Dei hundre beste

Det nærmar seg årsmøte i Norske barne- og ungdomsbokforfattere. Noko som og markerer slutten for mi tid i Det litterære rådet. Etter seks år med lesing av bøker skrivne for barn og ungdom har eg komponert ei liste over mine favorittar. Denne lista offentleggjer eg like etter eg går ut av rådet. Lista har ingenting med resten av rådet å gjere, og reflekterer ingenting anna enn mitt personlege syn og min personlege smak.

Eg likar bøker i dei fleste sjangrar, og har ei nokså variert liste, om eg skal seie det sjølv. Det er ei fin blanding av både barne- og ungdomsbøker. Det er både sosialrealisme og sci-fi på lista. Debutantar og veteranar. Bildebøker og dikt. Noko for ein kvar smak.

Kven som kan ha nytte av ei slik liste, veit eg ikkje. Men kanskje nokon treng ein liten peikepinn på kva som har vore der ute dei siste seks åra? Då kan dei i alle fall bruke lista som ein guide inn i eit mylder av bøker. Eit herleg mylder av mange ulike stemmer.

Den skumle vinden frå ytste høgre

Dei to siste bøkene mine Dronen og Den tolvte spelaren er tilsynelatande veldig ulike bøker. Dronen handlar om fjorten år gamle Thomas som blir dregen inn i eit nynazistisk miljø på Vestlandet. Den tolvte spelaren handlar om adopterte Kevin som opplever å bli utsett for rasistisk mobbing. Det einaste bøkene har til felles er at dei begge er støtta av Leser søker bok, som hjelper til å gjere bøker meir tilgjengeleg for lesesvake grupper i samfunnet.

Men begge bøkene hadde utspring frå eit spørsmål eg fekk frå Det Norske Samlaget. Om eg kunne tenkje meg å skrive ein lettlest nynorsk grøssar for ungdom? Ja, det kunne eg, sa eg. Og begynte å gruble. Først grubla eg fram ideen til Dronen, og merka at dette ikkje var nokon grøssar. Eg skreiv om til bokmål og etter ei stund kom boka på Mangschou forlag i serien Skumring, der eg har skrive to bøker før.

Dronen var til tider ubehageleg å skrive, sidan hovudpersonen går lenger og lenger inn i ein nasjonalistisk mentalitet som eg verkeleg avskyr. Då eg skulle skrive dialogar mellom Thomas og dei nynazistiske kompisane hans, gjekk eg inn på blant anna Sylvi Listhaug si Facebook-side, men eg rekna ikkje med å finne noko. Gjett om eg tok feil! Eg måtte faktisk tone ned nokre av sitata eg lånte derifrå, slik at nazistane eg skulle skrive om blei meir truverdige, og eg ville jo at nazistane mine skulle vere sympatiske. I alle fall til boka tok ei brå vending. Men på Facebook såg eg eit hat og ei bevisst spreiing av løgner både om konkurrende parti og ikkje minst innvandrarar og muslimar eg ikkje hadde sett maken til. Og eg snakker ikkje om kommentarfeltet.

Eg måtte inn på verkelege nynazistiske nettsider for å få ned kvilepulsen. Verkelege nynazistar er i det minste opne om kven dei er, og dei skjuler ikkje jødehatet, konspirasjonsteoriane og muslimhetsen. Dei marsjerer i gatene og vi veit stort sett kvar vi har dei. Men Frp og Listhaug er mykje meir utspekulerte. Dei hater nok ikkje jødar i Frp. Men dei framstiller seg sjølv som det einaste partiet som ynskjer å bekjempe terrorisme, og terroristar framstiller dei utelukkande som muslimske. Men faktum er at den einaste terroristen som har angripe Noreg var etnisk norsk, og han trådde faktisk sine nazistøvlettar som medlem av Frp, utan at dette nødvendigvis var orsaka til terroren.

Men neida, Carl Ivar, Siv og Sylvi har ikkje noko med dette å gjere. Årevis med hatretorikk har ingen fylgjer. Likar du ikkje det vi seier, så er det utelukkande din feil. Men ein gong nokon kritiserer hatretorikken deira, så inntar dei offerrolla og finn fram eit bilete der Listhaug ser skikkeleg trist ut. Og ekkokammeret på internett støtter og hyller den modige dama. Det må jo vere lov å setje ting på spissen? seier dei. Slik at folk flest ikkje tenkjer på at dei rike blir rikare med den mørkeblå politikken. At kulturlivet blir gradvis rasert legg heller ingen merke til. Eller at mange mannlege Frp-arar har det med å krafse på ungjenter i fylla. Muslimane må bekjempast slik at vi ikkje får sharia her i landet, slik som i Sverige! Med denne forkvakla Frp-logikken i bakhovudet skreiv eg historia om Thomas som blir nynazist, og som likar det. Men eg måtte som sagt roe det heile litt ned, elles hadde ingen trudd på historien eg ville fortelje.

Å skrive Den tolvte spelaren har eg innsett må ha vore ei ubevisst terapeutisk handling, for å gjere godt igjen det fæle eg skreiv om i Dronen. Kevin er adoptert frå Columbia og har opplevd mykje rasisme. Handlinga er lagt til 1985, året då eg sjølv vart fjorten og boka har ein klår antirasistisk tematikk. Den rasistiske bølla, Ronny, kunne like gjerne ha vore "helten" i Dronen, har eg tenkt. Det handlar om synsvinkel, og i Den tolvte spelaren er det ein god og sympatisk forteljar som hovudperson. Mens i Dronen er det ein gradvis usympatisk forteljar, til og med upåliteleg. Du kan eigentleg ikkje stole på han at han vil deg vel. Litt sånn eg oppfatter mange Frp-arar i rikspolitikken. 

Bokmelding: "Den tolvte spelaren" av Tor Arve Røssland

 

Røssland anmelder si eiga bok Den tolvte spelaren. Boka er ein del av Det norske samlaget si nye satsing for ungdom, serien "Grøss og gru". Parallelt kjem Lars Mæhle ut med boka Død eller levande.

den tolvte spelaren.jpg
terningkast-6.jpg

Boka byrjar med eit tilbakeblikk, der den vaksne Kevin Borgen tenkjer tilbake på noko som hende i oppveksten, og korleis han møtte kompisen Kåre. Kåre er død, og minnene strøymer tilbake for Kevin. Tretti år tidlegare møttest dei to gutane då dei var fjorten år og Kevin byrja på fotballaget til Kåre. Kevin er adoptert og har ein litt mørkare hudfarge enn dei andre i bygda Våg. Og rasismen lar ikkje vente på seg. Skulebølla Ronny er raskt ute med fæle personangrep, med Kevin er vane med dette. Han har budd over heile landet, sidan faren arbeider i militæret. Og Kevin er flink til å bite det i seg. Men han byrjar raskt å hate Ronny.

Bygda Våg har ein hemmelegheit. Kevin overhøyrer Ronny som instruerer nokre andre gutar, inkludert Kåre, om å halde kjeften om noko. Kva dette er, klarer ikkje Kevin å skvise ut av Kåre. Men det er heilt klart noko frykteleg dei held skjult.

Ein dag i garderoben ser Kevin ein svart gut som skremmer livet av han. Han dukka opp ut av ingenting. Og sidan Kevin var sistemann i dusjen, var det ingen andre som såg den mystiske guten. Guten viser seg igjen, og på trøya har han nummer 12.

Det er ikkje poeng å røpe noko meir av handlinga her. Det går fort for seg. Og blir ei heseblesande bok om rasisme, ei mystisk forsvinning, hagler og kjøtkrokar. Men som ofte i Røssland sine grøssarar så er det ein vri mot slutten som du kanskje ikkje forventar.

Boka er saftig både i språk og innhald. Ord og uttrykk om var vanlege i 1985 blir brukt av både helt og skurk, og enkelte av dagens lesarar kjem til å reagere på dette. Det er ingen tvil om at dagens oppvoksande lesararar er mykje meir lettkrenka når det gjeld ordbruk. Men dette er med på å skape ein realiseem og eit truverde i dialogen mellom gutane.

Sjangermessig er dette ein skikkeleg 80-talsgrøssar, og handlinga går føre seg i 1985, då Røssland sjølv var fjorten år. Det er ikkje plagsomt mange tidsreferansar her, men nok til at stemninga sit. Ingen har mobiltelefon eller Facebook, og filmane må gutane leige på video. Og det er skrekkfilmar dei ser. Nok ein gong dukkar den mystiske tittelen Cleaver opp, som den også gjorde i boka Svarte-Mathilda. Røssland røper at dette er tittelen på ein fiktiv film som dei lager i TV-serien The Sopranos.  Slike referansar er det mange av i Den tolvte spelaren. Rammeforteljinga har Røssland lånt frå barndomshelten sin, Stephen King, og til og med ein obskur referanse til Grand Theft Auto-spela kan du finne om du er god.

Først og framst er dette ein grøssar, der spenninga ligg tjukt utanpå. Men samstundes nyttar forfattaren sjansen til å ta opp eit frykteleg tema. Rasismen i Noreg som av og til kan ende fatalt, og korleis dette kan prege ei heil bygd og øydelegge liv. Ein forventar ikkje slike viktige tema til å dukke opp i rein sjangerlitteratur, og i alle fall ikkje i skrekklitteraturen. Men Røssland har fått det til. Igjen.

Bokmelding: "Dronen" av Tor Arve Røssland

 

Årets bok skal vurderast av den mest kritiske av alle kritikarar: forfattaren sjølv!

dronen.jpg

To år har gått sidan forrige bok frå Tor Arve Røssland. Men han har ikkje lagt på latsida. Jobben som leiar for Norske barne- og ungdomsbokforfattere sitt litterære råd har teke mykje av tida. Likevel skriv han, og kjem no ut med boka Dronen. Ei spenningsbok om Thomas Andersen på fjorten år.

Thomas flyttar frå Bergen til ei ikkje namngiven bygd på Vestlandet, men forfattaren har avslørt at dette er basert på bygda han sjølv har flytta til, nemlig Os. Men han har teke seg store geografiske fridomar. Thomas blei overfalt i Bergen, av ein gjeng innvandrarungdommar, og har fæle mareritt om dette. Politiet henlegg saka, og Thomas mister trua på rettsstaten.

Han får ein drone til jul, og tar den med seg ut til Byveien. Der filmar han bilane, og plutseleg kjem det ein motorsykkel i full fart og kjører forbi ein varebil. Like bak kjem politiet. Ein møtande bil hamnar i grøfta og Thomas fanger det heile på film. Ikkje mange timane etter står først politiet på døra, men etterpå luskar også varebilen og motorsyklar rundt huset. Dronen har blitt observert.

Thomas hamnar i eit miljø av råkjørarar og får vere med dei ein kveld dei iscenesetter ein skikkeleg kjedekollisjon. Dei redigerer filmen og legg ut på nett, og reklamekronene strøymer inn. Nok til å gå videre med planen sin. Kva den planen er, har ikkje Røssland lyst at eg skal skrive i denne bokmeldinga.

Dei eldre ungdommane har også nyleg rekruttert Erik, som går i klassen til Thomas. Og saman får dei to ungdommane innblikk i eit ekstremt miljø. Spørsmålet er om dei kjem seg ut av dette miljøet før det er for seint. Leiaren i gjengen, den sympatiske og karismatiske Albert, blir god kompis med Thomas, og det er nettopp det at mange av karakterane er så sympatiske som gjer boka nokså ekkel. Det er vondt å lese at Albert mest sannsynleg har eit stort talent som musikar og låtskrivar, for så i neste augneblink innsjå at han kastar bort livet sitt på irrasjonelt hat - for Albert og kompisane er hardbarka nasjonalistar.

Nasjonalistar frå den verkelege verda er ofte samansveisa og lojale mot kvarandre. Dei er hundre prosent overtydd om at dei har rett, og at absolutt alle andre har feil. I så måte minner dei litt om fanatisk religiøse menneske. Men dei er likevel mennesker, og må tolkast og forståast som det. At dei i tillegg driv med råkjøring, motorsykkel og filming er på mange måtar tilfeldige, fortel Røssland. Det kunne like gjerne vore det lokale brytelaget, skyttarklubben eller tensing-koret. Råkjøringa er ein hobby, eller ein deltidsjobb. Nasjonalismen er livet.

Dronen er fortalt frå Thomas sin synsvinkel, og det er hans haldning til alt rundt som fargar både tankar og språk i denne boka. "Mange gonger tenkte eg på Alex i A Clockwork Orange under skrivinga," har Røssland sagt. "Den totale subjektivitet, der ingen andre får sleppe til. Thomas er, som Alex, på veg ned skråplanet, men ser ingenting gale med det. Eventuell moral og etikk må kome i møtet med lesaren sin personlege moral."

Nokon vil kanskje kalle språket rasistisk, mens andre vil seie at det ikkje går an å skrive om slike haldningar utan å bruke nettopp dei orda forfattaren har valt å bruke. Dersom ein og annan nasjonalist synest dette er ei fabelaktig bok å lese høgt frå ved sosiale samankomstar, så er jo dette trist og fælt. Men samstundes er den subjektive forteljaren eit effektivt virkemiddel dersom ein ynskjer å provosere. At nokon misforstår er prisen ein kanskje må betale.

Røssland har avslørt at han fekk frysningar nesten kvar gong han las det siste kapittelet i boka. Ikkje fordi det var så sabla godt skrive, men fordi haldninga det gjenspeglar gir han frysningar av frykt. Redsel for kva veg samfunnet vårt i er ferd med å gå.

Denne anmeldaren må seie seg einig. Dronen er ei bok som sit igjen lenge. At nazistar marsjerer i norske gater er med på å gjere tematikken i boka meir aktuell enn nokon gong. Dessverre. Ekstremismen og hatet blømer i kommentarfelta, og Røssland innrømmer at han ikkje trong leite lenge hos ymse Facebook-statsrådar for å finne sitat som fint kunne skrivast om til dialog mellom høgreekstreme nasjonalistar som utgjer persongalleriet i boka. "Researcharbeidet var i det heile tatt omfattande," sa Røssland. "Og det var grusomt å lese kva nasjonaslistar faktisk skriv på nettsidene sine. Ideologien, hatet og historiefornektinga som ligg til grunn er skremmande. Det var heller ikkje vanskeleg å finne døme der unge folk veldig raskt hadde blitt hjernevaska. I både den eine og den andre politiske retningen."

Dronen er spennande og medrivande, og det gjer vondt å sjå kva veg dette ser ut til å gå for Thomas og Erik. Men det er også ei truverdig framstilling av korleis ein ung person kan bli radikalisert dersom han kjem i kontakt med feil folk.

Utan tvil den beste Skumringboka Røssland har levert.

 

Ny bok snart, eller?

Eg skal ikkje akkurat seie at det renn inn med bekymringsmeldingar om temaet, men eg merker det sjølv: det begynner å bli lenge sidan sist bok. Dersom eg ser bort frå bidraget eg hadde i Fantasiboka, så hadde eg ikkje bok i 2016, og mest sannsynleg har eg ikkje bok i 2017 heller. Betyr det at det er slutt? Nei, absolutt ikkje. Men kva driv så forfattaren med?

Eg turnerer mykje, land og strand rundt. Og når eg er ute på vegen, så får eg ikkje gjort noko særleg kreativt arbeid. Og dersom eg har overskot til å gjere noko, så er det som regel redigering av allereie skrivne tekstar. Men alle tekstane mine er på tidlege stadium akkurat no, eg må vere kreativ, og det klarer eg berre heime på kontoret mitt. Eventuelt på ei øy langt ute i havet.

Arbeidet med Det litterære rådet tar mykje tid. Eg må lese alle bøkene som kjem ut, noko som eg jo likar å gjere. Dette er ein betalt jobb, og eg likar å gi tilbake innsats til foreininga som er så viktig for oss barne- og ungsdomsbokforfattarar. I tillegg er eg leiar i rådet, og dette går ut over skrivinga. Men samstundes lærer eg utruleg mykje av å lese andre forfattarar. Ei erfaring eg ikkje ville vore utan.

Og sjølvsagt skriv eg. Mange bøker blir jobba med samstundes, nokre går det bra med, og andre hamnar i skrivebordsskuffa. For tida er det lettleste spenningsbøker for ungdom som tar mest tid. Men eg leikar meg med ideen om å skrive humor igjen, og eg er ikkje ferdig med å skrive om andre verdskrigen. Titlar og utgjevingar er det for tidleg å seie noko om, men det er berre å følge med, dersom du er interessert då. Til neste år eg ut av Det litterære rådet etter seks års teneste. Eg har stor tru på at 2018 blir eit år med nye bøker frå meg.

Den moralske panikken er slett ikkje død

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å kommentere denne saka. Men så fann eg ut at dette er jo faktisk noko eg har studert på universitetet. Eg har utdanning, og kan dermed uttale meg! Eg har kanskje ikkje studert det filmtekniske bak klipp, regi, form og farge, men eg har vore filmfreak sidan eg var ti år gammal, har sete i to filmklubbstyre, skrive ein drøss med filmanmeldelsar og eg skreiv til og med hovudfagsoppgåve i filmvitenskap om nettopp debatten i norske medier, debatten om videovald. Eg gravde med ned i avisarkiv og las alt eg fann av artiklar og kronikkar for og i mot vald som underhaldning. Og kronikken som blei publisert nylig føyer seg fint inn i rekka av synsing, skriven av moralistar som eigentleg ikkje har sett seg inn i saka. Litt sånn som når nokre prestar klarte å forby Life of Brian utan å ha sett filmen.

