Tusen takk, Vårt Land!

I dag las eg ein anmeldelse av Svarte-Mathilda III som er på trykk i Vårt Land, der anmeldaren blant anna skriv:

"De som ser frem til en spennende og bloddryppende avslutning, får det i Svarte-Mathilda III. Her er barnemord, blod og speilmakeri så det holder, og en ondskap som ikke er så lett å knekke likevel."

Takk for den, Vårt Land, sjølv om anmelder Karen Frøsland Nystøyl synest at enkelte deler av boka var litt lettvint, så set eg pris på skryten. 

Men det eg likte aller best var at anmeldaren gav inntrykk av å tru at Svarte-Mathilda er ei reell vandrehistorie, det er den nok ikkje. Det er sant at dotter mi høyrte den på skulen av nokre andre elevar, men eg er rimeleg sikker på at dei hadde funne på det heilt sjølv. Eg har spreidd den så godt eg kan på skular og internett, og presentert den som ei reell vandrehistorie som ein del av marknadsføringa.

Eg har humra godt over alle blogginnlegga eg har lese, der lesarar trur at dette er ei like kjent vandrehistorie som Bloody Mary, og at Svarte-Mathilda er hennar norske namn - det var dette eg ville oppnå. Namnet har eg ikkje funne på, det er det einaste som har eit mystisk opphav, alt det andre er mitt verk. Føler egentlig ikkje at eg avslører så mykje, i alle fall ikkje no når siste boka er ute. Men det er kjekt at ei landsdekkjande avis har latt seg "lure." Tusen takk, Vårt Land.

Anmeldaren skriv:

"Vandrehistorien om Svarte-Mathilda er kanskje mer kjent i sin engelske versjon, Bloody Mary."

Det er den sjølvsagt - vidare skriv ho:

"Blodige vandrehistorier er fengslende. Forfatter Tor Arve Røssland har skrevet frem en mulig opprinnelse for historien om Svarte-Mathilda, som gjemmer seg i et speil og som besitter krefter en helst ikke ønsker å møte. Elisabeth, trilogiens hovedperson, maner frem Svarte-Mathilda og slipper henne løs."

 My work is done ...

Svarte-Mathilda på wikipedia.

 

 

Bokmelding: "På rømmen i New York" av Tor Arve Røssland

Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: "Forfattar trillar terning på seg sjølv." Denne gongen boka "På rømmen i New York" frå 2008.

 

Lettlest og morosam

"Kan du ikkje skrive ei litt tøysete og lettlest bok?" sa forlaget til Tor Arve Røssland ein dag i 2008. Det gjorde han, og boka "På rømmen i New York" blei til. Den handlar om syskena Aida og Figaro som er på ferie i New York. Eller "ferie" er vel feil ord. Foreldra deira er berømte operasongarar og har ikkje tid til å vere saman med dei. Barnepassaren Betty er meir oppteken av å sove framfor fjernsynet, og dei to ungane kjeder seg. Men Aida gir Figaro nok å henge fingrane i. Ho stikk av og rømmer gjennom heile byen.

Frå den eine turistattraksjonen til den andre raser ho avgarde, og Figaro klarer ikkje å ta henne igjen før ho kjem til fornøyelsesparken på Coney Island. 

Dette er først og fremst ei bok for 6-8 åringar som skal lese sjølv. Setningane er korte, orda er enkle, oppbygginga på sidene er open og luftig. Ei fin bok, men historien er jo litt i tynnaste laget. Det føles av og til som Røssland har meir å seie, men han får det ikkje til med eit så begrensa språk. Vonde tunger kunne til og med seie at denne boka skreiv han berre for pengane, eller slik at han kunne skrive av ein New York-tur på skatten. Men dette er heilt ubekrefta opplysningar.

Boka har uansett fått sin renessanse, Røssland har slått seg saman med Trio Vest, tre klassiske musikarar som har sett saman eit variert program. Røssland formidlar sjølvsagt boka strålande, med nokre små omskrivingar, og Trio Vest speler alt frå Frank Sinatra til Mozart. Denne framsyninga er det mange barn som har fått glede av å bli utsett for. Synd at boka er makulert frå forlaget, men mot min betre vilje har eg gått med på å skrive at Røssland har boka sjølv, i store mengder, om nokon vil bestille.

