Inspirasjonen bak mi neste bok
Boka er ikkje komen ut enno, og strengt tatt er ho ikkje antatt, eingong. Men eg både håper og trur at eg snart får ho i hende.
Baggane på Haugland er fredeleg i dag
Boka er inspirert av mange sanne historiar. Nokre av dei er store, og andre er små. Ein handlar om dei seks kanadiske flygarane som måtte naudlanda på Haugland utanfor Os, den 26. september 1944. Dette er nærmast ein feel-good historie, der norske motstandsfolk risikerte livet for å bringa kanadiarane til Shetland. Dette hende berre nokre minutt frå der eg bur no, på Halhjem.
Medan flygarane skjulte seg gjekk 152 allierte bombefly inn mot Bergen. Dette skjedde den 4. oktober. Noko som resulterte i bombinga av den tyske ubåtbunkeren Bruno på Laksevåg. Totalt gjekk 193 sivile liv tapt. 61 av dei var barn på Holen skole. Det største sivile tapet i Noreg under heile krigen. I tillegg kjem eit utkjent tal tyske soldatar og russiske krigsfangar.
Det er sterkt å tenkja på at barnebarnet mitt Mina går på Holen skule no. På ein moderne og stor byskule, der ho trivst.
Eg har kombinert desse to hendingane, og viser dei gjennom augene til sytten år gamle Astrid, og seksten år gamle Arne. Begge er oppdikta, men hendingane og dagleglivet dei skildrar, er basert på sanne historier. Det same er dei ekstreme situasjonane eg har plassert dei i.
Eg har ikkje brukt dei verkelege namna på nokon, for å ikkje blanda meg for mykje inn i krigshistorien. Det var mange ivolverte, som er blitt nevnt i litteraturen eg har lese. Dei risikerte liva sine, vel vitande om den tyske råskapen som kunne ha venta dei.
Nokre av hendingane eg skildrar skjedde eigentleg med Asvald Bertin Bjoarvik (1931-2016) frå Drange, nær Lysekloster. Han og hendingane er nevnt i bøker frå langt tilbake i tid. Men eg har aller mest nytta eit videointrvju med Asvald sjølv, då han nærma seg åtti. Hans eigne ord samsvarer ikkje med korleis den same hendinga blir skildra i bøker. Dette illustrerer litt kor vanskeleg det er med historie, og kor viktig det er å sjekka fleire kjelder.
Eg har valt å tru på Asvalds sterke og truverdige vitnesbyrd. Eit vitnesbyrd som i følgje han sjølv var med på å dømma tyskaren og gestapomannen Willi August Kesting (1908-1946), og den danske SS-offiseren Nils Peter Bernhard Hjelmberg (1923-1946), til døden. Dei blei begge skotne i 1946. Dømt for drap, og mishandling av mange menneske. Blant anna Nils Kollen, som eg har valt å ha med under namnet Trygve Helle. I boka er sjølvsagt dette også ein oppdikta karakter, som er basert på det vesle eg har funne ut om den verkelege personen. Eg har rett og slett måtta tona ned torturskildringane av han, sidan dei var så grove at det nesten ikkje er til å tru. Kesting var ein sadist som likte å mishandla folk. Det er vanskeleg å forstå korleis ein møbelsnikkar frå Dortmund kunne bli ein så frykteleg person. Eg vurderte lenge å bruka namnet hans i sjølve boka, men fann ut det var best å la vera.
Eg har i tillegg nytta skildringar som fortalt til meg av Frank Bøe (1929-2022). Han fortalde om livet under okkupasjonen. Og om korleis det var å leva på Haugland, og på Osøyro. Han hugsa godt russarfangane, og han viste meg leiker fangane hadde laga, som dei gav til ungane i bygda. Desse hadde han heime i huset sitt. Han snakka om kameratane og leikane dei leika, og litt om skulen. Han hugsa då Wellington-flyet kom susande over Haugland, og naudlanda like ved det som i dag heiter Baggavegen. Og korleis tyskarane mobiliserte for å finna flygarane. Eg hadde lenge tenkt å skriva noko basert på desse samtalane, men fekk det ikkje til før eg starta å skriva om Astrid og Arne.
Tusen takk til Frank.
Eg har prøvd å ikkje gripa for mykje inn i dei verkelege hendingane med hovudpersonane mine. Men av og til må ein gjera ting meir tydeleg, eller meir spennande og dramatiske. Eg har flytta på nokre hendingar, både i tid og geografi. Men ikkje mange. Eg har stort sett heldt meg til fakta, og eg føler eg har framstilt tidsepoken på ein truverdig og realistisk måte. Kunstnarisk fridom kan nok likevel følast uheldig for nokon som kjenner dei verkelege hendingane godt. I tillegg var det motstridande fakta i dei ulike kjeldene, noko som var fascinerande å lesa, men eller mest frustrerande. Då var det fint å kunne dikta, og velja den meste spennande.
Eg har også mast på Os sogelag for å få bekrefta detaljar. Og eg skjønar korfor dei meiner eg burde fortald historiane til dei verkelege menneska bak, og ikkje dikta dei opp sjølve. Her får me berre vera ueinige.
Takk også til Simon Stranger for nyttig info om nazidop, og for den fabelaktige boka Leksikon om lys og mørke (Aschehoug 2018).