Men lat oss spole tilbake. Det byrja med kronikkforfattar Terje Dragseth som meinte at alle som såg vald og seksualisert vald i t.d. Game of thrones og Westworld fantaserte om å gjere det same sjølv. Han kom veldig skeivt ut, synest eg: "HBOs avsluttede verdensomspennende suksess Game of Thrones var neppe blitt denne suksessen uten softporno og vold mot kvinner." Huff, då. Eg skjøna kva veg dette kom til å gå. Ikkje berre mangla han faktakunnskap, sidan Game of Thrones ikkje er avslutta, men han kjem med ein ubegrunna, laus påstand i tillegg. Den vidare argumenteringa hans minner meg svært mykje om moralistane eg las meg gjennom då eg skreiv hovudfagsoppgåva mi, med dette sitatet som eit av mange høgdepunkt:

«Jeg har sett TV-1000 uten sladd i Sverige. Jeg hadde ingen anelse om at det gikk an å se så langt inn i endetarmen på folk, sa Mona Høiness. KrF-leder Valgerd Svarstad Haugland nikket bekreftende.» (Dagbladet, 25.7.97)

Ja, den var kanskje litt flåsete, men eg kunne ikkje dy meg. Men kronikkforfattaren føyer seg som sagt fint inn i rekka av skråsikre moralistar vi har sett så mange gonger før. Her er berre nokre få døme:

«TV-volden skader og skremmer barna. Det kan enhver registrere.» (Sarpen, Sarpsborg, 17.8.90)

«Vi kan allerede merke at vi er på vei mot et mer aggressivt samfunn, antageligvis sterkt påvirket av det TV-skjermen viser oss. Men at råhet og vold i dagliglivet kan bli en følge av all TV-volden er det vel liten tvil om.» (Tromsø, 18.8.90)

«Målet er å holde på din oppmerksomhet. Få deg til å glemme å gjøre lekser, og heller spise potetgull.» («Men det jo bare film», Statens filmsentral, 1991)

«Gjerningsmannen var åpenbart påvirket av voldsporno.» (Vårt Land, 4.1.90)

Dette er berre eit ørlite knippe sitat, og eg trur ikkje kronikkforfattaren klarer å skape den moralske panikken han ynskjer. Det er heldigvis mange som har talt han imot. Også i dei store avisene.

Kronikkforfattaren gøymer seg bak sitt syn på feminisme når han driv ein kamp mot valden, for som han seier til Dagbladet: "Denne dramaturgien er gjennomtenkt og kan brukes til å fremme et budskap. Dette vet vi. Det er en grunn til at reklame er så utbredt i hele den vestlige verden. Det fungerer! Vi tror vi har et intellektuelt beredskap intakt, men seriene ses av millioner over hele den vestlige verden, og vi må kunne diskutere grenseløs vold og hvorfor vold er så viktig å formidle. Vold som underholdning byr meg imot!"

Kunne han ikkje berre sagt det med det same? Han likar ikkje vald. Det er heilt greit, det. Men trur han verkeleg på sin eigen konspirasjonsteorie om at det er eit "gjennomtenkt budskap" bak desse seriane? At mannfolka bak serien hater kvinner og gjer alt dei kan for å kue dei? At alt dei ynskjer er å valdta og sende kvinnene tilbake til kjøkkenbenken, barbeinte og gravide? Dette må han i så fall utdjupe og kome med kjelder på. Men så går han i fella og kjem med "reklame"-argumentet. Eit argument like gammalt som debatten. Det er ikkje det same å kjøpe Cola i staden for Pepsi, som det er å bli overgripar av å sjå Game of Thrones. At han som filmregissør ikkje ser dette, er for meg heilt ubegripeleg.

Vald byr han imot, og det skal han få lov til å meine. Han skal til og med få lov til å hyle og skrike i kronikkar og starte Facebook-debattar om det, det bryr meg svært lite. Men at han kjem med lause påstandar om at folk som ser slikt har valdtekstfantasiar som dei berre ikkje vil innrømme, då går han for langt og blir usakleg. Og han blir ein del av moralistgjengen som veit betre enn oss andre. Vi som ikkje veit vårt eige beste. Vi som må beskyttast og som ikkje klarer å dekode det vanskelege filmspråket. Kodar som for øvrig er noko av det første små barn lærer seg å forstå.  

Common sense. At folk blir mordarar av å sjå mord, eller overgriparar av å sjå valdtekt er ein ekstrem påstand, som ingen forskarar klarer å bevise. Men det er jo noko logisk i det, seier folk som kronikkforfatteren. Det virkar sannsynleg! Det er "common sense". Viss vi får høyre det nok gonger, så trur vi det til slutt! Litt slik som med religion. Og Donald Trump. Og partiprogrammet til Frp.

Martin Barker beskriv "common sense" i sin artikkel "The Newson Report. A case study in common sense", som også står i boka Ill effects frå 1997. "Common sense"-synet kjem av seg sjølv når visse forutsetningar ligg til rette for det, eller når ikkje alle forutsetningar er representert. Nokre fakta manglar i debatten, og "sunn fornuft" tar over.

Kronikkforfattaren meiner også at vi ikkje kan sjå effekten av valden før om 20-30 år, sidan dette fenomenet er så nytt. Ein ekstremt historielaus påstand. Noreg fekk Kinolova i 1913:

«Filmkontrollen må ikke godkjenne bilder som den mener det ville stride mot lov eller krenke ærbarhet eller virke forrående eller moralsk nedbrytende å vise offentlig.» (Lov om offentlig visning av kinematografbilder, 1913)

Drap av både kvinner og barn i filmar som Panserkrysseren Potemkin (1925) og Once upon a time in the West (1968) er gammalt nytt. I tillegg blir både liten og stor oppetne av haien i Jaws fra 1975, så å påstå at vald er noko nytt, som har dukka opp dei siste 20-30, er berre tull. Dette er like gamalt som oss. Les Illiaden og Odysseen, for ikkje å snakke om Bibelen så finn du nok av grusomme valdsskildringar. Effekten lar seg ikkje måle fordi den ikkje kan bevisast. Eit menneske er samansett av mange faktorar, og det å sjå noko på skjermen får oss ikkje til å kopiere det som tankelause robotar. Men det jo sunn fornuft at det er ein sammenheng. Er det ikkje?

Vald mot kvinner er ikkje noko nytt fenomen

Vald mot kvinner er ikkje noko nytt fenomen

Marie Kleve i Dagbladet seier om kronikken: "I det store og det hele er dette feministiske serier, der kvinnerollene er viktige. Det handler om kvinner som blir undertrykt, men som blir sterkere enn mennene som undertrykker dem. Slik har flere av hendelsene og scenene der voldtekt framstilles viktige funksjoner for handlingen."

Kronikkforfattar meiner noko anna: "Disse kvinnene presenterer ikke et alternativ til den mannsdominerte verdens vold og makt. Det er kvinner som agerer med de samme midler, den samme vold, og den samme form for maktutøvelse som mannfolka. Seksuelle overgrep mot kvinner konsumeres ukritisk og blir til underholdning for tv-seerne. Jeg reagerer sterkt på det trykket som skapes ved bruk av nettopp vold og overgrep i de store tv-seriene."

"Konsumeres ukritisk?" Javel? Her får han snakke for seg sjølv. Eg synest det er fælt å sjå, og eg sympatiserer ikkje med overgriparen, slik kronikkforfattaren gjer. Eg sympatiserer med offeret. Her forsøker kronikkforfattaren å starte ein god gammaldags moralsk panikk, med provoserande argument og at alle som ser ei valdtekt fantaserer om å gjennomføre den. Og han har valt seriane Westworld og Game of Thrones fordi dei er populære. Han vil ha lesarar og klikk på kronikken sin, og han legg ikkje skjul på det heller.

Dette minner om panikken som oppstod i 1993 då filmen Child`s Play 3 fekk skulda for eit barnedrap i England. Eller TV-serien Power Rangers fekk skulda for eit barnedrap i Trondheim i 1994. Det var ingenting som tyda på at dette var tilfelle. I England var drapsmennene også barn, på 10 og 11. Dei hadde vakse opp utan skikkeleg omsorg, med fattige og alkoholiserte foreldre. Skulen brydde seg ikkje om dei og dei falt utanfor systemet. Men avisene meinte det var meir sannsynleg at Child`s Play 3 hadde skulda for dette. Enklare å forstå. Enklare å ordne opp i med forbod og sensur. Sunn fornuft. Politietterforskinga kom fram til at dei mest sannsynleg ikkje hadde sett filmen. Men hysteriet råda i media og tilsynelatande oppegåande personar, som den gong barneombod Trond Viggo Torgersen kom med heilt håplause uttalelsar. Der han blant anna meinte vi burde forby alle 18-årsfilmar. Noko som ville ha drege med seg t.d. Gudfaren og Hjortejegeren ned i dragsuget. Men avisene auka opplagstala slik kronikken fekk mange klikk. "Fett!" meinte kronikkforfattaren at det var, då den passerte 60 000 klikk.

Kronikkforfattaren meiner også han har definisjonsmakt over kva feminisme er for noko, og at det ikkje kan definerast ut frå mannens synspunkt. At kvinnene i Game of Thrones ikkje representerer eit alternativ til den mannsdominerte verda. Eg lurer på kva verd han etterlyser? Er kvinner så ulike menn at dei har si eiga verd der ute ein stad? Ein stad med pudlar og blomar og ingen vonde ting? Der grådighet, maktkamp, hat og hemn ikkje eksisterer. Så ulike er vel ikkje menn og kvinner? Dyder og laster ser ikkje forskjell på folk. Dei er menneskelege, uavhengig av hudfarge og kjønn.

Game of Thrones har ein stor fanskare, både kvinner og menn. Serien er utan det søtladne Narnia-budskapet, og den representerer vår motbydelege verd, der dessverre vald, krig, maktkamp og overgrep er daglegdags. I tillegg har dei magi og drakar. Det er fantasy for vaksne.

Kva er det kronikkforfattaren vil? Fjerne alt han ikkje likar? Skal vi kanskje starte ei innsamling slik at han kan få nye batteri i fjernkontrollen sin? Eg håper han ikkje er tilhengar av noko slikt:

«Jeg vet at det finnes en undergrunnsflora av film som bør lokaliseres og fjernes.» (Bergens Tidende, 23.7.90)

Eg trur eigentleg ikkje det. Han har nok mest lyst til å provosere og diskutere, tenkjer eg. Litt slik som meg.

Men det er nok av dei som vil forby alt dei ikkje likar. Ei haldning eg har vanskeleg for å sjå noko glede av. Tilbake til tida då Staten greip inn og klippte og sensurerte? Ein ideologi som minner om fascisme. Kronikkforfattaren har også vore innom diverse Facebook-debattar, og det blir tydelegare og tydelegare at det er ikkje berre underhaldningsvalden han ikkje likar. Han har ein politisk agenda som eg for øvrig er einig i, men her sklir han heilt ut etter mitt syn, og prøver å skåre billige, populistiske poeng og tar alle han er ueinige med under same kam:

"Folk og fe glemmer fort. De tror (særlig de unge) at høyredreininga vi opplever i mer og mer ekstrem form og forkledning, er et spill, eller del av en fiksjon, eller noe som går over. Også mange unge kunstnere bagatalliserer reaksjonære svært konservativt kvinnesyn i de fanatiske fundamentalistiske kristne kretser. Folk har glemt den mørke høyredreininga som har lagt seg over hele den vestlige verden og mer enn det. Høyredreininga er reaksjonær, superliberal, konservativ. Trumps nye regjering består av menn som er ekstremt konservative. De produserer også film for Hollywood, etter å ha jobba i Goldman Sachs!!!!! Hvorfor produserer de film? For å tjene penger bare? Og er ikke konservatismen synonymt med et kvinnesyn vi trodde var passé. Idealet om den underdanige kvinne, er høyst oppegående. Også her på Sørlandet. Men jeg mistenker dem alle, for å sympatisere med holdningene, innerst inne, i det rommet de fornekter og fortrenger, for å heie og heppe fram de voldsforherligende romantiserte glansbilder i en fiksjon de spiser rått."

Eg synest det er like motbydeleg som kronikkforfattaren at kvinner blir undertrykt i den verkelege verda. Eg hater religion når den blir organisert og autoritær. Eg likar at kvinner og jenter gradvis får fleire hovudroller på film. Hunger Games og dei to nye Star Wars-filmane er berre nokre få døme på det. Dette er i tillegg filmar som også eit ungt publikum omfamnar. Dei har godt av kvinnelege heltar. Eg har kvinnelege hovudpersonar i mange av bøkene mine, og eg har ingen problem med å kalle meg feminist, men å bli kalt for kvinnehater med mitt eige "darkroom" er ei total avsporing av ein viktig debatt. Eg og folk som kronikkforfattaren mistenker, vi klarer å skilje mellom fiksjon og verkelegheit, vi et ikkje alt rått, og vi ser på valdelege verkemiddel som ein måte å skape ei kjensle i sjåaren. At kunsten skal spegle samfunnet, også dei mørke sidene. Nokre av desse bileta er sterke og ikkje for sarte sjeler, men vi kan ikkje berre lese Bobseybarna, heller. Måten kronikkforfattaren snakkar ned folk på er eit billig triks. Hersketeknikkane han brukar byr meg imot.

Men eg likar vald som underhaldning, og kan sjå filmar utelukkande på grunna av sterke scenar. Filmar som Starship Troopers, True Romance, Braindead eller tv-serien Ash vs Evil Dead er døme på dette. Valden er eit akivt element, den er ikkje seksualisert og den er full av humor. Dette likar eg. Eg har tilbrakt timevis i spel som Red Dead Redemption, The Last of Us og Grand Theft Auto-serien. Ikkje utelukkande for valden sin del, men underhaldningsverdien er heilt enorm. Og som historiefortellarar er dataspel unike.

Filmskaparar som Martin Scorsese, Brian DePalma, Quentin Tarantino, Oliver Stone og Cohen-brørne er kjent for å bruke vald i underhaldningsfilmane sine. Og filmar som Goodfellas, Scarface, Pulp Fiction, Natural Born Killers, Fargo og Miller`s Crossing er udiskutabelt gode filmar. Men gjer dei meg lyst til å bli mafiahitman av den grunn? Får eg lyst til å bli ein godhjerta seriemordar av å sjå Dexter? Nei. Eg er pasifist, og ein svært fredeleg person. Aldri vore i slåsskamp. Aldri drive med sport (som saman med fanatisk religion er rota til alt vondt). Katarsisteorien skal ein ikkje undervurdere. Det er noko befriande og stressforløysande med vald. I alle fall for min del. Eg seier ikkje at vi ikkje blir påvirka, vi hadde jo ikkje gidda å sjå film om vi ikkje følte noko, men vi blir ikkje mordarar og valdtekstforbrytarar av å sjå det på film. For meg er dette sunn fornuft.

Men blir aldri valden spekulativ i mine auge? Jo, det kan den bli. Den oppskrytte Lars von Trier, som eg meiner er berre form og svært lite innhald, overdriver i Anti-christ. Med sine groteske umotiverte slow-motion svart-kvitt bilete av si eiga psyke. Ein del filmar innan kannibalsjangeren drar det også for langt, og torturskrekk som Hostel og Saw kan bli litt for mykje av det gode for min del. Sjølv om første Saw-filmen har ein fin plottwist på slutten.

Kronikkforfattaren bommar også fullstendig med døma sine. Akkurat som Kvinnefronten gjorde då dei gjekk til angrep på Grand Theft Auto. Både Game of Thrones og Westworld er seriar som viser oss nettopp sterke kvinner i ei mannsdominert verd. For verda er mannsdominert, enten du likar det eller ei, og desse kvinnene vil gjere noko med det.

Her kan du laste ned heile hovudfagsoppgåva mi

Idrettsglede?

Eit av dei spørsmåla eg oftast får når eg er ute på skulebesøk er: "Kva fotballag heier du på?"

Ja, det er heilt sant. Då har eg stått og snakka om bøkene mine i ein times tid, og nokre elevar lurer altså kva fotballag eg finn verdig å heie på. Det er kanskje eit kompliment, at fotball, som dei elskar høgare enn livet virkar det som, er noko eg skal spørjast om. Ikkje veit eg. Eg svarer som regel vagt, vil ikkje såre nokon, seier at eg ikkje er så interessert i fotball. Så går eg vidare til neste spørsmål.

Idrettsglede? Ja, ho ser skikkeleg happy ut

Men sanninga er ei heilt anna. Eg hater faktisk fotball, og eigentleg all sport. Det grensar mot avskyeleg i mine auge. "Idrettsglede" er etter mitt syn eit umogleg ord. Eg var ikkje alltid slik, under vinter-OL i Albertville i 1992 så følgde eg faktisk med. Såg på Bjørn Dæhlie & Co. som suste rundt på ski, eg følgde med på medaljeoversikta og skulka kanskje til og med nokre forelesingar på universitetet i Trondheim for å få med meg løpa. Men i dei to åra som gjekk mellom Albertville og Lillehammer forsvann absolutt alt av interesse.

Det kvalmande oppstyret som dukka opp før OL i Noreg var rett og slett ei endelaus rekkje med dråpar som fekk begeret til å flyte over. Etter det kan eg summere opp kva idrett eg har sett på ei hand:

Under Lillehammer OL hadde vi femmila på fjernsyn i bakgrunnen, sidan ein slektning av oss var til stades som publikum. Eg koste meg då Noreg tapte.

Eg såg tilfeldigvis Andreas Thorkildsen vinne eit OL-gull i spydkast. Det var litt kult, sidan han gjekk med strikkelue og ingen hadde forventa siger.

