Den moralske panikken er slett ikkje død

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å kommentere denne saka. Men så fann eg ut at dette er jo faktisk noko eg har studert på universitetet. Eg har utdanning, og kan dermed uttale meg! Eg har kanskje ikkje studert det filmtekniske bak klipp, regi, form og farge, men eg har vore filmfreak sidan eg var ti år gammal, har sete i to filmklubbstyre, skrive ein drøss med filmanmeldelsar og eg skreiv til og med hovudfagsoppgåve i filmvitenskap om nettopp debatten i norske medier, debatten om videovald. Eg gravde med ned i avisarkiv og las alt eg fann av artiklar og kronikkar for og i mot vald som underhaldning. Og kronikken som blei publisert nylig føyer seg fint inn i rekka av synsing, skriven av moralistar som eigentleg ikkje har sett seg inn i saka. Litt sånn som når nokre prestar klarte å forby Life of Brian utan å ha sett filmen.

Men lat oss spole tilbake. Det byrja med kronikkforfattar Terje Dragseth som meinte at alle som såg vald og seksualisert vald i t.d. Game of thrones og Westworld fantaserte om å gjere det same sjølv. Han kom veldig skeivt ut, synest eg: "HBOs avsluttede verdensomspennende suksess Game of Thrones var neppe blitt denne suksessen uten softporno og vold mot kvinner." Huff, då. Eg skjøna kva veg dette kom til å gå. Ikkje berre mangla han faktakunnskap, sidan Game of Thrones ikkje er avslutta, men han kjem med ein ubegrunna, laus påstand i tillegg. Den vidare argumenteringa hans minner meg svært mykje om moralistane eg las meg gjennom då eg skreiv hovudfagsoppgåva mi, med dette sitatet som eit av mange høgdepunkt:

«Jeg har sett TV-1000 uten sladd i Sverige. Jeg hadde ingen anelse om at det gikk an å se så langt inn i endetarmen på folk, sa Mona Høiness. KrF-leder Valgerd Svarstad Haugland nikket bekreftende.» (Dagbladet, 25.7.97)

Ja, den var kanskje litt flåsete, men eg kunne ikkje dy meg. Men kronikkforfattaren føyer seg som sagt fint inn i rekka av skråsikre moralistar vi har sett så mange gonger før. Her er berre nokre få døme:

«TV-volden skader og skremmer barna. Det kan enhver registrere.» (Sarpen, Sarpsborg, 17.8.90)

«Vi kan allerede merke at vi er på vei mot et mer aggressivt samfunn, antageligvis sterkt påvirket av det TV-skjermen viser oss. Men at råhet og vold i dagliglivet kan bli en følge av all TV-volden er det vel liten tvil om.» (Tromsø, 18.8.90)

«Målet er å holde på din oppmerksomhet. Få deg til å glemme å gjøre lekser, og heller spise potetgull.» («Men det jo bare film», Statens filmsentral, 1991)

«Gjerningsmannen var åpenbart påvirket av voldsporno.» (Vårt Land, 4.1.90)

Dette er berre eit ørlite knippe sitat, og eg trur ikkje kronikkforfattaren klarer å skape den moralske panikken han ynskjer. Det er heldigvis mange som har talt han imot. Også i dei store avisene.

Kronikkforfattaren gøymer seg bak sitt syn på feminisme når han driv ein kamp mot valden, for som han seier til Dagbladet: "Denne dramaturgien er gjennomtenkt og kan brukes til å fremme et budskap. Dette vet vi. Det er en grunn til at reklame er så utbredt i hele den vestlige verden. Det fungerer! Vi tror vi har et intellektuelt beredskap intakt, men seriene ses av millioner over hele den vestlige verden, og vi må kunne diskutere grenseløs vold og hvorfor vold er så viktig å formidle. Vold som underholdning byr meg imot!"

Kunne han ikkje berre sagt det med det same? Han likar ikkje vald. Det er heilt greit, det. Men trur han verkeleg på sin eigen konspirasjonsteorie om at det er eit "gjennomtenkt budskap" bak desse seriane? At mannfolka bak serien hater kvinner og gjer alt dei kan for å kue dei? At alt dei ynskjer er å valdta og sende kvinnene tilbake til kjøkkenbenken, barbeinte og gravide? Dette må han i så fall utdjupe og kome med kjelder på. Men så går han i fella og kjem med "reklame"-argumentet. Eit argument like gammalt som debatten. Det er ikkje det same å kjøpe Cola i staden for Pepsi, som det er å bli overgripar av å sjå Game of Thrones. At han som filmregissør ikkje ser dette, er for meg heilt ubegripeleg.

