Bokmelding "Snatch" av Tor Arve Røssland

Eg held fram med denne sjølvutleverande eigenmeldinga, no er det årets siste utgjeving, "Snatch", som skal under lupen.

Snatch handlar om gutane Henrik og Martin om bestemmer seg for å kidnappe rikmannsdottera Henriette, for å kreve løysepengar for henne. Oppe i hovuda deira virkar dette som ein enkel plan, dei snatcher jenta, gøymer henne på ein avsidesliggande gard nokre dagar og innkasserer ti millionar raske kroner. Men det meste går sjølvsagt gale. Jenta skader seg, Henrik sin bror (som eig garden) dukkar opp, og Martin viser seg å vere ein særs ustabil partner-in-crime. Slutten og korleis dei heile går med jenta og gutane skal eg ikkje røpe, men dette er heilt klart ei bok med moralske utfordringar. 

Boka er utgitt i Mangschou sin serie Skumring, og den er skriven i ein lettlest stil. Akkurat som Røssland si førre bok i same serien; Gamer. Denne gongen har forfattaren tatt steget bort frå det populære spelmediet som var hovudtema i Gamer, og fortel ei meir rett fram krimhistorie, med mykje spenning, både på det ytre og indre plan. Henrik, som må seiast å vere hovudperson, utfører ikkje denne kidnappinga heilt utan kvaler. Men med ei syster som han ynskjer å få bort frå den alkoholiserte mora, blir freistinga for stor. Kva om han kan skaffe seg ei leilegheit der systara kan bu dei siste åra før ho blir myndig? Han vil ikkje kaste henne inn i forsterfamiliar. Han vil hjelpe henne. Martin sine motiv er mindre noble, akkurat som Martin sjølv. 

Forfattaren har jobba mykje med truverdet rundt sjølve kidnappinga. Kva ville han sjølv ha gjort viss han skulle kidnappe ein tolvåring? Korleis utføre sjølve kidnappinga? Korleis sende brev om løysepengar? Osv. Røssland innrømmer at han måtte tenkje litt som ein forbrytar for å få dette til. Han måtte planlegge i detalj for at dette skulle funke i boka. Største forskjellen på han sjølv om kidnapparane i boka er at Røssland òg såg for seg alle dei eventuelle problema som kunne dukke opp, både dei praktiske og moralske. Henrik og Martin oppdager desse utfordringane undervegs.

Boka ynskjer ikkje å vere ein moralsk peikefinger. Forfattaren antar at lesaren veit at dette er ei avskyeleg handling, men han stiller likevel spørsmålet: Kor langt er du villig til å få for å hjelpe ein du er glad i? Henrik er villig til å gå mykje lenger enn dei aller, aller fleste. Martin derimot gjer dette kun for seg sjølv.

Boka er kjapp i stilen, med korte setningar og mykje spenning og action. Du les den ut på ein kveld, og du kjem sikkert til å måpe litt over slutten. Den kom som ei overrasking, også på forfattaren.

2014 - oppsummert

På tide med ei lita oppsummering av året. Tilfeldighetane ville ha det til at eg i år har gitt ut heile tre bøker, endå meir tilfeldig at alle tre er på sidemål. Har desse bøkene satt nokre spor etter seg? Eit enkelt internettsøk avslører sanninga.

Den første boka eg gav ut kom tidleg på året, allereie i februar. Den var rett og slett eit bestillingsverk frå Egmont Kids, som skulle starte ein bokserie for ungdom med namnet GRUSOM. Eg hadde allereie ei halvferdig bok liggande som eg ikkje visste kva eg skulle gjere med, den var litt for ekstrem, tenkte eg. Men Egmont likte den, og redaktør Heidi Sævareid og eg sat i gong eit intensivt samarbeid for å få boka ferdig. Eg blei godt fornøgd med resultatet, sjølv om eg skulle ynskje den blei marknadsført tyngre.