Illustrasjonane er det tusenkunstnar Henning Lystad som står for, ein ekstra prikk på terningen for han.

Bokmelding: "Anti-Pode" av Tor Arve Røssland

Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: "Forfattar trillar terning på seg sjølv." No til den siste boka om Pode. "Anti-Pode" frå 2006.

Sparer det beste til slutt

Etter eit avbrot der Tor Arve Røssland måtte skrive om ei innbilt ungdomstid i "Plutselig skjøna eg alle songane" er han tilbake til universet rundt seksåringen Pode. (Som for øvrig aldri blir eldre...) Denne gongen er det julefeiring, og Pode og familien skal feire jul på ei staseleg hytte på fjellet. Heile familien er forventa, det same med bestekompisen Anton.

Men allereie første kvelden går det gale. Pode hamnar i ein frykteleg krangel med storebroren Pyton, og blir sendt tidleg til sengs i det vesle uthuset. Om morgonen vaknar han langt ute på vidda. Med berre pysj vandrar han rundt i snøen. Han kjem seg fram til hytta og kikkar inn vindauget, der ser han ein gut som er heilt lik han sjølv, men som oppfører seg frykteleg snilt! Veslesyster Petra kallar han ein Anti-Pode, sidan han oppfører seg heilt motsett av det han gjorde kvelden før.

Pode får panikk, og konfronterer Anti-Pode, berre for å finne ut at dei kan ikkje vere i same rommet viss det er vaksne til stades - då forsvinn dei i lause lufta, begge to! Ein av dei må bort! Det kan berre vere éin! 

Boka er minst like morosam som dei tre første, men Røssland viser denne gongen også talent som spenningsforfattar. Han leikar seg med referansar frå den klassiske skrekklitteraturen, kanskje spesielt Dr Jekyll and Mr Hyde av Robert L. Stevenson, og interessa for speglar som littererært element blir introdusert. Pode er både slem og snill på same tida, og utforskar verkeleg det vonde i seg sjølv i denne boka. Og vi som les sit og lurer på kven som er kven ... kanskje ikkje denne anmeldaren, men i alle fall alle dei andre!

Øyvind Torseter har sjølvsagt illustrert, og Røssland har avslutta serien om Pode på ein verdig, morosam og spennande måte. Den beste i serien!

Bokmelding: "Plutselig skjøna eg alle songane" av Tor Arve Røssland

Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: "Forfattar trillar terning på seg sjølv." No til romanen "Plutselig skjøna eg alle songane" frå 2004.

 

Tung tittel på lett bok

Plutselig var ikkje Røssland berre barnebokforfattar lenger. Med romanen "Plutselig skjøna eg alle songane" skriv han for ei heilt anna målgruppe. Boka er ei sår skildring av ein ung gut sine innarste tankar og hans ekstreme frykt for døden. Og korleis han gjennom terapi, medisinering og ein uvanleg variert musikksmak lærer seg å setje pris på livet.

Handlinga kan ved første augekast verke lettfordøyeleg. Hovudpersonen har fått seg sommarjobb, der han klypper plenar utanfor ein stor fabrikk. Ironisk sidan han lid av pollenallergi. Men med gassmaske og godt mot kjører han rundt på sin vesle traktor og klypper plen etter plen. Heile tida tenkjer han på Hanne, jenta som rett før sommarferien sa "I`m gonna miss you this summer" til han. På engelsk! Korleis skal han kunne klare å tenkje klart med dette i hovudet heile tida. 

Boka vekslar mellom notid og minner frå barndomen, der han utvikla den lammande dødsfrykta han slit med også i notida. Minner om ein avdød bror han aldri fekk møte, barndomsforelskingar, sauer og fisketurar kjem innimellom alle forsøka han har i notida på å kome i kontakt med Hanne på så naturleg vis som mogleg.

Boka blei utgitt som ungdomsbok, men Røssland kjenner seg ikkje heilt igjen i dette. "Boka er skriven for slike som meg," seier han. "Vaksne folk som ikkje likar tanken på at ungdomstida er over." Hovudpersonen i boka er 17 år, men tematikken er ofte tung, og musikkreferansane mildt sagt spesielle, med bandet Rush som hovudinspirator. Dette kan nok vere med på å gjere boka særs vanskeleg for dagens ungdom å trengje inn i.

