Minneord

I mange år tenkte eg at eg skulle skrive ned det eventyrlege livet til mormor og gjere det om til ein slags historisk roman. Men akkurat det fekk eg ikkje til. Men sjølve livet hennar synest eg det er verdt å minnast. Her er minnetalen eg heldt i gravferda hennar i Husnes kyrkje i 2016. Det bør vere noko av henne på internett, òg.

Gudrun Borgny Josefsen vart fødd 7. april 1923 i Åkrahamn på Karmøy.

For meg og bror min, Geir Petter, har ho alltid vore mormor.

tilsjøs3.jpg

Ho var yngst i ein syskenflokk på seks. I Åkrahamn budde dei fram til far deira døydde i 1940, då dei flytta til Kvitsøy, der blei mormor verande til 1944, då ho reiste til Stavanger.

Same år gifta ho seg, og i 1946 fekk ho dottera Gunn Nanny. Min og Geir Petter sin mamma.

Mormor gjekk mot straumen og skilte seg i 1948, og budde på Hillevåg i Stavanger med dotter si. Men flytta ut igjen til Kvistøy i perioden 1953-56, og til Madla i perioden 1956-60. Det var mykje flytting, og ho fekk god hjelp av si eiga mor til å oppdra dottera.

I denne perioden jobba mormor blant anna i baren på Hotell Atlantic, og saman med storesystera, Annemor, jobba ho på Café Promenaden. Begge deler i Stavanger. I tillegg jobba ho i ein skobutikk i Stavanger i mange år. Den vesle familien reiste også på mange fine turar saman til Varnes, saman med Annemor og mannen.

I 1959 gifta mormor seg med Trygve Totland, og i 1960 flytta ho og mamma til Sunde. Ennå meir flytting, altså. Trygve han hadde to søner frå før, John og Teodor. Og mormor fekk etterkvart ei lang rekke med bonusbarnebarn, og bonusoldebarn.

For meg og bror min var Trygve ein god morfar i barndomen.

Det var nok frustrerande for mormor og mamma å måtte ro over sundet dei første åra på Sunde, og sjølv om dei var vane med båtar, så var det ein lettelse då brua kom.

Mamma møtte pappa, Per, og saman med bror min, budde dei med mormor i huset på Sunde fram til 1971, då eg blei fødd.

Mormor likte å reise, og reiste nok meir enn dei aller fleste. I perioden mellom 1958 og 1966 var ho fleire turar til sjøs saman med morfar. I mange månader i strekk. Ho var ein skikkeleg eventyrar. Ho solte seg utanfor rekkverket på dekket på båtane, og brydde seg ikkje om bølgjene. Eg trur ho opplevde mykje på desse turane.

Morfar døydde i 1980, og etter dette levde mormor åleine.

Det var alltid eksotisk å vere hos mormor. Ho hadde pyntegjenstandar frå heile verda, virka det som. Ein byste av ei topplaus afrikansk kvinne var nok ikkje kvardagskost her på Vestlandet, men det blei det for oss som besøkte mormor. I tillegg var sølvtøyet alltid nypussa.

Ho budde i eit eventyr av eit hus, med spennande loft og ein skummel kjellar. To soverom stod alltid klare for barnebarn på overnatting.

Me fiska altfor masse i barndommen, og siden me ikkje åt så masse fisk sjøl så lempa me alt over på mormor.

Mormor hadde alltid ein open heim.
Alltid nokre trøstande ord.
Alltid ein klem.
Og ikkje minst - alltid is.

Viss mamma hadde kjefta på meg eller bror min tok mormor alltid vårt parti. Akkurat som ei god mormor skal gjera.

Ho hadde den mest fantastiske frukthagen i nabolaget, og ho laga verdas beste karbonadar.

Ho reiste med englandsbåten med venner og venninner heilt fram til år 2000, og mormor brydde seg ikkje bølgjer og uvær. Ho hadde oppplevd mykje verre til sjøs! Ho reiste og til Syden mange gonger og gjerne for litt lengre periodar.

Også sammen med systera Annemor og mannen Bjarne reiste ho og mykje, dei tok bilen og kjørte nedover Europa og opplevde mykje saman.

Mormor var aktiv i Husnes og Utåker pensjonistforening, og i Landsforeningen for hjerte- og lungesyke. LHL. Der hadde ho mange gode venner som ho blant anna reiste på turar saman med.

Men sjølv om ho likte seg ute i verda, så likte ho godt å tusla rundt i hagen og, det skulle sjå fint ut. Sjølv om ho var frustrert på nabokattane som la igjen signaturen sin i blomsterbedda.

I 1992 blei ho oldermor for første gong, og var stolt og glad for dette. Og etterkvart har det blitt mange oldebarn å halde styr på.

Ho var omsorgsfull for dei små og opptatt av å ikkje gjera forskjell på dei. Og for meg og min bror som har budd vekke i heile våre vaksne liv, så var det fint for ho å likevel ha mange barnebarn og oldebarn her i nærleiken.

Saman med venninna si, Marit, strikka ho eit ukjent antall nissar. Og for mange i familien blir det noko heilt spesielt å finne fram julepynten i år.