Vi var på ski-NM då vi budde i Trondheim, sidan ein slektning av kona mi skulle delta. Eg aner ikkje kven som vant, eller kva distanse vi såg. Det var kaldt og masse snø.

Eg såg tilfeldigvis Norge som slo Brasil i fotball-VM. (Eg såg halve kampen, men så såg eg halve kampen etterpå også, mot Italia, der Noreg tapte. Så dette blir vel éin kamp til saman).

Eg var heilt uforvarande på fotballkamp i London, der Arsenal slo Chelsea. Dette var ein sponsortur gjennom jobben eg hadde då. Eg ante ikkje at det var fotballkamp vi skulle på, men eg må innrømme at stemninga på Highbury-stadioen var ei spennande sosialantropologisk oppleving. Sjølve kampen var gørrkjedeleg.

Eg zappa innom ein curlingfinale i OL, der ein nikotinprega gubbe med norsk drakt førte laget sitt til siger.

Det er det eg kjem på i farten, det er garantert ikkje mykje meir.

Kvifor dette hatet mot idrett? Eg har fundert mykje på det. Eg trur det er mange grunnar.

1. Eg likar ikkje konkurransar. Det betyr absolutt ingenting for meg om Noreg har dei beste handballspelarane i verda, eller kven som kan gå fortast på ski. Eg drit rett og slett i det. Men kvifor synest eg Oscarutdelinga er så fascinerande, då? Det er ikkje ein konkurranse på same måten. Det er ei heidring som vert gjort i ettertid, det er ingen som lager ein film for å vinne Oscar. Kanskje med unntak av Spike Lee.

Dette med konkurranseinstinktet har eg grubla på i årevis. Kvifor er det så viktig for nokre av oss å "knuse" alle dei andre?

Det einaste eg misliker meir enn konkurranse er store idrettsarrangement. Då er det ikkje nok å konkurrere, store pengesummar skal kastast bort i tillegg. Vi ser gjennom fingrane med korrupsjon når tvilsomme regimer arrangerer OL og VM. Det er greit at store idrettsanlegg tar livet av arbeidarane som bygger dei. Ein heil by skal stoppe opp fordi nokon skal sykle om kapp. Men det er likevel konkurranseinstinktet som plagar meg mest. At barn heilt frå dei er små skal lærast opp til å bli best i absolutt alt dei driv med. At det å vinne er viktigare enn alt anna.

2. Eg likar ikkje at idrettsfolk blir gjort om til gudar. At ein fyllekjørar framleis dukkar opp som grillmeister i ei stor butikkjede er kvalmande. Dei dopar seg og blir tilgitt. Dei har tydelegvis andre reglar enn oss. Dei får betre og raskare sjukehusbehandling for skader dei har påført seg gjennom toskete oppførsel. Norske skistjerner som dopar seg og blir tatt blir behandla med silkehanskar i media, medan utanlandske blir refsa.

"Blir du med på kino?"

Proffboksing er eit godt døme på det umoralske. Vi heier på folk som slår kvarandre helselause (og av og til i hel). Dei er dårlege forbilder. Men eg elskar Rocky-filmane. Ironisk og dobbeltmoralsk, skulle ein tru. Men eg diggar filmar om andre verdskrigen, også. Det betyr ikkje at eg ynskjer ein tredje verdskrig.

Og kvifor er det slik at noko som er ulovleg i det verkelege liv, er lovleg innan sport? Boksing er berre eitt døme, men sykling er nesten verre. Berre tenk på vegtrafikklova, som tydeleg seier at du skal halde minimun tre sekund avstand til dei som er framføre deg. Som syklist i vegbanen må du følgje dei same lovene som bilane, for å unngå skader ved rask nedbremsing. Syklistar sit nesten i fanget på kvarandre når dei raser rundt, og ikkje berre under lukka kappløp, også langs vanlege vegar med vanleg trafikk. Kvifor er dette greitt? Skadene kan jo vere enorme. Og som vitne til ei ulukke pliktar du å hjelpe dei skadde. Publikum tør ikkje gripe inn, og konkurrentane suser av garde for vinne. Ja, ja, sjølvsagt har dei legar og følgebilar som hjelper til, men dei andre syklistane ofrar ikkje kollegaene sine ein tanke ein gong. "Glad det ikkje var meg!" tenkjer dei.

Tresekundsregelen, anyone?

Tresekundsregelen, anyone?

3. Eg likar ikkje ordet folkefest. Det var noko av dette som gjorde oppkjøringa mot Lillehammer så ekkel. Alle gjekk visstnok rundt og gleda seg! Det slutta eg gradvis med. Til eg byrja grue meg. Den einaste gongen ordet var legitimt i bruk var 8. mai 1945. Alt anna blir nisjefestar (ikkje nisse) der nokre få slår kvarandre på brystet og tar ære for kva nokre overtrente muskelbuntar strevar med.

4. All merksemda idrett får i media er berre heilt latterleg. Det byrjar å gå rette vegen no, når sport forsvinn inn på betalingskanalar. Det er der dette høyrer heime. Men eg får ufrivillig med meg alt for mange uinteressante sportsresultat. Nettavisene er overfylte av total uinteressant informasjon. Klimakrisa, krig og katastrofar blir anekdotar halve vinteren i dette landet.

5. Eg misliker at barn og unge blir tvinga inn i dette. Dei kaller det idrettsglede og leik. Men målet er jo alltid å vinne, og ein ekte leik kan du pr. definisjon ikkje vinne, for då er ikkje målet lenger å leike. Det finnest heilt sikkert flinke trenarar og idrettsleiarar rundt om kring som tar vare på barna, dette seier eg fordi eg generelt trur godt om folk, men det finnest også dei som påtvingar og står og skråler langs sidelinja. Eg seier ikkje at alle er like flinke på banen uansett, for det er dei sjølvsagt ikkje. Eg var ein kloms i gymtimane. Men er du ikkje på banen i fotball, så er du liksom ikkje noko. Ja, eg er sosialist og likar ikkje at barn blir utestengt. Eg har sjølv observert vaksne som latterleggjer barn på dei lokale fotballbanane.

6. Tilbake til dette med konkurransar som eg sa i punkt 1. Men dette kan ikkje nemnast for ofte. Eg misliker at barn og unge blir opplært til å knuse andre. At det å vinne er det einaste viktige, at dette konkurranseinstinktet framleis skal vere så ektstemt dominerande. Det er nettopp konkurranseinstinktet som skaper krig i verda. Det å alltid vere best, sjølv om du berre er eitt hundredel raskare enn nummer to. Kva med å betre seg sjølv som menneske? Kva med litt Star Trek-filosofi?

Eg meiner vi heller bør utvikle samarbeidsinstinktet til barna. Lære dei å arbeide mot eit felles mål, der det ikkje er noko poeng å vinne over andre for å nå dette målet. "Men konkurranse gjer at vi yter betre i alle yrker!" sier kritikarane mine. Det er berre fordi vi er så skakkøyrte i utgangspunktet, svarer eg. Vi er komne så langt i evolusjonen no, at vi kan legge bak oss steinaldermentaliteten som konkurranseinstinktet representerer. Vi treng å samarbeide om dei store problema i samfunnet; klimakrisa, rasisme og fattigdom. Dersom alle skal sitje på si tue og skrike "Eg er best!" så kjem vi ingen veg. Vi konkurrerer jo pokker meg om alt:

Min gud er betre enn din!

Eg kan ro fortare enn deg!

Presidenten min er tøffare enn din!

Integreringsministeren min er strengare enn din!

Eg kan ete fleire skillingsboller enn deg!

Plastikken eg kastar i havet er meir miljøvenleg enn din!

Dette usunne instinktet viser seg likevel best innan idretten. Dersom barn hadde fått lov til å sleppe å konkurrere i sport, og heller blitt oppmuntra til å drive med utøvande kunst i skulen, så hadde verda sett anleis ut. Kunst er ikkje for alle, men det er sanneleg ikkje idrett heller. Men det finnest mange ting som kjem inn under feltet kunst: t.d. drama, teater, musikk, dans, film, litteratur, grafisk design, animasjon, teikning, klesdesign, snekring og sjølvsagt mykje meir. I tillegg er det ein haug med tekniske disiplinar som er knytta til utøvande kunst: lysdesign, foto, spesialeffektar og mykje meir.

Men å samarbeide kan du jo gjere på eit fotballag, seier du. Ja, men for å nå dette målet må du knuse alle dei andre laga. Dette gjer du ikkje om du lar ungane drive med musikk, teater eller kunst. I alle fall ikkje viss du gjer det rett. Det finnest dei som vel å konkurrere innan kunst, også, men til forskjell frå idretten så kan du fint fjerne konkurransen frå kunsten utan å miste noko. Å sykle om kapp blir meiningslaust dersom du fjerner medaljane til dei tre beste. Då blir det berre å sykle veldig fort, noko som i seg sjølv er kjekt nok, men det blir nok dårleg TV ut av det. Eller dårlegare TV.

7. Korrupsjonen vi ser i store meisterskap er heilt motbydeleg. Eg er så glad for at Noreg tapte kampen om eit nytt OL. Og desto meir deppa pga sykkel-VM i Bergen. Eg seier ikkje at arrangørane i Bergen er korrupte, men når Bybanespor blir asfaltert over, kvardagen blir gjort komplisert for tusenvis av folk, og pasientar får utsatt operasjonar fordi sykkelløypene hindrar folk i kome fram til sjukehuset - då har lobbyvirksomheten vore intens i lokalpolitikken. Men det blir jo så frisk luft i Bergen! Byen er jo bilfri! Dette blir seriøst brukt som argument for VM. Ein av Noregs mest forureina byar, og ein av dei dårlegaste på sykkelstiar, innbiller seg at etter VM skal alle sykle til jobb. Det er rett og slett latterleg og ikkje så reint lite skammeleg. I tillegg brukte dei alt for mykje pengar å byrja tigge i lokalavisa etter bidrag. Flaut!

Dette bildet frå Rio burde vere nok til å illustrere kontrastane. Eg fattar ikkje at deltakarane har moral og etikk til å vere med på noko slikt. Og verre skal det bli. Qatar skal ha fotball-VM, og dersom du er ein av dei som har tenkt å sjå på, bør du vite at alle regnbogeflagga på Facebook-profilen din betyr ingenting. Du er ein hyklar som støtter drap, slavehandel, homohat og grov kvinnediskriminering. Eg hatar at både NRK og TV2 betalar for å få vise faenskapet, boikott hadde vore den einaste akseptable vegen å gå.

8. I tillegg kjem supportervald, skiløparsnørr, dårlege idrettssongar (med unntak av Shakira), menneskehandel og ein heil del andre ting.

Eg reknar ikkje med at mange er einige med meg i dette. Men eg blir ikkje imponert over at nokon spring uhorveleg fort, eller slår kvarandre i svime i bokseringen. Den form for viljestyrke dei har vist med å trene seg opp kunne dei brukt til noko anna. Bortkasta tid, i mine auge, å gå på ski fortare enn naboen. Med mindre zombie-apokalypsen kjem i romjula.

Eg blir imponert over ein god film, eller TV-serie, ei god bok, ei god plate eller eit fint maleri. Eit verk der ei gruppe (eller enkeltpersonar) har gjort noko vakkert som vi kan nyte. Noko om gir oss eit kunstnarisk kick som lever lenge i oss, og ikkje berre ei kortvarig glede over at alle dei vi ikkje heia på har tapt.

Men tilbake til spørsmålet "Kvifor er det så viktig for så mange å knuse alle motstandarar?" Her må vi nok ta psykologien til hjelp, og det gidd eg ikkje. Eg berre konstaterer at eg og mine disiplar har kome lenger i evolusjonen. Vi drit i kven som vinn i absolutt samtlege idrettsgreiner som er funne opp. Eg synest dyrkinga av idrettsheltar som gudar er umoralsk, store arrangement som VM og OL er uetiske og til sjuande og sist betyr det ingenting kven som vinn.

Sånn! No har eg brukt akkurat så mykje energi som idretten fortener at eg brukar. Eg går heller på kino.

Svarte-Mathilda til scenen, igjen!

I år har kona mi og dotter mi dramatisert boka Svarte-Mathilda, og sett stykket opp på Os barne- og ungdomsteater. Framsyninga blei ei skrekkeleg oppleving på eit ungdomshus her vi bur i Os.

Dette er ikkje ei lett bok å dramatisere, den går føre seg både på 1800-talet, og i moderne tid, men dette blei løyst med å bruke heile lokalet, og dele opp i tre ulike spelestader. Dette funkar veldig godt.

Sidan det berre er jenter som går på denne teaterskulen (skjerp dykk, gutar), så måtte enkelte rollefigurar skifte kjønn, Viggo blei Johanne, og Philip blei til Helene. Det funka heilt fint.

Stykket blei dramatisk, brutalt og hadde heile FIRE Svarte-Mathildaer på scenen! Neste steg no må vere ei filmatisering!

Filmar som eigentleg ikkje er gode

Eg er filmfreak. Det har eg alltid vore. Eg har ei liste med favorittfilmar som inneheld filmar som Ringenes herre-trilogien, The Shawshank Redemption, Dumbo, City Lights, Mitt liv som hund, Stand by me og mange, mange fleire. Dei fleste filmane på lista mi er lite kontroversielle, dei er objektivt sett gode filmar, sjølv om det alltid er nokre surmaga folk som påstår at bøkene er betre. Men nok om det.

Det er også ei lang liste med relativt dårlege filmar som eg likar ekstremt godt, filmar som reint teknisk eller regimessig kanskje er amatørprodukt, men som gjennom godt manus eller gode skodespelarar likevel er fantastiske filmar. Ein kultfilm som Withnail & I (1987) kjem muligens inn på denne lista, mest fordi regissøren sjølv, Bruce Robinson, har sagt at filmen er ein velskreven, velspelt og dårleg regissert sak. Og ja, nokre scenar virkar litt klønete iscenesatt, men likevel har eg sett filmen utallige gonger. Det byr meg faktisk litt imot å nemne den i denne samanhengen, for svakhetane betyr absolutt ingenting når du ser filmen, men det er regissøren sin eigen feil som påpeika sine eigne svakhetar.

Andre filmar kan vi alle vere einige om er nokså dårlege. Likevel ser eg dei om igjen og om igjen. The Blues Brothers (1980) ein slik film. Den er altfor lang, manuset er syltynt, og mange av skodespelarane er så amatørmessige at det gjer vondt å sjå på. Likevel er The Blues Brothers er ein kultfilm som eg hadde sett over seksti gonger før eg fylte tjue. 

Ein annan film av litt nyare dato er A night at the Roxbury (1998). Usedvanleg teit story, overspeling på høgt nivå og eigentleg ikkje ein god film. Likevel ler eg like godt kvar gong av dei dumme vitsane og dei håplause karakterane.

Peter Jackson sin andre film Bad Taste (1987) er ikkje noko velpolert og elegant oppleving. Den har amatørar i alle roller (inkludert Jackson sjølv, som speler to av dei), effektane er billige, det same med klipping og foto. Men filmen imponerer likevel, og den gjorde det lenge før Peter Jackson laga Ringenes herre. Han gjorde nesten alt på denne filmen sjølv, og det er kanskje derfor den har fascinert meg. Sam Raimis The Evil Dead (1981) kjem i same kategori og sjanger. Han òg må seiast å ha gjort det bra etterpå.

Eg kan ramse opp ein drøss med filmar som eg veit er ganske dårlege, men som er min "guilty pleasure" likevel: Robocop 2, Starship Troopers, Hardware, Corky Romano, Waterworld, Independence Day, Lethal Weapon, The Running Man osv osv.

Nei, ropar du! Dei er ikkje dårlege! Nei, dei er jo ikkje det, eg likar dei jo, men eg kunne like gjerne ha hata dei dersom eg første gongen eg såg dei hadde hatt ein dårleg dag, eller var med feil folk, eller på feil stad i livet. Eg kunne argumentert tilhengarar av filmane i senk, slik eg med glede argumenterer mot filmar som eg verkeleg mislikar, som Dogville, Mulholland Drive, 300 og Kristin Lavransdatter. Men det er også ein annan sak.

Faktum er at enkelte filmar er det ikkje så nøye med den objektive kvaliteten, det er mi oppleving og mine minner rundt filmen som er viktige. Kven eg var med, kor gammal eg var, kor eg budde, og slike ting. Å sjå filmane om igjen blir ein måte å gjenskape dei opprinnelege kjenslene ein hadde.

Talentfulle barn

Sidan eg skriv barne- og ungdomsbøker, og ikkje klarer å definere meg sjølv som hundre prosent vaksen, så identifiserer eg meg ofte med barn. Det kan skje når eg les ei bok, men den er alltid filtrert gjennom ein vaksen forfattar og er dermed ikkje hundre prosent ærleg. Det kan skje når eg les opprivande nyhende om barn som blir misbrukt, forfulgt eller drept, men dette er ofte for fælt å forholde seg til. Men aller sterkast er det når eg ser knallgode barneskodespelarar på film eller tv. Eg skal prøve å gjere greie for nokre av dei som har påvirka meg mest.

Aller nyaste barnetaletentet eg har sett er Jacob Tremblay i den veldig spesielle filmen Room (2015). Tremblay speler fem år gamle Jack, som heile livet har vore innstengt i eit lite rom saman med mor si. Han veit svært lite om verda utanfor, den eksisterer berre på TV. Brie Larsson som speler Ma blei kidnappa som 17-åring, og har vore i rommet i sju år. Ein grusom skjebne, men på ein eller annan måte så er Jack "lukkeleg", det er først når mora byrjar å fortelje at det faktisk finst andre menneske utanom dei to, og kidnapparen, at kjenslene hans byrjar å gå både høgt og lågt. Dei klarer å komme seg ut av rommet, og blir gjenforent med familien til Ma.

