Tilbake til sandkassen

Det er ikkje lett å forklare ein utanforståande ting ein sjølv likar. Eg har vore stor fan av spelserien Grand Theft Auto sidan spel nummer tre kom ut i 2001. I desse spela blir du plassert i ei open verd der du tilsynelatande kan gjere kva du vil, med herlege karakterar, ein gjennomført umoral og ei satirisk framstilling av absolutt alle mennesketypar, ja, det grensar til tider mot menneskeforakt, og det er rågøy!!

Det er britiske Rockstar Games som står bak serien, eit firma som har opplevd enorm suksess med både GTA, og det westerninspirerte Red Dead Redemption. Eg har spelt alle spela som har kome i serien etter GTA III, og det nyaste tilskotet, GTA V, var ikkje noko unntak. For dei som ikkje er heilt med så har det vore langt meir enn eitt spel innimellom, faktisk heile sju om du tar med Nintendo DS-versjonen.

Artig video der eldre diskuterer Grand Theft Auto 5.

GTA V er det største spelet så langt i serien. I den fiktive amerikanske delstaten San Andreas tar du styringa av tre veldig forskjellige karakterar og speler deg gjennom ei historie om venskap, svik, kjærleik, barneoppdragelse, utroskap og korleis bli ein mest mogleg suksessfull forbrytar. I tillegg kan du kose deg med naturfotografering, jakt, snikmyrding, pilottrening, ran, dykking, skydiving, dart, jakt på alien-artefakter, narkosmugling og dersom du vil kan du løyse ei gammal krimgåte. Det er med andre ord eit omfattande spel, som tar mange timar å gjennomføre hundre prosent. Noko eg for øvrig aldri har gjort, ein del av bil- og flystunta er rett og slett for vanskelege for meg.

Spela har heilt sidan starten vore kontroversielle. Den første marknadsansvarlege i Rockstar Games sende faktisk pressemeldingar til kristne politikarar i Storbritannia berre for å provosere dei, og for å få negativ omtale. Politikarane hylte om forbod før det første spelet kom ut. Men kritikarane har kasta seg på også etter spela vart populære. Spesielt på grunn av valden, og ikkje minst fridomen du har som spelar. Du kan velje å kaste ein handgranat inn i ei folkemengde, og i neste augneblink kan du leite etter pusekattar å fotografere med mobilen din. Og sjølvsagt alt innimellom. Ting du normalt ikkje ville gjere i det verkelege liv. I alle fall ikkje eg. Dette er ei verkelegheitsflukt ulikt noko anna. Det er faktisk utruleg underhaldande å kjøre rundt på stranda med tanks, eller hoppe ut i fallskjerm frå ein skyskrapar.

Spela har måtte tåle mykje kritikk på grunn av valden, og sjølvsagt er det mange foreldre rundt om kring i verda som ikkje likar at barna speler det, men dette er faktisk foreldra sitt ansvar. På same måten som det er foreldra sitt ansvar at ungane ikkje drikk lampeolje, røyker hasj, eller køyrer på svaner med vannscooterane sine. GTA er ikkje ein spelserie for barn, mykje av innhaldet forutset at du har ein del livserfaring, og kjennskap til både politikk og populærkultur. Det er mogleg å hindre barna i å spele det, og det beste er at foreldra speler det sjølv. Finn ut kva det er, og snakk om det med barna. Å oppleve det sjølv før ein eventuelt kritiserer. Minstekravet må vere at dei tileigner seg kunnskap. Helst då frå truverdige kjelder.

Det gjorde ikkje Kvinnefronten då dei valde å kritisere GTAV sitt kvinnesyn, det var dumt av dei. Først gav dei ut ei slags pressemelding der dei bad butikkar om å fjerne "søpla" frå hyllene. Eit veldig nyansert uttrykk dei valde å bruke. Dei meinte at butikkane valde profitt framfor etikk. Dette fekk dei mange klager på, og etterpå skreiv dei ein kronikk om tema. Hadde dei spelt spelet i mellomtida? Nei, det hadde dei ikkje. Dei baserte seg på youtube-klipp, og ikkje dei klippa som viser at du kan fotografere pusekattar. Dei orsaka seg ikkje og ville aldri slutte å ta opp kampen mot kvinnehat. Eit flott engasjement. Berre så synd at dei denne gongen bomma totalt.

Ja, du kan kjøpe seksuelle tenestar i spelet, og du kan velje å drepe den prostituerte etterpå. På same måten som du kan velje å drepe absolutt alle i spelet! Til og med kattepusen kan du knerte med øks etter du har fotografert han. Men du kan ikkje utøve seksualisert vald mot dei prostituerte, og poenga du får dersom benyttar deg av tenestane deira dei er minimale. Du får meir poeng for å kjøpe noko i ei brusautomat. Dei prostituerte er ein del av bybilde i spela, og det er ingen som oppfordrar deg til å oppsøkje dei. For nyansen sin del kunne det gjerne vore mannlege prostituerte også, eller mogleg å spele ein kvinneleg karakter. Dette trur eg kjem med tida. Tre av spela i serien har svart hovudperson, noko som heller ikkje var naturleg for nokre år sidan. Og mange store spel har kvinnelege hovudpersonar, i enkelte spel kan du til og med velge kjønn når du startar opp. Dette er ei utvikling som gjeld heile spelindustrien, og som er i endring.

Det er eit val speldesigneren har gjort, seier kritikarane, at det er mogleg å drepe desse kvinnene, derfor er spelet kvinnefientleg. Dette vitnar om mangler på kjennskap til sjangeren som GTA er ein del av, nemlig det vi kallar sandkassespel. Ein sjanger der du kan vandre heilt fritt i ei fiktiv verd og gjere omtrent akkurat det du vil. Den einaste begrensinga som er lagt inn går på barn. Det er ingen barn, skular eller barnehagar i den fiktive verda GTA har skapt. Det blir nok for nær opp mot skulemassakrekvardagen i USA. Det er heller ikkje mykje snakk om jødar eller muslimar, men framandfrykt er det ekstremt mykje av. Dette er jo ein parodi på det amerikanske samfunnet. Men altså ikkje for barn.

Du drep i tillegg langt fleire menn enn kvinner i spelet, for å seie det slik. Politifolk, soldatar, sikkerhetsvakter, gjengmedlemmar osb osb. Å velje seg ut ein del av spelet og kalle seg krenka, det blir å ta ting ut av samanhengen. Var Hitler slem utelukkande fordi han var vegetarianar? Eller fordi han hadde bart? Korleis skal då ein veganar frå Trøndelag føle seg?

