Bokmelding: "Pode får snue" av Tor Arve Røssland
Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: "Forfattar trillar terning på seg sjølv." Denne gongen er det "Pode får snue" frå 2002, sin tur.
Den vanskelege tredjeboka
Det skulle ta to år før Røssland klarte å fylgje opp sukesessen etter dei to første Podebøkene. Ikkje før i 2002 kom den sårt etterlengta tredjeboka. Forfattaren prøvde seg visstnok som dramatikar i mellomtida, og skreiv teater om dei underjordiske, med ei lesbisk hulder i hovudrolla. Men nok om det. Pode er tilbake, og denne gongen får han snue.
Ved første augekast kan boka verke som ei pedagogisk forteljing om hygieniske førehandsreglar ved forkjøling, men det tar ikkje lang tid før Røssland forsvinn heilt utpå viddene igjen - heldigvis. Nok ein gong blei han inspirert av noko han høyrte då han var liten, og sleit med allergiar og snue. "Når du nys, kjem det ein gjest," blei han fortalt. Tenk om det var sant, tenkte den vaksne Røssland og byrja skrive på den tredje boka om kultfiguren Pode.
Pode får snue, skikkeleg snue i denne boka! Han nys og nys, og på uforklarleg vis dukkar det opp besøkande på garden. Først er det sjølvsagt den utvida familien som stikk innom, men etterkvart dukkar det opp både orienteringsløparar, bønder og sjølvsagt japanske turistbussar, og ingen veit heilt kvifor dei kjem, men dei må berre innom på besøk.
Pode får etterkvart mistanke om at nokon heilt bevisst prøver å få han til å nyse, og den skumle indianaren Sitjande Okse blir hans viktigaste mistenkte. Den hysteriske turistsjefen dukkar også opp i ei etterlengta gjesterolle, og tilfører mykje humor.
"Pode får snue" er ei heseblesande bok, full av absurd humor, men òg nokre skikkeleg farlege situasjonar. Røssland fortel at "endeleg kunne eg bruke den snottete barndomen min til noko nyttig." Som sagt så lid han sjølv av pollenallergi, og styrer stort sett unna høgt gras.
Øyvind Torseter har ikkje same problema, og klarte å illustrere boka utan å klø for mykje på augene.