Bokmelding "Overleve" av Tor Arve Røssland

Den populære sjølvmeldingstenesta held fram. Denne gongen er det serien Overleve som skal granskast av den mest kritiske av alle lesarar, nemlig forfattaren sjølv.

Og terningen enda sjølvsagt på ein seksar!

Jamal med den flyredde Kari Volle. (Illustrasjon: Nikolai Lockertsen)

Det første som slår denne bokmeldaren er at prosjektet Overleve verkar ganske ambisiøst å setje i gang. Har forfattaren i det heile tatt tenkt over kva han driv med? Tre bøker som skal henge saman, framtidsvisjonar, krig og ganske mykje verdsbygging. Dette er ikkje likt Røssland.

I bok 1, Vulkanen vaknar, blir vi kjend med trettenåringane Jamal og Eira. Jamal ein høfleg og hyggeleg gut som nesten heile livet har sete i rullestol, men to år før handlinga startar gjekk han gjennom ein operasjon som gjer det slik at han kan gå betre enn dei fleste. Eira er den rake motsetnaden, ho er ei frekk og kynisk ung jente som gjer kva som helst for å få viljen sin. I boka blir dei begge ein del av mannskapet om bord i det splitter nye forskingsskipet “Bluenose”. Eira er tvungen av far sin, som er forskingsleiar, mens Jamal har gleda seg i årevis til å vere med faren, som er overstyrmann.

Eira og førstestyrkvinne Kimmy. (Ill: Nikolai Lockertsen)

Dei fortel annakvart kapittel i førsteperson, og det er to svært ulike synsvinklar forfattaren leikar seg med her. Eira leiter etter moglege fluktruter, mens Jamal er aktiv med og hjelper til om bord og han skjønar fullt ut alvoret i oppdraget mannskepet er på: Å finne fiskeforekomstar store nok til å haustast. Etter nokre få dagar på tokt endrar verda seg rundt dei, og ein stor krig startar. Americas invaderer Canada.

Og då må vi rett og slett sjå litt på verda som Røssland har skapt denne gongen. Han har forenkla det politiske landskapet ganske mykje, men samstundes er det skremmande kor mykje han har fått rett i på den korte tida som har gått etter at første boka kom ut.

Handlinga går føre seg om lag åtti år inn i framtida, dette blir aldri sagt, men ein av karakterane, Kari Volle, dukkar også opp i boka Jegeren, som føregår i “notid”, og som også er skriven av same forfattaren. Dette er det sjølvsagt berre ekstra oppvakte lesarar som får med seg. Der er Volle femten år gammal, og det er ikkje utenkjeleg at ho kan vere rundt hundre i Overleve. Ho er rik og i framtida er det kun dei rike som lever lenge, dei har råd til både kunstige organ og operasjonar for å gjere seg yngre. Men som sagt dette med årstal blir ikkje nevnt i Overleve. Uansett så veit vi at havet har stige åtte meter, og byar som Bergen har blitt beskytta med diker og demningar. Mens andre fattige land må berre antas å ha gått under. Europa har blitt til Alliansen (som inkluderer Canada, New Zealand og Australia), og Den Kinesiske Staten har tatt over makta i heile det vi kallar Asia. Inkludert eit underdanig Russland. Afrika veit dei nesten ingenting om, alle fluktruter derifrå er stengt. Alliansen tar ikkje inn flyktningar lenger. Alliansen verkar kyniske og eigentleg litt som eit diktatur - berre utan at folk veit om det.

Noreg verkar også som eit nokså kynisk land, der innbyggjarane heller ikkje er så frie som dei trur, men det kan sjå ut som folk over heile Alliansen er fornøgde, stor sett.

Americas er den siste store nasjonen, og i Alliansen veit dei svært lite om tidlegare Nord- og Sør-Amerika. Men i begynnelsen av første boka blir alle klar over at Americas har blitt ei stor krigsmakt som ikkje berre invaderer nabolandet Cananda, dei begynner også ei klappjakt på “Bluenose”, det mest avansert forskingsskipet i verda. Jamal og Eira befinn seg midt oppi ei konflikt som truar verdsfreden.