Når mormor var på handletur saman med mamma, så måtte ho handle akkurat det same, sjølv om det fort hopa seg opp på frysen og i kjøleskåpet. Det kunne jo hende ho fekk besøk! Mormor og mamma hadde eit nært og godt forhold gjennom heile livet, og har aldri budd langt unna kvarandre. Akkurat slik mormor hadde eit nært forhold til si mor, som døydde i 1983.

Sjølv om mormor hadde ein del sjukdommar opp gjennom livet, så påvirka ikkje det humøret. Ho var alltid smilande og blid, serverte vafler med smør og sukker, og brus til barnebarn og oldebarn. Ein gong då eg var liten, gav ho meg femti kroner for å kjøpe sjokolade. Femti kroner! Det var masse pengar.

Snopeskålene var alltid fulle i huset hennar. Til stor glede for barnebarn og oldebarn. Ho var galen etter søtsaker. Ein dårlig kombinasjon med diabetes.

Mormor elska å fortelja om det ho hadde opplevd, og ho fortalte med innlevelse om barndommen sin, skulegangen, krigen og syskena sine og turane til sjøs. For ein liten gut som meg var det kjempespennade å høyre på.

Seinare, då me sikkert var litt for opptatt til å besøke ho like ofte, måtte ho fortelje til andre; heimehjelpa t.d. Derfor måtte ho rydde og vaske før heimehjelpa kom, slik at dei fekk tid til å snakke saman.

I 1999 flytta ho inn i ei koseleg leilegheit i Røsslandslia. Etter ho flytta dit hadde ho nok meir tid til å sjå på fjernsyn enn før, og til mi store overrasking var ho begynt sjå på dei same seriane som meg. Ho hadde fått smaken på amerikanske science-fiction og eventyrseriar og var skikkeleg engasjert i dramatikken i t.d. Star Trek. Ho kunne verkeleg overraske godt opp i åra. Det fekk meg til å tenkja på når vi såg fjernsyn hos henne då eg var liten, ho skulle alltid forklare handlinga til oss ungane mens me såg ein film eller ein spennande tv-serie. Litt forstyrrande var det jo, men veldig koseleg å tenkje tilbake på. Også oldebarna hugser koselege stunder hos oldemor med skirenn eller Lassie på fjernsynet. Snopeskåla var aldri langt unna.

Mormor var kanskje litt rastlaus og eventyrlysten. Ho flytta mange gonger då ho var ung, og var kanskje litt utolmodig. Det kan jo vere grunnen til at ho var fæl til å snike i køar. Ungane mine fekk nok litt sjokk då ho marsjerte fremst i pølsekøen på 17.mai. Men det var liksom lov. Ho var noko for seg sjølv, mormor. Det var ingen andre som ho.

I 2012 flytta mormor til Husnestunet. Ho budde først i leiligheit, og så på langtidsavdeling. Ho var svært sosial og fekk mange venner der borte. Og barnebarn og oldebarn besøkte så sant me var heimom.

Siste tida var ho plaga med sjukdom, inntil ho somna stille inn 21. april i år.

Eit langt og eventyrleg liv var slutt.

Eg vil avslutte med ei lita forteljing eg skreiv til mormor på 80-årsdagen. Forteljinga er basert på barndomsminner, og derfor er det nok enkelte faktafeil. Det kallar me kunstnarisk fridom.

Mormor sitt blåplommetre

Mormor har eit blåplommetre i hagen.

   Eg bruka å klatra i det. Høgt opp på dei mosegrodde greinene. Der oppe sat eg og såg etter tyskarar. Medan eg forsynte meg av overfloda. Plommesteinane spytta eg på dei tyske hjelmane.

   Mormor snakka mykje om då ho hadde vore til sjøs. Korleis ho hadde reist i all slags vêr, men at ho aldri hadde vore sjøsjuk. Ho fortalte om morfar, og alle landa dei hadde vore i. Alle tinga dei hadde kjøpt med seg. Håndskorne små trefigurar i mørkt treverk som lukta lakk. Dei stod overalt i huset.

   Ho fortalte mykje om han.

   Han som berre var snill.

   No var han der ikkje lenger.

Mormor lånte meg av og til den første tida etterpå.

   Eg var på overnattingsbesøk.

   Delte seng med henne. Ho låg og snorka på eine sida, medan eg låg og las på den andre. Teikneseriar og gamle vekeblad.

   Men mest låg eg og tenkte på det ho hadde fortalt. Det som trefte meg mest var det ho fortalte om skulen. Ho hadde gått på skulen både i Stavanger og på Kvitsøy. Ho fortalte om dei som var slemme med henne.

Eg såg lærarane levande for meg der dei pinte det stakkars vesle barnet.

   Eg såg tyskarar som marsjerte ned gatene i mørkret med gevær over skuldra. Med blanke hjelmar og nystrokne uniformar.

   Eg lurte på kor ho hadde kjøpt påfuglfjøra som ho hadde i ein vase i gongen.

   Tenkte på korleis far hennar såg med strenge blikk rundt middagsbordet viss dei masa.

   Såg for meg bror hennar som reiste til Amerika, og som aldri kom attende. Eg kunne sjå heilt dit, berre eg klatra høgt nok.    

Snorkinga kunne eg leve med, berre ho ville fortelje.