Svarte-Mathilda The Movie!!

Eit av dei spørsmåla eg får oftast når eg er på skulebesøk er uten tvil: “Skal det bli film av den der boka di?”

Fram til no har svara mine alltid vore noko slikt: “Ja, hadde ikkje det vore kjekt?” eller “Nei, det tviler eg på” eller “Trur kanskje det blir litt dyrt å lage den” eller “Eg er altfor lat til å lage film, det er for mykje arbeid”.

Men i fire år har det vore jobba med å lage Svarte-Mathilda til skrekkfilm!

Heilt sidan eg skreiv boka tenkte eg at dette passer eigentleg best på det store lerretet, og eg brukte ekstremt lang tid på å skrive førsteutkastet, og på å vente på at fleire forlag refuserte boka. Kanskje fordi førsteutkastet var på bokmål? Men etter ei omfattande omskriving til nynorsk, sa Det norske samlaget ja. Vi hadde jo ei lang historie, vi to. Og etter ein lang runde med redaktør kom boka til slutt ut i 2010. Boka blei nominert til Uprisen, og er framleis ei bok som sel ok. Eg skal ikkje akkurat påstå at karrieren tok heilt av, men eg fekk raskt oppdrag i skulen, og framleis reiser eg rundt og fortel om Svarte-Mathilda, og skremmer ungar. Det blei to bøker til i serien. Det var eit omfattande arbeid å skrive dei også, men ein del av grunnlaget var lagt under arbeidet med første boka.

Og heile tida tenkte eg: Dette kunne blitt ein forferdeleg kul film! Eg såg for meg scenar, høyrde dialogen, forestilte meg skodespelarar, og gjorde til og med tafatte utspel mot den norske filmindustrien for å få dei til skjøne det eg visste! Svarte-Mathilda må bli film!

Men ingenting skjedde. Eg “slo meg til ro” med diktekunsten. Det er faktisk ekstremt mykje arbeid å lage film. Eg veit jo det. Eg har vore filmfreak sidan eg var ti år. Eg har studert film, har hovudfag i filmvitenskap, og eg veit omtrent så mykje om filmproduksjon som ein utanforståande kan. Og i bøkene treng eg ikkje tenkje på locations, catering og kostnader med visuelle effektar. Eg kan gjere bøkene så spektakulære eg berre vil. Men altså, heile tida tenkjer eg film. Det har eg gjort under skrivinga av alle bøkene eg har gitt ut. Eg tenkjer i scener, ikkje kapittel, eg les dialogen høgt for meg sjølv, eg tenkjer lydar og musikk, lys og mørke. Herregud, for ein fantastisk film Kodeord Overlord er! Oppi hovudet mitt, altså.

Så plutseleg ein dag får eg ein e-post frå Samlaget. Eit produksjonsselskap var interesserte i bøkene mine, og bad om å få dei tilsendt. Kult! tenkte eg. Dei kjem til å lese og seie: dette blir for dyrt. Eg tenkte ikkje noko meir på dei, og eg høyrde heller ingenting.

Etter ei stund viste det seg at dei var meir enn interesserte. Dette var eit stort produksjonsselskap, og produsenten deira som hadde tatt kontakt. Produsenten hadde allereie kontakta regissør og manusforfattar. Snøballen var godt i gang, og opsjonsavtalen dumpa i postkassa. Eg googla namn og fann spennande titlar.

Eg hadde ein lang og betryggande telefonsamtale med produsenten. Eg hadde to krav: Dette må bli ein skummel film som ikkje er redd for å gi barn mareritt. Så lenge det er innanfor SF Norge sin toleranse, går det bra, sa dei. SF skulle distribuere filmen på kino, og hadde sjølvsagt ein finger med i spelet på det endelege produktet. Krav nummer to: Eg vil vere med på manusutviklinga! Ja, sjølvsagt skal du få vere med på det! Men eg har absolutt ingenting eg skal ha sagt. Eg er berre konsulent, og i praksis kan dei gjere akkurat kva dei vil med bøkene og universet eg har skapt. Jaja, det gjekk bra då Peter Jackson gjekk laus på Ringenes herre. Eg er ikkje ironisk no.

