Tilbake til sandkassen

Det er ikkje lett å forklare ein utanforståande ting ein sjølv likar. Eg har vore stor fan av spelserien Grand Theft Auto sidan spel nummer tre kom ut i 2001. I desse spela blir du plassert i ei open verd der du tilsynelatande kan gjere kva du vil, med herlege karakterar, ein gjennomført umoral og ei satirisk framstilling av absolutt alle mennesketypar, ja, det grensar til tider mot menneskeforakt, og det er rågøy!!

Det er britiske Rockstar Games som står bak serien, eit firma som har opplevd enorm suksess med både GTA, og det westerninspirerte Red Dead Redemption. Eg har spelt alle spela som har kome i serien etter GTA III, og det nyaste tilskotet, GTA V, var ikkje noko unntak. For dei som ikkje er heilt med så har det vore langt meir enn eitt spel innimellom, faktisk heile sju om du tar med Nintendo DS-versjonen.

Artig video der eldre diskuterer Grand Theft Auto 5.

GTA V er det største spelet så langt i serien. I den fiktive amerikanske delstaten San Andreas tar du styringa av tre veldig forskjellige karakterar og speler deg gjennom ei historie om venskap, svik, kjærleik, barneoppdragelse, utroskap og korleis bli ein mest mogleg suksessfull forbrytar. I tillegg kan du kose deg med naturfotografering, jakt, snikmyrding, pilottrening, ran, dykking, skydiving, dart, jakt på alien-artefakter, narkosmugling og dersom du vil kan du løyse ei gammal krimgåte. Det er med andre ord eit omfattande spel, som tar mange timar å gjennomføre hundre prosent. Noko eg for øvrig aldri har gjort, ein del av bil- og flystunta er rett og slett for vanskelege for meg.

Spela har heilt sidan starten vore kontroversielle. Den første marknadsansvarlege i Rockstar Games sende faktisk pressemeldingar til kristne politikarar i Storbritannia berre for å provosere dei, og for å få negativ omtale. Politikarane hylte om forbod før det første spelet kom ut. Men kritikarane har kasta seg på også etter spela vart populære. Spesielt på grunn av valden, og ikkje minst fridomen du har som spelar. Du kan velje å kaste ein handgranat inn i ei folkemengde, og i neste augneblink kan du leite etter pusekattar å fotografere med mobilen din. Og sjølvsagt alt innimellom. Ting du normalt ikkje ville gjere i det verkelege liv. I alle fall ikkje eg. Dette er ei verkelegheitsflukt ulikt noko anna. Det er faktisk utruleg underhaldande å kjøre rundt på stranda med tanks, eller hoppe ut i fallskjerm frå ein skyskrapar.

Spela har måtte tåle mykje kritikk på grunn av valden, og sjølvsagt er det mange foreldre rundt om kring i verda som ikkje likar at barna speler det, men dette er faktisk foreldra sitt ansvar. På same måten som det er foreldra sitt ansvar at ungane ikkje drikk lampeolje, røyker hasj, eller køyrer på svaner med vannscooterane sine. GTA er ikkje ein spelserie for barn, mykje av innhaldet forutset at du har ein del livserfaring, og kjennskap til både politikk og populærkultur. Det er mogleg å hindre barna i å spele det, og det beste er at foreldra speler det sjølv. Finn ut kva det er, og snakk om det med barna. Å oppleve det sjølv før ein eventuelt kritiserer. Minstekravet må vere at dei tileigner seg kunnskap. Helst då frå truverdige kjelder.

Det gjorde ikkje Kvinnefronten då dei valde å kritisere GTAV sitt kvinnesyn, det var dumt av dei. Først gav dei ut ei slags pressemelding der dei bad butikkar om å fjerne "søpla" frå hyllene. Eit veldig nyansert uttrykk dei valde å bruke. Dei meinte at butikkane valde profitt framfor etikk. Dette fekk dei mange klager på, og etterpå skreiv dei ein kronikk om tema. Hadde dei spelt spelet i mellomtida? Nei, det hadde dei ikkje. Dei baserte seg på youtube-klipp, og ikkje dei klippa som viser at du kan fotografere pusekattar. Dei orsaka seg ikkje og ville aldri slutte å ta opp kampen mot kvinnehat. Eit flott engasjement. Berre så synd at dei denne gongen bomma totalt.

Ja, du kan kjøpe seksuelle tenestar i spelet, og du kan velje å drepe den prostituerte etterpå. På same måten som du kan velje å drepe absolutt alle i spelet! Til og med kattepusen kan du knerte med øks etter du har fotografert han. Men du kan ikkje utøve seksualisert vald mot dei prostituerte, og poenga du får dersom benyttar deg av tenestane deira dei er minimale. Du får meir poeng for å kjøpe noko i ei brusautomat. Dei prostituerte er ein del av bybilde i spela, og det er ingen som oppfordrar deg til å oppsøkje dei. For nyansen sin del kunne det gjerne vore mannlege prostituerte også, eller mogleg å spele ein kvinneleg karakter. Dette trur eg kjem med tida. Tre av spela i serien har svart hovudperson, noko som heller ikkje var naturleg for nokre år sidan. Og mange store spel har kvinnelege hovudpersonar, i enkelte spel kan du til og med velge kjønn når du startar opp. Dette er ei utvikling som gjeld heile spelindustrien, og som er i endring.