Det som gjer denne filmen så ekstremt god er først og fremst Jacob Tremblay (f. 2006). Han er rett og slett heilt fantastisk god, både som den forvirra og virkelighetsfjerne guten som er innestengt, men kanskje aller best når han kjem ut i verda og må lære seg alt. Små ting som å gå i trapper, og store ting som å begripe ein enorm blå himmel. Det er overveldande for både guten og mora.

Filmen er frykteleg rørande, men aldri klissete, den er spennande utan noko action, og den er frykteleg trist. At eit barn må gjennomgå dette gjer vondt å tenkje på. Og heile denne filmen er sett ut frå Jack sin synsvinkel. Vi får ikkje vite noko meir enn han, men vi har sjølvsagt våre vaksne referansar som han ikkje har.

I klippet under mottar han Critic´s Choice Award for beste unge skodespelar for 2015, der han blant anna fortel kva han skal gjere med statuetten. Blir du ikkje sjarmert av dette er du ein murstein:

Room var kanskje ikkje klissete og sentimental, men det kan eg ikkje lova vidare. Første store film eg såg der barn verkeleg gjorde inntrykk var nok E.T. The Extra Terrestrial (1982). Steven Spielberg sin fantastiske film om Elliott som får besøk av eit romvesen. Han prøver å skjule E.T. for familien, men etter kvart er både veslesyster og storebror involvert, og det går i tillegg opp for oss at E.T. sjølv er eit barn. Henry Thomas, Robert Macnoughton og Drew Barrymore speler dei tre syskena, og scenen der Elliott og E.T. seier farvel er ikkje berre rørande, men noko av det beste eit barn har gjort på lerretet:

Steven Spielberg er i særklasse god til å få det beste ut av barneskodespelarane sine, sjå berre på Christian Bale i Empire of the Sun (1987) og alle barneskodespelarane i Jaws (1975), Jurrasic Park (1993), Artificial Intelligence A.I (2001) og War of the Worlds (2005). I Close Encounters of the Third Kind (1977) brukte Spielberg og crewet nokså spesielle metodar for å få reaksjonane til fire år gamle Gary Cuffey til å verke så naturlege som mogleg. Dei kledde seg ut og overraska guten med tull og tøys.

Imponerande barneroller finn vi også i filmar som The Sixth Sense (1999) der Haley Joel Osment er livredd for spøkelser.

Anna Paquin vann faktisk Oscar for rolla si i The Piano (1993). 

Abigail Breslin gjorde ein fantastisk jobb i Little Miss Sunshine (2006).

Barn treng ikkje berre spele snille roller, heller. Linda Blair gjer inntrykk i The Exorcist (1973), der ho er besett av ein demon. Og Macauley Culkin speler psykopat i The Good Son (1993). Best hugsar vi jo han frå Home Alone 1 og 2. Veldig rart og litt kult å sjå han som barn med mordariske tendensar.

Nokre av desse barnestjernene forsvinn, medan andre held fram med skodespelarkunsten, med større og mindre hell. Nokre ser du med ein gong kjem til å nå langt. Eg gløymer aldri då eg såg Leon (1994) på kino, der tolv år gamle Natalie Portman viste at ho allereie då var eit megatalent:

Leon er ein film som rører borti nokre nifse tema rundt barns uskuld, og Natalie Portman potretterer foreldrelause Matilda slik at ein kan få klump i halsen.

Men det er ikkje berre som skodespelarar barn kan imponere, sjølv om det er noko tidlaust som alle kan ta del i når det skjer på lerretet. Musikk og dans kan vere like store opplevingar. Sjekk denne musikkvideoen med australske Sia, og ikkje minst jenta som dansar:

Eg er ikkje spesielt interessert i dans, men himmel og hav så bra Maddie Ziegler dansar! Eg trur ikkje ho er meir enn elleve år her.

Barn kan vere ekstremt talentfulle, og dei bør få sjansen til å vise seg, dersom det er det dei vil. Sjølvsagt er mange blitt pressa av ambisiøse foreldre, men eg trur ikkje nokon blir så talentfulle som dei i klippa overfor utan at dei vil det sjølv.

Men alle døma dine er jo amerikanske, seier du. Ja, nesten alle. Strengt tatt er Leon ein fransk film, med engelsk dialog, men ja, mykje av populærkulturen som har påvirka meg er nok amerikansk. Den finnest gode døme frå vårt naboland. Mitt liv som hund (1985), Lotta på Bråkmakargatan (1992) Fanny och Alexander (1982) frå Sverige har alle imponerande barn i store roller. Kan dei få dette til i Noreg? Heilt sikkert. Men så langt har eg aldri sett noko liknande her. Det næraste eg har vore må vere NRKs Vaffelhjarte (2011), basert på Maria Parr si bok. Men også her er det preg av overinstruerte barn som ikkje i nærleiken av t.d. Drew Barrymore i E.T. når det gjeld å virke naturleg framfor kamera.

I norsk barne-tv/film virkar det ofte som om ungane berre les eit manus høgt, utan å meine orda som kjem ut av munnen på dei. Det er ikkje ungane sin feil, dei har fått eit dårleg manus og ein dårleg regissør. Eller kanskje dei vaksne tenkjer at sidan det er ungar som er publikum så treng dei ikkje bry seg med å gjere det skikkeleg? Slik undervurdering av barn er noko av det verste eg veit. Slikt kan skje på amerikansk film, òg, berre så det er sagt. George Lucas, bestekompisen til Steven Spielberg slit med å regissere barn (og vaksne, for den saks skuld). Berre tenk kor bra Star Wars Episode I - The Phantom Menace (1999) kunne ha vore, dersom Steven Spielberg hadde hatt regi?

Eg kan ramse opp ein haug med andre filmar og tv-seriar som har imponert meg med sterke barneskodespelarar, og vil til slutt nemne Rob Reiner si filmatisering av Stephen King novella The Body, nemleg filmen Stand by me (1986). Her er ungane i grenseland til å bli tenåringar, men dei speler fantastisk godt i ein film som er ein av mine personlege favorittar. Filmen fortel om eit tap av uskuld, og om det å gå ut av nettopp barndomen. Wil Wheaton og John Cusack er med i klippet under, men filmen har også fantastiske prestasjonar av Jerry O`Connell, Corey Feldman og sist men ikkje minst: River Phoenix som døydde i 1993 - noko som gjer filmen ekstra trist.

Barn må få vere barn, sjølvsagt, men det er ekstremt sterkt å sjå barn som speler fletta av sine vaksne motspelarar på lerretet, eller barn som dansar som om heile livet står på spel. Vi treng fleire av dei.

"Glimt" nominert til Uprisen!

Grøssarboka mi Glimt er nominert til Uprisen, saman med Mumiens mysterium av Tom Egeland, Evna av Siri Pettersen, #alfahann av Jan Tore Noreng og I morgen er alt mørkt - Marlens historie av Sigbjørn Mostue.

Tre av desse bøkene er i serie. To er frittståande (i alle fall mi bok). Fire er skrivne av menn - éi er skriven av ei kvinne. Fire er på sidemål - mi er på hovudmål. Tre av bøkene er det vi kan kalle fabelprosa, ei minner litt om Indiana Jones. To av bøkene har mindre enn fem bokstavar i tittelen, medan éi har 29 - og éi har til og med # i tittelen. To av forfattarane er frå Nord-Noreg. Ein er vestlending. Dei to andre frå aust ein plass. Og ein av forfattarane har ikkje hår - medan ei har langt hår.

Eg føler alle er representert - ingen grupper treng boikotte utdelinga.

Dette er fjerde gongen eg er nominert til Uprisen, og kanskje denne gongen vil det gå min veg? Det er veldig sterk konkurranse i år, og veldig vanskeleg å spå kva veg det kjem til å gå. Eg er glad eg ikkje skal bestemme dette. Dette er ungdommane sin pris, noko eg set veldig stor pris på. Vaksne forståsegpåarar kan berre gå og leggje seg - ungdommen har talt.

Prisutdelinga skjer på Lillehammer 26. mai i år. Eg kjem til å vere der.

Skrinlangt bok

Eg hadde ein gong ein plan om å skrive ei barnebok om omskjæring av gutar. Ei lita biletbok som skulle sjokkere og irritere var planen. Fordi omskjæring av gutar er nesten ikkje snakka om, det er liksom heilt greit å kutte vekk forhud og 20 000 nerver på heilt forsvarslause babyar. Eg har gjort mykje research rundt tema, og enda med at denne artikkelen var noko av det beste. Den er gammal, faktisk frå 1975, og den er lang, men den forklarer veldig godt kva omskjæring er, kvar det kjem frå og kvifor det bør bli aldersgrense på inngrepet. 

Artikkelen kan best oppsummerast slik: omskjæring er ein urgammal skikk, som gjekk ut på å gjere barn til vaksne. Jentene mista den beskyttande kappa over klitoris, og gutane mista forhuda. Faktisk var inngrepet mindre på jentene, reint praktisk sett. Inngrepet skulle fjerne "det mannlege" hos jentene, og det "kvinnelege" hos gutane. I teorien, altså. Andre folkeslag praktiserte omskjæring fordi dei budde i ørkenen, og det var så plagsomt med sand inni tissen. På gutar har skikken vore nokså lik, sjølv om det har vore ulik mengde som blei kutta. Hos jentene har diverre enkelte gått heilt berserk med kniven og fjerna det som fjernast kunne. Dette har med rette blitt kalla kjønnslemlesting.

Omskjæring kom inn i religionane etter kvart, dei har vore glade i skikkar som kan kue folk, spesielt hos jødane, som "må" utføre det den åttande dagen etter fødsel, og hos muslimane som ikkje er så nøye på når, og heller ikkje så nøye på kor mykje som skal kuttast.

Det mest skremmande er likevel korleis omskjæring av gutar er normen hos heilt vanlege amerikanarar. Hos dei byrja dette som ein metode for å hindre at gutar fikla med seg sjølv. Det kan faktisk sporast tilbake til blant andre brødrene Kellogg. Kristenfanatikarar og helsefrikar som idag har namnet sitt på Corn Flakes-pakkar over heile verda. Dei likte ikkje at tissen var naturleg. Tissen skulle ikkje nyttast til eigenglede, berre til tissing og dersom det var absolutt nødvendig kunne den eit par gonger i livet brukast til reproduksjon. Utruleg nok har det likevel etablert seg som normen i USA, og ekstremt mange amerikanarar er omskjært. Men heldigvis går andelen nedover. Ironisk nok er USA også det landet som nyttar heilt klart mest Viagra. Saman med Israel. Hmmm? Er det ein samanheng her? Er dette også grunnen til at dei tilsynelatande er så glade i våpen, bombing og krig? Kompenserer dei for noko? Slike ting kan eg tillate meg å spekulere i, eg som diktar historier.

Det har få medisinske fordelar å omskjære gutar. Ein del amerikanske legar meiner risikoen likevel er så liten at dei anbefaler inngrepet. Er dei redde for å bli saksøkte dersom dei etter alle desse omskjæringane skulle snu og meine noko anna? Dessutan er forhudsindustrien heilt enorm. Dei tener store pengar på det! Ikkje berre på sjølve operasjonen, men på "restmaterialet". Sjølve forhuden blir brukt i medisinsk forskning og til utvikling av medisin.

Bør vi ikkje stole på legane, då? Jo, mange europeiske og norske legar meiner dette ikkje er forsvarleg. Eg stoler på dei. Eitt barn har døydd av omskjæring i Noreg, det er eitt barn for mykje. Reint historisk har legar meint at omskjæring kunne kurere onani, epilepsi og ei lang rekkje psykiske sjukdomar. Legar har i det heile tatt meint mykje rart som dei har gått tilbake på opp gjennom åra. Lobotomi var veldig in i gamle dagar. Det same med kastrering av homofile. Når det hovudsakleg er amerikanske legar som anbefaler omskjæring, så bør vi sjå til andre forskingsmiljø i tillegg. No høyrest eg ut som ein konspirasjonsteoretikar, og at alle amerikanske legar er i lomma til omskjæringsmafiaen, men fakta er at alle "fordelane" dei har trukke fram med omskjæring er omdiskutert, og enkelte av dei er motbevist.

Omskjæring er ekstremt smertefullt, sjølv om det blir gjort med bedøving så tar det ei god stund for såret å gro etter at bedøvinga er gått ut. For ikkje å snakke om alle dei som har blitt omskjært utan bedøving. Dette er etter mitt syn eit grovt overtramp på barna sine menneskerettar. Akkurat her ser eg berre svart og kvitt. Eit barn er eit menneske, ikkje ein ting som foreldra eig. I beste fall har vi som er foreldre barna våre på lån. Vi har ikkje rett til å utsetje dei for unødvendige inngrep, uansett kor velmeinande vi er. Og ei omskjæring er eit unødvendig inngrep, uansett korleis vi snur og vender på det. Eit nyfødd barn føler smerte endå sterkare enn vaksne, og det å skjære i barnet med kniv gjer vondt. Barn skal ha tryggleik og kos og pupp og alt som dei likar. Ikkje kniv og blødning og sviande arr i mange dagar.

At babyar som er så små skal utsetjast for dette er ikkje greitt. Det kan føre til kraftige infeksjonar. Det fører til nedsatt kjensle resten av livet. Det er større sjanse for ereksjonsproblem. Det er større sjanse for deformert kjønnsorgan. Det gir kvinnene som ligg med omskjærte menn eit dårlegare sexliv. Det er ikkje meir hygienisk enn såpe og vatn. Det hindrar ikkje spreiinga av HIV, (eller andre kjønnssjukdomar) sidan babyar ikkje er seksuelt aktive, og det er svært omdiskutert om det hindrar spreiing blant vaksne.

Og det er ein sjanse for at barnet kan døy av inngrepet. Tross alt, ei omskjæring er faktisk å omgjere eit indre organ, til eit ytre organ. Eit organ som ikkje lenger får den naturlege beskyttelsen av forhuda, men som ligg og gnissar inni underbuksa - alltid. Absolutt alltid. Du treng ikkje vere lege for å skjøne at tissen blir relativt hardfør av slik behandling. Og hardfør fører ikkje til "hard", for å seie det slik. Men det fører til mindre peniskreft, seier nokre. Ja, skjær av deg nasen, så får du ikkje kreft der heller. Amputér ein fot, så får du ikkje fotsopp.

Eg tenkte å skrive om dette. For barn. I ei biletbok. Men fekk det ikkje til. I Noreg er det ingen som omskjærer seg av samme grunn som i USA. I Noreg er det berre jødar og muslimar som får dette overgrepet utført på sine barn. Eg ville ikkje skrive ei bok som angreip muslimar, og i alle fall ikkje jødar. Nokre av mine favorittmenneske er jødar: Woody Allen, Paul Auster, Steven Spielberg, Geddy Lee og Larry David, berre for å nemne nokre yttarst få. Dei lagar god kunst alle saman. Dei fleste utan forhud. Artikkelen eg linka til øvst er faktisk skrive av jødiske George Wald. Omskåren nobelprisvinnar som omskjærte ungane sine, men som fekk eit anna syn etter kvart.

Jødane har vore gjennom mykje, og mange av dei meiner det ikke vil vere mogleg å bu i eit land som praktiserer aldersgrense på inngrepet. Samstundes finst det jo jødiske organisasjonar og enkeltpersonar som gjerne vil ha eit forbod, då har dei plutseleg ein legitim juridisk grunn til å sleppe å utsetje gutane sine for omskjæringa. Og dermed kan denne gammeltestamentlege tradisjonen få lov å døy ut, slik den bør. På lik linje med å steine folk for å arbeide på laurdagar, og å brenne jenter som er utru, osv. Så når jødiske leiarar hyler og skrik om jødeparagrafar, så undergrev dei sine eigne som gjerne vil skåne gutane. Dei snakker ikkje for alle.

Skulle eg skrive om dette i Noreg, for norske barn, ville det bli ei lite relevant bok om eg ikkje angreip jødane og muslimane, derfor skrinla eg heile prosjektet og tenkte at kanskje ein eller annan amerikanar får same ideen. Dei kunne verkeleg trenge ei oppvaking. Det kunne vi forsåvidt her i landet også. Omskjæring av gutar burde hatt 18-årsgrense. At foreldra sin religion skal få overkjøre barnet sine rettar er feil i mine auge. Religionsfridom, kallar dei det. Men for kven? Ikkje for barnet, i alle fall. Dei er brennmerka for livet av foreldra si overtru. Og ville du ha tvunge ein vaksen mann til omskjæring? Sjølvsagt ikkje. Det bryt med menneskerettane.

I don`t wanna be a pirate!

"Eg vil ikkje vere pirat!" sa Jerry Seinfeld då han fekk på seg denne flotte skjorta. Men piratane i dag er ikkje så synlege, dei sit heime i skjul, for dei har ikkje noko anna val enn å bli nettopp piratar.

Entusiasten, filmelskaren, den serieavhengige som ikkje vil vente til favorittserien kjem på NRK, eller ut på Blu-ray. Dei som vil ha neste episode med det same den rullar over dei amerikanske tv-skjermane. 