Men kvinnefigurane er framstilt så teite og stereotypisk, seier kritikarane. Ja, det er dei. Dei er faktisk framstilt så teit at det grensar mot parodisk. Tanta til den eine hovudpersonen i GTA V får verkeleg gjennomgå. Og dottera til den andre hovudpersonen er fullstendig blåst i hovudet, for ikkje å snakke om kona hans. Og ikkje minst sonen hans. Den hasjrøykande, arbeidsledige, heimebuande gameren som irriterer far sin grenselaust. For absolutt alle i GTA blir framstilt som stereotypar. Ikkje berre kvinnene. Her får alle gjennomgå. Svarte unge menn, middelaldrande kvite gubbar, canadiarar, europearar, rednecks, jegarar, kristne, asiatar, tv-vertar, konspirasjonsteoretikarar, elvisimitatorar, yogainstruktørar, filmprodusentar og ikkje minst spelindustrien sjølv. Blant mine favorittar er nok den kyniske nettsida Lifeinvader, ein klar parodi på Facebook. Produkt som IfruitPhone, Petsovernight.com, Pisswasser beer er berre nokre få som gjer narr av forbrukarsamfunnet vi bur i. Den religiøse sekta Epsilon som tilber guden Kifflom, er ein hysterisk parodi på scientologikyrkja. Eg gler meg til dei skal gå laus på Donald Trump i neste spel, sjølv om han ofte overgår parodiane.

Politikarar og det amerikanske samfunnet er dei som får gjennomgå mest. Gjennom heile spelserien osar det av samfunnskritikk og satire. Mykje av dette er til stades gjennom alle radiokanalene du høyrer på medan du kjører rundt på ulike oppdrag, men også gjennom spela sine storyar. Den amerikanske draumen blir latterliggjort, og amerikanarar blir framstilt som stormannsgale våpenelskarar, alkoholiserte og psykotiske, men med eit godt hjarte, i alle fall innimellom. Hovudpersonane er ikkje noko unntak. Du som speler kan sjølvsagt legge dine eigne moralske verdiar til grunn for korleis du oppfører deg. Du kan ta omsyn til fotgjengarar om du vil, du må ikkje oppsøke dei prostituerte, og du treng ikkje kjøre på alle syklistar du møter (sjølv om dette siste er moro).

Her ein ein link til ein debatt om spelet på NRK sine nettsider.

Dataspel er kunst. Dette er etter mitt syn ein ukontroversiell påstand. Dersom film og tv er kunst, då er i alle fall dataspel kunst. Blandinga av godt manus, god historieforteljing, nydeleg design, fantastisk animasjon, sylskarp satire og strålande skodespelarprestasjonar gjer GTA V til stor kunst. Dersom du meiner at filmar som Gudfaren og Scarface er kunst, eller TV-seriar som Sopranos, så kan du ikke meine noko anna enn at Grand Theft Auto er kunst. GTA inneheld også haugevis av referansar til populærkultur, nokre er veldig tydelege, andre nesten umoglege å få med seg. Men også Sopranos var full av referansar til nettopp Gudfaren.

Eg har hatt store spelopplevingar. Ikkje berre med GTA. Spel som Red Dead Redemption var på eit visst tidspunkt eit skikkeleg spark i magen, og det dystopiske action-spelet The Last of Us er rein spelpoesi. Styggvakkert, rørande og intenst spennande.

Kvinnefronten gjer mykje bra for feminismen. Men å kalle alle som speler Grand Theft Auto for uetiske kvinnehatarar blir veldig usaklig. Eg kjenner meg ikkje igjen i den beskrivinga. Minner om debatten då Life of Brian blei forboden i Noreg, og få av kritikarane hadde gidda å sjå den. Best å halde seg til ting ein har greie på. Ha eit ope sinn, slik som mange av desse eldre i videoane. Du treng ikkje like Grand Theft Auto, men ikkje la din manglande kunnskap og ditt moralske snevre syn hindre andre i å like det.

Ein endå artigare video der eldre speler Grand Thefta Auto 5.

Eg betaler gjerne for NRK, men ikkje på denne måten.

Eg har eigentleg vore motstandar av å lisensfinansiere fjernsyn heilt sidan TV2 kom på marknaden i 1992. Det er mange grunnar til det, og her skal eg kort liste opp nokre av dei. 

- NRK har ikkje lenger den oppdragande allmenkringkastarrolla dei ein gong hadde.

- NRK har for lenge sidan byrja måle suksessen sin i sjåartal, noko som skal vere heilt uvesentleg for ein lisensfinansiert kanal. Dei snakkar om å "vinne" fredagskvelden, og "ta helga" frå dei andre kanalene. Dette skal ikkje bety noko for ein kanal som skal tene heile folket. 

- "Denne sendingen presenteres av..." 

- http://nrkbutikken.no/

- Kampen om tungvannet.

- NRK har fått for seg at dei skal kjøpe inn dei tåpelegaste reality-seriane frå utlandet. Og sanneleg produserer dei slikt sjølv òg, med Anno som versting. Fine kulissar og flinke statistar var ikkje hjelp i. Konseptet er problemet.

- NRK øydelegg barn si forståing av framandspråk med å dubbe både barne- og ungdomsseriar på NRKSuper. Det hjelper ikkje at dei gjer det på samtlege norske dialektar. Eg føler at ein liten bit av hjernen min døyr kvar gong eg tilfeldigvis er innom. Det er dette vi har Disney Channel til.

- Lilyhammer.

- Sport er det for mykje av. Dette høyrer heime på kanalar for spesielt interesserte, slik som nyare film høyrer heime på filmkanalar.

- NRK har aldri vist Star Trek, og har dermed frårøva oss som vaks opp på sytti- og åttitalet ein viktig del av populærkulturen. Sci-fi har i det heile tatt vore totalt ignorert. Det er faktisk folk i Noreg som ikkje veit kven Leonard Nimoy var.

- Det er noko litt fascistisk over å måtte betale for å eige ein tv-mottakar.

- DAB, sjølv om dette ikkje berre er NRK sin feil.

- At Derrick går i reprise.

- NRK påstår dei er gratis, det er dei jo ikkje, du betaler lisens, og du må betale tilknytningsavgift til signalleverandør.

- NRK (og alle dei andre) må tilpasse seg framtidas sjåarar, folk vil ikkje lenger sjå tv samtidig som alle andre. Folk vil streame, og laste ned til paddene sine og sjå når det passar. Lisensen funkar ikkje i denne samanhengen, den blir urettferdig. 

- NRK er ikkje lenger einerådande på nyheiter, det finst ein haug med kjelder som er like gode. Folk kjem ikkje til å ville benke seg framfor Dagsrevyen om nokre år. Nyheiter funker best på nett. Og NRK si dekking av nyhende er akkurat like spekulativ og prega av click-bait som alle dei andre kommersielle kanalene.

- Debattprogram er stort sett berre dårleg organisert krangling. 

- NRK viser ikkje årets viktigaste direktesending - Oscarutdelinga.

