Nytt forlag og endeleg lydbøker!

Det er nokre år sidan eg skreiv bøkene som var mine bidrag til Skumringserien, og eg hadde eigentleg gitt opp håpet om at lydbøker skulle bli produsert. Men i år er det Cappelen Damm som har overtatt rettane til dei digitale utgåvene, og no har alle mine fire bøker blitt innlest. Gamer og Dronen er det Gaute Boris Skjegstad som les. Snatch er lesen av Espen Reboli Bjerke. Og Jegeren er det Johannes Blåsternes som gitt stemme til.

Omslag av Lars Tothammer - Cappelen Damm 2025

Gamer og Snatch er reine spenningsbøker utan noko problematisk innhald, eigentleg. Men Dronen og Jegeren handlar om ekstremisme og nynazisme, og forteljaren i spesielt Dronen er så subjektiv, upåliteleg og usympatisk at eg har sjølv hatt store problem med å formidla dei siste kapitla om han til elevar når eg eg på skulebesøk. Det var skremmande og spennande å høyra lydbøkene av dette. Eg fekk alltid frysingar av innhaldet då eg redigerte boka, og sanneleg fekk eg det igjen då eg lytta gjennom. Eg håper både ungdom og vaksne kan finna desse forteljingane. Eg håper innkjøpsansvarlege på samtlege bibliotek og skulebibliotek svir av nokre hundrelappar. Eg veit at desse bøkene fenger ungdom. Til og med dei som ikkje pleier å lesa bøker.

Linken til bøkene finn du her.