Røssland kan vidare fortelje at boka ikke er så sjølvbiografisk som mange har trudd. Rett nok arbeidde han som plenklyppar på Sør-Norge Aluminium då han var seksten, han elskar Rush, og han har pollenallergi, men bror hans heiter ikkje Knut-Ivar, og han var aldri forelska i ei som heitte Hanne. Førsteutkastet var faktisk berre ein serie festar, forelskingar og fisketurar, men dette var ikkje godt nok for forlagsredaktøren. "Det står liksom ikkje noko på spel for hovudpersonen," fekk forfattaren høyre. "Nei, vel!" tenkte han. "Eg skal sanneleg gje deg noko som står på spel!" Dermed skreiv han inn både angst, medisinering og vonde barndomsminne, så truverdig at boka har blitt sitert på nettstader som driv med psykiatri.

Boka er ikkje berre trist, det er mykje humor i det tragiske, og musikkreferansane er absolutt verdt å sjekke ut.

 

Bokmelding: "Pode får snue" av Tor Arve Røssland

Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: "Forfattar trillar terning på seg sjølv." Denne gongen er det "Pode får snue" frå 2002, sin tur.


Den vanskelege tredjeboka

Det skulle ta to år før Røssland klarte å fylgje opp sukesessen etter dei to første Podebøkene. Ikkje før i 2002 kom den sårt etterlengta tredjeboka. Forfattaren prøvde seg visstnok som dramatikar i mellomtida, og skreiv teater om dei underjordiske, med ei lesbisk hulder i hovudrolla. Men nok om det. Pode er tilbake, og denne gongen får han snue.

Ved første augekast kan boka verke som ei pedagogisk forteljing om hygieniske førehandsreglar ved forkjøling, men det tar ikkje lang tid før Røssland forsvinn heilt utpå viddene igjen - heldigvis. Nok ein gong blei han inspirert av noko han høyrte då han var liten, og sleit med allergiar og snue. "Når du nys, kjem det ein gjest," blei han fortalt. Tenk om det var sant, tenkte den vaksne Røssland og byrja skrive på den tredje boka om kultfiguren Pode.

Pode får snue, skikkeleg snue i denne boka! Han nys og nys, og på uforklarleg vis dukkar det opp besøkande på garden. Først er det sjølvsagt den utvida familien som stikk innom, men etterkvart dukkar det opp både orienteringsløparar, bønder og sjølvsagt japanske turistbussar, og ingen veit heilt kvifor dei kjem, men dei må berre innom på besøk.

Pode får etterkvart mistanke om at nokon heilt bevisst prøver å få han til å nyse, og den skumle indianaren Sitjande Okse blir hans viktigaste mistenkte. Den hysteriske turistsjefen dukkar også opp i ei etterlengta gjesterolle, og tilfører mykje humor.

"Pode får snue" er ei heseblesande bok, full av absurd humor, men òg nokre skikkeleg farlege situasjonar. Røssland fortel at "endeleg kunne eg bruke den snottete barndomen min til noko nyttig." Som sagt så lid han sjølv av pollenallergi, og styrer stort sett unna høgt gras.

Øyvind Torseter har ikkje same problema, og klarte å illustrere boka utan å klø for mykje på augene.

Bokmelding: "Pode mister fotfestet" av Tor Arve Røssland

Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: "Forfattar trillar terning på seg sjølv." Turen er komen til "Pode mister fotfestet" frå 2000.

I denne andre boka om Pode skjer det nok ein gong mystiske ting med seksåringen.

Pode er i ferd med å miste mjølketennene, og for kvar tann han mister skjer det noko rart med kroppen hans. Armar og bein vil ikkje lystre lenger, og då han har mister alle dei fire framtennene blir han fullstendig vektlaus, og svever omkring oppi taket. Alt dette hender sjølvsagt første veka på skulen.

Hus og bilar klarer ikkje å halde han nede, han svever til slutt opp i skyene og møter alle dei andre ungane som har vore så uheldige å miste alle dei fire framtennene samstundes. Her må han kjempe mot ein skummel kannibal, og finne ut korleis i all verda han skal kome seg heim igjen.

