Forfattarbesøk

Har du lyst på forfattarbesøk?

Her kan du lese om ulike tilbod forfattaren kan tilby. Både foredrag og presentasjonar av eigne bøker eller bokseriar. Han kan òg skreddarsy framsyningar som er tilpassa målgruppa.

Han har fleire års erfaring med formidling både for barn, ungdom og vaksne.

Ønsker du å bestille forfattaren, kan du kontakte han nedst på sida.





Overleve

5-7 klassetrinn

Ca 60 min

Projektor/lerret eller Smartboard



Eit flunkande nytt opplegg basert på bokserien Overleve frå 2022-23.

Handlinga er lagt til ei nær framtid, og serien handlar om trettenåringane Jamal og Eira. Begge to er med fedrene sine om bord i det gigantiske forskingskipet “Bluenose” på tokt i Grønlandshavet. Eira er tvungen om bord som straff for å ha blitt utvist frå skulen. Jamal har drøymt om dette i årevis. Målet for toktet er å kartlegge fiskeressursane i havet, for verda er i ferd med å svelte ihjel. Men verda er ein ustabil stad. Både politisk, og ikkje minst klimamessig. Vinteren blir lang, og snøen lavar ned om sommaren òg.

Til å begynne med må heltane våre flykte frå fiendtlege krigsskip, men ikkje lenge etterpå er det isen som truar. Noko meir vil ikkje forfattaren røpe av handlinga.

Opplegget han presenterer tar for seg den lange skapelsesprosessen som ligg bak bokserien. Ideen fekk han for nesten tjue år sidan, men Hollywood klarte å sabotere bokplanane -inntil no. Forfattaren fortel om korleis han sleit med å dikte opp sympatiske hovudpersonar, før han innsåg at hovudpersonen absolutt ikkje måtte vere sympatisk. Det kunne faktisk vere kjekt at ei skikkeleg bitch var ein av dei overlevande etter den enorme katastrofen som han ville skildre. Då løysna historien og bokserien tok form.

Alle bøkene er illustrert av Nikolai Lockersten, og teikningane ser fantastiske ut!

Opplegget som tilbys skular, bibliotek, festivalar og DKS vil ta for seg skrivinga, tematikken, researchen og sjølvsagt blir det utdrag frå den spennande bokserien.



Kodeord Overlord

Forside_Kodeord Overlord_9788241950551.jpg

5-8 klassetrinn

Ca 60 min

Projektor/lerret eller Smartboard

Dette opplegget baserer seg på barne- og ungdomsboka Kodeord Overlord frå 2019. Innleiingsvis legg forfattaren fram eit kort historisk bakteppe for boka, der dei faktiske hendingane som førte fram mot D-dagen - 6. juni 1944, blir gjennomgått. Og kor viktig den allierte landgangen i Normandie var for utfallet av krigen.

Midt oppi dette hamnar hovudpersonen i boka, Henry, og rett før D-dagen blir han arrestert, mistenkt for spionasje. Den britiske sikkertheitsstenesta - MI5, var livredde for at Henry hadde avslørt kor og når landgangen skulle finne stad, og dei skydde ingenting når han skulle avhøyrast. Og spørsmålet lesaren sit med er: Korleis skal Henry bevise si uskuld? Utan at det går ut over soldatane han har blitt så gode vener med?

Forfattaren snakkar om at han fekk ideen til boka for over 35 år sidan, og korleis han med jamne mellomrom har funne fleire og fleire puslespelbitar i aviser og på nettet. For boka er inspirert av ei sann historie, og det ligg enormt mykje research bak det endelege resultatet. Han fortel også om at menneskas historie ikkje nødvendigvis må forteljast hundre prosent historisk korrekt i ein roman, men at dramatisering og dikting er med på å gjere historia meir spennande og tilgjengeleg for lesarar i dag. Men dette er ein vanskeleg balansegang, som elevane får innsyn i.

Med animasjonar, bilder og filmsekvensar blir boka presentert, men sjølvsagt aller mest gjennom forfattaren si formidling. Sjølv synest han at dette er det beste opplegget han kan tilby. Det gir elevane innsikt i ei viktig del av Europas historie, det viser elevane korleis dei sjølv kan snekre saman ei spennande forteljing, og dei blir forhåpentlegvis frista til å lese fleire bøker.

 

Presentasjon av forfattarskapet

Foredrag for vaksne; lærarar, studentar, foreldre, formidlarar, bibliotekarar og andre litteraturinteresserte.