Boka hadde namnet En smak av Zommer og fekk nokre få bokmeldingar på nett og i avis. Tulleruska`s World meinte boka var eit slags The Walking Dead i bokform. Den likte eg. Dagsavisen skreiv at boka hadde både tone og overskot i tema og språk, dei meinte det heile var ubetaleleg og at hovudpersonen Max utstrålte ein sindig bygde-kulhet då katastrofen ramma. Og Byavisa Drammen skreiv at boka var eit heidundrande og blodsprutande festmåltid marinert i hjernemasse. Mistenker at det er Stig Elvis Furset som står bak denne. Magasinet påstår rett og slett at eg meistrar sjangeren skrekk for ungdom. Sjølv omtalte eg boka som ei blanding av Vi på Saltkråkan og Braindead. Alle hadde sjølvsagt rett. Boka var festleg å skrive og eg ser tilbake på den med eit ironisk flir. Det var kjekt å utrydde heile Bømlo i ein zombie-apokalypse. Eg gjer det gjerne igjen.

Neste bok ut var eit langt meir ambisiøst prosjekt for min del. Den dystopiske ungdomsboka Soledad. Eg kontakta Aschehoug forlag fleire år før eg gav den ut, og spurte om dei var interessert. Det var dei, og prosessen med å redigere og omskrive boka byrja straks eg var ferdig med siste boka i serien om Svarte-Mathilda. Det var enormt spennande for meg å skrive Soledad, det var utforsking av ein sjanger eg alltid har vore fascinert over, eg hugsar framleis inntrykket som filmen The Day After gjorde i tenåra, om etterdønningane etter eit atom-angrep. Vi som vaks opp under avslutninga av den kalde krigen har mange slike godbitar i minnet. Fascinasjonen over å vere heilt åleine igjen på jorda var utgangspunktet for Soledad. Gjennom å høyre musikk frå tenåra og å spele Playstationspel som The Last of Us tok samfunnet og karakterane i Soledad form. Men det heile starta med eit besøk på den fascinerande og vêrharde rogalandsøya Utsira.

Sjølvsagt kunne Soledad hatt blitt meir synleg, og vore på toppen av alle salslister, men eg er blitt vane med å ikkje finne meg sjølv i bokhandlarane. Det er irriterande, men vanleg. Boka fekk uansett nokre fine omtaler. Og det var kanskje Ahmed Khaatab på barnebokkritikk.no som verkeleg skjøna boka: "Tor Arve Røssland er flink til å veksle rytmisk mellom rolige partier og mer intense situasjoner. Språket er troverdig, spesielt skinner Soledads mistenksomhet gjennom i språket på en måte som er tydelig, men uten å være full av klisjeer.

Samtidig er romanen tydelig i sin oppvurdering av det frie individet utenfor de nye småsamfunnene. Soledad sparker i flere retninger. I den finnes en markert kritikk av dagens passive miljøpolitikk, i tillegg tegner Røssland et dystert fremtidsbilde av menneskets evne til å skape siviliserte samfunn."

Tulleruska skreiv at boka var eit godt tilskot til dystopiane, og Anniken Thorsen på Deichmanske sin blogg sa at sterke, modige Soledad gjorde inntrykk på henne. Bergens Tidende hadde derimot ikkje gjort heimeleksa si og påstod at Soledad er første boka i ein trilogi, noko eg aldri har sagt, eg har faktisk understreka det motsette, at dette er ei enkeltståande bok og skal det skrivast oppfylgjar må det kome som ein folkekrav, og Kongen må be om det i nyttårstalen sin.

Bjørn Gabrielsen i Dagens Næringsliv hadde også fanga opp eit anna poeng som ingen andre hadde fått med seg. Korleis kvinner blir undertrykt i mitt tenkte framtidssamfunn, der sterke menn får herje fritt.

Soledad er eit angrep på ein passiv miljøpolitikk, og ja, den er pessimistisk når det gjeld menneske si evne til å skape siviliserte samfunn. Viss ikkje grep blir tatt vil både befolkningsvekst og miljøet til slutt vere vår undergang. Eller ikkje vår, men dei andre, sjølvsagt. Vi her i Noreg er for grådige og proteksjonistiske til at vi lar det skje med oss.