Om du synest den første boka leika seg for mykje med naturlovene, så gjer "Pode mister fotfestet" det endå meir. Premisset er like håplaust usannsynleg som i første boka, men vi har likevel ikkje noko problem med å godta denne skrøna Røssland fortel oss. Den første boka blei omsett til tysk med tittelen "Paul und die Kraft der Spaghetti" men denne andreboka blei for hard kost for det tyske forlaget, dei meinte rett og slett at den var blasfemisk. "I himmelen er det berre Gud som finst, ikkje kannibalar," var argumentet deira, fortel Røssland. Sjølv synest han det er greit å bli forboden i Tyskland pga blasfemi. Det er faktisk litt stas.

Denne anmeldaren opplever ikkje boka som blasfemisk, den er full av komiske situasjonar, og etterkvart blir det også veldig spennande. Dialogen er humoristisk og karakterane akkurat passeleg overdrivne. Forfattaren kan fortelje at han fekk idéen til boka då han las Douglas Adams sin trilogi (i fem deler) "A Hitchhiker`s Guide to the Galaxy," der hovudpersonen flyg over byen i ein draum. Dette må sjølvsagt hende med Pode, tenkte Røssland, berre ikkje ein draum, men i verkelegheita.

Akkurat som i første boka er språket leikent og lett, med masse krydder for ein vaksen lesar. Øyvind Torseter står nok ein gong for dei fantastiske illustrasjonane.

Pode og familien virkar meir gjennomarbeidde no som vi har fått lese litt meir om dei, og oppfylgjaren er minst like god som orginalen. Kanskje betre, kanskje som Gudfaren II?

Bokmelding: "Pode" av Tor Arve Røssland

Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: "Forfattar trillar terning på seg sjølv." Først ut er boka "Pode" frå 1999.

Tor Arve Røssland si første bok leikar med naturlovene, i ei herleg blanding av humor, mat og spenning.

Pode er ein seks år gamal gut som bur saman med mor og far, og syskena Petra og Pyton. Petra er ekstremt veslevaksen og har lese fleire bøker enn dei fleste vaksne, og Pyton er ein ufyseleg tolvåring. Mor er mest opptatt med å synge, og far elskar å eksperimentere på kjøkkenet. Ein dag då Pode er ute og leikar med bestevenen Anton dukkar det opp ein rar gul mann. Han går rett opp til huset til Pode og fortel far at heile familien må ete opp middagen sin for at det skal bli fint vêr dagen etterpå. Dei er alle sjølvsagt litt skeptiske til dette, men då den gule mannen går rake vegen til media, og journalistar dukkar opp på døra, byrjar Pode å bli litt uroleg. Far serverer kalkun i kakao, og dagen etter vaknar dei opp til nysnø. Midt på sommaren!

Uvêr og ekstrem tørke kjem annankvar dag, og forviklingane står i kø for vesle Pode. Det blir ikkje betre når både bonden og turistsjefen prøver å påverke han i kvar sin retning. Eit skikkeleg moralsk dilemma, med andre ord.

Premisset er sprøtt, og sjølvsagt heilt usannsynleg, men forfattaren klarer å få dette til å virke sant likevel. Han har sjølv sagt at dette er basert på noko han blei fortalt som barn, og at det kanskje er grunnen til at han er så glad i mat, den dag i dag. Matrettane som blir servert i boka høyrest kanskje uappetittelege ut, men også her kan forfattaren opplyse at kalkun i kakao faktisk er ein rett ein barndomsven blei servert av sin far.

Pode er ei velskriven debutbok, Røssland leikar seg med vaksenreferansar som krydrar leseopplevinga for ein eventuelt høgtlesande myndig person. Karakterane er overdrivne, som t.d den herlege tante Tine, som forfattaren har fortalt er basert på ein ekte person i hans familie. Men også dei nære slekningane som foreldre og besteforeldre er akkurat passeleg overdrivne, slik at vi trur på dei, og ler av dei, utan at det blir dratt for langt.

Språkmessig ligg Røssland på eit lettfatteleg og lettlest nynorsk, utan å falle for freistinga å bikke heilt over mot dei sidemålsnære klammeformene. Målgruppa er frå seks år og oppover, og illustrasjonane til Øyvind Torseter, som han faktisk vann Kulturdepartementets illustrasjonspris for, er heilt suverene! Ei bok du kjem til å lese om igjen og om igjen. 

Bøker i arbeid (og litt om språk.)

