Tiårets beste bøker!
Forfattaren kårer dei beste bøkene det siste tiåret, og her er mange overraskingar på lista.
Alle har jo for vane å ramse opp favorittbøker i julestria, her er Tor Arve Røssland sine favorittar.
10. Svarte-Mathilda I-III (2010-13) Skumle bøker om skrømt som vandrar gjennom århundra. Bok 1 og 3 nominert til Uprisen.
9. Absolutt Pode (2020) Herleg samlebok med noko ekstra. Alle dei fire bøkene om kultfiguren Pode, og ikkje minst den heilt nyskrivne “Podekast”!
8. Blodmåne (2023) Sjangerleik og grøss om kvarandre, i denne bloddryppande høgfjellsthrilleren.
7. Snatch (2014) Ei brutal kidnapping går ikkje heilt etter planen.
6. Soledad (2014) Dystopisk thriller om å vere den (nesten) siste personen på jorda. Nominert til Uprisen!
5. Jegeren (2021) Oppfølgar til Dronen (sjå nr 4.) Framleis spennande frå innsida av nynazistmiljøet i Noreg.
4. Dronen (2017) Frå innsida av nynazistmiljøet i Noreg. Skremmande og tankevekkande.
3. Overleve-serien: “Vulkanen vaknar”, “Istid” og “Den siste krigen” (2022-23). Dystopisk klimaspenning som viser kor galt det kan gå når vi menneske får halde på slik vi gjer.
2. Glimt (2015). Jon og Solveig er femten år, og bur på same øya. Men skilt av ein mannsalder. Andre verdskrigen møter moderne skrømt. Nominert til Uprisen!
1. Kodeord Overlord. (2019) Forfattarens personlege favorittbok av alle han har skrive. Ei nesten sann historie frå England under andre verdskrigen. Nominert til Bokslukerprisen!