Frå Auster til Allen

Det er ikkje mange “kjendisar” eg kunne tenkje meg å lese sjølvbiografien til. Eg trur eg kan telje dei på éi hand. Men eg kan likevel sjå ein såkalla biopic film, der nokon har tatt for seg meir eller mindre kjende personar og dramatisert hendingane i livet deira. Filmen First Man er eit godt døme. Ein ekstremt fin og rørande film om Neil Armstrong - første mann på månen. Filmen er full av tekniske feil og kunstnariske fridomar, men likvel utruleg fin. Filmen om Johnny Cash; Walk the Line er også god. Chaplin med Robert Downey Jr. likeså. Lista er kjempelang, for å seie det mildt.

Men når det gjeld bøker, så er det svært få personar eg gidd å lese om. Paul Auster har vore ein av dei, for han har gitt ut opptil fleire bøker med klare sjølvbiografiske trekk. Men kanskje ikkje akkurat offisielle biografiar der dei går gjennom heile livet sitt.

Neil Peart har gjort det, trommisen og tekstforfattaren i favorittbandet mitt: Rush. Han har skrive opptil fleire bøker som er kombinert reiseskildring, musikkhistorie og sjølvbiografi. Alt frå oppveksten til den tragiske hendinga som nesten satte stoppar for bandet; at dottera hans døydde i ei trafikkulukke og kona døydde knapt eit å seinare av “a broken heart”, som han sjølv skriv. Sterke bøker som er nydeleg godt skrive, og ekstra triste å tenkje på sidan han sjølv gjekk bort 7. januar 2020, faen for eit år.

Bruce Springsteen kom ut med Born to run, og det var ei stor leseoppleving, der han var open om sine eigne demonar. Heile boka er rein poesi, spør du meg.

Det er som sagt ikkje så mange eg kunne tenkt meg å lese om, i sine eigne ord. Kanskje Tom Waits? Eller Stephen King? King har forsåvidt gjort det delvis i ein del av “fagbøkene” sine som On writing og Danse Macabre.

Men det er ein sjølvbiografi eg har venta på i spenning, og det er Woody Allen sin.

Eg har vore fan av Allen sidan eg var tenåring. Eg aner ikkje kva film eg såg først. Men eg veit at Annie Hall gjekk på tv ein gong på åttitalet. Og eg var på kino og såg Hannah and her sisters, og samtlege filmar han laga etterpå, for han har laga film kvart einaste år i ein mannsalder. Eg har allereie lese bøker av han, og han skriv hysterisk morsomt, så det å få heile livet hans servert med hans eigne ord gleder eg meg til. For no er Apropos of nothing bestilt og på veg i posten.

Allen har sidan 1994 vore ein ekstremt kontroversiell person, men eg reknar ikkje med at boka fortel meg noko nytt om det påståtte overgrepet han skal ha begått mot dottera Dylan. Dette har eg lese alt om, og akkurat som etterforskarane i perioden 1994-96, så har eg kome fram til at overgrepet var eit påfunn frå eks-kjærasten Mia Farrow, som hemn for at Woody og Soon-Yi Previn innleia eit forhold. Soon-Yi er adoptivdottera til Mia og no avdøde André Previn - Oscarvinnande komponist og musikkarrangør. Mia coacha dottera til ho til slutt trudde på det sjølv, noko som har blitt bekrefta av storebror Moses, og Soon-Yi sjølv og altså også av etterforskarane, til og med etterforskarane som Mia Farrow hyrte inn for å bevise det motsette. Farrow-familien har alltid framstått som hemngjerrige og populistiske, med eit intenst ønske om å øydelegge Woody Allen. På mange måtar har dei lukkast. Dessverre. Allen sjølv unngår internett, og han er lukkeleg gift med Soon-Yi den dag i dag.

Men det er gjennom filmane Woody Allen har fascinert meg. Sjølvsagt skulle eg ønske at han klarte å lage like gode kunstverk som på åttitallet. Men han er ein gammal mann no, på over åtti, kanskje det er gjennom boka at den store kunsten kjem? Han meistrar både den teite og banale humoren som i Love and death, Sleeper og Bananas. Sjølvsagt med brodd og samfunnskritikk. Men det er nok med filmane Manhattan, Annie Hall, Stardust Memories, Zelig, Hannah and her sisters, Crimes and misdemeanors, Broadway Danny Rose, Radio Days, Hollywood Ending, Vicky Christina Barcelona og Midnight in Paris at han verkeleg har satt spor etter seg. Og sjølvsagt den Hitchcock-inspirerte thrilleren Match Point, berre for vise at han kan lage noko heilt anna, også.

Eg gler meg til å lese boka.

Redigert: No har eg lese boka. Den er veldig bra! Morosam og lærerik for oss fans. Samstundes er den eit knallhardt oppgjer med Farrow-klanen. Absolutt verdt å lese. Drit i propagandaen som HBO prøver å selje deg.