Tenkte eg skulle skrive litt om kva eg held på med for tida. Det er ikkje alltid like lett å fortelje om bøker som er i arbeid, eg er kanskje litt overtruisk på dette punktet? Eg trur ikkje heilt på boka før den kjem frå trykkeriet. Men likevel vel eg å fortelje om dei tre prosjekta eg held på med no. Nokre fortel eg litt meir om enn andre.

1. Eg held på med ei lettlest bok i Skumringserien til Mangschou forlag, same serien som "Gamer" kom ut på i 2011. Denne nye boka heiter "Snatch" og handlar om to attenåringar som kidnappar ei tolv år gamal jente, for å presse foreldra for pengar. Det heile går gale, og dei angrar. Dette er ei dramatisk bok, som stiller nokre moralske og etiske spørsmål. I skrivande stund er eg litt usikker på korleis den skal slutte, eg har for mange alternative stluttar! Eit luksusproblem!

2. Zombiegrøssar for ungdom. Førebels har eg ikkje bestemt meg for tittel. Forlag og konsept vel eg å halde for meg sjølv, men eg har alltid hatt lyst til å skrive ei zombiebok. Zombiar er enkle og geniale skapningar, og fenomenet har alltid fascinert meg, spesielt filmzombiar. Boka handlar om ein seksten år gammal gut som får kvardagen snudd på hovudet då zombiar invaderer heimkommunen. Myndighetene gjer det dei kan for å begrense skadane, men dei er like opptatt av å forhindre at informasjon kjem ut. Samstundes er dette ei kjærleikshistorie. Inspirert av filmar som "Shaun of the Dead", bøker som "World War Z" av Max Brooks, og sjølvsagt den brilliante tv-serien "The Walking Dead." (Ikkje av teikneserien med same namn, for den har eg ikkje lese.)

3. Postapokalyptisk roman for barn og unge. Førebels tittel her er "Soledad", som og er namnet på hovudpersonen. Ho er på tur til Utsira saman med far sin, dei skal bu i fyrmeisterbustaden på øya, far hennar er kunstmalar. Etter ei veke skjer det noko uforklarleg. Alle folka på øya forsvinn, inkludert far hennar. Telefonnettet sluttar å virke, internett er dødt, ingen fly eller båtar er å sjå. Soledad er berre fjorten år, og er ikkje erfaren nok til å leggje utpå i båt, for å kome seg til fastlandet, i alle fall ikkje med det første. Ho blir nøydd til å overleve på den vesle øya heilt aleine. Ho observerer ting inne på fastlandet som skremmer henne. Blir stadig overraska av ekstreme orkanar og torevêr. Heldigvis har ho straum ei stund, pga vindmøllene som er der ute. Men snart sluttar dei å virke, og maten er i ferd med å ta slutt. Er ho den einaste overlevande? Eller er det andre der inne på fastlandet? Klarer ho å kome seg inn dit? Er det noko betre der inne?

Denne boka har eg halde på med lenge, og av dei som eg held på med no, er nok dette den beste. Sjangeren postapokalyptisk dystopi er ein av mine favorittsjangrar. Eller dystre framtidsvisjonar som vi også kan kalle det. Tanken på at den verda vi lever i no ein dag kan gå under er fascinerande og skremmande på same tida. Vi er så sikre på at det vi har skal vare evig, at vi ikkje tenkjer på framtida. Dette er ei bok som stiller mange spørsmål, om samfunnet vi lever i, om korleis vi behandlar kvarandre og korleis vi behandlar miljøet rundt oss. Eg gler meg til denne boka skal ut til lesarane, håper den vil engasjere mange.

Alle desse bøkene eg held på med no er på bokmål, eller sidemål som eg kallar det. Det er ikkje nokon dramatikk i dette. Det er nok mest fordi eg har vakse opp med både nynorsk og bokmål som likeverdige språk. Det hatet som mange bokmålsfolk har mot nynorsk er ikkje gjensidig. Bokmål kan vere eit like fint og høgverdig språk som nynorsk, og for akkurat desse bøkene passa det best med bokmål. Samstundes er det jo eit ynskje om å nå eit større publikum, det skal eg ikkje leggje skjul på. Boka "Gamer" er den mest selde boka mi, og den var på bokmål. Bøkene i serien om "Svarte-Mathilda" har eg jobba utruleg mykje med, og ikkje minst turnert med i snart tre år, men mange gidd rett og slett ikkje å lese nynorsk. Bokhandlarar tar dei ikkje inn, og mange har fordommar og trur det er vanskeleg å lese nynorsk. Eg trur det er trass, og ikkje noko anna. 