Det er faktisk på Uprisen.no at boka har fått mest merksemd, og det er utruleg artig å lese ungdommane sine eigne omtaler. Ungdom likar handling og action og dei hater dødtid i bøker. Derfor er det mange som meiner at boka starter litt treigt. Dei fleste kjem fort inn i handlinga, likevel, og dei synest den er ekstremt spennande. Nokre misliker den opne slutten, og at dei ikkje får forklaring på alt. Mens andre igjen har tatt poenget: "Jeg har hørt flere som sier at de etter å ha lest boka, har en del spørsmål de ikke har fått svar på, og at de ikke liker bokas åpne slutt. Personlig er jeg uenig i dette. Jeg føler dette gir leseren en mulighet til å tenke selv hvordan ting henger sammen, og hva som skjer etter siste side. Terningkast 6!"

Boka skal ikkje gi alle svar. Heile handlinga er sett frå Soledad sin synsvinkel, og denne synsvinkelen var viktig for meg. Dermed ville det vere heilt unaturleg at ho i den settinga ville finne svar på alt ho lurte på, utan at det hadde virka påklistra og overforklarande. Eg har alle svara oppi hovudet mitt, men dei deler eg ikkje med nokon, med mindre Kongen grip inn, sjølvsagt.

Boka stiller spørsmål, og lesaren skal finne svara sjølv. Og du finn svara i boka om du leiter, Soledad er inne på det undervegs, men ho kan sjølvsagt ikkje vere sikker på kva som står bak katastrofen som har ramma verda.

Siste boka eg gav ut var thrilleren Snatch, i serien Skumring på Mangschou forlag. Eit lite bergensbasert forlag som gir ut massevis av gode bøker for barn og ungdom. Dette var andre boka mi i denne serien, der den første var Gamer (2011). Snach handlar om to ungdommar som kidnappar ei rik jente i Bergen, for å krevje løysepengar for henne. Eg kan godt vere den første som seier det: Dette er ei umoralsk bok. Eg skal ikkje røpe slutten, men ei barnekidnapping er i utgangspunktet tvilsamt, det ser til og med eg. Men eg likar historier om forbrytarar og halvkriminelle. Det er kjekt å heie på dei som er på skuggesida av samfunnet.

Boka har fått litt merksemd på bokbloggar, men aviser og større nettstader skriv ikkje om lettleste ungdomsbøker. Bloggarane meinte den var actionfylt med sugande ekkel spenning, og med ein overraskande slutt. Også på Uprisen.no har den fått nokre omtaler. Nokre synest den fortel ei orginal historie, nokre synest den er for kort, mens enkelte meiner den er kjempespennande.

Det blir ikkje tre bøker til neste år. Kanskje berre éi. Men den blir til gjengjeld på nynorsk. Det kan eg love.

 

 

Bøker i arbeid (og litt om språk.)

Tenkte eg skulle skrive litt om kva eg held på med for tida. Det er ikkje alltid like lett å fortelje om bøker som er i arbeid, eg er kanskje litt overtruisk på dette punktet? Eg trur ikkje heilt på boka før den kjem frå trykkeriet. Men likevel vel eg å fortelje om dei tre prosjekta eg held på med no. Nokre fortel eg litt meir om enn andre.

1. Eg held på med ei lettlest bok i Skumringserien til Mangschou forlag, same serien som "Gamer" kom ut på i 2011. Denne nye boka heiter "Snatch" og handlar om to attenåringar som kidnappar ei tolv år gamal jente, for å presse foreldra for pengar. Det heile går gale, og dei angrar. Dette er ei dramatisk bok, som stiller nokre moralske og etiske spørsmål. I skrivande stund er eg litt usikker på korleis den skal slutte, eg har for mange alternative stluttar! Eit luksusproblem!