- Dei beste dokumentarfilmane går på kino.

- Lykkeland.

- Det er snart ikkje fleire stader igjen i dette landet der ingen skulle tru at nokon kunne bu. 

- Halvbroren.

- NRK bruker ca 100 millioner på å kreve inn lisensen. 

- Dei har i alle år hatt ein tendens til å ikkje vise ferdig utanlandske tv-seriar. Det held med nokre få sesongar, virkar det som dei tenkjer. I farten kjem eg på Curb your enthusiasm, Red Dwarf og The Practice. I tillegg har dei ein lei vane å flytte sendetidspunkt, sendedag og kanal når det passar dei. Det var t.d. heilt umogleg å få med seg The Sopranos på NRK.

- NRK har dubba Michael Palin og David Attenborough.

- Kvaliteten på humorprogramma til NRK har dei siste åra gått rett nedover. Dette kan sjølvsagt endre seg over tid, men eg er ikkje optimistisk. TV2 er like ille. TVNorge er faktisk for tida mykje betre! Og det har dei vore i fleire år no.

- Heimebane.

- NRK er veldig Oslofiksert. Når dei seier Sør-Norge, meiner dei Oslo. Når dei seier heile Norge, meiner dei Austlandet.

- Som observante lesarar har oppdaga har eg lista opp dramaseriar innimellom her. NRK viser særs middelmådig drama og bruker store summar på det. Eg lengta mang ein gong etter reklamepausar under tungvannet.

Men er det ingen grunnar til å ha tv-lisens, seier du? Joda, det er det.

- NRK har ein gong for lenge sidan vist filmen Withnail & I.

- NRK Hordaland.

- Fleksnes.

- Dei viser ikkje reklame. (Noko som stort sett er bra, bortsett frå når eg ser norske dramaseriar.)

- Dei har hatt opplesing av to av bøkene mine i Barnetimen og betalte meg for å høyre på.

- Barnetimen. (I alle fall då eg var liten. Det var her eg "las" bøker.) Men no er jo denne nedlagt, og mine bøker er ikkje å finne i arkivet.

- Høyrespel på laurdagen. (I alle fall då eg var liten.)

- Dei viser av og til gode filmar, sjølv om dei er gamle og ofte i reprise.

- Det meste som Harald Eia og Bård Tufte Johansen var involvert i. (Som dei har mista til TVNorge.)

- Julemorgen med Nissa og Elisabeth. (Inkludert Askepott.)

- At dei viste Poltergeist ein gong for lenge sidan og det skapte debatt.

- L.A. Law og Miami Vice.

- Dei tekstar av og til på nynorsk.

- Dei har ei oppegåande nettside, og ei nettløysing som har potensiale.

- Melodi Grand Prix.

- Og den kanskje viktigaste grunnen: Dagens blåblåblå regjering vil ha lisensen fjerna, men får det ikkje til. Og dei prøver å få NRK til å gå vekk frå nettsatsinga, noko som sjølvsagt er totalt øydeleggjande for NRK, og det er ikkje det eg vil. Slett ikkje.

Eg likar NRK.

Dei viser mykje bra. 

Dei tenkjer nytt. Som med Skam og Hurtigruten.

Eg kjem aldri til å stemme på eit parti for å få lisensen fjerna.

Det er til NRK sitt eige beste at dei går vekk frå lisensmodellen og over på ein annan betalingsmodell. Ei meir framtidsretta, nettbasert tv-løysing. Generasjonen som ikkje har noko forhold til streaming og nett og slikt er i ferd med å døy ut. Den nye generasjonen ser tv på mobilen, på pc-en og via alt anna enn tradisjonell tv-mottakar. NRK truar med å innføre éin lisens pr. husstand i staden for, slik at det blir enklare å krevje inn. Dette er ikkje vegen å gå. Det blir faktisk endå meir urettferdig.

Det er betre at NRK sjølve tar initiativet til dette, og skaffer seg frivillige sjåarar, for plutseleg får vi ei endå blåare regjering. Med fleirtal! Då er det ute med NRK. Kvar skal dei då gjere av seg? Utan ei krone.

Eg er meir tilhengar av å betale for dei kanalene eg vil ha. Det blir påstått at lisensen står sterkt, og mange synest det er greitt å betale for å sleppe reklame-tv, då bør det ikkje vere noko problem å legge om til ei anna betalingsform, eg er sikker på at mange faktisk vil betale for å få NRK sine kanalar. Utan tvang. Kanskje ikkje dei som dominerer i VG sitt kommentarfelt. Men mange andre.

Eg betaler gjerne for NRK, men eg vil ikkje betale for noko eg ikkje bruker. Og nei, det er ikkje det same som at mine skattepengar går til barneskular når eg ikkje går på skulen lenger. SKI-VM, Heimebane, Pinlige sykdommer og Melodi Grand Prix er ikkje viktig for samfunnsbygginga. Det er underhaldning, eller for meg er i alle fall Melodi Grand Prix underhaldning, dei andre døma kan eg klare meg uten. Så kvifor må eg betale for dei? Det hamonerer ikkje med rettferdssansen min.

Våren 2019 kom omlegginga, frå lisens til NRK-skatt, der inntekta bestemmer kor mykje du skal betale. For ektepar/sambuarar med over 350 000 kvar i lønn blir det dyrare enn før, men for dei som tener mindre kostar NRK ingenting. Du må framleis betale for noko du ikkje nødvendigvis bruker, og med denne skatten må ALLE betale, sjølv om dei ikkje eig fjernsynsmottakar. Det er framleis tvang involvert, berre betre skjult på skattesetelen. Ikkje ei god løysing.

NRK har ein viktig tv- og kulturhistorisk plass i det norske samfunnet, og det er sjølvsagt at dei må delfinansierast via statsbudsjettet, og via kanalpakken du velger å abonnere på. Dei blåblåblåbrune klarer ikkje å fjerne NRK meir enn dei klarer å sparke Krekar ut av landet. Eller å få Sylvi Listhaug, Per Sandberg, Tor Mikkel Wara m/fam. til å oppføre seg.

NRK får kanskje ikkje inn fem milliardar på denne måten, men så kan dei kutte ut nokre av dei meiningslause sportssendingane dei plager oss med. Kanskje dei til og med kan la ungane få høyre originalspråket på NRKSuper?

Bokmelding "Snatch" av Tor Arve Røssland

Eg held fram med denne sjølvutleverande eigenmeldinga, no er det årets siste utgjeving, "Snatch", som skal under lupen.