Uansett har eg aldri sett på meg sjølv som ein korsfarar for nynorsken. Nynorsken er ein del av meg og språket mitt, og eg kjem aldri til gje det heilt opp. Men dei neste bøkene mine kjem altså ut på bokmål.

Kaldestadfestivalen 2013.

Min tremenning, forfattar og musikar Roald Kaldestad har sett i gong ein rykande fersk litteraturfestival på heimstaden til sin far, diktaren Per Olav Kaldestad. Eg var invitert til å skremme ungane på føremiddagen, på ettermiddagen var det bokkafé og på kvelden var det opplesing av blant andre Arne Torget, Lars Amund Vaage, Per Olav Kaldestad og Hans Sande. Til slutt hadde det irsk-inspirerte bandet Myle konsert. 

Ekstra kjekt for meg å ha med dotter mi i rolla som Svarte-Mathilda, dette sette ein ekstra spiss på framsyninga. Heile arrangementet blei holdt i ei gammal løe, noko som laga ei fin ramme rundt festivalen.

Svarte-Mathilda går til scenen.

På turné får eg veldig ofte spørsmålet om eg ikkje har tenkt å lage film om Svarte-Mathilda. Det har eg ikkje. Det blir altfor dyrt og omfattande å lage ein skikkeleg filmversjon av historien hennar. Men no har Vestlandske Teatersenter laga ein sceneversjon. Den første boka har blitt dramatisert av Frøydis Flotve (som tilfeldigvis er kona mi) og ho står òg for regien av barneskodespelarane. Sjølv har eg vore delvis involvert i filmatiske sekvensar som dukkar opp innimellom. Og musikar Arild Brakstad har laga eit guffent lydspor av ekle lydeffektar og fantastisk skummel musikk.

Barna tar som speler rollene er midt i målgruppa, og eg trur dei har kosa seg stort med forteljinga om Svarte-Mathilda.

Her ser du plakaten til stykket som blir spelt på USF Verfet i Bergen 22. april klokka 18.00 og 19.30. Eg gler meg i alle fall!

Tid for festival!

Endeleg nokre korte veker med ferie frå det hektiske turnélivet. Då blir det tid til å lese nokre av dei bøkene eg skulle ha lese, og redigere litt, kanskje til og med få tid til å gå ein tur! Men kva gjer eg? Reiser på litteraturfestival. Ikkje berre éin, men to litteraturfestivalar!

Først ute var Falturiltu - nynorsk barnebokfestival på Stord frå 6-9 november. Det starta forsiktig med besøk på Sagvåg skule og Litlabø bibliotek. Kjekke besøk der eg fekk gjenopplive barnebokhelten min Pode for engasjerte tredjeklassingar og entusiastiske bibliotekarar. Så var det redaktørmøte og øving med bandet mitt etterpå. Band? seier du. Ja, seier eg.

Onsdagen hadde eg tre framsyningar med musikarane Jarle Kristoffersen (cello) Grete Hylland (tverrfløyte) og Magnus Blom (piano). Dei tre utgjer dei sære aktive og veldig dyktige Trio Vest. Eg las meg gjennom heile boka «På rømmen i New York,» (med nokre små endringar i teksten) mens Trio Vest spela både Frank Sinatra og song opera. Ungane var frå andre til femte trinn, og såg ut til å kosa seg. Vi som framførte fekk i alle fall meirsmak, og funderer å søkje oss inn i Den kulturelle skulesekken med opplegget. Tanken på å reise på turné med band er veldig forlokkande.

Dagen etterpå var det Norsk Barneblad som skulle feira 125-årsdagen sin. Eg og Helga Gunerius Eriksen las våre ting, ein flunkande ny og nynorsk bursdagssong blei avduka og vi åt is og kaker saman med ungane. Etterpå var det gruverock på Litlabø, etterfølgd av middag og raudvin på Frugård, slik som det skal vere på Falturiltu. Om du ikkje veit kvar desse stadene er, så må du reise til Stord å finne det ut.

