Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland er fødd i Bergen, men er oppvaksen i Kvinnherad kommune. Han debuterte som forfattar i 1999 med den humoristiske barneboka Pode, og har sidan den gong gitt ut ei rekke bøker for barn og ungdom. Han har skrive grøssarar i serien Svarte-Mathilda, dystopisk science-ficton i Soledad, og krim i bøker som Gamer og Snatch. Han likar heile tida å utforske nye sjangrar.

Hans personlege favoritt blant eigne bøker er Kodeord Overlord.

Han seier sjølv at han likar å skrive bøker som han likar å lese, heilt uavhengig av kven bøkene måtte passe for når dei kjem ut.

I barndomen sprang han etter sauer på Røsslandsgarden, som ligg midt mellom bygda Sunde og industristaden Husnes. I nabohuset budde besteforeldra hans, og i nabohuset deira budde oldefaren. Forfattaren leika utandørs med venner og syskenborn heile sommaren. Når det var dritvêr sat han inne og leika med Lego eller spelte dataspel på Commodore 64. Han høyrde mykje på radioteater og høyrespel. Han begynte eigentleg ikkje å lese bøker før han var i 13-14 årsalderen, men etter det las han mykje. Stephen King blei raskt favoritten. Etter kvart oppdaga han norske forfattarar som Ragnar Hovland og Rune Belsvik.

Seinare har han budd på Voss, i Trondheim og i Bergen, men no bur han og familien på Halhjem utanfor Bergen. Kona hans heiter Frøydis og ungane heiter Daniel, Veronika og Jonas. Barnebarnet heiter Mina, og blei fødd i 2017.

Då han såg ET - The Extra Terrestrial på kino i 1982, fann han ut at å dikte historier var noko han likte. Han fantaserte om å bli verdsberømt Hollywoodregissør, men då han fann ut kor mykje strev det var å lage film slo han seg til ro med diktekunsten. 

Av utdanning har han blant anna hovudfag i filmvitenskap frå Universitetet i Trondheim, samt mellomfag i litteraturvitenskap og mediepedagogikk.

I tillegg til bøkene har han skrive skodespelet Huldra, som Vestlandske Teatersenter har sett opp heile to gonger (2001 og 2009). Har òg hatt tekstbidrag i antologiar, lærebøker og framsyningar.

Favorittforfattarar er Paul Auster, Ragnar Hovland, Siri Hustvedt, Rune Belsvik, Roald Dahl, Neil Peart, Ingvar Moe og Stephen King.

Favorittfilmane er Ringenes Herre, Gudfaren 1 og 2, Dumbo, District 9, Avatar, A Quiet Place, Scarface, Star Trek (2009), Shawshank Redemption, Star Wars Episodes 4-6, Withnail & I, Mitt liv som hund, Barry Lyndon, 2001 - A Space Odyssey, Jaws, Hannah and her Sisters, Manhattan, Annie Hall, Modern Times, Braveheart, Leon, The Patriot, Flåklypa Grand Prix, City Lights, Gladiator, Little Miss Sunshine, The Good the Bad and the Ugly, The Birdcage, Betty Blue, Notting Hill, Once Upon a Time in the West, Cinema Paradiso, Stand By Me og sjølvsagt ET. Denne lista blir stadig oppdatert.

Foto: André Soltvedt

Foto: André Soltvedt

Her har du litt fullstendig unyttig informasjon om Tor Arve Røssland:

Favorittmusikken er Rush, Antonio Vivaldi, Tom Waits og Johnny Cash. Men likar også Bruce Springsteen, Journey, Gåte, Saga, First Aid Kit, Greta van Fleet, AC/DC og mykje meir.

Favorittspela er Red Dead Redemption 1 og 2, Burnout Paradise, Grand Theft Auto-serien og Rome: Total War.

Er allergisk mot kattar, hundar, kaniner, rotter, mus og støv. Men merkeleg nok ikkje mot sjimpansar og sauer.