I skrivande stund finst det ikkje noko alternativ dersom piratane ynskjer å fylgje med på dei nyaste tv-seriane frå USA. Dei kan sjølvsagt abonnere på HBO Nordic og Netflix, og kanskje ein av dei mange andre kabel- eller parabolleverandørane, men det blir litt som å abonnere berre på musikk frå Sony Music, eller ha eit filter på Spotify som berre slepp gjennom Bjørn Eidsvåg, eller Josh Groban. Det blir litt stusselig når ein ynskjer å høyre på både Frank Zappa og AC/DC på same spelelista. Utvalet som desse aktørane presenterer er mildt sagt magert. Den ulovlege tenesta Popcorn Time har mykje større utval, av både gammalt og nytt. Men det finst ikkje eit lovleg Popcorn Time. Popcorn Time er jo berre ein litt lettare måte å dele filer på, med ein meir brukarvenleg søkemotor. Alternativet til Popcorn Time er ei drøss med abonnement, og framleis får ein ikkje i nærleiken av eit like tilfredsstillande tilbod.

Heldigvis har ikkje Spotify mange begrensingar. Her kan du høyre nesten alt som finst av musikk, sjølvsagt med enkelte tåpelege unntak, som t.d. ei lang rekke soundtrack. Tilkomsten av Spotify og liknande tenester har gjort at ulovleg nedlasting av musikk nesten er borte. Nokre av dei rikaste artistane har sjøvsagt trukke seg ut og vil tene meir pengar på musikken sin gjennom Tidal, deira eigen konkurrent til Spotify og liknande tenester. Dette er eit steg i feil retning. Det kan hende at artistane får for lite betalt for å bli streama, men løysninga er ikkje å trekkje seg ut. Då blir dei sjølvsagt lasta ned av Spotify-brukarar og integrert inn i vanlege spelelister. Vi må heller ikkje gløyme at dette er ein bransje som rasa av sinne mot opptakskassetten, (og etter kvart videoopptakskassetten), og spådde musikkens død. Det var vel ikkje slik at musikken fekk fleire lyttarar ved å ta opp kompisar sine plater? Nei, takk til piratane for at vi har fått Spotify! Og ser vi over til dataspelverda finn vi tenesta Steam, som lar deg kjøpe og laste ned både nye og gamle spel, til ein rimeleg penge, noko som har ført til at ulovleg nedlasting av pc-spel er så godt som borte. Og både Nintendo, Microsoft og Sony tilbyr nedlasting av spel til spelkonsollane sine.

Når det gjeld film og tv så er stoda ei heilt anna. Film- og tv-bransjen i USA lever i si eiga boble. Og Rettighetsalliansen i Noreg er med på å oppretthalde denne. Ei boble som har stogga opp ein eller annan gong på tidleg åtti-tal. Då filmane først gjekk på kino i USA, så kom dei ut på betal-tv, etterfølgd av VHS og til slutt vanleg tv. Ei stund etterpå gjekk dei same runden i andre land i verda. Verda var delt inn i pene og pynteleg soner, der det var eit svare strev med å halde styr på rettighetar og premieredatoar. Dei som var filmentusiastar måtte berre føye seg, og ta det vesle dei fekk, når dei fekk det. 

(Rettighetsalliansen, seier du. Kven er det? Høyrest ut som eit vondt intergalaktisk imperium, Jo, det er ein paraplyorganisasjon for norske rettighetshavarar, som blant anna samlar inn IP-adresser til Popcorn Time-brukarane, og som i tillegg meiner at Blu-ray er framtidas format. Klarer nesten ikkje å skrive dette utan å le.)

Heldigvis kom Internett, og alt endra seg. Så snart ein film kunne digitaliserast kunne den leggjast ut på nettet. Og så snart DVD-en kom på marknaden, og folk byrja få raskare nett byrja piratane verksemda si. Ein skulle jo tru at bransjen ville følge etter? Endre litt på releasedatoar og mjuke opp regionssperrene? Men nei då. Berre små endringar har skjedd. Ein del filmar har no same releasedato på kino over heile verda. Storfilmar, sjølvsagt, ikkje dei små og uavhengige. Dette er det piratane som har fått til - det skal dei ha. No har faktisk storfilmar kanskje til og med premiere nokre dagar FØR i Noreg! Takk, Piratebay, seier eg. Dette har dei klart å tvinge gjennom. Kinobransjen innsåg at dei måtte gjere dette, elles så ville ikkje ein kjeft gå på kino i Europa. Kinobransjen var så desperate at dei til og med fekk liv i 3D formatet igjen. Og kinoar tilbyr luksusstolar, twist og kaffi for å bukte med piratane. Og sjølvsagt går eg på kino for å sjå ein storfilm som fortener stort lerret og høg lyd. Men når skal det bli forbod mot å tygge med open munn i norske kinosalar? I alle fall når ein et baconcrisp?

Framleis er det ein lang veg å gå.

Eg skal ta eit hypotetisk døme: Ein fiktiv person likar å sjå Game of Thrones, The Walking Dead og The Big Bang Theory. Kva må denne personen gjere i Noreg for å sjå dette rett etter episodane har gått på amerikansk tv? I skrivande stund kan han gjere som fylgjer: Han kan ha abonnement på HBO Nordic og få med seg Game of Thrones. Framleis står han utan dei to andre. Då kan han ha eit abonnement som inneheld FOX HD, og faktisk få med seg The Walking Dead berre to dagar etter USA-visning. Det er ikkje verst. Men framleis står han utan The Big Bang Theory. Dette viser ikkje TVNorge før ein månad og to etterpå. Ikkje lett dette her. Kva om han i tillegg likar The Blacklist og Hell on Wheels, og Falling Skies osv, osv. Kor mange abonnement må han ha? Og kor mange tenestar skal han måtte betale for? Og ikkje minst: kor lenge må han vente for å få tilgang på dei nyaste episodane? Med unntak av HBO må han i tillegg sjå alt på lineært TV i tillegg, med reklameavbrot!

Kor vanskeleg er det for dei amerikanske tv-kanalane å lage ein felles platform, som minner om den ulovlege tenesta Popcorn Time? Ikkje vanskeleg i det heile tatt. Faktisk er det ekstremt lett. Men dei må gi slepp på nokre kjepphestar. Dei må slutte å dele verda inn i soner, og i staden for sleppe alt på same tida, overalt. Og dei må slutte å tenke ordet "eksklusivitet". Dei må slette det frå harddiscen. Internett er anarkistisk. Folk vil sjå det dei vil, når dei vil, og dei er faktisk villige til å betale for det! Nedgangen i ulovleg musikknedlasting etter Spotify viser oss nettopp dette. Dei store selskapa samarbeider i staden intenst for å fakke piratane! Oh, the irony!

Piratane har pengar, og dei vil gjerne betale. Kanskje fleire hundre kroner i månaden for ei teneste som lar dei sjå alle dei seriane dei vil, når dei vil og korleis dei vil. Dei som kjøper mest DVD og Blu-ray er også dei som lastar mest ned ulovleg. Dei har pengane, berre ingenting å bruke dei på! Tretten millionar er rekorden i antal nedlastingar på ein enkelt episode av Game of Thrones. Tenk om berre halvaparten av desse abonnerte på ei teneste til 200 kroner i månaden? 100 kroner i månaden? Det kunne blitt mykje pengar av dette.

Dei som meiner at nettet skal sperrast av for sider som Piratebay ser alt i svart-kvitt. Dei evnar ikkje å sjå gråtonane her. Det å laste ned ein film er ikkje det same som å stele ein bil. Det er som å låne ei bok på biblioteket. I prinsippet er det akkurat det same. Det er gratis og det har same kvaliteten som det å kjøpe boka. Ja, men biblioteket har jo kjøpt den, seier du! Ja, men nokon har også kjøpt den DVD-en dei har rippa, nokon har kjøpt eit Netflix-abonnement og valgt å legge ut episodane til andre etterpå. Dette er satt på spissen, men dei digitale media krever det av oss.

For å setje det meir på spissen. Piratjegarane samanliknar nedlasting med tjuveri, altså det same som å stele ein bil. Dette er tåkelegging, avsporing og forenkling av debatten. Sjølvsagt er det ikkje det same å ta ein bil. Den dagen du kan laste ned ein kopi av naboens bil, då har du ei brukande samanlikning. Naboen har framleis bilen sin, medan du har ein kopi - i enkelte tilfeller med litt finare lakk, spesielt dersom du samanlikner med HBO som har dårlegare kvalitet på streaming i Norden enn i USA - der piratane legg ut episodane frå.

Dette er nytt, og vi må tenkje nytt. For piratane forsvinn aldri. Absolutt aldri. Den einaste måten å bli kvitt dei, er å gi dei eit betre alternativ. Ikkje like godt, men betre. Betre enn Popcorn Time. Betre enn å laste ned filene manuelt. Det dei tilbyr piratane no, er førti tjue år gamle Ladaer, når dei ynskjer å kjøpe ein skinande ny Ferrari. Gjerne til full pris! Med ekstrautstyr!

Eg drar det bittelitt lenger, eg. Eg vil faktisk dra det så langt som å seie at så lenge du har eit kabel- eller parabolabonnement, og i tillegg betaler NRK-lisens, så kan du laste ned så mykje du vil av amerikanske tv-seriar. Bruker vi dei tidlegare nevnte seriane, så har NRK rettar til å vise Game of Thrones, FOX har The Walking Dead og TVNorge har The Big Bang Theory. Alle dei andre seriane eg nevnte går på kanalar som er tilgjengelege i Noreg. Dersom du betaler for desse kanalane burde det vere opp til deg når du vil sjå seriane, og sidan kanalane ikkje viser dei umiddelbart og har elendige streamingmoglegheitar, må du finne dei på eiga hand. Og då synest eg du skal gjere nettopp det. Gjennom å stadig laste ned seriar, vil piratane til slutt tvinge tv- og filmbransjen til å tenke nytt. Dei vil måtte bli einige om ein platform, som Spotify, som funkar både for film og tv.

Når vi snakkar om seriar og filmar som ikkje ein gong er tilgjengelege i Noreg, eller Europa for den saks skuld, då er det i alle fall fritt fram. Korleis kan ein stele noko frå naboen, som naboen ikkje har?

Til og med HBO innrømmer at piratane er eit gode. HBO er kanskje den største aktøren på denne marknaden, som produserer seriar som nettopp Game of Thrones, og som tidlegare har gitt oss både Sopranos, The Wire, Band of Brothers og Boardwalk Empire. Då sjefen for Time Warner (som eig HBO), Jeff Bewkes, fekk høyre at Game of Thrones var det mest nedlasta programmet på tv, innsåg han den enorme marknadsføringsverdien i dette og uttalte: "Dette er betre enn å vinne ein Emmy!" Sjølvsagt er det det. Piratane er med på å skape buzz om seriar og filmar. Dei bloggar og twitrar, noko som gjer at fiktive hendingar i Game of Thrones dukkar opp som avisoverskrifter over heile verda. Dette hadde aldri skjedd om serien berre gjekk på vanleg tv. 

I tillegg så gjer piratane oss ei stor teneste som rettighetshavarane sjølv ikkje klarer, nemlig å tilby ein enorm katalog av gamle og halvgamle filmar og tv-seriar. Ting som har gått ut av databasen til Netflix, men som framleis har ein stor filmhistorisk verdi. Folk kjøper jo nesten ikkje fysiske kopiar lenger. Så kor skal dei få tak i dette om ikkje ulovleg på nettet? Bransjen veit om dette, men bryr seg ikkje. For dei handlar ikkje dette om å tilby kundane eit breitt utval av både nytt og gammalt. Det handlar om pengar, kort og godt. Og dei blir sure når dei veit at dei må bli einige med konkurrentane sine for å få dette til. 

Å tvinge Telenor til å stenge Piratebay er sensur. Uansett korleis du ser på det. Piratebay er ein søkemotor, akkurat som Google. Du kan søke på akkurat same tinga i Google, td. "Game of thrones s01e01 torrent", så vil du faktisk finne fleire linkar via Google enn Piratebay. Forskjellen er at Piratebay har spesialisert seg på å finne torrentfiler, medan Google finn ein del andre ting i tillegg. Ikkje berre er det fullstendig nyttelaust å stengje Piratebay, det er sensur av eit Internett som burde vore fritt. Det blir litt som om å ha ei vakt ved sida av postkassa, som sjekker om du får post som bryt lova. Eller fascisme, som eg likar å kalle det. 

Eg vil slutte å kalle dei som lastar ned ulovleg for piratar, men heller fridomskjemparar, motstandsfolk og heltar! Dei blir kjeppjaga av filmindustrien for å gjere jobben deira for dei. Ein grådig bransje som fortener å gå på trynet om dei ikkje skjerpar seg. Ein bransje som hyler og skrik over kor mange tilsette som mister jobben sin pga nedlasting. Korleis våger dei å leggje skulda for dette over på kundane sine? Ja, eg kaller dei kundar sidan det er dei same menneska som også er dei beste betalande kundane deira. Filmbransjen er i tillegg veldig bekymra for at den smale filmen forsvinn pga nedlasting, dei har rett og slett ikkje råd til å produsere dei lenger. Dette har dei skuld i sjølv. Stadig vekk knuser Hollywood sine eigne publikumsrekordar, folk bruker sine siste surt tente dollar og sender superheltfilmar gong etter gong opp på kinotoppen. Kva med å bruke overskotet til nokre små og smale filmar innimellom?

Dersom bransjen er bekymra for oppseiingar, så veit dei sjølv løysinga: Lag eit alternativ som knuser Popcorn Time ned i støvlane. Inntil det skjer håper eg motstandsfolka held fram med å laste ned ulovleg, så kan vi håpe at bransjen kjem ut av steinaldergrottene sine, og faktisk tilpassar seg. Det er på høg tid.

Forfattaren intervjuar seg sjølv

Forfattaren intervjuar seg sjølv. Det går sånn passe bra.

Eg møter Røssland ein våt fredagsmorgon i slutten av august. Han sit på heimekontoret og trykker på tastaturet. Dette gjer han faktisk gjennom heile intervjuet, men eg vil ikkje vere frekk å kommentere det. Alle har sine greier. Han har eit kaffikrus det står Vandelay Industries på, og på pulten ligg det bøker og papir strøydd utover. Bak ein skrivebordslampe står det ein kosedyrversjon av Dumbo. Rett framfor står ein liten modell av BB-8 frå nye Star Wars-filmen. Eg hoppar i det.

Du kjem med ny bok i desse dagar, korleis har det gått?

Ikkje verst. Den kom litt før tida og ser skikkeleg fin ut. Glossy omslag og endeleg passerte eg to hundre sider med god margin.

Du skriv ikkje så lange bøker, har eg merka.

Nei, eg gjer ikkje det. Eg tenkjer at bøkene mine skal kunne lesast på ein lang ettermiddag. Eg likar å sjå dei for meg som ein film. Eg tenkjer veldig visuelt når eg skriv. Du skal ha mykje å fortelje dersom boka di skal bikke tre hundre sider. Spesielt om du i tillegg skriv seriar.

Ja, for du har jo skrive to seriar. Først fire bøker for barn i Pode-serien, og så tre grøssarar om spøkelset Svarte-Mathilda. Kva er det med serieformatet som lokkar?

Eg vil ikkje seie at det lokkar, eigentleg. Det var mest tilfeldig at Pode blei på heile fire bøker. Dei er frittståande og kan lesast kvar for seg, omtrent i den rekkefølga du vil. Når det gjeld Svarte-Mathilda så fekk eg ideen til alle bøkene omtrent samstundes, og eg skjøna at dette ville bli for langt og omfattande til å gi ut som ei bok.

Du fekk litt kritikk for å hoppe for raskt i det i den første boka om Svarte-Mathilda. At du ikkje tok deg tid til å bli kjent med karakterane før det byrja hende grusomme ting?

Som eg sa tidlegare. Eg tenkjer bøkene som film. Kan ikkje bruke for mykje tid på detaljar som lesaren kan fylle inn sjølv.

Også boka di Soledad fekk kritikk for dette på ein blogg. Eg siterer: "Boka kunne godt vært lenger. Gjerne hvertfall hundre sider i samfunnsskildring, så ca hundre sider til på plott-twistene, og du begynner å nærme deg noe." Kva har du å seie til dette?

Ikkje anna enn at bloggaren har beskrive nøyaktig den boka eg IKKJE ville skrive. Hundre sider på samfunnsskildring? Eit mareritt å lese slikt, synest eg. Kan ikkje vere stort betre å skrive det.

Svarte-Mathilda fekk også kritikk av ein bloggar for å fare med usanningar rundt bibliotekkartoteksystemet, sidan hovudpersonane kunne gå tjue år tilbake i tid å spore utlån.

Eg har sjølv jobba på bibliotek i ungdommen, det var null problem å finne ut kva folk hadde lånt, og ikkje minst kva dei hadde gløymt å levere inn. Eg sende opptil fleire fakturaer og purrebrev, hugsar eg. Sjølvsagt går alt på data no, men dersom biblioteket hadde teke vare på dei gamle kartoteka så ville det vore mogleg. Dette var altså det bloggaren valde å fokusere på i ei bok som handlar om demonar frå urtida. Jaja.

Men Svarte-Mathilda har også fått mykje skryt, og gjort det slik at du kan leve av å skrive. Har den ikkje?

Den har gjort det slik at eg leve av kombinasjonen å skrive og å reise på skuleturné.

Ja, for du reiser mykje rundt?

Ja, det gjer eg. I heile landet.

Og det likar du?

Ja, det er jo kjekt å møte barn og unge. Prøve å få dei interessert i litteratur.

Men tilbake til bøkene. Du fekk også gjennomgå litt på barnebokkritikk.no då boka di Gamer kom ut i 2011. Der anmeldaren meinte boka "suger". Og at moralen var heilt forkasteleg.

Eg hugsar ikkje ordlyden, men anmeldaren bar preg av å vere eldre enn boktrykkjarkunsten. Han viste inga forståing for gaming, og hadde bestemt seg på førehand at boka skulle vere eit angrep på spelindustrien, og spelavhengighet. Noko den ikkje er. Derfor blei det nok litt vanskeleg for han å få boka til passe inn i hans personlege moralske kodeks.