Fredagen var eg kanskje på djupast vatn, eg skulle halde føredrag om barnefilm, og då spesielt om filmatiserte bøker. Eg lurte litt på om dette var noko eg var kvalifisert til å gjere? Strengt tatt er eg jo det. Eg har hovudfag i filmvitskap, og mellomfag i litteraturvitskap, eg har skrive bøker og eg har sett uvanleg mykje barnefilm. Oppmøtte studentar og bibliotekarar såg i allefall ut til å vere begeistra for å få nokre originale tips til kva filmar dei kan nytta i undervisinga. Så eg er spent på om den oppvoksande generasjon på Stord vil gå med minner om Stand by Me og Kikujiros sommer i mange år framover. Andre filmar/bøker eg snakka om var Mitt liv som hund, Astrid Lindgren: Emil, Lotta og Ronja Røvardotter, Roald Dahl: Danny og den store fasanjakten og Matilda, Vaffelhjarte, Ringenes herre, Hunger Games, Hobbiten og Coraline av Neil Gaiman. 

Laurdag 11. november var det tid for ny festival. WT Litteraturfestival på Os. Berre nokre minutt frå der eg bur på Halhjem. Eg hadde skrivekurs for seks ungdommar frå elleve til seksten år, og synest det gjekk rimeleg bra. På kvelden var det festmiddag med etterfylgjande prisutdeling. Sjølv vart eg tildelt årets Jafs-pris, som festivalens beste (og einaste) horrorforfattar. Prisane vart utforma av sjølvaste Vidar Bratlund-Mæland, og det var kunstnaren sjølv som delte ut prisen. Dette var gjevt og veldig kjekt. Andre prisvinnarar var blant andre Gunnar Staalesen og Kristine Tofte, og eigentleg alle andre oppmøtte forfattarar.

Etter endt festival var det tilbake for å pakke kofferten for to nye veker i Sør-Trøndelag. Det er gøy med turné, men samtidig veldig slitsomt.

Bryne - Paradise City!

Drosjesjåførane på Bryne er ikkje som andre drosjesjåførar!

I 2008 kom spelet Burnout Paradise ut til Playstation 3 og XBOX360, og eg skal innrømme eg har brukt nokre timar i den virtuelle byen Paradise City. Spelet er eit heftig bilspel der målet er å kjøre som ein tosk og få poeng for det. Fin trening for oss som ikkje har lappen. Spelet er krydra med musikk, deriblant den ikoniske låten Paradise City av Guns N`Roses, frå det glamorøse åttitalet. 

Det er ingenting glamorøst med å vere på forfattarturné på mellomtrinnet. Av og til får eg skrive autografar, og mange elevar likar det eg driv på med. Men som regel er det lange ettermiddagar der ein jobbar med tekst og prøver å halde seg vaken.

For oss som ikkje har lappen blir det og ein heil del både lange og korte drosjeturar. Som regel er dette ei roleg stund, med svært lite pratsame sjåførar med utanlandsk bakgrunn. Nokre av dei skil seg sjølvsagt ut, som sikhen i Drammen som prata om været og fotball som om han aldri hadde gjort noko anna. Og jærbuen med eksotisk bakgrunn som orsaka seg for at det var så mykje vegarbeid. Det er ikkje din feil, sa eg. Eg har god tid. 

Men i dag opplevde eg noko eg ikkje har vore borti før, og som fekk meg til å tenkje på Burnout Paradise-spelet. Kvinneleg drosjesjåfør, tør ikkje tippe alder, men ho sa "Yes!" då dei annonserte at det snart kom ein song med Rhianna på radioen. Eg merka fort at dette var eit menneske som hadde det travelt. Ho kjørte konsekvent i seksti i førtisona, ho laga bremselydar med munnen då ho måtte bråbremse for ein bil frå høgre. "Hørrte du Hollywood-skrensen?" sa ho og lo godt. Eg bekrefta at eg hadde høyrt det, og lurte på korleis dette skulle gå. 

Rhianna tona ut, og Guns N`Roses med Paradise City fylte den wunderbaumduftande bilen, vegane blei opnare og flatare, gasspedalen gjekk lenger og lenger ned i golvet. Var glad eg hadde sikkerhetsbeltet på. Sjåføren skrytte av kor fort ho pleidde å kjøre, eg nikka og heldt meg fast. Såg for meg nokre av dei utrulege stunta eg hadde gjort i Burnout Paradise, såg og for meg nokre av dei spektakulære kjedekollisjonane eg hadde forårsaka. Axel Rose gjekk opp i fistel!