Snatch handlar om gutane Henrik og Martin om bestemmer seg for å kidnappe rikmannsdottera Henriette, for å kreve løysepengar for henne. Oppe i hovuda deira virkar dette som ein enkel plan, dei snatcher jenta, gøymer henne på ein avsidesliggande gard nokre dagar og innkasserer ti millionar raske kroner. Men det meste går sjølvsagt gale. Jenta skader seg, Henrik sin bror (som eig garden) dukkar opp, og Martin viser seg å vere ein særs ustabil partner-in-crime. Slutten og korleis dei heile går med jenta og gutane skal eg ikkje røpe, men dette er heilt klart ei bok med moralske utfordringar. 

Boka er utgitt i Mangschou sin serie Skumring, og den er skriven i ein lettlest stil. Akkurat som Røssland si førre bok i same serien; Gamer. Denne gongen har forfattaren tatt steget bort frå det populære spelmediet som var hovudtema i Gamer, og fortel ei meir rett fram krimhistorie, med mykje spenning, både på det ytre og indre plan. Henrik, som må seiast å vere hovudperson, utfører ikkje denne kidnappinga heilt utan kvaler. Men med ei syster som han ynskjer å få bort frå den alkoholiserte mora, blir freistinga for stor. Kva om han kan skaffe seg ei leilegheit der systara kan bu dei siste åra før ho blir myndig? Han vil ikkje kaste henne inn i forsterfamiliar. Han vil hjelpe henne. Martin sine motiv er mindre noble, akkurat som Martin sjølv. 

Forfattaren har jobba mykje med truverdet rundt sjølve kidnappinga. Kva ville han sjølv ha gjort viss han skulle kidnappe ein tolvåring? Korleis utføre sjølve kidnappinga? Korleis sende brev om løysepengar? Osv. Røssland innrømmer at han måtte tenkje litt som ein forbrytar for å få dette til. Han måtte planlegge i detalj for at dette skulle funke i boka. Største forskjellen på han sjølv om kidnapparane i boka er at Røssland òg såg for seg alle dei eventuelle problema som kunne dukke opp, både dei praktiske og moralske. Henrik og Martin oppdager desse utfordringane undervegs.

Boka ynskjer ikkje å vere ein moralsk peikefinger. Forfattaren antar at lesaren veit at dette er ei avskyeleg handling, men han stiller likevel spørsmålet: Kor langt er du villig til å få for å hjelpe ein du er glad i? Henrik er villig til å gå mykje lenger enn dei aller, aller fleste. Martin derimot gjer dette kun for seg sjølv.

Boka er kjapp i stilen, med korte setningar og mykje spenning og action. Du les den ut på ein kveld, og du kjem sikkert til å måpe litt over slutten. Den kom som ei overrasking, også på forfattaren.

2014 - oppsummert

På tide med ei lita oppsummering av året. Tilfeldighetane ville ha det til at eg i år har gitt ut heile tre bøker, endå meir tilfeldig at alle tre er på sidemål. Har desse bøkene satt nokre spor etter seg? Eit enkelt internettsøk avslører sanninga.

Den første boka eg gav ut kom tidleg på året, allereie i februar. Den var rett og slett eit bestillingsverk frå Egmont Kids, som skulle starte ein bokserie for ungdom med namnet GRUSOM. Eg hadde allereie ei halvferdig bok liggande som eg ikkje visste kva eg skulle gjere med, den var litt for ekstrem, tenkte eg. Men Egmont likte den, og redaktør Heidi Sævareid og eg sat i gong eit intensivt samarbeid for å få boka ferdig. Eg blei godt fornøgd med resultatet, sjølv om eg skulle ynskje den blei marknadsført tyngre.

Boka hadde namnet En smak av Zommer og fekk nokre få bokmeldingar på nett og i avis. Tulleruska`s World meinte boka var eit slags The Walking Dead i bokform. Den likte eg. Dagsavisen skreiv at boka hadde både tone og overskot i tema og språk, dei meinte det heile var ubetaleleg og at hovudpersonen Max utstrålte ein sindig bygde-kulhet då katastrofen ramma. Og Byavisa Drammen skreiv at boka var eit heidundrande og blodsprutande festmåltid marinert i hjernemasse. Mistenker at det er Stig Elvis Furset som står bak denne. Magasinet påstår rett og slett at eg meistrar sjangeren skrekk for ungdom. Sjølv omtalte eg boka som ei blanding av Vi på Saltkråkan og Braindead. Alle hadde sjølvsagt rett. Boka var festleg å skrive og eg ser tilbake på den med eit ironisk flir. Det var kjekt å utrydde heile Bømlo i ein zombie-apokalypse. Eg gjer det gjerne igjen.

Neste bok ut var eit langt meir ambisiøst prosjekt for min del. Den dystopiske ungdomsboka Soledad. Eg kontakta Aschehoug forlag fleire år før eg gav den ut, og spurte om dei var interessert. Det var dei, og prosessen med å redigere og omskrive boka byrja straks eg var ferdig med siste boka i serien om Svarte-Mathilda. Det var enormt spennande for meg å skrive Soledad, det var utforsking av ein sjanger eg alltid har vore fascinert over, eg hugsar framleis inntrykket som filmen The Day After gjorde i tenåra, om etterdønningane etter eit atom-angrep. Vi som vaks opp under avslutninga av den kalde krigen har mange slike godbitar i minnet. Fascinasjonen over å vere heilt åleine igjen på jorda var utgangspunktet for Soledad. Gjennom å høyre musikk frå tenåra og å spele Playstationspel som The Last of Us tok samfunnet og karakterane i Soledad form. Men det heile starta med eit besøk på den fascinerande og vêrharde rogalandsøya Utsira.

Sjølvsagt kunne Soledad hatt blitt meir synleg, og vore på toppen av alle salslister, men eg er blitt vane med å ikkje finne meg sjølv i bokhandlarane. Det er irriterande, men vanleg. Boka fekk uansett nokre fine omtaler. Og det var kanskje Ahmed Khaatab på barnebokkritikk.no som verkeleg skjøna boka: "Tor Arve Røssland er flink til å veksle rytmisk mellom rolige partier og mer intense situasjoner. Språket er troverdig, spesielt skinner Soledads mistenksomhet gjennom i språket på en måte som er tydelig, men uten å være full av klisjeer.

Samtidig er romanen tydelig i sin oppvurdering av det frie individet utenfor de nye småsamfunnene. Soledad sparker i flere retninger. I den finnes en markert kritikk av dagens passive miljøpolitikk, i tillegg tegner Røssland et dystert fremtidsbilde av menneskets evne til å skape siviliserte samfunn."

Tulleruska skreiv at boka var eit godt tilskot til dystopiane, og Anniken Thorsen på Deichmanske sin blogg sa at sterke, modige Soledad gjorde inntrykk på henne. Bergens Tidende hadde derimot ikkje gjort heimeleksa si og påstod at Soledad er første boka i ein trilogi, noko eg aldri har sagt, eg har faktisk understreka det motsette, at dette er ei enkeltståande bok og skal det skrivast oppfylgjar må det kome som ein folkekrav, og Kongen må be om det i nyttårstalen sin.

