Turnéhausten er i gang.
Så er endeleg turnéhausten i gang. Fire veker i Sør-Trøndelag og tre veker i Rogaland står for tur. I tillegg kjem Falturiltu-festivalen på Stord, og den nystarta WT Litteraturfestivalen på Os.
Det er kjekt å møte elevar, dei fleste har rett nok aldri høyrt meg eller bøkene mine, men likevel. Dei få gongene eg møter elevar som har lese bøkene er det ekstra kjekt. Det gjorde eg første dagen i haust. På Sistranda skole var det ei jente som hadde lese Svarte-Mathilda og som gledde seg til bok to og tre. Slikt er inspirerande.
To turnédagar er unnagjort og andre dagen var eg på den minste skulen eg nokon gong har vore. Sørburøy skole langt ute i havgapet i Sør-Trøndelag. Førti fastbuande og heile åtte elevar frå 3. til 8. klasse. Fin gjeng som umiddelbart sprang inn på badet for å sjekke om Svarte-Mathilda var å finne der inne.
Eg har heilt nytt turnéopplegg i år, der eg les og fortel frå alle tre bøkene om Svarte-Mathilda. Og dette treng sjølvsagt å gå seg til, litt endringar blir gjort og fokus kanskje flytta litt undervegs. Denne gongen med videosnuttar, musikk og fotografi, med alle dei tekniske utfordringane det medfølgjer. Ikkje alle skular som er like godt utstyrt. God planleggjing er nøkkelen til suksess her. Ein er nøydde til å ta kontakt med samtlige skular god tid i førevegen for å sjekke at dei faktisk veit at ein kjem, at dei ikkje har fri eller idrettsdag eller noko anna tull og at dei har det tekniske utstyret ein treng. Då går alt så mykje lettare.
Så gjeld det å fylle ettermiddagane med noko fornuftig. Skrive litt. Lese bøker, og kanskje sjå eit par episodar av Boston Legal.