Plutseleg sakkar ho av. "Helvede, faen! Politikontroll!" Kor hen? tenkte eg og såg meg rundt. Det viste seg at nokre av drosjekompisane hennar tipsa henne om ein kontroll eit stykke framme. "Får vel hålla meg te fartsgrenså, då. Har `kje råd te å få flærne prikkar!"

Sikkert ein god idé, tenkte eg. 

Eg tok toget tilbake.

Forfattarturné er kanskje ikkje glamorøst, men av og til kan det vere spennande, likevel.

Barnelatter

Det er ikkje mange morosame kapittel i grøssarbøkene mine om Svarte-Mathilda. Faktisk er det berre to stader i heile den første boka der det er noko å le av, og begge desse passasjane har eg lese høgt for tusenvis av elevar. Nokre ler høglydt, mens andre sit stille som mus. Kvifor? lurer eg på. Er det fordi det er mest skummelt? Eller fordi dei har slik respekt for meg? Eller er dei så godt disiplinerte at dei ikkje tør? Eller har dei rett og slett veldig dårlig humor? Mest sannsynleg ei blandig av alle desse.

Derfor er det veldig godt å møte klassar som faktisk ler høgt og godt av desse litt makabre spøkane som er har lagt inn i teksten. Barnelatter er smittande og varmar ein skummel og svartkledd forfattar. Det gjer derfor minst like vondt å høyre ein lærar som hysjar på dei, fordi dei ler! Det er sikkert godt meint, men la ungane få le! Dei er ikkje maskinar. Nokre ler også som ein forsvarsmekanisme mot det skumle i teksten, det som nokre av dei heilt sikkert kjem til å få mareritt av. Det blir litt mindre farleg om ein kan le av det. 

Eg vil i denne samanhengen få nemne ein skule eg var på for nokre veker sidan. Ein liten skule med åtte elevar langt ute i havgapet på Sørburøy i Sør-Trøndelag. Her lo dei godt og lenge av dei makabre forteljingane eg serverte, og dei likte det skumle og det ukjente. Dei lo av ting ingen andre har ledd av før, formuleringar og replikkar som eg hadde begynt å tru at berre eg synest var morosame. Det gjorde ekstra godt. 

Turnéhausten er i gang.

Så er endeleg turnéhausten i gang. Fire veker i Sør-Trøndelag og tre veker i Rogaland står for tur. I tillegg kjem Falturiltu-festivalen på Stord, og den nystarta WT Litteraturfestivalen på Os. 

Det er kjekt å møte elevar, dei fleste har rett nok aldri høyrt meg eller bøkene mine, men likevel. Dei få gongene eg møter elevar som har lese bøkene er det ekstra kjekt. Det gjorde eg første dagen i haust. På Sistranda skole var det ei jente som hadde lese Svarte-Mathilda og som gledde seg til bok to og tre. Slikt er inspirerande. 

To turnédagar er unnagjort og andre dagen var eg på den minste skulen eg nokon gong har vore. Sørburøy skole langt ute i havgapet i Sør-Trøndelag. Førti fastbuande og heile åtte elevar frå 3. til 8. klasse. Fin gjeng som umiddelbart sprang inn på badet for å sjekke om Svarte-Mathilda var å finne der inne.

Eg har heilt nytt turnéopplegg i år, der eg les og fortel frå alle tre bøkene om Svarte-Mathilda. Og dette treng sjølvsagt å gå seg til, litt endringar blir gjort og fokus kanskje flytta litt undervegs. Denne gongen med videosnuttar, musikk og fotografi, med alle dei tekniske utfordringane det medfølgjer. Ikkje alle skular som er like godt utstyrt. God planleggjing er nøkkelen til suksess her. Ein er nøydde til å ta kontakt med samtlige skular god tid i førevegen for å sjekke at dei faktisk veit at ein kjem, at dei ikkje har fri eller idrettsdag eller noko anna tull og at dei har det tekniske utstyret ein treng. Då går alt så mykje lettare. 

Så gjeld det å fylle ettermiddagane med noko fornuftig. Skrive litt. Lese bøker, og kanskje sjå eit par episodar av Boston Legal.