Forfattaren går gjennom sitt eige forfattarskap, og fortel korleis han jobbar. Han prøver også å finne svar på kvifor ungdommer ser ut til å like mange av bøkene så godt. Kvifor han har blitt nominert til Bokslukerprisen, og heile fem gonger til Uprisen! Men aldri til kritikarprisar, eller Bragepris. Likar kanskje ungdommen noko anna enn dei vaksne? Er det noko i bøkene som dei vaksne ikkje får med seg? Er ikkje forfattaren heilt vaksen?

Men mest er dette opplegget eit humoristisk skråblikk på erfaringar gjort gjennom over tjue år som forfattar. Korleis det er å skrive bøker på både nynorsk og bokmål. Og kor mykje rart han kan få spørsmål om frå skuleelevar. Heile foredraget er inspirert av nettopp elevar som skriv fordjupningsoppgåve. Elevar som siste kvelden før innlevering finn det for godt å kontakte forfattaren direkte med ein haug med spørsmål. Noko som har tvinga forfattaren til å granske seg sjølv. Ca 60 min, men kan kortast ned.

 

Glimt

6-7 klasse + ungdomsskulen

Ca 60 min

I boka Glimt blir lesaren kjent med to ungdommar. Jon og Solveig. Begge bur på den vesle øya Grovøy, langt ute i havgapet, og begge kjenner seg litt utanfor. Jon fordi han stammar fælt, og har vanskeleg med å få kontakt med andre, spesielt sidan han akkurat har flytta til øya. Solveig fordi ho blir tvungen til vere tenestejente hos den tyske kommandanten under andre verdskrigen, og derfor mister ho gradvis kontakten med vennenne sine. Jon og Solveig har ein del ting til felles, men dei er skilde frå kvarandre med ein heil generasjon. Dei veks opp i heilt ulike tidsaldrar, men er likevel knytte til kvarandre på mystisk vis. 

Glimt er først og fremst ein spennande grøssar, for alt er ikkje slik det skal vere på Grovøy, verken no eller under krigen. Det gamle ungdomhuset der Jon etter kvart blir kjent med dei framtidige klassekameratane sine skjuler noko. Ting hender om natta, uforklarlege ting, og ungdommane våger ikkje vere der lenger enn nødvendig.

Og kva er eigentleg dette glimtet? 

I dette opplegget tar forfattaren for seg historia bak boka. Både litt om krigshistorien langs norskekysten, men òg ein del om korleis dei historiske fakta blir brukt først og fremst til inspirasjon, og ikkje som ein fasit til korleis ein skal skrive ei bok. Forfattaren vil snakke litt om korleis ein fiende som Tyskland ikkje berre var ein gjeng med blodtørstige nazidjevlar, men at det alltid er ei menneskeleg side ved dei verste krigsforbrytarar. Noko som ein kan trekke parallellar til i dagens samfunn. Skal ein bekjempe ein fiende, må ein kjenne, og forstå ein fiende. Ein treng ikkje sympatisere, men prøve å sjå saka frå den andre sida. Var alle tyskarane som okkuperte Noreg psykopatiske mordarar? Dette var viktige spørsmål som dukka opp under skrivinga av Solveig si historie i Glimt.

Boka tar òg for seg korleis jenter som sympatiserte med tyskarane blei behandla etter krigen, og kor vanskeleg det er for Solveig å vite kva som er rett og gale. Desse kjenslene finn vi òg igjen i Jon si historie. Men dersom du ikkje har lese boka, kan det ikkje røpast for mykje.

Sjølve opplegget vil bestå av opplesing og forteljing om bakgrunnen for boka. Forfattaren nyttar bilete og film for å illustrere.

Elevane treng ikkje lese boka på førehand.

Opplegget varer ca 50 min, inntil 100 elevar. (Dersom rommet passar.)

Treng lerret og projektor for tilkopling til pc. 

Lydanlegg. 

Helst eit delvis blenda rom.

 

Spenning/krim for ungdom

7-10 klasse

Ca 60 min.

Dette opplegget tar utgangspunkt i bøkene GAMER, SNATCH, DRONEN og JEGEREN. Forfattaren fortel kor ideane kom frå, og korleis bøkene vart skrivne. Korleis han brukte si latterleg omfattande erfaring med dataspel då han skreiv GAMER. Og korleis han mentalt måtte bli ein skurk for å skrive SNATCH. To erfaringar han ikkje ville vere forutan.

Det er likevel DRONEN og JEGEREN som blir via mest tid. Boka handlar om ein ung gut som blir radikalisert inn i eit farleg nasjonalistisk miljø. Dette vil garantert skape diskusjon!

Elevane treng ikkje ha lese bøkene på førehand.

Opplegget varer ca 60 min, veldig avhengig av elevane. Maks 60 elevar, eller to klassar. 

Treng videoprojektor/lerret/smartboard.

 

Svarte-Mathilda

Mellomtrinnet

Ungdomstrinnet

Ca 50 min.