Vald byr han imot, og det skal han få lov til å meine. Han skal til og med få lov til å hyle og skrike i kronikkar og starte Facebook-debattar om det, det bryr meg svært lite. Men at han kjem med lause påstandar om at folk som ser slikt har valdtekstfantasiar som dei berre ikkje vil innrømme, då går han for langt og blir usakleg. Og han blir ein del av moralistgjengen som veit betre enn oss andre. Vi som ikkje veit vårt eige beste. Vi som må beskyttast og som ikkje klarer å dekode det vanskelege filmspråket. Kodar som for øvrig er noko av det første små barn lærer seg å forstå.  

Common sense. At folk blir mordarar av å sjå mord, eller overgriparar av å sjå valdtekt er ein ekstrem påstand, som ingen forskarar klarer å bevise. Men det er jo noko logisk i det, seier folk som kronikkforfatteren. Det virkar sannsynleg! Det er "common sense". Viss vi får høyre det nok gonger, så trur vi det til slutt! Litt slik som med religion. Og Donald Trump. Og partiprogrammet til Frp.

Martin Barker beskriv "common sense" i sin artikkel "The Newson Report. A case study in common sense", som også står i boka Ill effects frå 1997. "Common sense"-synet kjem av seg sjølv når visse forutsetningar ligg til rette for det, eller når ikkje alle forutsetningar er representert. Nokre fakta manglar i debatten, og "sunn fornuft" tar over.

Kronikkforfattaren meiner også at vi ikkje kan sjå effekten av valden før om 20-30 år, sidan dette fenomenet er så nytt. Ein ekstremt historielaus påstand. Noreg fekk Kinolova i 1913:

«Filmkontrollen må ikke godkjenne bilder som den mener det ville stride mot lov eller krenke ærbarhet eller virke forrående eller moralsk nedbrytende å vise offentlig.» (Lov om offentlig visning av kinematografbilder, 1913)

Drap av både kvinner og barn i filmar som Panserkrysseren Potemkin (1925) og Once upon a time in the West (1968) er gammalt nytt. I tillegg blir både liten og stor oppetne av haien i Jaws fra 1975, så å påstå at vald er noko nytt, som har dukka opp dei siste 20-30, er berre tull. Dette er like gamalt som oss. Les Illiaden og Odysseen, for ikkje å snakke om Bibelen så finn du nok av grusomme valdsskildringar. Effekten lar seg ikkje måle fordi den ikkje kan bevisast. Eit menneske er samansett av mange faktorar, og det å sjå noko på skjermen får oss ikkje til å kopiere det som tankelause robotar. Men det jo sunn fornuft at det er ein sammenheng. Er det ikkje?

Vald mot kvinner er ikkje noko nytt fenomen

Vald mot kvinner er ikkje noko nytt fenomen

Marie Kleve i Dagbladet seier om kronikken: "I det store og det hele er dette feministiske serier, der kvinnerollene er viktige. Det handler om kvinner som blir undertrykt, men som blir sterkere enn mennene som undertrykker dem. Slik har flere av hendelsene og scenene der voldtekt framstilles viktige funksjoner for handlingen."

Kronikkforfattar meiner noko anna: "Disse kvinnene presenterer ikke et alternativ til den mannsdominerte verdens vold og makt. Det er kvinner som agerer med de samme midler, den samme vold, og den samme form for maktutøvelse som mannfolka. Seksuelle overgrep mot kvinner konsumeres ukritisk og blir til underholdning for tv-seerne. Jeg reagerer sterkt på det trykket som skapes ved bruk av nettopp vold og overgrep i de store tv-seriene."

"Konsumeres ukritisk?" Javel? Her får han snakke for seg sjølv. Eg synest det er fælt å sjå, og eg sympatiserer ikkje med overgriparen, slik kronikkforfattaren gjer. Eg sympatiserer med offeret. Her forsøker kronikkforfattaren å starte ein god gammaldags moralsk panikk, med provoserande argument og at alle som ser ei valdtekt fantaserer om å gjennomføre den. Og han har valt seriane Westworld og Game of Thrones fordi dei er populære. Han vil ha lesarar og klikk på kronikken sin, og han legg ikkje skjul på det heller.

