Tusen takk, Vårt Land!
I dag las eg ein anmeldelse av Svarte-Mathilda III som er på trykk i Vårt Land, der anmeldaren blant anna skriv:
"De som ser frem til en spennende og bloddryppende avslutning, får det i Svarte-Mathilda III. Her er barnemord, blod og speilmakeri så det holder, og en ondskap som ikke er så lett å knekke likevel."
Takk for den, Vårt Land, sjølv om anmelder Karen Frøsland Nystøyl synest at enkelte deler av boka var litt lettvint, så set eg pris på skryten.
Men det eg likte aller best var at anmeldaren gav inntrykk av å tru at Svarte-Mathilda er ei reell vandrehistorie, det er den nok ikkje. Det er sant at dotter mi høyrte den på skulen av nokre andre elevar, men eg er rimeleg sikker på at dei hadde funne på det heilt sjølv. Eg har spreidd den så godt eg kan på skular og internett, og presentert den som ei reell vandrehistorie som ein del av marknadsføringa.
Eg har humra godt over alle blogginnlegga eg har lese, der lesarar trur at dette er ei like kjent vandrehistorie som Bloody Mary, og at Svarte-Mathilda er hennar norske namn - det var dette eg ville oppnå. Namnet har eg ikkje funne på, det er det einaste som har eit mystisk opphav, alt det andre er mitt verk. Føler egentlig ikkje at eg avslører så mykje, i alle fall ikkje no når siste boka er ute. Men det er kjekt at ei landsdekkjande avis har latt seg "lure." Tusen takk, Vårt Land.
Anmeldaren skriv:
"Vandrehistorien om Svarte-Mathilda er kanskje mer kjent i sin engelske versjon, Bloody Mary."
Det er den sjølvsagt - vidare skriv ho:
"Blodige vandrehistorier er fengslende. Forfatter Tor Arve Røssland har skrevet frem en mulig opprinnelse for historien om Svarte-Mathilda, som gjemmer seg i et speil og som besitter krefter en helst ikke ønsker å møte. Elisabeth, trilogiens hovedperson, maner frem Svarte-Mathilda og slipper henne løs."
My work is done ...