Svarte-Mathilda er ein grøssarserie som har skremt folk i alle aldrar. Forfattaren fortel om korleis bokserien blei til, kor inspirasjonen kom frå og kor tidkrevjande det kan vere å skrive historiske bøker. 

Kva er det som gjer ei bok skummel? Korleis tenkte forfattaren når han skreiv? Kva triks brukar skrekkforfattarar for å gjere det spennande og skummelt? Røssland avslører ein del av dette, og kjem med nyttige tips til den som vil skrive skumle og spennande saker.

Han les mest frå den første boka i serien, men kjem òg inn på kor handlinga går vidare i serien. 

Les om bøkene her.

Passar best på klassetrinna 5-8. Inntil hundre elevar.

Elevane treng ikkje lese bøkene for besøket, men det kan vere greit for elevane å vite at dette er skumle bøker.

Her trengs eit rom som kan blendast delvis, og som ikkje har gjennomgangstrafikk. I tillegg trengs lerret og ein videoprojektor for å koble til PC, sidan han viser ein heil del bilete undervegs.

Dette er eit heilt nytt opplegg rundt bøkene om Svarte-Mathilda, så dersom skulen din eller biblioteket ditt har hatt besøk av Svarte-Mathilda før, så forvent noko anna denne gongen.

 

Absolutt Pode

1-4 klasse

Dei fire bøkene om Pode er morosamme, overdrivne og lette å engasjere ungane med. Forfattaren fortel om hovudpersonen, om familien hans og les frå nokre av bøkene. Her samtaler han òg mykje med elevane om alt det merkelege Pode opplever. Han fortel òg kor alle ideane i bøkene kom frå.

Les om bøkene her.

Passar best for klassetrinna 1-4. Éin eller to klassar om gongen. Kan gjerast i alle slags rom, treng ikkje spesielle tekniske hjelpemiddel. 

Varer om lag 45 minutt.

Forfattaren deltar sjølvsagt i bokbad, både elev- og vaksenstyrte.

Skrivekurs

For alle

Frå to timar og oppover. Alt etter behov.

På skriveleir i Lofoten - sommar 2016

På skriveleir i Lofoten - sommar 2016

Tor Arve Røssland kan tilby skrivekurs for barn, ungdom og vaksne. Etter ei innleiing med konkrete skrivetips basert på eigne erfaringar, faglitteratur og ikkje minst deltaking på skrivekurs sjølv, så blir det skriveoppgåver tilpassa den aktuelle aldersgruppa. Nokre av oppgåvene baserer seg på filmsekvensar og fotografi som skal setje fantasien i gong.

Etterpå kan det bli skriving av ny tekst som fortlaupande blir evaluert av forfattaren. Eventuelt praktiske oppgåver for å improvisere fram gode dialogar til tekstane. Kursdeltakarane blir oppmuntra til å kome med innspel på dei andre sine tekstar. Hovudvekta ligg på å skape karakterar, plassere dei i eit miljø og begynne å tenkje på ei konflikt. Gjerne gjennom å skrive gode og truverdige dialogar. Det er ikkje noko mål for kurset å skrive ein ferdig tekst, men byrjinga på ei historie som skal pirre lesaren til å ville lese vidare, og ikkje minst: pirre dei spirande forfattarene til å ville skrive vidare.

Dei kan òg arbeide med munnleg forteljing ved hjelp av assosiasjonsøvingar og improvisasjon. 

Det er eit krav at deltakarane er villige til å lese opp sine eigne tekstar og deltar aktivt på kurset.

Det ideelle deltakartalet på slike kurs er mellom 10 og 20, men også heile skuleklassar på 30 elevar er fullt muleg. Tema kan vere etter ynskje, t.d. humor, spenning, grøss, satire osb.

Tor Arve Røssland tilbyr òg føredrag om eige forfattarskap, skrekkgenren, barne- og ungdomsfilm, forholdet mellom film og litteratur og andre emne som måtte falle naturleg.

HONORAR

Nei, dette er ikkje zombiar.

Nei, dette er ikkje zombiar.

Forfattaren nyttar desse minstesatsane for honorar:

For alle opplegg gjeld det inntil seksti minutt:

Alle formidlingsopplegg i skulen: 4100,- inntil seksti elevar (eller to klassar)

Alle formidlingsopplegg over seksti elevar: 5700,-

Alle formidlingsopplegg utanom skulen: 4500,-

Foredrag originalskrive: 12 000,- Reprisehonorar: 7000,-

Elevstyrt bokbad/samtale: 4200,-

Bokbad: 5500,-

Paneldebettdeltakar: 3500,-

Litterær samtale deltakar: 5600,-

Skrivekurs 90 minutt utan pause: 6500,-

Lengre skrivekurs etter avtale.