Dette minner om panikken som oppstod i 1993 då filmen Child`s Play 3 fekk skulda for eit barnedrap i England. Eller TV-serien Power Rangers fekk skulda for eit barnedrap i Trondheim i 1994. Det var ingenting som tyda på at dette var tilfelle. I England var drapsmennene også barn, på 10 og 11. Dei hadde vakse opp utan skikkeleg omsorg, med fattige og alkoholiserte foreldre. Skulen brydde seg ikkje om dei og dei falt utanfor systemet. Men avisene meinte det var meir sannsynleg at Child`s Play 3 hadde skulda for dette. Enklare å forstå. Enklare å ordne opp i med forbod og sensur. Sunn fornuft. Politietterforskinga kom fram til at dei mest sannsynleg ikkje hadde sett filmen. Men hysteriet råda i media og tilsynelatande oppegåande personar, som den gong barneombod Trond Viggo Torgersen kom med heilt håplause uttalelsar. Der han blant anna meinte vi burde forby alle 18-årsfilmar. Noko som ville ha drege med seg t.d. Gudfaren og Hjortejegeren ned i dragsuget. Men avisene auka opplagstala slik kronikken fekk mange klikk. "Fett!" meinte kronikkforfattaren at det var, då den passerte 60 000 klikk.

Kronikkforfattaren meiner også han har definisjonsmakt over kva feminisme er for noko, og at det ikkje kan definerast ut frå mannens synspunkt. At kvinnene i Game of Thrones ikkje representerer eit alternativ til den mannsdominerte verda. Eg lurer på kva verd han etterlyser? Er kvinner så ulike menn at dei har si eiga verd der ute ein stad? Ein stad med pudlar og blomar og ingen vonde ting? Der grådighet, maktkamp, hat og hemn ikkje eksisterer. Så ulike er vel ikkje menn og kvinner? Dyder og laster ser ikkje forskjell på folk. Dei er menneskelege, uavhengig av hudfarge og kjønn.

Game of Thrones har ein stor fanskare, både kvinner og menn. Serien er utan det søtladne Narnia-budskapet, og den representerer vår motbydelege verd, der dessverre vald, krig, maktkamp og overgrep er daglegdags. I tillegg har dei magi og drakar. Det er fantasy for vaksne.

Kva er det kronikkforfattaren vil? Fjerne alt han ikkje likar? Skal vi kanskje starte ei innsamling slik at han kan få nye batteri i fjernkontrollen sin? Eg håper han ikkje er tilhengar av noko slikt:

«Jeg vet at det finnes en undergrunnsflora av film som bør lokaliseres og fjernes.» (Bergens Tidende, 23.7.90)

Eg trur eigentleg ikkje det. Han har nok mest lyst til å provosere og diskutere, tenkjer eg. Litt slik som meg.

Men det er nok av dei som vil forby alt dei ikkje likar. Ei haldning eg har vanskeleg for å sjå noko glede av. Tilbake til tida då Staten greip inn og klippte og sensurerte? Ein ideologi som minner om fascisme. Kronikkforfattaren har også vore innom diverse Facebook-debattar, og det blir tydelegare og tydelegare at det er ikkje berre underhaldningsvalden han ikkje likar. Han har ein politisk agenda som eg for øvrig er einig i, men her sklir han heilt ut etter mitt syn, og prøver å skåre billige, populistiske poeng og tar alle han er ueinige med under same kam:

"Folk og fe glemmer fort. De tror (særlig de unge) at høyredreininga vi opplever i mer og mer ekstrem form og forkledning, er et spill, eller del av en fiksjon, eller noe som går over. Også mange unge kunstnere bagatalliserer reaksjonære svært konservativt kvinnesyn i de fanatiske fundamentalistiske kristne kretser. Folk har glemt den mørke høyredreininga som har lagt seg over hele den vestlige verden og mer enn det. Høyredreininga er reaksjonær, superliberal, konservativ. Trumps nye regjering består av menn som er ekstremt konservative. De produserer også film for Hollywood, etter å ha jobba i Goldman Sachs!!!!! Hvorfor produserer de film? For å tjene penger bare? Og er ikke konservatismen synonymt med et kvinnesyn vi trodde var passé. Idealet om den underdanige kvinne, er høyst oppegående. Også her på Sørlandet. Men jeg mistenker dem alle, for å sympatisere med holdningene, innerst inne, i det rommet de fornekter og fortrenger, for å heie og heppe fram de voldsforherligende romantiserte glansbilder i en fiksjon de spiser rått."