Bjørn Gabrielsen i Dagens Næringsliv hadde også fanga opp eit anna poeng som ingen andre hadde fått med seg. Korleis kvinner blir undertrykt i mitt tenkte framtidssamfunn, der sterke menn får herje fritt.

Soledad er eit angrep på ein passiv miljøpolitikk, og ja, den er pessimistisk når det gjeld menneske si evne til å skape siviliserte samfunn. Viss ikkje grep blir tatt vil både befolkningsvekst og miljøet til slutt vere vår undergang. Eller ikkje vår, men dei andre, sjølvsagt. Vi her i Noreg er for grådige og proteksjonistiske til at vi lar det skje med oss.

Det er faktisk på Uprisen.no at boka har fått mest merksemd, og det er utruleg artig å lese ungdommane sine eigne omtaler. Ungdom likar handling og action og dei hater dødtid i bøker. Derfor er det mange som meiner at boka starter litt treigt. Dei fleste kjem fort inn i handlinga, likevel, og dei synest den er ekstremt spennande. Nokre misliker den opne slutten, og at dei ikkje får forklaring på alt. Mens andre igjen har tatt poenget: "Jeg har hørt flere som sier at de etter å ha lest boka, har en del spørsmål de ikke har fått svar på, og at de ikke liker bokas åpne slutt. Personlig er jeg uenig i dette. Jeg føler dette gir leseren en mulighet til å tenke selv hvordan ting henger sammen, og hva som skjer etter siste side. Terningkast 6!"

Boka skal ikkje gi alle svar. Heile handlinga er sett frå Soledad sin synsvinkel, og denne synsvinkelen var viktig for meg. Dermed ville det vere heilt unaturleg at ho i den settinga ville finne svar på alt ho lurte på, utan at det hadde virka påklistra og overforklarande. Eg har alle svara oppi hovudet mitt, men dei deler eg ikkje med nokon, med mindre Kongen grip inn, sjølvsagt.

Boka stiller spørsmål, og lesaren skal finne svara sjølv. Og du finn svara i boka om du leiter, Soledad er inne på det undervegs, men ho kan sjølvsagt ikkje vere sikker på kva som står bak katastrofen som har ramma verda.

Siste boka eg gav ut var thrilleren Snatch, i serien Skumring på Mangschou forlag. Eit lite bergensbasert forlag som gir ut massevis av gode bøker for barn og ungdom. Dette var andre boka mi i denne serien, der den første var Gamer (2011). Snach handlar om to ungdommar som kidnappar ei rik jente i Bergen, for å krevje løysepengar for henne. Eg kan godt vere den første som seier det: Dette er ei umoralsk bok. Eg skal ikkje røpe slutten, men ei barnekidnapping er i utgangspunktet tvilsamt, det ser til og med eg. Men eg likar historier om forbrytarar og halvkriminelle. Det er kjekt å heie på dei som er på skuggesida av samfunnet.

Boka har fått litt merksemd på bokbloggar, men aviser og større nettstader skriv ikkje om lettleste ungdomsbøker. Bloggarane meinte den var actionfylt med sugande ekkel spenning, og med ein overraskande slutt. Også på Uprisen.no har den fått nokre omtaler. Nokre synest den fortel ei orginal historie, nokre synest den er for kort, mens enkelte meiner den er kjempespennande.

Det blir ikkje tre bøker til neste år. Kanskje berre éi. Men den blir til gjengjeld på nynorsk. Det kan eg love.

 

 

Å jobbe med fleire bøker samstundes

Dei siste åra har eg jobba med fleire bokprosjekt parallelt. Bøkene om Svarte-Mathilda, Gamer, Soledad, En smak av Zommer og boka som kjem til hausten; Snatch, vart alle skrivne på same tida. Sjølvsagt litt fram og tilbake, men eg klarer ikkje å konsentrere meg om berre éin tekst om gongen.

Eg hadde eigentleg bestemt for å berre skrive éi bok no i haust. Men slik blir det nok ikkje. Eg har sagt ja til å skrive ein lettlest fantasyserie for barn, ein skitskummel grøssar for ungdom og ei forferdeleg dyster ungdomsbok om nær framtid. Men ikkje ein einaste oppfølgar i sikte - berre nye, ferske historier som eg gler meg til å byrje med. Og denne veka har eg byrja i ein ende, nemlig skitskummel grøssar for ungdom. Tenkjer at eg skriv eit førstutkast og lar det ligge mens eg hopper over på fantasyen for dei minste.

Og heile tida ligg dei store romanane og ventar på å bli ferdigskrivne. 

Sjølvmelding får merksemd

For om lag eit år sidan bestemte eg meg for å skrive anmeldelsar av mine eigne bøker, mest som eit slags stunt, sjølvsagt, men også eit bittert stikk til aviser og media som sjeldan eller aldri tar seg bryet med å anmelde norske barne- og ungdomsbøker. Og i alle fall ikkje nynorske bøker! Anmeldelsane eg skriv er partiske og uhøgtidelege, ikkje meint å kunne retteleie ein kritisk lesar, men eit innblikk i kva eg har tenkt med akkurat den boka. I tillegg sit eg jo på informasjon som ein vanleg avisanmeldar ikkje har tilgong på. 

I går la ut den nyaste anmeldelsen på Facebook, dette fekk forfattarkollega Tom Egeland auge på, og vips blei det litt oppstuss rundt det heile. I dag skriv nettstaden BOK365 om sjølvmeldinga. Eg kan berre håpe at det ballar på seg, og at nokon til og med kjøper boka etter dette?

Boka er Soledad, som kom ut på Aschehoug tidlegare i vår, og den har i motsetnad til mine tidlegare bøker, faktisk fått eit par anmeldelsar. Men det er langt igjen til eg er laurdagsgjest i Dagsrevyen.

Les oppslaget på BOK365 her.

Skrekkslagne ungar

Eg har reist mykje rundt i skuleverket og fortalt om bokserien Svarte-Mathilda. Eg fortel om korleis boka blei til, viser nokre bilete og les frå boka. Men aller først fortel eg om vandrehistorier, eller urban legends, som det heiter på engelsk. Og korleis ideen til bøkene kom frå nettopp ei Bloody Mary-liknade vandrehistorie, der den spøkelsesliknande jenta Svarte-Mathilda kjem ut av speilet om du seier namnet hennar sju gonger. Alt dette gjer eg i eit mørkt rom, der berre eg og lerretet er opplyst. Dette lager ei ekstra skummel ramme rundt.

