då hadde det fått økonomiske konsekvensar for meg at éin lærar kanskje også hadde ein dårleg dag på jobben!
Og eg tenkjer på dei elevane eg skulle ha møtt i veke 2. Der veit eg etter kommunikasjonen med skulane at mange var førebudde, og gledde seg til besøk. Fleire elevar hadde lese bøkene mine. Desse fekk eg aldri møte.
Eg klandar absolutt ikkje DKS for det som skjedde. Eg seier ikkje dette berre for å verne om min viktigaste arbeidsgivar. Eg opplevde kontakten med den aktuelle DKS-personen som svært profesjonell. Hen ville også finne ut kva som var grunnen, og følte seg makteslaus overfor klagen som hadde komme inn. Eg fekk eigentleg aldri eit skikkeleg svar på kva som var grunnen. Alt var for vagt og ullent. Vi valde å gå forbi dette i taushet. Derfor anonymiserer eg både skule, fylke, storleik på by og kven som var kontaktperson.
Den kulturelle skulesekken har eit lovverk dei må følge, og på landsbasis er det sikkert hundrevis av administratorar i dei ulike fylka, byane og kommunane. Det er ikkje slik at det er eitt hovudkontor som sender kunstnarar rundt i heile landet, dette er fordelt utover mange. Og på landsbasis har dei jo tusenvis av skulekulturar å forhalde seg til, der elevars rett til å bli krenka etter mitt syn er blitt altfor sterk. Dette har etter alt å dømme blitt verre med åra. Eg saknar ikkje den strenge oppdragarlæraren som skremmer elevane (som eg også har møtt), men eg skulle ønske at dei få skulane det gjeld, klarer å utvikle ein kultur som bygger på gjensidig respekt mellom lærar og elev. Og besøkande forfattarar, sjølvsagt. For det er dette som er normalen, heldigvis.