Soledad
Eg sit her med den aller siste finpussen på det som skal bli bok i laupet av våren. Den postapokalyptiske thilleren Soledad. Eg måtte rett og slett ha ein liten pause frå manuset og blogge litt.
Boka har endra seg ein del dei siste rundane, og det er alltid skummelt, men samtidig så ser eg at det stadig blir betre og betre. Og hovudhandlinga blir ikkje endra på noko som helst vis. Ein del småkarakterar må finna seg i å bli drept, eller i verste fall: bli skrivne ut av boka! Andre endrar litt rolle, og nokre må finne seg i å miste nokre replikkar. Slik er det berre i redigeringsfasen. Boka blir kortare, og betre.
Det er vel ikkje noko poeng i å halde det skjult lenger. Dette er ei bok med eit tema og til og med ein bodskap. Det var ikkje slik det heile begynte, men tematikken har liksom kome snikande mens eg skreiv. Den er ikkje overtydeleg og pedagogisk, langt i frå, men eg trur det blir rett å kalle boka ein miljøthriller frå no av. Menneskeskapte klimaendringar går heilt amok, og vesle Soledad er fanga midt i elendigheita. Eller ikkje akkurat midt i, ho er fanga på øya Utsira utanfor Haugesund.
Først og fremst er dette ei spenningsbok for barn og ungdom, men det skadar ikkje om dei tenkjer over forbrukarsamfunnet og miljøet når dei er ferdige med å lese.