2. Zombiegrøssar for ungdom. Førebels har eg ikkje bestemt meg for tittel. Forlag og konsept vel eg å halde for meg sjølv, men eg har alltid hatt lyst til å skrive ei zombiebok. Zombiar er enkle og geniale skapningar, og fenomenet har alltid fascinert meg, spesielt filmzombiar. Boka handlar om ein seksten år gammal gut som får kvardagen snudd på hovudet då zombiar invaderer heimkommunen. Myndighetene gjer det dei kan for å begrense skadane, men dei er like opptatt av å forhindre at informasjon kjem ut. Samstundes er dette ei kjærleikshistorie. Inspirert av filmar som "Shaun of the Dead", bøker som "World War Z" av Max Brooks, og sjølvsagt den brilliante tv-serien "The Walking Dead." (Ikkje av teikneserien med same namn, for den har eg ikkje lese.)

3. Postapokalyptisk roman for barn og unge. Førebels tittel her er "Soledad", som og er namnet på hovudpersonen. Ho er på tur til Utsira saman med far sin, dei skal bu i fyrmeisterbustaden på øya, far hennar er kunstmalar. Etter ei veke skjer det noko uforklarleg. Alle folka på øya forsvinn, inkludert far hennar. Telefonnettet sluttar å virke, internett er dødt, ingen fly eller båtar er å sjå. Soledad er berre fjorten år, og er ikkje erfaren nok til å leggje utpå i båt, for å kome seg til fastlandet, i alle fall ikkje med det første. Ho blir nøydd til å overleve på den vesle øya heilt aleine. Ho observerer ting inne på fastlandet som skremmer henne. Blir stadig overraska av ekstreme orkanar og torevêr. Heldigvis har ho straum ei stund, pga vindmøllene som er der ute. Men snart sluttar dei å virke, og maten er i ferd med å ta slutt. Er ho den einaste overlevande? Eller er det andre der inne på fastlandet? Klarer ho å kome seg inn dit? Er det noko betre der inne?

Denne boka har eg halde på med lenge, og av dei som eg held på med no, er nok dette den beste. Sjangeren postapokalyptisk dystopi er ein av mine favorittsjangrar. Eller dystre framtidsvisjonar som vi også kan kalle det. Tanken på at den verda vi lever i no ein dag kan gå under er fascinerande og skremmande på same tida. Vi er så sikre på at det vi har skal vare evig, at vi ikkje tenkjer på framtida. Dette er ei bok som stiller mange spørsmål, om samfunnet vi lever i, om korleis vi behandlar kvarandre og korleis vi behandlar miljøet rundt oss. Eg gler meg til denne boka skal ut til lesarane, håper den vil engasjere mange.

Alle desse bøkene eg held på med no er på bokmål, eller sidemål som eg kallar det. Det er ikkje nokon dramatikk i dette. Det er nok mest fordi eg har vakse opp med både nynorsk og bokmål som likeverdige språk. Det hatet som mange bokmålsfolk har mot nynorsk er ikkje gjensidig. Bokmål kan vere eit like fint og høgverdig språk som nynorsk, og for akkurat desse bøkene passa det best med bokmål. Samstundes er det jo eit ynskje om å nå eit større publikum, det skal eg ikkje leggje skjul på. Boka "Gamer" er den mest selde boka mi, og den var på bokmål. Bøkene i serien om "Svarte-Mathilda" har eg jobba utruleg mykje med, og ikkje minst turnert med i snart tre år, men mange gidd rett og slett ikkje å lese nynorsk. Bokhandlarar tar dei ikkje inn, og mange har fordommar og trur det er vanskeleg å lese nynorsk. Eg trur det er trass, og ikkje noko anna. 

Uansett har eg aldri sett på meg sjølv som ein korsfarar for nynorsken. Nynorsken er ein del av meg og språket mitt, og eg kjem aldri til gje det heilt opp. Men dei neste bøkene mine kjem altså ut på bokmål.