Eg har lese og fortalt om dette hovudsakleg til elevar på mellomtrinnet, altså klassetrinna 5-7. Av og til hender det at barna blir redde. Det har hendt at dei har sprunge grinande ut av rommet. Det har hendt at eg har fått klager frå rektor etterpå, at foreldra har tatt kontakt fordi ungane ikkje får sove. Den verste eg fekk var kanskje frå ei jente i Hordaland. Storesystera hennar sendte med denne meldinga: 

"Jeg hører fra min lillesøster at du har skrevet noen bøker om Svarte Mathilda, hun er så redd at hun har flyttet inn på rommet til foreldrene og hun tør ikke å være på badet. Hun er redd Svarte Mathilda skal komme igjennom speilet å ta henne og at hun skal bli fristet til å si navnet hennes til speilet."

Eg skal innrømme at den gjorde inntrykk. Dette var ei jente i sjetteklasse, der eg hadde vore på besøk på skulen hennar, og faktisk snakka litt med henne på førehand. Eg har jo ikkje lyst å skremme vetet av dei! Det er sjølvsagt plagsomt å gå med mareritt lenge etter noko slikt. 

Men samsundes så tenkjer eg at dei andre 99.99 % av ungane frydar seg og synest dette er spennande og dei kan ikkje få nok. Dei som elskar det mystiske, det spennande og det grufulle og som ikkje bryr seg om at dei får mareritt. Dei som rett etter mitt besøk spring på biblioteket og låner bøkene, eller aller helst; kjøper dei! For til sjuande og sist er det dette det dreier seg om: Eg vil få ungar til å lese bøker, aller helst mine bøker, sjølvsagt. Men samme det, berre dei les. 

The Slender Man var ikkje til stades då bilete blei tattDet har vore litt snakk om The Slender Man i det siste, og korleis denne oppdikta, skumle barnemordaren visstnok har inspirerte unge jenter til drapsforsøk. Det blir for lettvint. Då eg tok hovudfag i filmvitenskap på slutten av 1990-talet så forska eg på debatten kring filmsensur i Norge på nittitalet. Og det dukkar opp mediepanikkar med jamne mellomrom. Meir eller mindre seriøse samfunnsdebattantar som meiner mykje om både vald i litteratur, film og spel. Og som er heilt sikre på at dei som speler t.d. spel som Grand Theft Auto eller Call of Duty blir massemordarar i det verkelege liv. Var det slik at Sim City førte til ein boom av byplanlegging blant folk? Nei, sjølvsagt ikkje. Det blir ei litt for lettvint samanlikning. 

Mi erfaring etter å ha snakka med snart 15000 barn (10-12 år) om både vandrehistorier, spøkelser og dataspel, er at dei er særs flinke til å skilje mellom fiksjon og virkelighet. Sjølvsagt vil dette variere, og enkelte moralske voktarar vil aldri like at vald finst i fiksjonen. Men hovudtrenden er at barna skjønar forskjellen mykje tidlegare enn det mange trur. Eg meiner ikkje at vi skal ha eit fullstendig frislepp av alt for alle, men ei bevisstgjering rundt det faktum at det er mange faktorar som gjer eit menneske valdeleg. Eg spør ofte kva filmar dei ser og kva spel dei speler, og svara eg får er ofte noko slik: Fritt vilt, Død snø, Saw, The Walking Dead osv. Når det gjeld spel: Call of Duty, Grand Theft Auto og sjølvsagt; Minecraft. Hadde alle blitt påvirka av dette, så hadde norske skuleplassar sett veldig annleis ut.

Bokmelding "Soledad" av Tor Arve Røssland

Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: "Forfattar trillar terning på seg sjølv." Denne gongen den dystopiske "Soledad".

Kva har kanadisk progrock og Utsira til felles? Les vidare og finn det ut. 

Denne boka går rett på sak. Før vi i det heile tatt blir kjent med hovudpersonen får vi vite at ho er heilt åleine på den forblåste øya Utsira, utanfor rogalandskysten. Eit lite tilbakeblikk fortel oss at Soledad var komen til øya saman med den spanske kunstnarfaren sin, og at ho eigentleg trivst godt på ferie ute i havgapet.

Men raskt blir lesaren kasta ut i einsemda. Alle menneska på øya er borte, og eit vanvittig uvêr går til angrep på alt som rører seg inne på fastlandet. Vi får eit hint tidleg om at det er fleire overlevande, blant anna ei gamal hjelpelaus kvinne frå eldresenteret, og eit helikopter som ser ut som det skal kome og redde Soledad - berre for å bli truffen av lynet og synke i havet.

Soledad blir verande åleine vinteren over, og vi må kjenne på angst og desperat tvil hos den unge jenta. Kva har skjedd og kor er alle saman? Då plyndrarar frå fastlandet tar all maten hennar står ho i tillegg i fare for å svelte i hjel. Ho kjem seg over til fastlandet og møter ulike samfunnsstrukturar der inne. Berre for å sjå det eine systemet etter det andre spele fallitt. Menneska kan ikkje lenger leve slik dei gjorde før katastrofen. Og kva var så denne katastrofen? Røssland viser oss ei særs dyster framtid for menneslekta. Vi kan berre gløyme alt vi har av moderne hjelpemiddel, og alt som blir driven av bensin eller straum. Vi blir kasta tilbake til tida før den industrielle revolusjon, og Moder Jord passer på at vi held oss der. 

Soledad er ein sterk hovudperson. Ho våger å gjere det som gjerast må, og ho handlar ut frå kjenslene og det som ho meiner er rett. Men ho er og ein av dei få som innser kva grusom hemn naturen har planlagt for oss menneske, og eit snev av kynisme kjem også inn i henne. Forfattaren lar ho vere helten, men av og til treng til og med ein helt hjelp. Denne balansegongen mellom Soledad og guten Asle gir boka ein styrke.

Dette er først og fremst ei intens spenningsbok, som i tillegg har ein klår og tydeleg bodskap: vi må passe på jorda vår, det er den einaste vi har. Ein filosofi som ikkje overskuggar handlinga, forholdet ho etter kvart får til guten Asle eller dei spennande situasjonane ho hamnar i, men bodskapen ligg og ulmar i bakgrunnen som ei ubehageleg sanning.

Forfattaren har røpt at boka er delvis inspirert av hans eigne misforståingar av tekstane til rockebandet SAGA, spesielt songane i den meir eller mindre ukjente Chapter-serien, der dei song om den unge Albert Einstein. Denne Einstein-koblinga hadde ikkje Røssland fått med seg og han tolka tekstane litt vel post-apokalyptisk. Då han i tillegg var på tur til Utsira og opplevde einsemda og dei folketomme vegane, var ideen planta i hovudet hans.

Nokre har fått det for seg at dette skal vere første boka i ein trilogi, noko forfattaren sjølv nektar på. Med mindre folk går mann av huse og handlar inn førsteboka, då, vel og merke. Så kynisk har han blitt denne vestlendingen, som nok ein gong syndar og nyttar sidemålet for å tekkast lesaren, og si eiga lommebok. 