Bok nummer 1 kan filmast omtrent som den er skriven, det vil ikkje koste frykteleg mykje. Men bok nummer 2 og 3? Det er ei anna historie. Då eg skreiv gav eg blaffen i at dette blir skamdyrt å filme. Venezia i seg sjølv er ekstremt kostbart å få lov å bruke, spesielt når halve bok 3 også foregår på 1500-talet. Dette blir sikkert skrive om til noko anna. Og eg likar faktisk tanken på at bøkene og filmane kan leve sine eigne liv. At legenda og vandrehistoria om Svarte-Mathilda tar ulike vegar på lerret og på trykk. Så lenge det er skummelt og spennande! Og så lenge det ikkje går fullstendig utanfor bøkene.

Etter ei stund fekk eg lese eit tidleg utkast av manuset, og likte ikkje mykje av det eg las. Eg hadde mange kommentarar. Etter endå ei stund fekk eg lese neste utgåve, og kan ikkje seie at eg var så veldig imponert. Det var ikkje spesielt skummelt, og handlinga låg milevis unna bøkene. Av ein eller annan grunn var det skrive inn lange segment med ei gaupe … og eg fekk kjensla av dette handla meir om psykisk helse, enn horror. Strengt tatt hadde ikkje produsentane trengt å betale meg, for dette minna ikkje om det eg hadde skrive. Eg veit at manusutviklinga fekk støtte frå Norsk filminstitutt (500 000 i skrivande stund) men etter ei stund blei manusforfattarane skifta ut. SF var ikkje med lenger. Det blei snakk om Netflix. NRK? Kanskje TV-serie? Opsjonsavtalen opna jo for det.

I tillegg kom sjølvsagt pandemien og la alt på is, sidan filmselskapet speler inn mykje i Aust-Europa pga av kostnader med å filme i Noreg.

Det nyaste manuset las eg i 2022, og det var nye folk involvert. Mykje betre enn det forrige, Svarte-Mathilda som karakter er faktisk med i dette utkastet! Men framleis ein lang veg å gå før det sit skikkeleg.

Men så slumpa eg til å møte ei av dei som skreiv det aller, aller første utkastet - som eg aldri har lese eller visst om, og ho sa at hennar førsteutkast var omtrent heilt etter boka mi, men dei neste utkasta blei endra av nye folk. No var ho ute, og visste ikkje korleis det gjekk med filmen.

Eg synest jo det er bra at dei faktisk tar seg tida til å skrive eit skikkeleg manus først. Mange filmar blir dårlege fordi denne jobben ikkje blir gjort før innspelinga startar. Og dei nye Star Wars-oppfølgarane har jo vist oss at det ikkje trengs gjennomtenkte manus for å tene pengar. Ulike flmskaparar treng ikkje snakke saman eingong, sjølv om ein lager filmar som skal vere direkte oppfølgarar til kvarandre.

Men så mykje att og fram som det har vore med Svarte-Mathilda, hadde eg ikkje tenkt meg. Og at det skulle så utruleg mange utkast til før dei klarer å få eit manus på beina. Eg meiner sjølv at bøkene kan filmast “som dei er”, men veit også at dette blir skandalaust dyrt. Eg veit nok om manusskriving til å gjere jobben sjølv, men skal ikkje involvere meg. Eg har selt meg ut.

Opsjonen har blitt fornya til 2024 og pengar kom på konto, men eg skulle jo gjerne sett filmen ferdig. Utviklinga har visst tatt ein liten pause, reknar med at den kan bli langvarig. Eg har gitt filmselskapet ein sjanse til å la meg skrive dette sjølv. Eg ville jo aller helst ha sett dette som ein tv-serie som ikkje nødvendigvis er retta mot barn. Der eg tar utgangspunkt i alle tre bøkene på same gongen.

Eg ville gjort mange endringar eg også. Eg ville gjort mesteparten av dialogen om til engelsk, for å få eit større utval av skodespelarar å velje mellom. Elisabeth kan vere hundre prosent engelsktalande, tenkjer eg. Einaste ho i så fall må lære seg på norsk er å seie “Svarte-Mathlilda” sju gonger. Eg ville har gjort Italia-delen på italiensk, sjølvsagt. Og eg ville gjort den fæle stemora svensk. Mathilda ville eg nok laga nokre få år eldre enn ho er i boka, også for å finne den rette skodespelaren. Men eg ville ikkje late som om Tsjekkia er Hardanger, altså. Og eg ville ikkje endre på ting berre for å endre på ting. Karakterar, plot og dramaturgi er allereie gjennomtenkt i bøkene. Det treng berre bli gjort om til filmanus.

Til slutt ville eg ha gjort det heile frykteleg skummelt. Det er det viktigaste. Eg vil gi barna mareritt, elles er filmen mislykka.

Men nok dagdraumar, no.

Tilbake til diktekunsten.