Er de ofte slik at anmeldarar misforstår bøker?

Eg kan berre snakke om dei få som tar seg bryet med å skrive om mine bøker. Soledad fekk til dømes mange fine omtaler både i Dagens Næringsliv, på barnebokkritikk.no og ikkje minst på Uprisen.no. Og desse set eg veldig stor pris på. Sjølv om eg eigentleg ikkje bør bry meg om kva dei synest, så er det veldig kjekt når anmeldarar forstår bøkene, og skriv godt om dei. Men i Bergens Tidende blei den slapt behandla, og anmeldaren hadde absolutt ikkje gjort jobben sin.

Kva meiner du?

Å kritisere ei bok fordi heltinna ikkje passa inn i anmeldaren sitt kvinnesyn, blir for dumt. Soledad var ein sterk karakter, men på slutten fekk ho hjelp av ein gut, noko som anmeldaren ikkje likte.

Men bør ikkje jenter i litteraturen vere sterke nok til å klare seg sjølv, då?

Det kan dei sjølvsagt vere. Alle tre bøkene om Svarte-Mathilda hadde sterke jenter i hovudrollene, og eine hovudpersonen i Glimt er jente. Men akkurat i mi bok så får Soledad hjelp mot slutten. Kvifor er det gale?

Ikkje spør meg. Eg er tilbøyeleg til å vera einig med deg.

Uansett så hadde ikkje BT-anmeldaren gjort jobben sin den gongen. Han påstod i tillegg at boka var den første i ein trilogi. Noko den ikkje er. Heile bokmeldinga bar preg av å ha ein agenda, i tillegg var den prega av særs dårleg research frå anmeldaren si side. Flau lesing, eigentleg. Dumt at slikt måndagsarbeid blir hengande ved ein boktittel i lang tid framover.

Men boka blei nominert til Uprisen. Korleis var det?

Det var tredje gongen eg blei nominert, og tredje gongen eg ikkje vann. Gøy, men med bismak. Hadde vore kjekt å vinne ein gong. Uprisen er jo den viktigaste prisen for ungdomsbøker i heile verda. Gitt av ungdommen sjølv, og veldig kjekt å lese ungdommen sine anmeldelsar. Mykje meir proff enn mange andre. Dei bryr seg verkeleg om litteraturen.

(Glimt blei også nominert i 2016, men vann ikkje. Forfattaren har ikkje svart på spørsmål om dette og vil helst forbigå heile hendinga. (red.anm))

Men til den nye boka di, Glimt, kva handlar den om?

Den handlar om to ungdommar. Jon og Solveig. Begge femten år. Begge bur på den vesle øya Grovøy. Jon i vår tid, og Solveig under krigen. Solveig blir på ein måte tvungen til å vere tenestejente for den tyske kommandanten på øya, og Jon er akkurat flytta ut til øya.

Dei er altså skilde frå kvarandre med mange, mange år.

Det stemmer. Men likevel er dei knytte til kvarandre på mystisk vis.

Ja, dette er jo ei bok ein ikkje bør røpe for mykje av. Det er ein spennande grøssar som bind saman to ungdommar på ein relativt ny måte. Eg kan ikkje hugse å ha lese noko liknande.

Nei, ikkje eg heller. Ideen fekk eg ute på Utsira, akkurat som med Soledad. Men denne gongen kunne eg ikkje bruke namnet Utsira, sidan sirabuen faktisk har ei krigshistorie som er veldig ulik den eg skriv om. Eg ville ikkje trakke på nokre tær medan eg skreiv.

Nokre scenar i boka er ganske drøye. Du er ikkje redd for at enkelte vil synast dette er spekulativt?

Ikkje redd for det, nei. Eg har alltid likt det spekulative. Eg likar filmar med mykje vald i, og eg kan like dei utelukkande på grunn av valden. Men Glimt er ikkje spesielt valdeleg. Mykje mindre enn Svarte-Mathilda, t.d.

Ja, det er den, men den er framleis nokså krypande og ekkel, til tider.

Takk for det!

Men Solveig sin skjebne er nokså grufull, utan å røpe for mykje, og kan nesten oppfattast som nettopp spekulativ?

Ja, ho opplever fæle ting, og det var sterkt å skrive om det så direkte som eg gjorde. Men eg opplever det ikkje som spekulativt. Eg arbeidde mykje med dei kapitla for å gjere dei så truverdige som mogleg, slik at lesaren skulle heie på Solveig og få medkjensle. I tidlegare utgåver av teksten så følte både eg og forlaget at eg gjekk over streken i skildringane. Målet var ikkje å skape avsky, men altså medkjensle. Så viss medkjensle er spekulativt, så er nok boka det.

Så du har altså sensurert deg sjølv? Er ikkje det litt feigt?

Nei, det er det ikkje. Det kallast redigering, og ikkje sensur. Sensur blir utført av nokon andre, i ettertid, slikt vi fann i Noreg før i tida når det gjaldt film, eller i Kina eller Nord-Korea. Å redigere bort noko som ein sjølv meiner er for drøyt er ein del av det å skrive denne typen bøker. Det gjeld å finne balansegongen mellom det som er akseptabel bruk av fæle hendingar, og det som blir for mykje. Med Glimt føler eg at eg balanserer på denne eggen, men aldri bikkar over.

Men du bikkar ikkje andre vegen heller, og blir for snill?

Det er noko eg har bekymra meg for, for eg vil ikkje bli for snill. Eg meiner barn og ungdom fortener bøker som tar dei på alvor og som kan utfordre dei litt på akkurat dette. Barn tåler ekstremt mykje av både vald og dreping, og gjennom internett og speling så er dei vane til strerke inntrykk. På skuleturné merker eg ofte at elevar blir genuint redde for Svarte-Mathilda og spring ut av klasserommet. Då har eg gjort noko rett.

Kva aldersgruppe tenkjer du dette passar for?

Eg meiner det passer frå 9-10 år og oppover, men dette er veldig individuelt. Vaksne folk har fortalt meg at dei ikkje tåler å lese Svarte-Mathilda, og eg har lese for sjuåringar som elskar bøkene.

Det virkar nesten som du har høyrt på kritikarane, og gitt lesaren meir tid til å bli kjend med hovudpersonanen denne gongen. Stemmer det?

Eg har ikkje høyrt på kritikarane, men det er sant at både Jon og Solveig nok er meir komplette menneske enn det Elisabeth var i Svarte-Mathilda. Men også i Glimt skjer ting fort. Eg vil at lesaren skal oppfatte boka filmatisk. Lesaren må legge inn litt sjølv av sine eigne erfaringar. Ikkje få alt inn med teskei, slik som i mange andre bøker.

Du kjem stadig vekk inn på dette. Er dette noko du opplever mykje av i andre bøker? Du sit jo som leiar i Norske barne- og ungdomsbokforfattere sitt litterære råd, og les dermed alle norske barne- og ungdomsbøker. Er det for mange for lange bøker der ute?

Både ja og nei. Nokre klarer veldig fint å fortelje historiene sine på eit fornuftig antal sider, medan andre bikkar glatt over fire og fem hundre sider. Dette er i dei aller fleste tilfella for langt. Du skal verkeleg ha mykje på hjartet for å forsvare noko slikt. 

Er det spesielle sjangrar som skil seg ut?

Eg likar ikkje å peike, og eg skal vere forsiktig med å uttale meg, sidan eg har teieplikt når det gjeld rådsarbeidet. Men fantasy-sjangeren er belasta med veldig lange bøker, nesten alltid i seriar, og ofte kunne det nok vore kutta litt her og der. Både i bøker som eg synest er knallgode, og dei mindre gode. For eg likar jo både fantasy og sci-fi, men eg ville til og med ha kutta kraftig i Tolkien, om eg hadde vore redaktøren hans.

Oi!

Ja, det kan du godt seie. Men Ringenes herre er for lang, i mine auge. For mykje skildringar, og alt for mange songar. Filmane er betre, synest eg, sjølv om eg elskar bøkene.

Eg trur vi lar den ligge, og går tilbake til Glimt.

Det er sikkert lurt. Men eg har til gode å lese ei skikkeleg lettlest, kort fantasybok. I éitt bind.

Har du noko bodskap i boka? Noko du vil fortelje ungdommen?

Nei. Eigentleg ikkje. Den einaste boka mi som har eit tydeleg tema er Soledad. Den er eit angrep på ein passiv miljøpolitikk, men det var ikkje alle som fekk det med seg der heller.

Kvifor då, trur du?

Kanskje fordi eg ikkje seier det rett ut? Men fortel det gjennom augene til Soledad. Hundre prosent. Du må lese litt mellom linjene for å finne kritikken.

Angrar du på at du ikkje var tydelegare om dette i boka?

Nei. Absolutt ikkje. Eg likar ikkje så godt overtydelege bøker.

Så i Glimt ville du berre fortelje ei underhaldande og skremmande historie?

Ja, meir eller mindre. Dersom du absolutt skal skrive oppgåve om boka kan du sikkert finne tematikk rundt dette med venskap, å overkomme hinder i livet, forelsking osv. Til og med litt om korleis Noreg behandla jenter som rota seg bort i tyskarane under krigen, men som alle mine bøker skal det først og fremst handle om mennesket. Nokon som vi likar å lese om, forhåpentlegvis, og som rotar seg bort i noko fælt.

Du har eit relativt lettlest språk i mange av bøkene dine. Både når du skriv bokmål og nynorsk. Er dette noko du jobbar mykje med?

Ja, det er det. Eg har gitt ut to lettleste bøker for ungdom tidlegare, Gamer og Snatch. Der var det endå meir gjennomført, med korte setningar, ingen lange ord og mykje luft på sida.

Nokre har kritisert dette, og seier det øydelegg flyten. Kva meiner du om det?

Dette blir nok oftast sagt av veldig erfarne lesarar. Dei som kanskje likar at bøker er over fem hundre sider, gjerne i seriar, og med lange tunge setningar om samfunnsbygging. Eg skriv for ungdom, mange av dei har lite leseerfaring. Dei treng ofte bøker som er lettare å lese reint fysisk.

Men det er ikkje berre i dei lettleste bøkene dine dette dukkar opp?

Nei, eg har nok tatt med meg den skrivemåten inn i dei "vanlege" bøkene mine, også. Eg likar for tida å skrive slik. Det strammar historia opp, gjer det enklare å kutte vekk det som ikkje er vesentleg.

Så du kuttar mykje i bøkene?

Ja, det gjer eg. Glimt hadde fleire karakterar i utgangspunktet, og var mykje lengre. Eg spleisa nokre av karakterane og kutta mykje av detaljane og skildringane frå krigens dagar, og fekk til slutt ei mykje strammare historie. Eg likar når eg ser at endringane eg gjer, lager ei betre bok.

Trur du at boka blir ein suksess?

Spørs kva du meiner med suksess? Eit andreopplag hadde jo vore kjekt. Men det er inga sjølvfølge.

(Boka kjem snart i pocket (red.anm.) og ligg på utlånstoppen på Deichmanske.)

Eitt år etterpå:

Vi nærmar oss slutten, har du lyst å røpe kva du jobbar med no?

Lyst og lyst, det er farleg å seie for mykje om kva som skjer i framtida. Spesielt i denne bransjen. Ein må vere forsiktig med å røpe for mykje. Men til dei som har gidda å lese heile dette skamlause intervjuet kan eg jo seie at ei fjerde bok i ein serie eg har skrive er ferdig, og forhåpentlegvis likar forlaget den. (Det gjorde dei ikkje. Red.anm.) I tillegg arbeider eg med to lettlesne grøssarar for ungdom, på nynorsk! Og ei superheltbok på sidemål.

Oi! Det var mykje på ein gong!

Det er lett for deg å seie! Men ja, det kan gå litt i surr av og til. Derfor er det viktig å ha gode redaktørar.

Men dette er alt?

Tja, ikkje heilt. Eg har byrja å leike med ein idé frå krigen, nok ein gong. Men den er så original at eg ikkje vil røpe nokon ting. Den skal foregå i England, og handle om ein gut på tolv, det er alt eg vil seie. Eg er ikkje eingong sikker på om den skal vere på nynorsk, eller sidemål. I tillegg fabulerer eg om ei ungdomsbok om naturvern. Men karakterane og plotet må kome først, ikkje tematikken. Tematikken kan aldri kome først.

Du blir ikkje arbeidsledig med det første, altså?

Det ser ikkje slik ut.

Til slutt: Trur du dette intervjuet hamnar i Dagbladet?

Haha!!

Lykke til, i alle fall!

Tusen takk!

Huffda! Var ikkje det klippet litt drøyt, og ein smule spekulativt?

Jo, men det er slik vi forfattarar ofte tenkjer. I smular. Og spekulativt. Og vi hater å bli misforstått.

(foto: David Aasen)

Bokmelding: "Glimt" av Tor Arve Røssland

Årets bok skal granskast av den mest kritiske av alle lesarar, nemleg forfattaren sjølv.

Det er ikkje lett å fylgje opp ein suksess som Svarte-Mathilda. Men det ser ut til at Røssland har klart å skrive nok ei horribel bok for ungdom, med iskalde grøss og nervepirrande lesestunder for den som tør.

Akkurat som i serien om det demoniske spøkelset Svarte-Mathilda fortel også Glimt to parallelle historier. Vi møter to femten år gamle ungdommar, Jon og Solveig, som bur på vesle og forblåste Grovøy. Jon har nyleg flytta ut dit, og Solveig skal akkurat flytte inn til fastlandet sidan ho nettopp har blitt foreldrelaus. Dei har mykje til felles, Jon og Solveig, men dei er skilde i tid med nærare åtti år. Jon si historie går føre seg i vår tid, medan Solveig si startar i april 1940 - då tyskarane okkuperte Noreg. 

Solveig blir raskt gjort til tenestejente i sitt eige hus, og slepp å flytte. Noko ho er endelaust glad for. Dette blir ordna av den tyske kommandanten som overtek huset. Ho mister dermed gradvis kontakt med vennenne og kjærasten, og føler seg svært åleine. Krigen blei mykje meir langvarig enn ho trudde, og dei andre på øya synest ho blir litt for gode vener med tyskarane.

Jon prøver å skaffe seg nye venner, men det er ikkje lett når orda heng seg opp i munnen, spesielt rundt nye og ukjende folk stammar han noko heilt forferdeleg. Han kjem likevel i kontakt med eit rockeband som øver i ungdomshuset, og han forelskar seg grenselaust i Rebekka, som speler trommer i bandet. Men ingen av ungdommane tør å vere i ungdomshuset om kvelden. Seier dei dette berre på tull? Eller er det noko der? Jon må finne ut kva, og det som skjer er ikkje for lettskremte.

Dei to historiene funkar særs godt kvar for seg, og når dei gradvis snirklar seg mot kvarandre, og vi skjønar kva som er i ferd med å skje, blir det faktisk svært ubehageleg å lese. Og forfattaren har røpt at noko av det var ubehageleg å skrive, òg. Solveig opplever grusomme ting, og forfattaren legg ikkje fingrane mellom her. Dette kjem til å verke støytande på enkelte lesarar.

Men kva tyder eigentleg tittelen? Glimt? Dette er noko som lesaren skal få finne ut sjølv. Etterkvart som både Jon og Solveig kjem nærare ei slags forklaring byrjar det å utkrystallisere seg ei forferdeleg sanning.

Boka er både spennande og grusom. Men i tillegg er det noko menneskeleg og skjørt over dei to hovudpersonane. Det er truverdig og fælt å sjå okkupasjonen saman med Solveig, og korleis ho får oppleve både det verste og beste i andre menneske. Men kanskje aller mest i Jon klarer forfattaren å skildre det såre og vanskelege som mange tenåringar slit med: det å skaffe seg venner når ein er sosialt utfordra. Kapittelet der han ringer far sin for å få bu hos han i Stavanger, er både rørande og trist.

Men Røssland dveler aldri for lenge med sosialrealismen - det skulle tatt seg ut. Ekkel steming og mystiske karakterar i både fortid og notid skaper spenning og uhygge. Den fæle løytnant Steiner som terroriserer Solveig set djupe spor i lesaren, og ikkje minst Jon sine møte med demente gamle frøken Hansen er med på å gjere dette til ein isande grøssar.

Dersom du treng materiale til å skrive skuleoppgåve om boka kan du streife innom tematikk rundt misbruk av jenter, eller valdtekt, rett og slett. Og korleis nordmenn oppførte seg mot dei som jobba for tyskarane under krigen. Begge deler slikt som norsklærarar set pris på.

Forfattaren har gjort ein del research rundt korleis krigen gjekk føre seg langs kysten, og datoen for invasjonen på Grovøy er 11. april, noko som er slåande likt datoen tyskarane invaderte Utsira. Og det er jo Utsira som har inspirert denne boka, akkurat som med den dystopiske thrilleren Soledad. Men denne gongen har forfattaren tatt seg litt for store fridomar både med geografien og ikkje minst krigshistoria, så både tyskarar og lokalbefolkning er fullstendig oppdikta.

Sidan vi kjem så tett på hovudpersonane, oppelever vi det grufulle endå sterkare. Solveig sin skjebne og Jon si makteslause overfor det overnaturlege blir vår kamp mot våre eigne indre fiendar. Mange ungdommar, og vaksne, vil  nok kjenne seg igjen i desse menneska. Dette er kanskje den beste boka Røssland har skrive. Så langt. 

