I krig og kjærleik er alt lov

Då det lysna den 26. september 1944, skjedde det noko utruleg berre nokre minutt unna her eg bur på Halhjem. Eit fly frå det kanadiske flyvåpenet måtte naudlanda på noko som absolutt ikkje likna ein flyplass.

Dei seks flygarane la på sprang vekk frå flyet, midt i eit naziokkupert område. Dei neste dagane blei tusenvis av tyske soldtar kalla inn for å gå manngard gjennom heile området, og i øyane rundt. Dei seks fiendane skulle finnast, for ein kvar pris.

Wellington MK. XIV. NB811. “Sleepy Boy”

Det heile byrja nokre timar før. Det spesialbygde Wellington MK XIV med namnet “Sleepy Boy” og seriennummer NB811 er det mest sannsynlege flyet det dreier seg om. Bombeflyet var topphemmleg utstyrt med radar og Leigh-lampe for å jakta på tyske ubåtar, både for å lokalisera dei og droppa bomber som skulle uskadeleggjera, og aller helst senka dei. Flyet la ut frå basen i Wick i Skottland, og i nattemørket hadde dei kurs mot norskekysten. Den enorme ubåtbunkeren «Bruno» på Laksevåg utanfor Bergen hadde lenge sendt ut plagsomme og dødelege ubåtar mot både handelsflåten og militære skip. Wellingtonflyet skulle letta litt på dette presset, med å ta ut nokre av fiendeubåtane.

Men då flyet kom fram til norskekysten rakk dei knapt å byrja på sjølve oppdraget. Den eine motoren gjekk i brann, og kaptein Gordon Biddle måtte ta mange vanskelege avgjerdsler dei neste minutta og timane. Brannen blei sløkt, men med berre éin motor var flyet for tungt. Mannskapet fekk ordre om å lempa ut alt som kunne minska totalvekta på flyet, men sjølv etter ei utreinsking av bomber, ammunisjon, fallskjermar, radar og ein del topphemmeleg utstyr, gjekk flyet framleis nedover, sjølv for full motor.

Kaptein Biddle gar ordre om å dumpa drivstoff. Dei rekna ut kor mykje dei trong for å koma seg tilbake til Wick, og skrudde igjen ventilen då dei nærma seg minstemålet. Problemet var at ventilen funka ikkje, og mannskap og kaptein kunne berre sjå på at alt drivstoffet blei spydd ut over Nordsjøen. Då dei siste dråpane rann ut, hadde dei berre ein liten reservetank igjen. Heldigvis klarte dei no å halde høgda si, om ikkje anna.

Dei sende heile tida knappe radiomeldingar til basen om situasjonen, og no blei dei nøydde til å snu og gå mot Noreg. Dei hadde ikkje nok drivstoff til noko anna. Dei ville ikkje naudlanda på sjøen. Både fordi dei antok at flyet ville synka på mindre enn eitt minutt, og dei risikerte å gå ned med saman med flyet. Men også fordi det var kaldt i vatnet, og bølgene var høge. Det var uansett usannsynleg at dei villle overleva noko slikt. Dei måtte finna ein stad der dei faktisk kunne landa, og bekymra seg for å bli fanga etterpå. Det var storm i Nordsjøen, og det regna sidelengs. Biddle hadde ikkje anna val enn å naudlanda på fast grunn.

Dei gjekk dermed inn mot Hardangerfjorden. Vêret letta litt, og ein periode var det nesten fint. Flygarane var ikkje kjende i området, og hadde berre nokre enkle kart. Dei kom inn over fjorden og såg ein tysk ubåt som blei eskortert av to krigsskip. Dei skaut opp mot kanadiarane, og ubåten dukka straks under for å gøyma seg. Kanadiarane skaut ut eit naudbluss, slik at dei kanskje kunne lura tyskarane til å tru at dei var venlegsinna. Dette funka akkurat lenge nok til at dei kom seg forbi utan for store materielle skader.

