Suddenly you were gone...

…from all the lives you left your mark upon.

Sitaten er frå songen “Afterimage” frå 1984, og var den første strofa som kom inn i hovudet mitt då eg fekk vite at Neil Peart var gått bort. Den er frå plata “Grace under pressure”, som introduserte meg for musikken deira.

Det er no på dagen eitt år sidan Neil Peart døydde etter ein tre år lang kamp mot kreft. Ein kamp berre dei aller næraste visste om, og som sjokkerte ei heil verd av fans. Inkludert meg. Eg hadde ikkje trudd at ein person eg aldri har møtt skulle påvirke meg slik Neil Peart gjorde. Men det har ikkje gått ein einaste dag i laupet av det siste året der eg ikkje har tenkt på han og tekstane hans. Kor utruleg urettferdig livet han vere, og for eit tap det er for menneskeheita at han er borte.

82321497_1509381252558919_1212640439287414784_n.jpg

Neil Peart vart fødd i 12. september i 1952 i Canada og han begynte å spele trommer i tenåra. Han reiste ein tur til England for å prøve lukka som musikar, men reiste tilbake igjen og spelte i diverse band i heimlandet, mens han hadde slått seg til ro med å måtte arbeide for farens butikk resten av livet. Men i 1974 gjekk han på audition for rockebandet Rush. Og resten er historie. Rush hadde allereie gitt ut debutplata si med ein annan trommeslagar, John Rutsey. Men Rutsey var mykje sjuk og både manager og resten av bandet; Alex Lifeson og Geddy Lee meinte han aldri ville takle ein turné. Dermed fekk Neil Peart jobben, berre nokre veker før turneen skulle starte.

Dei to andre i bandet merka at Neil likte å lese bøker og at han brukte mange vanskelege ord, i tillegg til å vere ein gud bak trommesettet, derfor spurte dei om han kunne tenkje seg å skrive tekstane deira. Det kunne han. Og ein av rockens beste poetar vart fødd.

Rush turnerte ekstremt mykje gjennom heile karriera, og dei visste at dette ikkje kunne vare for alltid. Og i 2015 var det slutt. Å spele progrock er ikkje som å spele gladpop. Det er ekstremt krevande, spesielt for ein perfeksjonist som Neil Peart. Han var fysisk utsliten etter dei tre timar lange konsertane, og det å vere vekke frå familien var også ein viktig faktor. For Neil visste betre enn nokon korleis det å miste familien føltes. I 1997 døydde dottera hans i ei bilulukke og ti månader etterpå døydde kona av kreft. Men Neil var sikker på ho døydde av eit knust hjarte, som han skriv i boka “Ghost Rider - Travels on the Healing Road” frå 2002. Ei ekstremt sterk bok om korleis kome seg etter botnlaus sorg. Alle var sikre på at Rush var ferdige, men etter nokre år med lange motorsykkelturar, eit par sjølvbigrafiske reisedagbøker og ny kone var Neil klar for å lage musikk igjen. To plater og mange lange turnear blei resultatet. I tillegg til endå fleire glimrande bøker frå Neils penn. Bøker om reiser, menneskemøter, om livet sitt, sorg og helbreding, og om musikk og litteratur.

Avslutningskonserten 1. august 2015, og den einaste gongen Neil gjekk fram til dei andre i bandet for å takke publikum

Avslutningskonserten 1. august 2015, og den einaste gongen Neil gjekk fram til dei andre i bandet for å takke publikum

Etter 2015 vart det stille. Veldig stille. Eg rekna med han skreiv på fleire bøker saman med sci-fi forfattaren Kevin J. Anderson, som han hadde gjort før. Men den 10. januar 2020 kom nyheiten om at han var gått bort tre dagar før. Uendeleg trist. Og ei rar kjensle av å miste nokon kom over meg. Det var trist då David Bowie døydde, men ikkje i nærleiken av kjensla av tap som kom då Neil gjekk bort. Heilt merkeleg, eigentleg.

neil41.jpg

Neil Peart var ein veldig reservert person. Han hata merksemd, men elska å møta folk, berre ikkje fans. “I can`t pretend a stranger is a long awaited friend” skreiv han i songen “Limelight”. Det verste av alt er at eg forstår dette. Eg får panikk sjølv når ein eller annan kjenner meg igjen som han “forfattaren som var på skulen min idag!” Utan samanlikning, for øvrig. Eg var heldig å fekk oppleve Rush live både i Oslo og Amsterdam, og eg fantaserte om å møte Neil, tilfeldig, der eg ikkje skulle seie at av var superfan, og at vi skulle bli bestekompisar.

Anyway…

Tekstane hans handla mykje om fantasy og science fiction, spesielt på dei tidlege platene. Men på seinare plater skreiv han ofte om dagleglivet på ein nydeleg lyrisk måte. Songen “Subdivisions” handlar om utanforskap, noko som mange av fansa kjente seg godt igjen. Og “Time stand still” om den uunngåelege alderdomen, og korleis vi disponerer tida vår. Meir og meir aktuell no.

Den episke “The Fountain of Lamneth” frå plata “Caress of Steel” (1976) er nok favoritten min. Tjue minutt varer den, og når det dukkar opp på mine tilfeldige spelelister klarer eg ikkje å hoppe over den. Uansett. Dersom eg sit i bilen og er framme før songen er slutt, må eg rett og slett vente til eg har høyrt siste tekstlinje:

I'm in motion
I am still
I am crying
I am still
I'm together
I'm apart
I'm forever
At the start

Still, I am

Eg veit ikkje om finare songar om kunst enn “Mission”

It's cold comfort
To the ones without it
To know how they struggled
How they suffered about it

If their lives were
Exotic and strange
They would likely have
Gladly exchanged them
For something a little more plain
Maybe something a little more sane

We each pay a fabulous price
For our visions of paradise
But a spirit with a vision
Is a dream with a mission

Eg vil oppfordre alle til å lytte gjennom denne nydelege coverversjonen av “Time stand still”. Det er vanskeleg å halde tårene tilbake når du innser at den er spelt inn heilt utan perkusjon.

Summer's going fast
Nights growing colder
Children growing up
Old friends growing older

Freeze this moment
A little bit longer
Make each sensation
A little bit stronger

xcvxcv.jpg

Signert utgåve av siste boka hans

Eg håper Neil Peart vaker over oss. Han var ingen religiøs person, men at han er heilt borte er vanskeleg å godta. Han lever i bøkene og tekstane, og ikkje minst i musikken. Og eg saknar han.