Forfattaren tar betalt for minst tre oppdrag pr. dag, sjølv om t.d. berre eitt blir gjennomført.

Berre unntaksvis tar han enkeltoppdrag. Ta kontakt for meir informasjon.

Forfattaren kan også bestillast til ein fast dagsats som inkluderer så mange formidlingar/opplesingar/skrivekurs det er tid til i skuledagen. Denne satsen er for tida på 18900.

Det er ikkje høve til å bruke satsane til Den kulturelle skulesekken for andre oppdragsgjevarar. Dette inkluderer festivalar som er finansiert med kommunens DKS-støtte.

Viss avreise må skje dagen før besøket kjem det eit tillegg på 4000. Må heimreisa skje dagen etter siste oppdrag kjem same tillegget på 4000.

Forfattaren skal godkjenne lokalet formidlinga skal skje i. Desse krava er utforma etter lang erfaring som formidlar på hundrevis av norske skular, og fordi elevane skal få mest mogleg ut av besøket.

Rommet må vere heilt fritt for gjennomgangstrafikk. Publikum må ha stolar å sitje på.

Gode rom er: klasserom, auditorium, kinosalar, kulturhus.

Dårlege rom er: gymsalar, aulaer, kantiner, dårleg ventilerte klasserom/tilfluktsrom.

Rommet må ha anten: Smartboard eller liknande, eller lerret og projektor.

Dersom gruppene er store må rommet også ha eit lydanlegg. Enkelte av formidlingsopplegga krever også lyd i tillegg til talemikrofon. (Sjå detaljar på dei enkelte opplegga.)

Dersom skulen ikkje har eit godt rom for mange elevar å samlast, må dei delast opp i mindre grupper.

Opphald, kost og mest praktiske reise for forfattaren blir dekka av oppdragsgjevar.

Forfattaren skal sjølv godkjenne overnattingsstaden før oppdragsgjevar reserverer.

Forfattaren reserverer reisa si sjølv for å finne mest praktiske reisemåte. Han prøver alltid å finne den rimelegaste reisemåten, men ikkje dersom det blir urimeleg lang ventetid.

Leigebil er det oppdragsgjevar som reserverer på næraste utleigestad. Som oftast ein flyplass. Oppdragsgjevar må også dekke bilforsikring og eventuell eigenandel på bilforsikringa dersom uhellet skulle vere ute.

Dersom illustrasjonar frå bøkene blir brukt i utstrakt grad under opplesinga, vil det kome eit tillegg som skal utbetalast til illustratøren.

Forfattaren bruker alltid Norsk forfattersentrum som mellomledd, så alle avtalar skal også sendast dit, men først etter at avtale er gjort med forfattar. Faktura til oppdragsgjevar kjem også frå Norsk forfattersentrum.

Ta kontakt med forfattaren på e-post: tor-arve(alfakrøll)online.no for meir informasjon.

Kalenderen under er alltid oppdatert og kan nyttast for å sjekke ut ledige veker.

Kalender

Vår 2024

17. januar. Nysæter ungdomsskule. Stord. Skumring. frå klokka 0830.

23. januar. Daniel Sloss.

6. februar. Samnanger.

Veke 8. Onsdag 21. februar. Jondal.

27. februar. kl 1300. Tekstmøte.

Veke 1o (4-8 mars) og 11 (11-15 mars). Viken DKS. Overleve. Barnebokbad.

Veke 12 (18-22 mars), veke 15 (8-18 april) og 16 (15-19 april). Trøndelag DKS. Kodeord Overlord.

Tysdag. 26. mars klokka 1500. Linn.

Mandag 8. april klokka 1600. Tekstmøte.

18.mars klokka 1500. Tekstmøte.

20 mars klokka 17.30. Tekstmøte.

20 april. 0930. Tekstmøte. Linn.

Veke 17. DKS Alver. Overleve. man-tors.

22. april. Bill Bailey.

23. april. Møte. kl 15-18

26-28 april. Ferie.

25. mai til 1. juni. Ferie.

21. juni. The Boss.

Haust 2024

DKS Bergen. “Alle likar å bli skremt?”

Veke 41, 42, 43. 7-27 oktober. DKS Buskerud. “Alle likar å bli skremt?”

DKS Tromsø. “Nitti minutt du aldri får igjen”.

Vår 2025

Veke 11. Stavanger DKS. Overleve

Veke 14. Stavanger DKS. “Nitti minutt du aldri får igjen. Skrivekurs for ungdom.”

Her kan du sjå tidlegare forfattarbesøk: 

20181107_115543.jpg

Turnéoversikt

og andre forfattarbesøk