Nekta millitæret fordi han ikkje ville gå i takt med andre menneske.

Ser langt fleire filmar enn han les bøker.

Medlem av Norske barne- og ungdomsbokforfattere sitt litterære råd i perioden 2012-2018, og fekk dermed lese alle norske barne- og ungdomsbøker.

Varamedlem av Nordisk råds utval for barne- og ungdomslitteratur frå 2021, og får vere med å bestemme kva norske bøker som blir nominert til Nordisk råds litteraturpris for barn og unge.

Er ganske sikker på at zombiar eksisterer, og at styresmaktene dekkjer over sanninga i frykt for massehysteri.

Favorittregissørane er Steven Spielberg, Woody Allen, Stanley Kubrick, Quentin Tarantino, Peter Jackson og Charles Chaplin.

Han likar stand-up show, og diggar komikarar som Louis CK, Bill Burr, Dylan Moran, Bill Bailey, Daniel Sloss, Anthony Jezelnik, Patton Oswalt, Wanda Sykes, Chris Rock, Ricky Gervais, Dagfinn Lyngbø, Are Kalvø, Dane Cook, David Cross, Jerry Seinfeld, Eddie Murphy, Sarah Silverman, Woody Allen, Richard Pryor og Dave Chapelle. Han likar ikkje Hannah Gadsby og Ellen DeGeneres, og kun fordi dei ikkje er morsomme, og fordi dei har dårlege tekstar.

Har sett alle Star Trek-filmane og (nesten) alle Star Trek-seriane. Til saman er det tretten filmar på om lag to timar kvar. Seriane inneheld til saman 702 episodar, på 31456 minutt, eller 524,26 timar eller 21,8 dagar med speletid. Den nye Star Trek-serien, Discovery, synest han er elendig og han ser heller noko anna i same sjanger, td. The Orville, som er mykje betre.

Har for mykje fritid sidan han tar seg bryet med å rekne ut kor mange minutt Star Trek er.

Synest all sport er kjedeleg fordi han ikkje bryr smeg om kven som vinn.

Likar ikkje kvardagsrasisme. Eller høgtidsrasisme, for den saks skuld.

Favorittbøkene er blant andre Sveve over vatna av Ragnar Hovland, It av Stephen King, The Book of Illusions, Leviathan og The Brooklyn Follies av Paul Auster, Madame Bovary av Gustave Flaubert, Ready Player One av Ernest Cline, Harry Potter 1-7 av J.K. Rowling, The Zombie Survival Guide av Max Brooks, Clockwork Angels, Clockwork Lives og Clockwork Destiny, av Kevin J. Anderson og Neil Peart.

Favoritt tv-seriane er: Star Trek: Deep Space Nine, Star Trek: The Next Generation, The Sopranos, Black Books, Brideshead Revisited, Band of Brothers, An Idiot Abroad, Boston Legal, Curb Your Enthusiasm, Fargo, Fawlty Towers, Andor, Louie, Extras, Battlestar Galactica, The Wire, Boardwalk Empire, Seinfeld, Breaking Bad, Better Call Saul, Californication, The Ricky Gervais Show, The Orville, Modern Family, Peep Show, Nissene på låven, Attack on Titan, The Expanse, Arrested Development, Violet Evergarden og The West Wing.

Favorittbyane er Venezia og New York.

Har jobba i mange år på Elkjøp, både som seljar og som ansvarleg for film, spel og software. Begynte i 1999, slutta i 2012, då han blei heiltidsforfattar.

Synest at Kygo er noko av det kjedelegaste som har skjedd med populærmusikken. I tillegg klarer han ikkje å like Radiohead, sjølv om han veit at han burde.

Livredd for edderkoppar.

Høyrer alltid på musikk når han skriv. Som regel forskjellig instrumentalmusikk.

Er ofte ueinig i null-gangen.

Likar å leike seg med film, og har laga mange forskjellige småfilmer. Denne linken tar deg vidare til youtube der du kan sjå fleire filmar han har laga.