Bokmelding "Jegeren" av Tor Arve Røssland
Forfattaren held fram med den uhyre populære sjølvmeldingstenesta si: Forfattar melder sine eigne bøker. No er det spenningsboka Jegeren som står for tur. Det blir sjølvsagt terningkast seks også denne gongen.
Boka, som er ein oppfølgjar til Dronen, er den siste boka i Mangschous populære serie Skumring. Så langt har dette vore ein serie frittståande bøker, men Røssland måtte sjølvsagt tulle dette til, heilt på tampen, med å lage ein såkalla “frittståande oppfølgar”. Kva tyder det? Jo, at handlinga frå Dronen held fram, men skrive slik at du fint kan lese Jegeren utan å lese førsteboka. Men uansett vil han (og eg) jo anbefale at du gjer nettopp det.
I førsteboka blir du kjend med Thomas på fjorten, som blir kompis med Erik, og korleis dei blir dregne inn i eit nasjonalistisk miljø leia av den karismatiske Albert, og den bestefarliknande Bjørn Volle. Erik kjem seg ut av miljøet, mens Thomas blir verande. Og fire år etterpå møter vi dei igjen i Jegeren, og denne gongen er det ikkje Thomas som har forteljarperspektivet, men kompisen Erik. Og Erik vil gjere kva som helst for å få Thomas tilbake og ut av det livsfarlige miljøet. Men Thomas framstår no som ein hardbarka nazi.
I Dronen planla nynazistane eit terrorangrep mot muslimar, i Jegeren samlast dei på nytt for å gjere noko minst like forferdeleg. Nokre gamle kjende, men også nokre nye nazifjes dukkar opp. Og ei mystisk seksten år gammal jente flørtar litt vel mykje Erik, og han veit ikkje heilt om han kan stole på henne. Erik infiltrerer gjengen og blir meir og meir desperat etter kvart som tida går, og han ikkje får med seg Thomas ut. For vil eigentleg Thomas reddast? Verre blir det når leiaren Bjørn Volle samlar alle på ein fjellgard i Trøndelag, langt frå folk og utan kommunikasjon, og heile tida overvaka av dei andre nynazistane. Det verkar som om Erik er tvungen til å delta i grusomheitane. Korleis det går, må du lese sjølv.
Røssland har laga ei heseblesande actionforteljing ut av dette, han røper i fortrulege samtalar med underteikna at denne boka er endå meir ekstrem og hardtslåande enn Dronen. Og at samfunnet vårt framstår som håplaust og grusomt når siste side er lesen. Han innrømmer at ein del lesarar heilt sikkert blir krenka og sure, men som han seier: “det er ikkje hans feil at ein del politikarar på Stortinget kjem med uttalelsar som passar i munnen på ein nynazist”. Og denne gongen går han langt i å peike på kven sin feil det er at nasjonalisme får spire og gro her til lands. Ingen namn blir nemnt, og Nasjonspartiet er jo oppdikta, men det skulle ikkje forundre denne anmeldar om partiet dukkar opp andre stader også.
Boka gir eit realistisk og truverdig bilde av Erik som angrande nynazist. Han var strengt tatt ikkje blant dei mest hardbarka i Dronen, han trakk seg ut då han innsåg kor hjernevaska dei nye vennene hans faktisk var. Forteljarperspektivet i begge desse bøkene tilhøyrer hundre prosent ungdommane sjølve. I Dronen var det Thomas sin uunngåelege veg mot nasjonalismen, i Jegeren er det den langt meir sympatiske Erik som vil gjere kva som helst for å redde Thomas. Erik er jo eit godt menneske som vil rette opp feilen han gjorde då han fekk Thomas inn i miljøet. Han er villig til å ofre framtida si, noko som fortel mykje om han som person. Synsvinkelen gjer det ekstra sterkt, synest underteikna, både i Dronen og Jegeren. Lesaren får berre vite akkurat det som karakteren tenkjer der og då, og dei dveler ikkje ved unødvendige ting. Berre det som driv handlinga framover.
Som alle bøkene i Skumringserien som Røssland (Tor Arve) har skrive, er det knappe setningar, mykje luft og eit lettlest språk. Men handling, karakterteikningar og skildringar er ikkje noko mindre komplisert, berre lettare å lese for dei som les i motvind. Det har vist seg at folk som ikkje er vane med å lese slike bøker, slit med å skjøne alt. Det verkar som dei slit med det lettleste formatet og vil at bøkene skal vere tjukkare. Dei vil helst at forfattarane skal gjenta viktige ting og utbrodere i det keisamelege. Men Røssland gjer ikkje det, han veit at ungdomslesaren får med seg ting sjølv om dei ikkje blir gjentatt ofte, og det gjer at Jegeren er ei hardkokt, tettpakka spenningsbok som vi berre kan håpe forblir fiksjon.