Turnéhausten er i gang.

Så er endeleg turnéhausten i gang. Fire veker i Sør-Trøndelag og tre veker i Rogaland står for tur. I tillegg kjem Falturiltu-festivalen på Stord, og den nystarta WT Litteraturfestivalen på Os. 

Det er kjekt å møte elevar, dei fleste har rett nok aldri høyrt meg eller bøkene mine, men likevel. Dei få gongene eg møter elevar som har lese bøkene er det ekstra kjekt. Det gjorde eg første dagen i haust. På Sistranda skole var det ei jente som hadde lese Svarte-Mathilda og som gledde seg til bok to og tre. Slikt er inspirerande. 

To turnédagar er unnagjort og andre dagen var eg på den minste skulen eg nokon gong har vore. Sørburøy skole langt ute i havgapet i Sør-Trøndelag. Førti fastbuande og heile åtte elevar frå 3. til 8. klasse. Fin gjeng som umiddelbart sprang inn på badet for å sjekke om Svarte-Mathilda var å finne der inne.

Eg har heilt nytt turnéopplegg i år, der eg les og fortel frå alle tre bøkene om Svarte-Mathilda. Og dette treng sjølvsagt å gå seg til, litt endringar blir gjort og fokus kanskje flytta litt undervegs. Denne gongen med videosnuttar, musikk og fotografi, med alle dei tekniske utfordringane det medfølgjer. Ikkje alle skular som er like godt utstyrt. God planleggjing er nøkkelen til suksess her. Ein er nøydde til å ta kontakt med samtlige skular god tid i førevegen for å sjekke at dei faktisk veit at ein kjem, at dei ikkje har fri eller idrettsdag eller noko anna tull og at dei har det tekniske utstyret ein treng. Då går alt så mykje lettare. 

Så gjeld det å fylle ettermiddagane med noko fornuftig. Skrive litt. Lese bøker, og kanskje sjå eit par episodar av Boston Legal.

Å halde skrivekurs

Eg likar dei nye media som Facebook, Twitter, Youtube og kanskje på sikt Google+. Har faktisk fått mange forfattaroppdrag som resultat av at eg er aktiv på desse sidene. No sist blei eg kontakta av ein lærar på Tonstad skule i Trondheim som ville ha skrivekurs for ni gutar i tiandeklasse. Læraren hadde lese boka mi GAMER for elevane og der fann dei noko som dei ikkje forventa å finne i ei bok. Noko som snakka direkte til dei, og som gjekk føre seg i eit miljø dei kjente igjen.

Ho fann meg gjennom Twitter og spurte meg eg ville kome til skulen og halde eit inspirerande skrivekurs for dei. Noko eg ikkje har gjort så veldig ofte, men som eg etter besøket har veldig lyst til å gjere mykje meir av. Eit par av elevane på skulen skreiv verkeleg gode tekstar. Alt frå humoristiske og satiriske til gjennomtenkte, politiske og filosofiske. Dei som ville las opp tekstane sjølv, og det varma eit sentimentalt forfattarhjarte frå Vestlandet då ein medelev spontant utbraut: "Veldig bra tekst!" om det ein annan hadde skrive. Dette var elevar som i utgangspunktet var lei av skulen og som mykje heller ville sitje heime og spele dataspel. Eg håper dei finn tida til å skrive litt innimellom. 

 

Forfattardraumen

Av og til møter ein elevar som er litt meir engasjert enn andre. I dag gjorde eg det. Ein gut i åttandeklasse på Lierbyen skole kom bort til meg etter timen var over og lurte på alt mellom himmel og jord. Korleis sender ein inn bøker? Går det an å leve av det? Jobber du i eit forlag? Kor lang tid tar det? Osv, osv.

Eg svarte så godt eg kunne, og håper eg klarte å inspirere han til vidare skriving. Håper han tar tipsa mine til seg og kan ha nytte av dei. Kanskje han les denne bloggen og blir endå meir inspirert? Kanskje han om nokre år er ein av mine kollegaer i forfattarmiljøet? Ein veit jo aldri.

Å møte slike entusiastiske elevar er inspirerande for ein forfattar på turné. Stå på vidare alle som likar å skrive!

Turnélivets gleder og sorger

Det er kjekt å vere forfattar på turné. Det veldig givande å møte elevar som gleder seg til eg skal kome. Elevar som har lese ei eller fleire av bøkene mine og som sit som små lys mens eg les for dei. Men skal ein kunne glede seg over noko her i livet, må ein samstundes ha noko å irritere seg over. Her er ei liste over begge deler.

Ting eg ikkje likar på turné:

- At skulen ikkje veit om at eg skal kome.

- At kontaktpersonen er på ferie, har slutta eller i verste fall er død.

- Å bli plassert i eit rom der det renn ut og inn med folk heile tida.

- At ein lærar kjem snikande inn for å gi ein beskjed til ein annan lærar. Det hadde vore like forstyrrande om dei hadde kome trampande inn i ein klirrande rustning og sunge "Fairytale." Det siste hadde faktisk vore å føretrekke.

- At elevane sit i ein haug midt på golvet.

- Å lese mens elevane har lunsj.

- At lærarane begynner å omstrukturere klasserommet etter at eg er komen inn.

- At lærarane tar namneopprop.

- At lærarane set seg ned med papirarbeid mens eg les. Då kan dei like gjerne gå ut.

Ting eg likar på turné:

- At hotellrommet er romslig og fint.

- At hotellfrukosten er god, gjerne med gratis espresso heile døgeret.

- At hotellet har gratis internett.

- At kontaktpersonen på skulen tar kontakt og ynskjer meg velkomen.

- At elevane er på plass og rommet er klart til rett tid.

- At elevane er såpass disiplinerte at det går an å føre ein samtale med dei, ikkje berre ei rein opplesing.

- Å få lunsj på skulen, og aller helst vite om det på førehand.

- At lærarane ser interesserte ut.

- At elevane lytter.

- At elevane får lyst til å lese meir bøker etterpå.

- At elevane får lyst til å lese mine bøker etterpå.

- At elevar som absolutt ikkje virkar interessert kjem bort til meg etterpå og seier ting som: "Du er ein awesome forfattar!"

- At eg finn små, rare ting eg kan ta bilete av:

 

Litterære skurkestrekar

I dag skreiv Hardanger Folkeblad dette:
  
"Forfattarvitjinga av Tor Arve Røssland resulterte i ei glødande interesse for bøker om Svarte-Mathilda.
– Det vart så gale at elevar smuglas bøkene under pulten i timane. Faglærarane kan nok meina sitt, men her på skulen påtalar me ikkje skurkestrekar av litterær art, seier Hildonen Teigland."
 
Likte meg godt på skulane i Ullensvang. Fem forfattarbesøk på berre ein dag er tøft, men vel verdt det når eg får slike tilbakemeldingar.