Soledad hamnar fint inn i trenden av dystopiske ungdomsbøker som prøver å fortelje oss noko. Den er spennande, intens og smertefull, og den fell ikkje for freistinga å bable i veg i hundrevis av sider om dei "fascinerande framtidssamfunna", slik så mange bøker som sklir ut i både tre og fire bind, der forfattararane gløymer at det er mennesket som skal vere i sentrum, og ikkje endelause beskrivingar av dei nye strukturane som held saman verda. Boka er kort, og kan opplevast som ein film. Det gjer vondt for oss menneske når vi må sjå oss sjølve i spegelen på denne måten. Held vi fram slik vi gjer no, vil det ikkje vere nok plass til oss på denne jorda. Nokon må gå. Og dei som blir igjen blir kyniske undertrykkarar.

Uprisen

Thomas Enger stakk av med Uprisen for boka Den onde arven, rett framfor nasen på meg og Svarte-Mathilda III. Eg skjønar eigentleg godt at ungdommane som skulle kåre vinnaren synest at Svarte-Mathilda III var ei litt vanskeleg bok å forholde seg til. Den er ikkje ei frittståande bok, men avslutninga på ein serie der alt heng saman i ei lang historie. Men akkurat som forrige gongen eg var nominert, så var det veldig kjekt å delta under festivalen. Gøy å møte juryklassanene og kjekt å bli kjent med dei andre nominerte som var til stades, kanskje spesielt Marte Aune (som eg også var på quizlag saman med under barne- og ungdomsbokquizzen). Ho er ein ung debutant som vi kjem til å høyre meir frå. Det er eg sikker på.

Ingen Upris på meg i år heller, kanskje neste år? 

Svarte-Mathilda III er nominert til Uprisen!

Akkurat som den første boka, er no den tredje boka i serien om Svarte-Mathilda nominert til Uprisen! Dette er prisen som blir delt ut av ungdommen sjølv, etter hundrevis av omtaler av alle ungdomsbøker som er gitt ut i 2013.

Svarte-Mathilda III er den siste boka i serien, og det kjennes godt at lesarane har tatt så godt i mot den som dette. Sjølv om media og forståsegpåarar ikkje gir den merksemd i det heile tatt, så viser det at den likevel når fram til ungdommen! 

Prisen blir delt ut av Foreningen !les og Litteraturfestivalen på Lillehammer. Kven som vinn Uprisen blir avgjort 22. mai, sjølvsagt på Lillehammer. 

Her kan du lese kva ungdommen synest om boka.

Her kan du lese korleis det gjekk førre gongen eg var nominert.

Bokmelding: "En smak av Zommer" av Tor Arve Røssland

Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: "Forfattar trillar terning på seg sjølv." Forfattaren granskar si eiga splatterbok "En smak av zommer".

Zombiar inntar Zvortland

Ein vakker sommardag i det idylliske øyriket Bømlo på Vestlandet er Max på veg til sommarjobb. I all hemmelighet for mor si har han fått jobb i dei nyopna gullgruvene, der den eksentriske amerikanske gullgravaren Savini er sikker på å bli både rik og berømt. Nede i dei mørke gruvegongane skjer det noko, og Savini kjem ut med eit mystisk bitemerke på ryggen og eit rykande temperament.

Max har sitt å slite med, både skuldkjensla for faren sin tragiske klatredød, og ikkje minst: korleis skal han skal vinne draumejenta Sofie? Akkurat når alt ser ut til å gå bra, blir øya overstrømd med zombiar! Og Max har meir enn nok strev med å halde seg i live, og å finne igjen Sofie som sjølvsagt befinn seg milevis unna. 

Røssland har på fiffig vis fortalt deler av historia gjennom mystiske avhøyr, der ein hemmelighetsfull agent grillar folk som har meir eller mindre tilknytning til hovudpersonen Max, og gradvis blir vi klar over ein farleg konspirasjon bak det heile - eller ikkje? Dette er noko av det vi skal gruble over.

Boka er både heseblesande spannende og herleg leikande. Den nye GRUSOM-serien til Egmont har gitt forfattaren sjansen til å boltre seg i både vald, satirisk humor og kanskje litt meir karikerte karakterar enn han vanlegvis ville gjort. Dette er hemningslaust kommersielt og blodig underhaldande i skjærgarden - Braindead møter Vi på Saltkråkan, med eit snev av World War Z. Røssland lover fleire bøker i denne serien av frittståande bøker, om dette skulle vise seg å bli populært.

Røssland kan sin horror, og her er det referansar til både klassiske zombiefilmar av George Romero og nyare boksuksessar som The Zombie Survival Guide av Max Brooks. Sanneleg dukkar det opp ein del veldig lokale parodiar òg, men dette ville ikkje forfattaren utbrodere vidare.

Boka er skriven på sidemål, altså eit konservativt og fintflytande bokmål. Vi som kjenner dialektane på Vestlandet får berre innbille oss at dei snakkar flytande bømladialekt i denne boka, så går heile sidemålsproblematikken fort over. Her flyt både blod og kroppsdeler, mens vi heier på helten Max, og kjærasten Sofie. Men kan menneska reddast frå denne apokalypsen?

Soledad

Eg sit her med den aller siste finpussen på det som skal bli bok i laupet av våren. Den postapokalyptiske thilleren Soledad. Eg måtte rett og slett ha ein liten pause frå manuset og blogge litt.

Boka har endra seg ein del dei siste rundane, og det er alltid skummelt, men samtidig så ser eg at det stadig blir betre og betre. Og hovudhandlinga blir ikkje endra på noko som helst vis. Ein del småkarakterar må finna seg i å bli drept, eller i verste fall: bli skrivne ut av boka! Andre endrar litt rolle, og nokre må finne seg i å miste nokre replikkar. Slik er det berre i redigeringsfasen. Boka blir kortare, og betre.

Det er vel ikkje noko poeng i å halde det skjult lenger. Dette er ei bok med eit tema og til og med ein bodskap.  Det var ikkje slik det heile begynte, men tematikken har liksom kome snikande mens eg skreiv. Den er ikkje overtydeleg og pedagogisk, langt i frå, men eg trur det blir rett å kalle boka ein miljøthriller frå no av. Menneskeskapte klimaendringar går heilt amok, og vesle Soledad er fanga midt i elendigheita. Eller ikkje akkurat midt i, ho er fanga på øya Utsira utanfor Haugesund. 

Først og fremst er dette ei spenningsbok for barn og ungdom, men det skadar ikkje om dei tenkjer over forbrukarsamfunnet og miljøet når dei er ferdige med å lese.

Hype!