Det var skya innover fastlandet denne dagen. Dei nærma seg det som i dag er Bjørnafjorden kommune. Meir detaljert kom dei inn over Øyane i gamle Os kommune. Dei kunne observerast frå den tyske leiren på øya Røtinga, men også frå den litt større øya Strøno. Og frå vesle Bjørnarøy. Men det var bøndene og fiskarane på halvøya Haugland som fekk sjå dei på nærast hald. Kaptein Biddle førte dei over små og store bakkar på Haugland og såg etter ein stad å gå ned. Mange osingar, og mange tyskarar såg det einslege flyet med berre éin aktiv motor, som gjekk lågt over dei. Kapteinen blinka seg ut ein bakke, ein stad som heiter Baggane, og då flyet kom heilt inn til Os sentrum, eller Osøyro, snudde han og gjekk tilbake same vegen. Inn mot landingsstripa på Baggane slutta den siste motoren å virka – det var tomt for drivstoff. Og det siste stykket suste flyet som ei kråke. Lågare og lågare, og nærmare og nærmare den grøne bakken. Bakken viste seg å vera meir haug enn bakke. Men det var for seint å gjera noko no. Flyet sneisa tretoppane og røska opp gjerdestolpar. Og rett før dei gjekk ned kortslutta dei heile straumnettet med ein vaier som hang ned under flyet.

Med halehjulet først traff dei også nokre tre rett ved sidan av eit hus. Trea blei kappa i to, og venga blei minst like skada. Flyskroget vrengde seg nesten sidelengs, og traff med all kraft ned i det grøne graset. Det pløydde seg gjennom mold, stein og eit gjerde, og stoppa berre knappe tretti meter etter det tok nedi. Kaptein Biddle hadde sjølvsagt ikkje teke ned landingshjula, sidan det ville blitt katastrofalt.

Dei seks hadde blitt slengt rundt inni flyet under landinga, men utan store skader. Skrubbsår og smerter her og der, men kanadiarane var usedvanleg heldige. Dei krabba ut av flyet og såg ei gruppe med avventande og skeptiske osingar. Flygarane visste at dette området hadde vore naziokkupert i fire år, og at folka her var naturleg redde for å hjelpa allierte soldatar på flukt. Eller det var i alle fall det dei trudde. Læraren på skulen på Søre Neset var den første som gjekk bort til dei, sidan han kunne engelsk. Er det langt til Sverige? var det første dei spurde om. Læraren sende dei til ein liten ås som heitte Bjørnen. Der var det mogleg å gøyma seg ei lita stund, og dei få folka som budde i nærleiken kunne sikkert hjelpa. Men dei måtte skunda seg. Tyskarane hadde mange menn på ein leir i nærleiken. På det som i dag er Halhjem ferjekai.

Flygarane fekk etter nokre mislykka forsøk, fyr på flyet, og så la dei på sprang, medan forskremte osingar stod igjen og lurte på kva som skulle skje no.

Øyane, Halhjem, Bjørnen, Haugland og Moborg i Os.

På Vestlandet, og i særklasse i Os, var det eit stort nettverk av motstandsfolk. Både i den militære organisasjonen MILORG, men også i fleire sivile avdelingar. Det var mange folk på flukt frå nazistane, og mange av dei låg lenge skjult i området. Nokre i Øyane utanfor Os, og andre i fjella i nabokommunen Samnanger. Motstandsfolk kom med mat, og sørga for at flyktningane kom seg unna. Det var eit godt utvikla og intrikat nettverk av folk som kjempa mot okkupasjonsmakta på denne måten, og i tillegg gjorde dei seg klare til alliert invasjon – akkurat som i Normandie tidlegare på året. Våpen ble i smugla inn av Shetlandsgjengen, og båtane tok med seg flyktningar tilbake. Desse våpena blei gøymte og skulle liggja klar til engelskmennene kom. MILORG trente opp folk i både våpen- og sprengstoffbruk, og det var rundt to hundre mann berre i Os som var klare. At det kom eit kanadisk fly og dumpa ned i bakgarden var veldig ubeleieleg. Osingane hadde ikkje lyst å eksponera seg på denne måten. Likevel mobiliserte ei rekkje mennesker for å hjelpa dei. Dei var aldri i tvil om at dette var plikta deira.

Allereie første kvelden blei kanadiarane henta på Bjørnen og rodd ut til eit naust på Strøno. Der var dei nokre dagar, før dei blei smugla til ei svært avsidesliggande hytte i Samnanger. Her låg dei i godt over ei veke og venta, før dei endeleg fekk beskjed om at Shetlands-Larsen var på veg. Den 12. oktober gjekk dei i land på Shetland.

“Bomb midt i røyken!” var ordren

Medan dei var på hytta i Samnanger fekk dei med seg eit trist kapittel i krigshistorien på Vestlandet. Den 4. oktober kom nemleg meir enn 150 allierte fly for å bomba ubåtbunkeren på Laksevåg. Kanadiarane såg flya om morgonen, og skjøna at noko stort var på gang. Bombeangrepet har i mange år blitt kritisert, og i ettertid ser me jo at dette var mislykka. Dei sivile tapa rettferdiggjer ikkje dei skadene dei påførte tyskarane. 193 sivile blei drepne, blant dei 61 barn på Holen skole. Sjølve Laksevåg låg i ruinar etterpå.

