Uprisen

Thomas Enger stakk av med Uprisen for boka Den onde arven, rett framfor nasen på meg og Svarte-Mathilda III. Eg skjønar eigentleg godt at ungdommane som skulle kåre vinnaren synest at Svarte-Mathilda III var ei litt vanskeleg bok å forholde seg til. Den er ikkje ei frittståande bok, men avslutninga på ein serie der alt heng saman i ei lang historie. Men akkurat som forrige gongen eg var nominert, så var det veldig kjekt å delta under festivalen. Gøy å møte juryklassanene og kjekt å bli kjent med dei andre nominerte som var til stades, kanskje spesielt Marte Aune (som eg også var på quizlag saman med under barne- og ungdomsbokquizzen). Ho er ein ung debutant som vi kjem til å høyre meir frå. Det er eg sikker på.

Ingen Upris på meg i år heller, kanskje neste år? 

Svarte-Mathilda III er nominert til Uprisen!

Akkurat som den første boka, er no den tredje boka i serien om Svarte-Mathilda nominert til Uprisen! Dette er prisen som blir delt ut av ungdommen sjølv, etter hundrevis av omtaler av alle ungdomsbøker som er gitt ut i 2013.

Svarte-Mathilda III er den siste boka i serien, og det kjennes godt at lesarane har tatt så godt i mot den som dette. Sjølv om media og forståsegpåarar ikkje gir den merksemd i det heile tatt, så viser det at den likevel når fram til ungdommen! 

Prisen blir delt ut av Foreningen !les og Litteraturfestivalen på Lillehammer. Kven som vinn Uprisen blir avgjort 22. mai, sjølvsagt på Lillehammer. 

Her kan du lese kva ungdommen synest om boka.

Her kan du lese korleis det gjekk førre gongen eg var nominert.

Soga om Svarte-Mathilda

Har bestemt meg for å skrive litt om korleis det går med dei to neste bøkene om Svarte-Mathilda. To bøker som forhåpentlegvis blir fulle av skrekk, gru og spenning. 

Eg er heilt i startfasen på runde to. Tekstane til begge bøkene er ferdige og inne hos forlaget. Redaktøren har sagt sitt og vi er stort sett heilt einige om kva som må endrast, forsterkast og kuttast. Forlagskonsulenten har òg sagt sitt, og nokre ting er vi uenige om, men ikkje slik at vi blir uvener, eller noko slikt. Det skulle tatt seg ut. Konsulenten påpeika òg ein del ting som er ikkje merka sjølv då eg skreiv, eg blir nesten flau over å ha skrive noko så tåpeleg, her er det berre å stryke og legge til nye, spreke ord.

Har hatt nokre månader fri frå tekstane om Svarte-Mathilda no. Då ser eg heilt nye ting. Nye moglegheitar og nye element som burde ha vore der frå starten, men som elegant snik seg inn mellom dei andre orda og gjer det heile betre. Eg ser fram til den fasen som kjem no. Lesing, redigering, kommunisere med redaktøren og sjå teksten endre seg frå bra til forhåpentlegvis knallbra.

Gler meg til å sjå dei ferdige bøkene. Sjå kva nifst omslag designaren kjem fram til. Gler meg til å reise rundt til neste år og lese frå dei. Pirre leselysta til elevane, og skremme lærarane slik at dei blir redde for foreldrereaksjonar.

Soga om Svarte-Mathilda 2 og 3 byrjar no.  

Å dele ein tekst i to.

Det er skummelt å dele ein tekst i to. Spesielt når ein føler seg relativt trygg på at den fungerer som ein heilskap. Men ikkje godt nok. Etter mykje fram og tilbake i hovudet mitt har eg kome fram til at deling av Svarte-Mathilda II er det einaste rette. Men det er mykje arbeid.

Flytting av heile plotlinjer, endring av karakterar og det å etablere begge dei to delane som heilskapte bøker, og ikkje berre to lausrivne deler av same bok. Det er som å sende ungar på fest for første gong, ein klarer ikkje heilt å slappe av før dei er i hus igjen. 

Sånn er det med ein tekst og. Eg har rive Svarte-Mathilda II i fillebitar og flytta om lag halvparten over i Svarte-Mathilda III. No ligg dei ulike delane og flyt fritt utan nokon som helst tilsynelatande samanheng. Dei kan stikke av når som helst, drikke seg fulle og stupe i ei grøft. I beste fall kan eg håpe på å plukke opp bitane, klappe dei på kinnet og legga dei trygt på plass der eg hadde tenkt, og berre håpe at dei ikkje har mista noko viktig på vegen. 

Heldigvis har eg ein overordna plan langt bak i hovudet. Eit mål eg skal nå langt der framme. Vekke opp igjen den fragmenterte teksten og presist plassera elementa etter kvarandre, finjustera overgangar, legga til litt, trekka frå litt, og aldri gløyme det viktigaste: dette skal vere skummelt, spennande og engasjerande! Svarte-Mathilda I var den mest målgrupperetta og fokuserte boka eg har skrive, og dei to avsluttande bøkene i historia om det demoniske spøkelset skal fylgje i same sporet, berre i eit litt breiare spor. Først når begge bøkene er ferdigskrive kan eg slappe av.