Det er eit val speldesigneren har gjort, seier kritikarane, at det er mogleg å drepe desse kvinnene, derfor er spelet kvinnefientleg. Dette vitnar om mangler på kjennskap til sjangeren som GTA er ein del av, nemlig det vi kallar sandkassespel. Ein sjanger der du kan vandre heilt fritt i ei fiktiv verd og gjere omtrent akkurat det du vil. Den einaste begrensinga som er lagt inn går på barn. Det er ingen barn, skular eller barnehagar i den fiktive verda GTA har skapt. Det blir nok for nær opp mot skulemassakrekvardagen i USA. Det er heller ikkje mykje snakk om jødar eller muslimar, men framandfrykt er det ekstremt mykje av. Dette er jo ein parodi på det amerikanske samfunnet. Men altså ikkje for barn.

Du drep i tillegg langt fleire menn enn kvinner i spelet, for å seie det slik. Politifolk, soldatar, sikkerhetsvakter, gjengmedlemmar osb osb. Å velje seg ut ein del av spelet og kalle seg krenka, det blir å ta ting ut av samanhengen. Var Hitler slem utelukkande fordi han var vegetarianar? Eller fordi han hadde bart? Korleis skal då ein veganar frå Trøndelag føle seg?

Men kvinnefigurane er framstilt så teite og stereotypisk, seier kritikarane. Ja, det er dei. Dei er faktisk framstilt så teit at det grensar mot parodisk. Tanta til den eine hovudpersonen i GTA V får verkeleg gjennomgå. Og dottera til den andre hovudpersonen er fullstendig blåst i hovudet, for ikkje å snakke om kona hans. Og ikkje minst sonen hans. Den hasjrøykande, arbeidsledige, heimebuande gameren som irriterer far sin grenselaust. For absolutt alle i GTA blir framstilt som stereotypar. Ikkje berre kvinnene. Her får alle gjennomgå. Svarte unge menn, middelaldrande kvite gubbar, canadiarar, europearar, rednecks, jegarar, kristne, asiatar, tv-vertar, konspirasjonsteoretikarar, elvisimitatorar, yogainstruktørar, filmprodusentar og ikkje minst spelindustrien sjølv. Blant mine favorittar er nok den kyniske nettsida Lifeinvader, ein klar parodi på Facebook. Produkt som IfruitPhone, Petsovernight.com, Pisswasser beer er berre nokre få som gjer narr av forbrukarsamfunnet vi bur i. Den religiøse sekta Epsilon som tilber guden Kifflom, er ein hysterisk parodi på scientologikyrkja. Eg gler meg til dei skal gå laus på Donald Trump i neste spel, sjølv om han ofte overgår parodiane.

Politikarar og det amerikanske samfunnet er dei som får gjennomgå mest. Gjennom heile spelserien osar det av samfunnskritikk og satire. Mykje av dette er til stades gjennom alle radiokanalene du høyrer på medan du kjører rundt på ulike oppdrag, men også gjennom spela sine storyar. Den amerikanske draumen blir latterliggjort, og amerikanarar blir framstilt som stormannsgale våpenelskarar, alkoholiserte og psykotiske, men med eit godt hjarte, i alle fall innimellom. Hovudpersonane er ikkje noko unntak. Du som speler kan sjølvsagt legge dine eigne moralske verdiar til grunn for korleis du oppfører deg. Du kan ta omsyn til fotgjengarar om du vil, du må ikkje oppsøke dei prostituerte, og du treng ikkje kjøre på alle syklistar du møter (sjølv om dette siste er moro).

Her ein ein link til ein debatt om spelet på NRK sine nettsider.

Dataspel er kunst. Dette er etter mitt syn ein ukontroversiell påstand. Dersom film og tv er kunst, då er i alle fall dataspel kunst. Blandinga av godt manus, god historieforteljing, nydeleg design, fantastisk animasjon, sylskarp satire og strålande skodespelarprestasjonar gjer GTA V til stor kunst. Dersom du meiner at filmar som Gudfaren og Scarface er kunst, eller TV-seriar som Sopranos, så kan du ikke meine noko anna enn at Grand Theft Auto er kunst. GTA inneheld også haugevis av referansar til populærkultur, nokre er veldig tydelege, andre nesten umoglege å få med seg. Men også Sopranos var full av referansar til nettopp Gudfaren.

Eg har hatt store spelopplevingar. Ikkje berre med GTA. Spel som Red Dead Redemption var på eit visst tidspunkt eit skikkeleg spark i magen, og det dystopiske action-spelet The Last of Us er rein spelpoesi. Styggvakkert, rørande og intenst spennande.

Kvinnefronten gjer mykje bra for feminismen. Men å kalle alle som speler Grand Theft Auto for uetiske kvinnehatarar blir veldig usaklig. Eg kjenner meg ikkje igjen i den beskrivinga. Minner om debatten då Life of Brian blei forboden i Noreg, og få av kritikarane hadde gidda å sjå den. Best å halde seg til ting ein har greie på. Ha eit ope sinn, slik som mange av desse eldre i videoane. Du treng ikkje like Grand Theft Auto, men ikkje la din manglande kunnskap og ditt moralske snevre syn hindre andre i å like det.

Ein endå artigare video der eldre speler Grand Thefta Auto 5.