Er det ikkje snart på tide å begynne med førehandshype av den neste ungdomsboka mi? Eg trur det. Den har allereie blitt nemnt i fleire avisartiklar, og elevar har begynt å spørje meg om lanseringsdato når eg er på skulebesøk. Boka, med den i utgangspunktet hyggelege tittelen En smak av sommer, går føre seg på Bømlo. Eit nydeleg øyrike på kysten av Vestlandet. Ikkje langt frå Stord, Sveio og Austevoll. Kjem du frå Bergen er det ein liten ferjetur, etterfulgt av ein køyretur over Stord, over nokre bruer og så er du der.

Bømlo er ein langstrakt kommune der eg har vore fleire gonger, eg har vore på musikal på Moster, i gullgruveområdet på Lykling og på fyrbesøk på Slåtterøy. Tenk om denne perla blei invadert av zombiar? Tenk om menneske som framstår så uskuldige som Knut Arild Hareide plutseleg vart forandra til eit menneskeetande monster! Det skulle ikkje meir til for meg. Det var inspirasjon nok i massevis. 

Hovudpersonen i boka er sekstenårige Max som totalt utan skuld (!) hamnar midt oppi dette. Men for han dreier det seg om meir enn berre å redde livet, han må finne kjærasten som sjølvsagt befinn seg på ein annan kant av øya då det heile startar. I tillegg må han hanskast med ei nyfrelst mor, ein konspirasjonsteoretikar og den amerikanske gullgravaren Savini. Og sjølvsagt eit relativt høgt antal zombiar, i alle fall i forhold til folketalet på Bømlo.

Gløymte eg å nemne tittelen? En smak av Zommer. For dei elles så snille bømlingane tar verkeleg ein god jafs både av naboar, båtturistar og lokalpolitikarar i denne blodige men også morosame boka. Og det er slett ingen garanti at du forblir vegetarianar når du vaknar opp som ein vandød, sjølv om du var aldri så vegetarsk i levande live. Opprinneleg leika eg med tanken på å bruke tittelen "Zvortland", men det blei for lokalt og framand for lesaren.

Eg har lenge hatt lyst til å skrive ei zombiebok, og forlaget Egmont Kids Media Nordic har gitt meg lov til det. Inspirasjonen har kome frå både bøker og filmar, og skarpe lesarar vil finne referansar til bøker som World War Z og The Zombie Survival Guide, og sjølvsagt til filmar som The Night of the Living Dead og den beste av dei alle: Shaun of the Dead. Og sjølv om eg likar tv-serien The Walking Dead, så er nok ikkje mi bok fullt så dyster.

Eg håper og trur at boka er både spennande og morosam, eg hadde det i alle fall veldig morosamt under skrivinga. Eg har sett skisser av førebels omslagsillustrasjonar, og eg gler meg til å leggje ut den ferdige framsida når det nærmar seg utgjeving. Siste eg høyrte var at boka skulle ut i januar 2014.

Bokmelding: "Svarte-Mathilda III" av Tor Arve Røssland

Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: "Forfattar trillar terning på seg sjølv." Endeleg er turen komen til avslutninga i serien. "Svarte-Mathilda III" frå 2013.

Etter to skremmande bøker i serien, har Røssland verkeleg fått boltra seg i avslutninga. Tråden blir direkte tatt opp frå bok nummer 2, og hovudpersonen Elisabeth har hamna i Venezia saman med venninna Gry. Og no er det dei som jaktar på Svarte-Mathilda. Eller er det framleis dei som blir jakta på?

Også denne gongen er det ei parallellhistorie frå gamle dagar, og denne gongen er vi på 1500-talet, også i Venezia, hos brørne Dario og Giovanni del Gallo, som arbeidde som spegelmakarar. Venezia var i ein særs turbulent periode, og det blei ikkje betre av at ein barnemordar luska langs kanalane. Denne historia frå 1500-talet verkar gjennomarbeidd med eit truverdig tidsbilete, og levande karakterar som tilfører sagaen om Svarte-Mathilda tyngde og orginalitet. Sjølvsagt vil enkelte lesarar bli skuffa når mykje blir avslørt, det vil aldri passe inn i korleis ein såg for seg avslutninga. Det er noko av det negative med denne sjangeren. Men noko av det positive er at slike sagaer eigentleg aldri sluttar, sjølv om forfattaren har sett punktum, så lev (eller døyr) karakterane vidare.

Elisabeth får sitt oppgjer med Svarte-Mathilda, sjølv om prisen ho har betalt gjennom desse tre bøkene er enormt høg. Denne tredje boka er lengre, mørkare og skumlare enn dei to første. Noko av mystikken blir avslørt, men ny mystikk blir tilført. 

Bokmelding av "Svarte-Mathilda II" av Tor Arve Røssland

Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: "Forfattar trillar terning på seg sjølv." Turen er komen til grøssaren "Svarte-Mathilda II" frå 2011.

Det er ikkje lett å skrive oppfylgjarar til bøker som har gjort suksess, men Tor Arve Røssland følte han måtte gjere ferdig historia om Svarte-Mathilda. Han har uttalt at han gjorde litt slik som George Lucas gjorde med Star Wars-filmane, han fann på heile historia, og så laga han den midtarste delen først. Det er altså midtpartiet vi kunne lese i den første boka.

I denne andre boka begynner det brutalt og brått, der ein av hovudpersonane frå bok nummer 1 døyr heilt plutseleg. Elisabeth, som no er blitt femten, får ikkje vite dette før eit godt stykke ut i boka. Ho er på språkreise til Italia saman med venninna si Gry. Dei bur i eit stort herskapshus utanfor Verona, eit hus som har sine eigne overnaturleger utfordringar.

Samstundes blir vi kjent med Sivert, ein liten gut frå ein røvarfamilie som kjem over den heimsøkte spegelen vi fekk vite så altfor lite om i bok nummer 1. Han blir gradvis forheksa av Svarte-Mathilda som gøymer seg i spegelen, og lesaren får nokre hint om kva vondskap som gøymer seg der inne. Nok ein gong er vi tilbake til Hardanger og 1800-talet.

Svarte-Mathilda II sluttar eigentleg ikkje, den er ei mellombok, og nok ein gong kjem det ei Star Wars samanlikning. Den er litt som Star Wars - Episode V - The Empire Strikes back. Ei ventebok, ei mellombok, der mange av bitane blir lagt på bordet, men dei blir ikkje pusla saman. Litt utilfredsstillande, kanskje, men det byggjer seg jo opp til den suverene Return of the Jedi, den beste filmen i serien.

Svarte-Mathilda II har det same enkle nynorske språket, med god flyt og driv. Redselsfullt er det, men noko av sjokkeffekten frå første boka er ikkje der. Men det er likevel nok av mystikk og skrømt til å skremme mangt eit barn.