Eg synest det er like motbydeleg som kronikkforfattaren at kvinner blir undertrykt i den verkelege verda. Eg hater religion når den blir organisert og autoritær. Eg likar at kvinner og jenter gradvis får fleire hovudroller på film. Hunger Games og dei to nye Star Wars-filmane er berre nokre få døme på det. Dette er i tillegg filmar som også eit ungt publikum omfamnar. Dei har godt av kvinnelege heltar. Eg har kvinnelege hovudpersonar i mange av bøkene mine, og eg har ingen problem med å kalle meg feminist, men å bli kalt for kvinnehater med mitt eige "darkroom" er ei total avsporing av ein viktig debatt. Eg og folk som kronikkforfattaren mistenker, vi klarer å skilje mellom fiksjon og verkelegheit, vi et ikkje alt rått, og vi ser på valdelege verkemiddel som ein måte å skape ei kjensle i sjåaren. At kunsten skal spegle samfunnet, også dei mørke sidene. Nokre av desse bileta er sterke og ikkje for sarte sjeler, men vi kan ikkje berre lese Bobseybarna, heller. Måten kronikkforfattaren snakkar ned folk på er eit billig triks. Hersketeknikkane han brukar byr meg imot.

Men eg likar vald som underhaldning, og kan sjå filmar utelukkande på grunna av sterke scenar. Filmar som Starship Troopers, True Romance, Braindead eller tv-serien Ash vs Evil Dead er døme på dette. Valden er eit akivt element, den er ikkje seksualisert og den er full av humor. Dette likar eg. Eg har tilbrakt timevis i spel som Red Dead Redemption, The Last of Us og Grand Theft Auto-serien. Ikkje utelukkande for valden sin del, men underhaldningsverdien er heilt enorm. Og som historiefortellarar er dataspel unike.

Filmskaparar som Martin Scorsese, Brian DePalma, Quentin Tarantino, Oliver Stone og Cohen-brørne er kjent for å bruke vald i underhaldningsfilmane sine. Og filmar som Goodfellas, Scarface, Pulp Fiction, Natural Born Killers, Fargo og Miller`s Crossing er udiskutabelt gode filmar. Men gjer dei meg lyst til å bli mafiahitman av den grunn? Får eg lyst til å bli ein godhjerta seriemordar av å sjå Dexter? Nei. Eg er pasifist, og ein svært fredeleg person. Aldri vore i slåsskamp. Aldri drive med sport (som saman med fanatisk religion er rota til alt vondt). Katarsisteorien skal ein ikkje undervurdere. Det er noko befriande og stressforløysande med vald. I alle fall for min del. Eg seier ikkje at vi ikkje blir påvirka, vi hadde jo ikkje gidda å sjå film om vi ikkje følte noko, men vi blir ikkje mordarar og valdtekstforbrytarar av å sjå det på film. For meg er dette sunn fornuft.

Men blir aldri valden spekulativ i mine auge? Jo, det kan den bli. Den oppskrytte Lars von Trier, som eg meiner er berre form og svært lite innhald, overdriver i Anti-christ. Med sine groteske umotiverte slow-motion svart-kvitt bilete av si eiga psyke. Ein del filmar innan kannibalsjangeren drar det også for langt, og torturskrekk som Hostel og Saw kan bli litt for mykje av det gode for min del. Sjølv om første Saw-filmen har ein fin plottwist på slutten.

Kronikkforfattaren bommar også fullstendig med døma sine. Akkurat som Kvinnefronten gjorde då dei gjekk til angrep på Grand Theft Auto. Både Game of Thrones og Westworld er seriar som viser oss nettopp sterke kvinner i ei mannsdominert verd. For verda er mannsdominert, enten du likar det eller ei, og desse kvinnene vil gjere noko med det.

Her kan du laste ned heile hovudfagsoppgåva mi