Uprisen 2015

Alle gode ting skulle likevel vise seg å ikkje vere tre. For tredje gong var eg nominert til Uprisen, og for tredje gong måtte eg sjå meg slått av ein annan forfattar. Denne gongen Sigbjørn Mostue og boka I morgen er alt mørkt. Å vere nominert med Soledad var sjølvsagt kjekt, eg får møte alle elevane som har lese bøkene og får deira ofte nådelause dom. Men aller kjekkast er det å møte dei andre nominerte forfattarane. Det mest irriterande er eigentleg at alle dei nominerte denne gongen har skrive bøker eg likar, kanskje spesielt nettopp Mostue. Då eg slukte boka hans dagen etter den plumpa ned i postkassa tenkte eg faktisk: Pokker, denne boka kjem til å vinne Uprisen. Det hadde vore verre å tape for ei bok eg direkte mislikte, men i I morgen er alt mørkt er ei forbaska bra bok. Utruleg spennande og velskriven. (Meg eg begynner alltid å tenkje på Stanley Jacobsen når eg høyrer tittelen.)

Foreningen !les har skapt eit ekstremt vellukka opplegg med Uprisen. Hundrevis av elevar får lese bøkene våre, og skrive anmeldelsar, og hundrevis av dei får kome til Lillehammer og bestemme kva for ei bok dei likar best. Håper ikkje dei blåblåblå klarar å øydeleggje dette tiltaket. Det hadde vore ei stor skam.

Det er veldig stas å bli nominert, men det hadde sjølvsagt vore kult å vinne ein gong, òg. Kanskje dei kan opprette ein ærespris? Nominert flest gonger? Eller noko slikt. Uansett så vann vi barnebokquizzen!

Lufta bør vere for alle

Eg lurer på om eg skal kjøpa meg ein vasspistol, fylla den med sjampo og vatn, og spruta i augene på alle som røyker i det offentlege rom. Dette er vel min rett? Er det ikkje? Å påføra plager på dei rundt meg? Er det ikkje dette som er fridom?

Det er vanskeleg for meg å vera heilt sakleg i diskusjonen rundt røyking. Eg klarer ikkje å stå fast på verdiane eg set høgt. Eg har vel kome fram til at eg er ein “bleeding-heart libertarian”. Ein som meiner at folk skal ha stor grad av personleg fridom, men at vi i fellesskap skal ta oss av dei som fell utanfor, og at det offentlege skal ta seg av dei store og viktige tinga. Men skal den personlege fridomen vår få lov å ramma andre folk sin personlege fridom? The right to swing my fist ends where the other man’s nose begins, seier det gamle uttrykket. Men kva om handa held ein sigarett? Bør ikkje då avstanden vere endå litt større? Sånn om lag hundre meter unna?

Eg trur ikkje alle røykarar er vonde menneske som likar å plaga andre, eg trur rett og slett at dei ikkje veit betre. Humorist Per Inge Torkelsen hadde i alle fall inga aning. Ikkje ein gong Frank Aarebrot, ein av Noregs klokaste, såg ut til å ha peiling på kva han utsette sine medmenneske for. Og i alle fall ikkje eit samla Frp! Eg trur ikkje røykarane aner kor plagsomt og smertefullt det kan vera å passera ei nikotinsky på gata, utan å vera i stand til å koma seg vekk. Eller når du røyker rett utanfor ei dør, så bles faktisk mykje av røyken inn. Og når du står på hotellbalkongen din i Syden, så går røyken rett inn til ferienaboane, eller endå verre: inn til dei rundt deg i burettslaget heime i di eiga boligblokk.

Når eg er ute og går i det offentlege rom er eg som ein hjort på beitemarka, eg skuar rundt meg, sjekkar vindretning og styrer unna det som kan skada meg. Men av og til er dette heilt umogleg, og røykskya er ikkje til å unngå. Eg klarer som regel å halda pusten, men eg er ikkje Houdini heller, og uansett hjelper det ikkje på augene. Er eg i tillegg så dum at eg klør meg på augene er dagen øydelagt. Det kan samanliknast med sviande sjampo, du kjenner det i mange timar, berre at sjampoen er ufarleg. 

Røykelova har gjort det betre å ete inne på restaurant, med mindre dører eller vindauger står opne, eller dersom du må passere uteområdet for å kome inn. Då er det berre å lukka augene, og halda pusten, eller gå ein annan stad. No er det faktisk komne røykfrie uterestaurantar, men når skal dette bli normen? Når skal utekonsertar bli røykfrie? I alle fall deler av konsertområdet? Hallo, Bergen live! Røykfri snart, eller? Sverige har røykeforbod på uteservering. Som vanleg er dei betre enn oss. Me er eit U-land i forhol.

Som eg sa: eg trur ikkje røykarane veit betre. Om eg hadde gått rundt i det offentlege rom, eller på utekonsert og utført ei handling som eg visste var så plagsom og skadeleg som å røyka, så hadde eg skamma meg. Og sidan eg trur at folk stort sett er hyggelege og omtenkstomme er det einaste logiske svaret at røykarane ikkje veit betre. Dei treng vaksenopplæring.

Denne debatten sporer veldig fort av.

“Jamen, du står jo på ei gate full av eksos og klagar på litt uskuldig tobakksrøyk!” Nei, teknisk sett gjer eg ikkje det, men eg skjønar kva du meiner. Berre for å samanlikna med litt anekdotiske bevis: Eg går ofte rundt i Bergen og Oslo. Nokre gonger har eg vore i London og New York. Berre to gonger har eksos plaga meg like mykje som éin enkel sigarett. Første gongen var i Bergen for nokre år sidan, då “giftlokket” var på sitt verste ein vinterkveld. Etter dette unngår eg Bergen på slike dagar, og eg skulle ynskja politikarane ville gjera noko med forureininga. Den andre gongen var i New York, ein kokvarm sommardag, då myndighetene anbefalte folk med astma om å halda seg inne akkurat den dagen. Dagen etter var forureininga borte. Det hadde med luftfuktighet og manglande vind å gjera, visstnok, og det var plagsomt.

Med andre ord så må det i Bergen eit samla oppsop av vedfyring, svevestøv og eksos frå bil og båt for å matche aromaen frå éin enkel sigarett på eit busstopp. Eller verdas største by på ein av sine verste smog-dagar. Eg seier ikkje at eksos ikkje er eit problem. Eg seier det går an å ha to tankar i hovudet samstundes. Røyking utandørs i det offentlege rom har heller ingen nytteverdi.

“Ja, men, det er mange lukter som er plagsomme! Kva med sveittelukt? Og parfyme?” Sveittelukt er ikkje skadeleg. Heller ikkje parfyme. Men parfyme er plagsomt, det skal eg vera einig i, spesielt for allergikarar og folk med astma. Eg styrer unna parfyrmeri, og eg har flytta meg på bussen på grunn av for kraftige parfymedufter. Men når det kjem ein røykar inn på bussen, ein som tar eit siste drag i det han går opp til bussjåføren, då hjelper det ikkje om eg flytter meg til andre enden av bussen. Lukta treff som eit balltre i trynet, og hovudverk, tett nase og kløe blir mitt reisefylgje. Røykeforbod på busstopp ville dempa noko av dette. Då vil røykaren i det minste måtte gå 10-20 meter før han kom inn til oss andre. For ikkje å snakka om på lange bussturar, som t.d. med kystbussen, der desperate passasjerar spring ut for å røyka dersom bussen stoppar i 10-15 minutt. Gidder dei å gå nokre meter bort frå bussdøra? Nei, det gjer dei ikkje, dei må jo stå klar i tilfelle bussen byrjar å køyra. 

“Du er berre ein helsemoralist”, seier røykarane til meg.

Nei, det er eg ikkje. Folk kan eta, drikka og snusa så masse dei vil for meg. Eg synest til og med dei offentlege sjukehusa skal ta seg av skadene. Til og med dei som frivillig utset seg sjølv for ekstrem fare i skibakken eller i fallskjerm synest eg vi skal ta oss av på offentlege sjukehus - heilt gratis. Eg synest til og med sjukehusa skal ta seg av dei som pådrar seg kols og lungekreft fordi dei røyker, eller dei som må amputere beina pga røyking. (Ja, faktisk. Du kan googla det om du ikkje trur meg). Det er berre så uendeleg trist at folk kan pådra seg alvorlege lidingar også som passive røykarar - eit fakta mange av dei ortodokse røykarane, og lærlingane deira, ignorerer. 

Passiv snusing skader ingen, heller ikkje å sjå nokon eta hamburger, eller det å vera vitne til at ein fallskjerm ikkje løyser seg ut. Røyking er i særklasse fysisk plagsomt og skadeleg for dei rundt deg. Det verkar ikkje som om røykarar vil ta dette inn over seg, og dei diktar opp motargument som skal få oss til å føla oss mindreverdige. Røykarane er til og med frekke nok til å kalle seg sjølv mobbeoffer! Og mange av dei lever i vrangforestillinga om at dei er mykje meir sosiale og hyggelegare enn andre folk. Då er det vanskeleg å behalda trua på det gode i menneska. Det er ikkje røykarane som blir trakka på, det er røykarane som dagleg trakkar på alle andre rundt seg. Og det har dei gjort i generasjonar, derfor er det sjølvsagt både naturleg og forståeleg at dei går i forsvarsposisjon når hegemoniet deira blir truga.

“Det er berre å seia frå til oss, seier røykarane, så tar vi hensyn.”

Ja, særleg. Dei gongene eg har gjort det har eg blitt møtt med hånleg latter eller sure kommentarar. Dei få gongene i livet eg har sett ein modig bussjåfør lukka døra framfor ein dampande passasjer, blei sjåføren like etterpå skjelt ut. Ikkje lett å vera kvardagshelt, då.

(Ei lita oppdatering i blogginnlegget: Seinast denne veka, altså veke 44 i 2019, tok eg ein “internbuss” på Gardermoen, som skulle stoppa to gonger for å sleppa av passasjerar. På første stoppet tok to røykarar fram sigarettane og skulle til å tenna opp, men bussjåføren såg det, hoppa ut og irettesette dei sporenstreks. Dei to røykarane prøvde å vitsa, men fekk ei særs god lekse om røyking på flyplassar. Denne sjåføren blei min nye helt! Det er håp! Røykarane har tatt seg til rette lenge nok no!)

Det sit langt inne å gå bort til eit framand menneske å seie “kan du vera så venleg å stumpe røyken”. Og kor ofte skal ein måtte gjera dette? Dersom ein er ute i det offentlege rom vil det bli 20-30 gonger dagleg. Dessutan har eg jo ikkje lyst å gå nærare ein person som røyker, eg prøver som best eg kan å unngå dei.

På utekonsert kjem ein seg som regel ikkje unna, og folk bryr seg ikkje om du seier i frå. Dette har eg opplevd fleire gonger, og det skal vere verkeleg store artistar for å lokka meg på utekonsert. Sommaren 2024 var eg på konsert med Bruce Springsteen, og det regna heile tida. Nesten ingen røyk, og eller ingen mobilkamera som øydela utsikta.

Den verste formen for gi-blaffen-haldning hos røykarar ser vi oftast på 17. mai. Barna sin festdag. Folk røyker langs toget, i toget, på skuleplassen på ettermiddagen - blant eggeløp og fiskedammar. På skuleplassen faktisk! Ein stad som det er strengt forbode å røyka på vanlege dagar, til og med der fyrer dei opp, medan barnekoret syng nasjonalsongen. Røyking i bunad ser for øvrig teit ut. 

“Men vi tar jo hensyn!” seier mange av røykarane. “Vi flytter oss unna og røyker ikkje inne, og i så fall berre under kjøkkenvifta” (haha! som om det hjelper). Eg vil koma med ein påstand: Det finst ikkje éin einaste røykar i heile verda som aldri har plaga nokon med røyken sin. Med mindre du fyrer opp under vatn, så har du på eit eller anna tidspunkt plaga andre med dampinga di. Nokre plagar sjølvsagt meir enn andre, men alle som røyker har på eit eller anna tidspunkt plaga andre menneske. Punktum. Og nei, det hjelper ikkje å stå under kjøkkenvifta, det hjelper ikkje om du har eitt rom i huset du røyker i, det hjelper ikkje om du går ut på “røykebalkongen” din, heller. Naboane dine blir då passive røykarar når røyken din kryp inn vindaugene deira.

“Kva med alkohol?”

“Alkohol er mykje farlegare, og fører til alkoholisme, vald både gata og i heimen og store sosiale utgifter!” Ja, det er sant. Når nokon drikk seg så fulle at dei nyttar vald er det eit stort problem. Men dei fleste gjer ikkje det. Og eit glas raudvin til biffen er ikkje farleg. Verken vinen eller biffen har ein negativ passiv effekt på den som sit ved sidan av deg. “Kvifor har vi ikkje tobakksspalter i Aftenposten? Slik som med vin?” Fordi vin er kultur og røyk er gift. Enkelt og greit. Røyk er alltid skadeleg for deg og dei rundt deg. Sjølv om du synest du blir så roleg og avslappa av det. Prøv hasj då, i muffin, sjølvsagt. Blir roleg av det, òg.

“Du vil berre ha ein formyndarstat!” får eg ofte høyre. Og svaret på det er ja. Sjølvsagt. Mest fordi vi allereie bur i ein formyndarstat, og det funkar. Vi har fartsgrenser til lands og til sjøs. Vi har ikkje lov å snakka i mobilen når vi køyrer. Vi har promillegrenser, aldersgrenser, fartsgrenser, helgedagsfred, søndagsstengt, åpningstider og ein svært streng alkoholpolitikk, der vi ikkje eingong har lov å drikka øl på stranda eller i parken. Vi må ha våpenskap dersom vi skal eiga våpen. Det er reglar som bestemmer korleis vi bygger på vår eiga tomt. Til og med reglar som seier at alle nybygg skal ha plass til handikaptoalett, sjølv om sjansen er lik null for at du får ein rullestolbrukar på besøk.

Lat oss sjå litt på korleis samfunnet er tilrettelagt for funksjonshemma. Blinde har lov å ha med seg førarhund inn på restaurant og til og med på fly, sjølv om det både er uhygiensk og kan gi allergikarar store problem. Det blir bygd ramper for rullestolbrukarar mange stader. Til og med ein høg pipelyd til dei blinde ved fotgjengarfelt er heilt vanleg. Matallergikarar som ikkje tåler td. fisk eller nøtter får spesialbehanding i barnehage, på skulen og på fly. Folk med ulike former for ADHD, dysleksi og psykiske lidingar får barndom, oppvekst og arbeidsliv tilpassa som best det lar seg gjera. Og alt dette fullstendig akseptert og normalt og akkurat slik det bør vera, det skulle berre mangla - sjølv om det gjeld ein veldig liten del av befolkninga. Og ein kan seia at slike som meg, som tåler røyk svært dårleg også er ein liten del av befolkninga, men kva tid skal vi få i alle fall deler av det offentlege rommet innretta etter oss, slik at vi kan ferdast fritt utan å bli sjuke og dårlege? Vi er ikkje fysisk rørslehemma, med det er veldig mange stader vi unngår totalt. Det er ikkje godt nok at restaurantar er røykfrie inne. På eit eller anna tidspunkt i framtida håper eg at det å fyra opp ein sigarett er like unormalt som å setja seg ned å drita på gata. Men det er nok ein laaaang veg å gå.

Litt meir anekdotisk bevis. Vi budde ein gong i ein tomannsbustad i Trondheim som stamma frå krigens dagar. Vi hadde øvste etasjen og det vi trudde var røykarar budde under oss. Av og til kjente vi sneken av røyk som kom sivande inn. Då sat naboen og røykte ute i hagen og eg spratt opp av sofaen for å lukke vindaugene. Ein kveld eg hadde vore ute på kino (Alien 3), kom eg inn i stova og kunne skjæra lufta med kniv. Det låg eit tjukt lag med grå røyk i heile rommet. Kona mi hadde tydelegvis sete i ei luftboble i enden av sofaen og hadde ikkje tenkt over det, men det gjorde min astma for oss begge. Opp med vindauger og vasking av klede! Det stinka rett og slett noko heilt forferdeleg. Forklaringa? Det eldre ekteparet under oss, som vi trudde røyka fast innandørs, gjorde faktisk ikkje det. Ho hadde nettopp fått lungekreft, og mannen røykte kun utandørs etterpå. Men når kona var på sjukehuset for å få kreftbehandling, pleide mannen av og til å ha kompisar på besøk, og då tok dei ein blås innandørs. Mesteparten av dette hamna oppe i stova vår. Fekk meg til å tenkja på kor mange hus dette gjeld. Hadde dette skjedd kvar dag måtte vi ha flytta.

Ein hugseregel røykarar kan læra seg er: viss du kan snakke med folk med innestemme når du røyker, er du for nær. Ropeavstand må til for at røykelukta ikkje sjenerer, då får du trimma lungene litt, òg. Og deler du ytterveggar med andre folk, stump røyken.

Eg er ikkje spesielt glad i forbod, eg er veldig glad i personleg fridom, men røykarane som gruppe har vist at dette får dei ikkje til. Mitt forslag til ny lov om stader du ikkje bør få røyka er: busstopp, gågater, fortau, bilar, burettslag, tomannsbostader... vent litt, det er kanskje enklare å liste opp stader der det er greit å røyke: privat einebustad (med mindre du bur saman med andre som ikkje røyker, eller barn, og du som har dyr bør tenkja over om husdyret er røykar), utandørs - minst hundre meter unna andre folk (og hus) dersom vindretninga er ok. Eg prøver å koma på andre stader, men får det ikkje til. Sjølv om eg er vestlending så meiner eg ikkje dette ironisk.

