Absolutt Pode!

Eg anmelder mi eiga bok “Absolutt Pode”, og triller sjølvsagt terningkast seks!

Tor Arve Røssland er ute med samlebok i år, så gammal er han blitt, og boka er blitt ein skikkeleg murstein. Med 430 sider er dette den desidert tjukkaste boka han har gitt ut. Men så er det jo også fire bøker i samlinga, pluss litt til.

Seksåringen Pode er ingen gjennomsnittsgut. Han er veslevaksen og sjarmerande, men han har også relativt kort lunte og hamnar ofte i klammeri med storebror Pyton. I desse fire bøkene tøyer Røssland strikken for kva som er realistisk og sannsynleg, men det er på ein eller annan rar måte likevel truverdig - i dette universet. For det har jo blitt eit slags univers der Pode bur. Med bestevenen Anton og storebroren hans, Adolf. Med syskena Petra og Pyton, og mor og far. Og ein skokk med beste- og oldeforeldre, pluss tanter, ein løgnaktig bonde og ein sleip turistsjef.

Bøkene har tidlegare vore utgitt, men no er det gjort nokre språklege oppdateringar som gjer bøkene meir ryddige. Illustrasjonane er no gjengitt i same fargenyanse, og ikkje ulike fargar som førsteutgåvene. Dette kler forteljinga. Øyvind Torseter sin strek komplementerer universet til Røssland på ein fin måte. Det er ikkje vanskeleg å forstå at han vann Kulturdepartementets illustrasjonspris for første boka.

Rekkefølga på bøkene er litt endra, noko som gjer samleboka til ei slags “Eit år i livet”-bok. Der årstidene sommar, haust, vinter og vår har kvar si bok. Og der den heilt nyskrivne “Podekast” snik seg inn mellom bok 1 og 2. Artig forteljing om kva Pode og familien finn på når dei er på ferie til Guatemala. Her blir også tråden lagt ut til fjerde og siste bok i samlinga. Så det gjeld å følgje godt med.

Pode har blitt kalla ein kultfigur, sjølv om Røssland er forsiktig med å ta så store ord i bruk. Men bøkene er i alle fall utruleg morsomme, med elleville påfunn frå ungane i bøkene, og ein del vitsar som den vaksne opplesaren vil setje pris på. For dette er bøker som eignar seg godt til høgtlesing, mens også for eigenlesing for ein litt erfaren barnelesar.

Kva dei handlar om? Mykje rart! Pode og familien må ete opp middagen for at det skal bli fint vêr dagen etterpå. Pode mister tennene og lærer seg å fly. Pode møter den fæle dobbeltgjengaren sin, Anti-Pode. Pode får høysnue og nys slik at det kjem hundrevis av gjester på besøk. Og i Podekast ser Pode og Pyton moglegheiten til å tene store pengar når dei er på sydenferie. Men det er nok best å oppleve handlinga sjølv.

b7206b40dde2e16a_9788234002076.jpg

Karakterane er herlege og morsomme. Pyton som den ufordragelege storebroren er eit perfekt hatobjekt, og Petra er irriterande flink til alt. Foreldra er typisk foreldre, og besteforeldra er litt meir overdrivne. Alle er i det heile tatt litt overdrivne, men alltid på ein truverdig måte.

Boka er også utstyrt med eit etterord som slår fast at Pode er det aller beste namnet på ein barnebokkarakter, nokon gong. Punktum. Eg kan seie meg einig i det.

terningkast-6.jpg

All ros til Det Norske Samlaget som såg verdien i å gi ut dette på nytt! Måtte boka få eit langt liv.