Desse to hendingane var veldig forskjellige. Likevel har eg kombinert dei to i ein roman.

Boka handlar om atten år gamle Astrid og sytten år gamle Arne som opplever desse hendingane på nært hald. Astrid arbeider som tyskarkjærast og spionerer på ein høgtståande tysk offiser. Arne blir direkte involvert i flukta til dei kanadiske flygarane, og han får Gestapo etter seg. To oppdikta unge menneske, med den mektige krigen som bakteppe. Eg har fletta inn mange fleire sanne historiar frå krigen enn naudlandinga på Haugland og bombinga av Laksevåg. hendingane og dagleglivet til Arne og Astrid, er basert på sanne historier. Det same er dei ekstreme situasjonane eg har plassert dei i.

Eg har ikkje brukt dei verkelege namna på nokon, for å ikkje blanda meg for mykje inn i krigshistorien. Det var mange ivolverte, som er blitt nevnt i litteraturen eg har lese. Dei risikerte liva sine, vel vitande om den tyske råskapen som kunne ha venta dei.

Nokre av hendingane eg skildrar skjedde eigentleg med Asvald Bertin Bjoarvik (1931-2016) frå Drange, nær Lysekloster. Han og hendingane er nevnt i bøker frå langt tilbake i tid. Men eg har aller mest nytta eit videointrvju med Asvald sjølv, då han nærma seg åtti. Hans eigne ord samsvarer ikkje med korleis den same hendinga blir skildra i bøker. Dette illustrerer litt kor vanskeleg det er med historie, og kor viktig det er å sjekka fleire kjelder.

Eg har valt å tru på Asvalds sterke og truverdige vitnesbyrd. Eit vitnesbyrd som i følgje han sjølv var med på å dømma tyskaren og gestapomannen Willi August Kesting (1908-1946), og den danske offiseren Nils Peter Bernhard Hjelmberg (1923-1946), til døden. Dei blei begge skotne i 1946. Dømt for drap, og mishandling av mange menneske. Blant anna Nils Kollen. I boka er sjølvsagt dette også ein oppdikta karakter, som er basert på det vesle eg har funne ut om den verkelege personen. Eg har rett og slett måtta tona ned torturskildringane av han, sidan dei var så grove at det nesten ikkje er til å tru. Kesting var ein sadist som likte å mishandla folk. Det er vanskeleg å forstå korleis ein møbelsnikkar frå Dortmund kunne bli ein så frykteleg person. Eg vurderte lenge å bruka namnet hans i sjølve boka, men fann ut det var best å la vera.

Eg har i tillegg nytta skildringar som fortalt til meg av Frank Bøe (1929-2022). Han fortalde om livet under okkupasjonen. Og om korleis det var å leva på Haugland, og på Osøyro. Han hugsa godt russarfangane, og han viste meg leiker fangane hadde laga, som dei gav til ungane i bygda. Desse hadde han heime i huset sitt. Han snakka om kameratane og leikane dei leika, og litt om skulen. Han hugsa då Wellington-flyet kom susande over Haugland, og naudlanda like ved det som i dag heiter Baggavegen. Og korleis tyskarane mobiliserte for å finna flygarane. Eg hadde lenge tenkt å skriva noko basert på desse samtalane, men fekk det ikkje til før eg starta å skriva om Astrid og Arne.

Eg har prøvd å ikkje gripa for mykje inn i dei verkelege hendingane med hovudpersonane mine. Men av og til må ein gjera ting meir tydeleg, eller meir spennande og dramatiske. Eg har flytta på nokre hendingar, både i tid og geografi. Men ikkje mange. Eg har stort sett heldt meg til fakta, og eg føler eg har framstilt tidsepoken på ein truverdig og realistisk måte. Kunstnarisk fridom kan nok likevel følast uheldig for nokon som kjenner dei verkelege hendingane godt. I tillegg var det motstridande fakta i dei ulike kjeldene, noko som var fascinerande å lesa, men eller mest frustrerande. Då var det fint å kunne dikta, og velja den meste spennande.

Boka er i sluttfasen og skal etter planen koma ut i mars/april 2026.

Minneplaketten på Baggane

Forrige
Forrige

Den angrande kritikaren

Neste
Neste

Tiårets beste bøker!