For å gjera det heile litt verre for røykarane sitt samvit. Det nye no er “third-hand-smoking”. Det er så nytt at vi ikkje har noko skikkeleg norsk ord for det. Men alle som har vore inni eit hus der nokon har røykt, eller gått inn på bussen nokre minutt etter at sjåføren har røykt utanfor veit veldig godt kva det er. Det er tobakkrestar som klistrar seg til overflater som klær, veggar, gardiner, møbler, hår, stolar osv. Og det viser seg at dette også er svært skadeleg, spesielt for spedbard og barn. Og akkurat som passiv røyking kan third-hand-smoking føre til astma, infeksjonar (som øyre- og lungebetennesle) og generelt sjukare ungar. Tenk på det neste gong du står under kjøkkenvifta og trur du tar hensyn. Eller når du går utanfor og røyker, så sit om lag 250 av dei 5000 stoffa i sigaretteren i håret ditt, kleda og på hendene. Stoff som arsenikk, tjære og det koselege biproduktet formaldehyd.

Noko av det mest nusselege er likevel korleis ein del røykarar romantiserer sin eigen plagsomme uvane. “Vi vaks opp i røyk, og vi overlevde!” hostar dei. “Vi saknar den tida når vi kunne røyka innandørs på kafé,” seier røykenostalgikaren. “Vi kunne sjå tankefulle ut medan vi stirra gjennom ei poetisk sky. Vi har mista noko på vegen!” Dette seier dei i fullt alvor. Herregud, tenkjer eg då. Ting var verkeleg ikkje betre før. Eg skal ikkje eingong nemne dei som seier: “Røyk luktar så godt!” Det er faktisk ikkje lenge sidan eg møtte ei som sa dette i fullt alvor. Fleire gonger! (2024)

Nokre påstår også at kampen mot røykarar eigentleg er ein kamp mot dei fattige, sidan det er flest blant dei dårlegare stilte i samfunnet som røyker, og at vi som kritiserer røykarane er ein slags sosialhygienisk overklasse. Dette er nok ei avsporing av debatten. Dersom dei narkomane, nav-arane, og dei med låg lønn absolutt må røyka, så får dei sanneleg halde seg langt unna andre folk, dei også. Kvifor i all verda skal ikkje dei også kunne ta hensyn? Personleg meiner eg dei bør få hjelp til å slutte å røyka, samstundes som dei får den hjelpa til problema i livet. Eg er sosialist på min hals. “Er det ikkje betre at dei narkomane røyker enn at dei skyter herion?” seier då røykarane. Jo, det er det nok, sidan du stiller to farlege stoff opp mot kvarandre, så er nok heroin verre, men som sagt: røyk langt unna andre folk og inngangsparti. Passiv herion, finnest ikkje.

Mange har fått livslange plager av å veksa opp i røyk. Astma og allergi er særs vanleg blant desse, og i oppveksten deira var lufteveisinfeksjonar ei årleg rutine. Sjølv hadde eg både bihule-, øyre- og lungebetennelse mange gonger i barndomen. Etter eg flytta ut forsvann alt, og eg var ikkje avhengig av astmamedisin lenger. Kun éin gong har eg hatt lungebetennelse etterpå. Det var då måtte overnatta i eit hus som blei røykt i. Ja, eg er klar over at dette også er andekdotisk bevis, men eg er ikkje den einaste.

At Bergen kommune våren 2015 ikkje ville innføra røykeforbod på busstopp var eit tilbakesteg i byutviklinga. At Terje Søviknes var glad for dette burde vera grunn nok til å innføra forbodet. At Krf vil innføra røykeforbod i parkar osb var eit stort steg i riktig retning. At Stavanger kommune vil innføre røykeforbod utandørs vinteren 2020 var eit stort lyspunkt i eit mørkt år. Men sjølvsagt blir røykarar i harnisk og kjem med kommentarar som: “Ja, snart blir det forbode å pusta og fisa også!” Nikotingenet går i fullstendig forsvarsmodus, og saklegheita forsvinn.

No trur du sikkert eg avskyr alle som røyker. Det gjer eg ikkje. Fleire av mine favorittfolk røyker, eller har røykt. Skodespelarar, forfattarar, regissørar, kunstnarar og nære vener og familiemedlem røyker. Forfattar Paul Auster har røykt heile livet, han skriv ikkje så mykje om det i bøkene sine, men han laga jo filmen Smoke som har ei tobakksjappe som kulisse. Fin film, og ein fantastisk forfattar, som no er død av lungekreft i ein alder av 77. Tenk så mange fleire bøker han kunne ha skrive! Neil Peart, trommis i Rush og forfattar, røykte. Eg aner ikkje kor mykje, han var ein veldig privat person og skreiv svært lite om det i bøkene (eller songane) sine. Men eg har slått saman mange kjelder og funne ut at han var røykar. Eg likar det ikkje, men eg likar han. Eller likte. Han døydde av kreft 7. januar 2020. Fy flate, for eit år.

Den store skurken er sjølvsagt tobakksindustrien, som i generasjonar har fått folk til å bli avhengige av produktet sitt, både gjennom reklame, men også gjennom å tilsetja mange stoff til tobakken som gjer deg avhengig, og som gir deg abstinensar når du prøver å slutta. Litt sånn som heroin. Tobakk hadde aldri blitt lov å innføra dersom det var eit nytt stoff:

“Heiann, vi har eit produkt som består av tusenvis av giftstoff som vi ynskjer å selje til vanlege forbrukarar!”

“Kva skal du gjera med det?” spør helsedirektoratet (eller kven det no er som må godkjenna slikt).

“Du puttar det inn i eit papir, og tenner på, så drar du røyken ned i lungene og pustar ut igjen!”

“Og kva er poenget med dette?” spør helsedirektoratet.

“Jo, då blir du avhengig av å gjera dette mange gonger dagleg, og vi vil tene milliardar!”

“Høyrest bra ut! Køyr på!”

Tobakksindustrien er ein kynisk og umoralsk bransje, som årleg tar livet av ekstremt mange folk. Personleg synest eg tobakk burde blitt forbode.

No i 2024 aukar antalet unge som røyker, og personleg synest eg har blitt verre å gå ut på byen. Så det tar nok nokre år før vi er heilt kvitt styggedomen, spesielt med politikarar som er i lomma til tobakksindustrien og kallar det ein siger for folks personlege fridom å få lov å utsetja andre for helserisiko. Kven sin fridom? Ikkje min, i alle fall.

Skal eg laga min eigen fridom, eg òg? Leikebutikkane er fulle av våpen som sprutar vatn. Sjampoen står klar i dusjen. Skal eg snika meg etter Sylvi Listhaug og spruta vatn i øyret hennar?

Nei, eg får vel venta til røykarane døyr ut som dei dinosaurane dei er. Eg likar ikkje å plaga andre folk. Men eg kaller ein kreftpinne for ein kreftpinne.

I mellomtida får eg ta min paraply og gå ut av busstoppet. Eg kan halda pusten når eg går inn på Flesland, når eg vandrar over det som er igjen av fisketorget, eller når eg møter ein røykar. Det blir ein vane, det òg. Det er heldigvis ikkje eg som ender opp med kols.

It`s my turn to drive

For litt over eitt år sidan tok eg lappen. Eg har ikkje angra på det. Det er utruleg praktisk å kunne hente å bringe, kjøre på butikken, kjøre til byn for å gå på kino, og å kjøre på forfattarturné. For mange gonger har eg sete i venterom, eller stått langs vegen og venta på bussar eller taxiar og frose av meg både det eine og andre og tenkt: det hadde vore praktisk med leigebil akkurat no.

For to år sidan hadde eg ikkje lappen, men eg meldte meg likevel opp på turné i Den kulturelle skulesekken i Hordaland. Faktisk den første turneen eg meldte meg opp til sjølv. Alle andre turnear har eg blitt spurt om å reise på, då var det stort sett ikkje så nøye om eg hadde lappen, sjølv om det var ei utfordring for turnéleggarane. Eg har reist med båt, fly, tog, taxi og med privatsjøfør rundt om kring i fleire av fylka her i landet. Men det var nokre fylke som gjorde seg vanskelege. Vestfold, t.d. dei hadde så store avstandar, meinte dei. Herregud, tenkte eg, Sør-Trøndelag fekk det jo til, og Finnmark! Her snakker vi avstander!

Men også Sogn og Fjordane og ikkje minst heimfylket Hordaland ville helst at forfattarar på DKS-turné skulle kome seg rundt på eiga hand. Eg ville gjerne bu heime hos familien, men samtidig vere på turné. Eg meldte meg opp til turne i Hordaland, og på spørsmålet på søknadeskjema om eg har lappen svarte eg: "Ja". Utan nokon gong å kjørt ein bil.

Eg utsette det så lenge er klarte. Men til slutt måtte eg til pers, eg kjørte rundt på parkeringsplassen saman med kona mi Frøydis, ein søndag utanfor den lokale Remabutikken. Og til slutt klarte eg å løyse bilen. Eg freste rundt i førstegir og var dritnervøs for å gire opp. Frøydis sa eg var litt flinkare enn sonen min, men han hadde jo begynt å ta kjøretimar, og var før meg i løypa.

Eg utsette neste kjøretur, synest det var forferdeleg skummelt. Så fekk eg brev frå Hordaland fylkeskommune, søknaden om turné var innvilga. Eg skulle ut i fem veker i skuleåret 2013-14. Eg klarte å få den tidfesta til så seint i 2014 som mogleg. Langt utpå våren, nesten sommaren, faktisk.

Men eg utsatte framleis neste kjøretur, det var snart berre eitt år til turneen, og eg hadde framleis ikkje kjørt på vegen, og eg visste at det å ta lappen kom til å ta tid, fleire månader, kanskje eit heilt år. Det er ikkje berre berre å lære ein mann på over førti noko heilt nytt.

Så las eg på nettet at det kanskje kunne vere lurt å ta nokre kjøretimar på ein trafikkskule før ein gav seg i kast med privat lærekjøring, for å sjå kor landet låg. Då gjorde eg det. Fekk same kjørelærar som sonen min, på den lokale kjøreskulen på Os. Eg var ekstremt nervøs på bussturen inn til Os. Eg hadde så godt som inga erfaring, hadde kun kjørt i andregir, og eg visste at kjørelæraren skulle ha meg ut på vegen med det same.

Ein hyggeleg mann i femtiårsalderen møtte meg utanfor ein Mercedes med "skule" skiltet på. Er det dette vesle skiltet som skal fortelje folk at eg ikkje har peiling? Det er jo ikkje skilt framme på bilen! Dei eg møter har inga aning om at eg er like uerfaren som ein fjortenåring.

Eg handhelste, og blei dirigert inn i førarsetet. Hjartet var i halsen. Eg sveitta som ein gris. Han spurte om erfaring. Eg sa "Null". Ikkje eingong traktor? spurte han. Nei, sa eg. Moped? Nei, ingenting. To rundar på parkeringsplassen utanfor Rema, sa eg. Okey. Start opp, og kjør ut i vegen.

Eg gjorde som han sa. Bilen starta. Den gjekk nesten av seg sjølv då eg løfta på clutchen. Eg gassa alt for mykje, læraren vart nervøs. Eg blinka med lyset og kjørte ut på vegen. I trafikken. Ut mot ferjekaien på Hatvik. Seks kilometer. Det gjekk overraskande bra! Gira heilt opp i tredje!! Kjørte i nesten seksti! (i åttigrensa...)

Men så kom eg til eit kryss. Det kom ein bil frå høgre. Her har du vikeplikt, sa læraren rolog. Ja, sa eg og lurte på kor girstanga var. Måtte kikka ned for å vite kva gir eg var i. Var det tredje? Aner ikkje. Må i alle fall gira ned, tenkte eg. Eg prøvde å gira ned, trur kanskje eg gassa opp i staden for, tuta heilt utfrivillig. Plutseleg bråbremsar bilen og blir kvelt. Det var ikkje eg som bremsa, med det var eg som kvelte.

Det går an å bremse ned, samtidig som du girer ned, sa han.

Eg var heilt gele etter første kjøretimen, eg skolv i beina, gjennomvåt av sveitte. Eg hadde holdt armane stive, rett fram under heile kjøretimen. Når kjørelæraren måtte korrigere rattet, (det måtte han ofte) fekk han nesten ikkje snudd på det. Eg tviholdt det jo!

Eg fekk ny kjøretime berre nokre dagar etterpå. Same greiene. Håplaust. Giring og bremsing og løysing av bil i bakke måtte eg tenkje på. Eg måtte lære meg dei mekaniske tinga først, meistre det tekniske, sjølve styringa av bilen, før eg i det heile tatt kunne tenkje på trafikken rundt meg.

Eg drøymte om kjøring og giring og nedbremsing og blinking. Eg planla korleis eg skulle møte dei ulike kryssa, vegane og bakkane i nærmiljøet, der som vi hadde kjørt. Der eg var kjent. Utan å tenke på at eg ein vakker dag skulle kanskje kjøre ein annan plass, eller kanskje at det til og med kom andre bilar på vegen.

Eg var heilt utsliten då eg vakna om morgonane. Hjernen min jobba på overtid med å læra seg denne nye motorikken, bein og armar og auger og hjerne som skulle samarbeida på ein heilt ny måte. Det viste seg at Playstation ikkje hadde vore så god opplæring som eg hadde trudd.

Etter andre kjøretimen hinta kjørelæraren om at det var faktisk mogleg å ta lappen på automatgira bil. Det var mange som gjorde det, og dei fleste bilane i framtida kom til å vere automatgira. Eg vurderte det heilt seriøst. Eg hadde enorme problem med å få dette til å stemme. Hjernen kjempa i mot, og viss eg berre trong å gasse og bremse, så var det så mykje eg ikkje trong bry meg om. Då var det berre sjølve trafikken som var hinderet. Ikkje noko anna.

Eg sa eit foreløpig farvel til kjørelæraren tidleg om våren 2013, sa at eg no må kjøre privat, saman med kona mi. Elles blir dette veeeldig dyrt. Det er sikkert lurt, sa han. Så snakkast vi kanskje, og tenk på det med automatgir.

Eg tenkte på det. Det var litt flaut å ikkje få dette til. Eg var ein vaksen mann for pokker, dette må jo gå an. Eg såg på sjåførar ute på vegen. Gamle koner, unge jenter, menn med hatt, dei raraste framtoningar sat bak rattet. Viss dei klarer det, så må eg få det til!

Eg utsatte det lenge før eg kjørte med Frøydis igjen. Minst eit par månader. Kjørte ein liten tur, likte det ikkje. Hadde ikkje kontroll. Same problema. I ein bakke klarte eg ikkje å få start på bilen igjen. Det kom ein bil bak, Frøydis drog opp håndbremsen. Eg prøvde igjen og igjen. Såg bilen i spegelen. Måtte berre gi opp. Ho måtte overta rattet. Flaut, pinleg og forferdeleg irriterande. Slike situasjonar dukka opp fleire gonger. Dei fylte hovudet mitt. Eg såg for meg giring, clutching og gassing oppe i hovudet heile dagane. Eg klarte ikkje å sjå på at folk kjørte bil på fjernsyn eingong, utan å irritere meg. Det hadde aldri plaga meg før. Absolutt aldri! Og eg har sett The Blues Brothers nærare åtti gonger.

Men så ein dag kjørte vi ein litt lengre tur. Heim til foreldra mine. Eit par timars tur. Og då løysna det for meg. Eg kjørte ikkje perfekt, men dette var ein veg eg kjente godt. Og etterpå synest eg faktisk det var gøy å kjøre. Eg meistra bakkestart oftare og oftare, og eg likte meistringsfølelsen. Eg sat ikkje med stive armar lenger, men slappa av bak rattet. Likte det faktisk.

Så sommar og seinsommar 2013 gjekk med til utallige kjøreturar saman med Frøydis, i tillegg til teorikurs saman med ein flokk med 18-åringar, og eit særs pinleg førstehjelpskurs saman med 16-åringar på trafikalt grunnkurs, men eg måtte ha det. Det var obligatorisk. Å bli lagt i stabilt sideleie av ein godt vaksen teorilærar var noko eg aldri kjem til å gløyme.

Utpå hausten 2013 ringte eg til kjørelæraren og sa at eg var klar. Fekk time og han var heldigvis imponert over læringskurva. Det var eigentleg berre å gjennomgå dei obligatoriske kjøretimane eg måtte ha. Bykjøring, langkjøring, glattkjøring, kartkjøring osv. Plankekjøring, stort sett. Eg lærte sjølvsagt mykje desse timane, men det gjekk uvanleg greitt. Noko eg ikkje hadde trudd berre nokre månader før. Feila eg gjorde gjekk på kommunikasjonsproblem, læraren hadde ein tendens til å vere litt vag av og til. Og eg brukte litt tid på å lære meg korrekt plassering i rundkjøring.

Dessutan er det noko veldig unaturleg med to vaksne menn i ein svart Mercedes som sirklar rundt dei same nabolaga i Bergen sentrum. Gjerne nær ein skule, eller på ein skuleveg. Aldri nokon gong i livet vil ein kjøre bil på denne måten igjen. Kjør dit, sving til venstre, finn vegen til Haukeland. osv.

Eldstesonen fekk sin lapp før jul. Planen min om å ta lappen før ungane var feilslått. Eg tok teorien og bestod med 1 feil, og optikaren gav meg attest, oppkjøring var på Stord og lappen kom i posten nokre få veker før turneen starta våren 2014.

Første kjøreturen med lappen kjørte eg nesten på ein fyllik som hadde lyst å kaste seg ut i vegen. Os kommune, altså, her ser du alt.

Første kjøreturen åleine i bilen skrudde eg opp Rush på full guffe med songen Driven, der refrenget går: "It`s my turn to drive".