I tillegg legg forskarane om bord merke til at Golfstraumen ikkje oppfører seg slik den skal, og nokre forskarar på Jan Mayen ser ut til å drive med livsfarlege eksperiment på vulkanen Beerenberg. Kva veg dette går, blir sjølvsagt ikkje avslørt i Vulkanen vaknar. Dette er første bok i ein serie, og her blir trådane lagt kyndig fram for deg som er lesar, og du må lese bok 2 - Istid og bok 3 - Den siste krigen for å sjå korleis det går.

Dersom du føler deg irritert og skuffa over serieformatet er det eigentleg ditt problem. Det blir litt som å irritere seg over at eit dikt ikkje er eit dataspel. Viss du heller vil spele data, så gjer det, ikkje bry deg med å lese dikt. Denne anmeldaren klarer fint å sjå alle tre bøkene i samanheng.

Vulkanen vaknar er ei særs dramatisk bok, der du blir med på starten av eit heidundrande eventyr, med eit alvorleg bakteppe. Både krigen og naturkatastrofane ser ut til å kunne spikre den siste spikaren i kista til heile menneskeslekta. Men vi heier jo på Eira og Jamal, og vi lurer sjølvsagt på korleis det skal gå med dei.

I bok 2 og 3 går handlinga vidare, men det er ikkje noko poeng å ramse opp kva som skjer. Både Jamal og Eira blir sett på harde prøvar, og naturkatastrofen blir meir og meir dominerande. Det koselege og søkkrike landet vi bur i, er ikkje lenger trygt, og “Bluenose” må setje kursen sørover for å flykte frå isen. Men ute på ishavet ventar både piratar, krigsflåten frå Americas, og ikkje minst: interne konfliktar som er minst like spennande og opprivande som verdas ende.

Røssland kan røpe at han hadde mange moglege retningar denne historia kunne gå i, og han blei påverka både av tilstanden i USA og andre land med tvilsame leiarar, av korona og ikkje minst no sist: Russlands brutale framferd i Ukraina. Det absurde i at diktatoren Putin seier han vil bekjempe nazistar i Kyiv, men oppfører seg akkurat som Hitler. Propaganda er nemleg viktig også i Overleve, dei som styrer informasjonsstraumen har desidert mest makt. Dette blir gjort om til prøvelsar som heltane i bøkene må bryne seg på. “Etter å ha tenkt og grubla på moglege utfall, så enda eg opp med den opprinnelege ideen”, seier Røssland. “Den som eg fekk for mange år sidan, og som du no kan lese om i Den siste krigen.”

Dramatikk under overflata i bok 2 - Istid.

(Ill: Nikolai Lockertsen)

Til slutt må det seiast nokre ord om illustrasjonane til Nikolai Lockertsen. Røssland fortalde at han falt fullstendig for den visuelle stilen allereie då omslaget til Kodeord Overlord blei laga. Ei fabelaktig bok med handling langt til England under andre verdskrigen, og som kom ut på Vigmostad & Bjørke i 2019, og vart nominert til Bokslukerprisen. Røssland føreslo tidleg Lockertsen til Det norske samlaget, og både dei og illustratøren sa ja, og samarbeidet kunne begynne. Overleve er ikkje gjennomillustrerte bøker som i ein grafisk roman, men har om lag 16-17 i kvar bok, og teikningane gir lesaren eit inntrykk av korleis denne verda er. Både dei fæle krigshandlingane, teknologien, naturkatastrofane, men også nære augeblikk mellom karakterane er truverdig og flott skildra med Lockertsens penn. Røssland skriv visuelt i utgangspunktet, men no vart det endå lettare å sjå for seg.

Denne bokmeldaren må seie at Overleve har blitt ei heilstøypt forteljing i ei fascinerande verd, og hovudpersonane Jamal og Eira er lette å bli glade i.

Røssland har heile tida sagt at det kun skal bli tre bøker i denne serien, men han kan sikkert lett la seg overtale til å halde fram. Både med fleire trilogiar i same tralten, eller enkeltståande bøker som utforskar det same universet.

I mellomtida kan du gå inn på heimsida til serien og kose deg med bakgrunnsmateriale. Både ekte, og oppdikta.