Bokmelding "Blodmåne" av Tor Arve Røssland
“Grøssaren som får det til å renne sludd nedover nakken din.” Nok ei sjølvmelding av eiga bok, av Tor Arv Røssland
Røssland har alltid likt å skremme lesaren, og ikkje minst elevar han møter på skulebesøk, seier han. Og Blodmåne er ikkje noko unntak. Men aller først, la oss snakke om tittelen: Blodmåne. Observante krimlesarar har jo for lengst fått med seg at denne tittelen dukka opp om lag eit halvt år før Røsslands bok, der Jo Nesbø gav ut si ørtande bok om Harry Hole, med same tittelen. Røssland fortel at dette var aller mest irriterande, han hadde jo operert med denne tittelen i årevis. “Eg skriv ikkje så fort”, forsvarte han seg med. Forlag og redaktør diskuterte om eit tittelskifte var nødvendig, men Røssland sleit med å finne ein tittel som var like passande, derfor blei dei einige om å behalde den. Røssland skriv for ungdom, Nesbø for vaksne, og sjangeren er ulik.
Men uansett, Blodmåne i Røsslands penn er noko heilt anna enn Nesbø, antar eg. For verken forfattar eller bokmeldar har lese noko av Nesbø. Blodmåne handlar om fire jenter. Tre av dei er gode venninner, mens den fjerde er nokså einsam. Det som binder dei saman er Overblikk høyfjellshotel. Dei tre, Vanja, Benni og Sarah er der for å teste hotellet for far til Benni. Anne er den einsame jenta som bur der saman med vaktmeistermora si. Ei mor som har gjort alt ho kan for å isolere Anne.
Det blir snart klart at hotellet lever sitt eige liv. Lydar, lukter og skikkelsar skremmer vetet av Vanja, mens ho prøver å skjule det for Sarah, som ikkje likar overnaturlege ting. Etterkvart finn Vanja ut at hotellet skjuler mange hemmelegheiter, og ho blir redd for at ikkje alle overlever helga.
Anne følger med på jentene på avstand, mens ho kjenner ei underleg dragning mot ei av dei. Ein dag møtest dei i skisporet, og romantiske kjensler oppstår. Men desse kjenslene i Anne blir sterkt undertrykka av mora, som oppdrar ho på gammaltestamentleg vis.
Blodmåne er fortalt frå synsvinkelen til Anne og Vanja, i annakvart kapittel. Og gradvis får vi vite meir om det som skjer. Eit typisk triks frå Røssland, altså: parallelle fortellingar. Det funkar, sjølvsagt, som alltid! Han avdekker eit grufullt plot denne gongen. Med djevlar, partering, vakumpakkemaskin og øks! Og ikkje minst: krypande ekle skrømt.
Dette er ei bok som både er veldig filmatisk, og samtidig umogleg å filmatisere. Måten plottet ender gjer at du får lyst til å begynne på nytt for å sjekke om alt heng saman. Det gjer det sjølvsagt, og Røssland leiker med deg som lesar. Det er mange detaljar gjennom heile boka som avslører viktige ting i handlinga og om karakterarane, og Røssland forventer ikkje at alle skal få det med seg. Om dette går over hovudet på målgruppa, veit han ikkje, men med tanke på synkande leseevner hos både vaksne og barn kan det godt hende at ein del lesarar blir forvirra. “Det kan eg leve med”, seier Røssland, men han legg til: “Det er sjølvsagt trist at svake lesarar ikkje får med seg at denne boka lurer deg, og den gjer det heilt bevisst. Mange kjem til å gi opp, og gå glipp av spenninga.”
Men for dei som er oppmerksomme lesarar og lar seg forføre av snikande skrekk er dette ei spennande og creepy leseøkt.