Likar du å reise rundt på skulebesøk? Og kva seier du når du står framfor elevane?
Ja, det likar eg veldig godt. Aller mest prøver eg å få barn og unge til å lese bøker. Eg prøver å få elevane til å forstå at skriving og lesing er dei to viktigaste eigenskapane vi menneske har, alt det andre vi lærer kjem frå dette. Ein del gutar blir litt paffe når dei finn ut at bak alle dataspela dei speler sit det ein eller fleire forfattarar og skriv spelet på førehand. Eg likar også å fortelje om skriveprosessen, og eg likar veldig å lese opp frå sjølve bøkene. Eg prøve å kombinerer dei to tinga, slik at det blir variert og spennande å høyre på.
Kvifor lar du barn og unge få vere med på skrivekursa dine?
Skrivekursa eg held er mest for barn og unge, og så lar eg vaksne få vere med viss dei har lyst.
Kva saknar du mest frå då du hadde vanleg jobb?
Julebordet. Uten tvil!
Har du nokon gong stått framfor spegelen og sagt "Svarte-Mathilda" sju gonger?
Nei, det har eg ikkje. Eg trur ikkje det er så lurt av meg å gjere det.
Trur du på spøkelser?
Nei, det gjer eg ikkje. Men eg synest det er veldig spennande å sjå film og lese bøker om dei. Og ikkje minst er det veldig gøy å skrive om dei.
Kva var favorittfaget ditt på skulen?
Eg likte aller best å skrive stil, spesielt oppgåver der eg kunne bruke fantasien heilt fritt.
Kva fag likte du minst då?
Matte og gym. Heilt meiningslaust for meg, begge deler. Eg likar ikkje tal, men er veldig glad for at nokre folk gjer det, slik at dei kan lage datamaskinar og månerakettar og slikt. Gym var stort sett berre ein konkurranse om kven som hoppa lengst, sprang fortast og var flinkast i fotball, dette har null verdi for meg.
Kan eg få boka av deg?
Nei, den må du nok låne eller kjøpe.
Kan eg kjøpe den av deg for tusen kroner?
Kva skal eg lese frå i morgon, då?
Har du Facebook?
Ja. Der kan du like forfattarsida mi. Eg blir helst ikkje ven med folk eg ikkje kjenner, så forfattarsida mi inneheld den informasjonen eg ynskjer å dele offentleg.
Kan du begynne å lage teikneseriar?
Eg er alt for dårleg til å teikne.
Kor lang tid tok det å skrive boka?
Det er eit veldig vanskelig spørsmål å svare på, spesielt sidan eg jobber med fleire bøker på same tida. Men det er uansett ikkje sjølve skrivinga som tar mest tid, det er alt etterarbeidet, redigeringa og ikkje minst: kuttinga. Den vonde prosessen der eg må fjerne dei delane av teksten som ikkje fungerer. Men som alltid endrar boka til det betre.
Kor mange bøker har du skrive?
Sjekk nettsida mi.
Æ elske mord!!
Javel?
Er det du som har skrive den boka?
Ja.
Skriv du bøkene heilt åleine?
Ja, det gjer eg. Men det er alltid eit forlag og ein forlagsredaktør som vil vere med å bestemme. Dei seier kva som er bra og kva som er dårleg, og så gjer eg endringar i teksten. Som regel blir ei bok betre av gå fram og tilbake mellom meg og redaktøren nokre gonger. Etterpå er det noko som kallast språkvask, der nokre andre enn meg les gjennom og fiksar på dårlege setningar og slike ting. Eg må sjølvsagt godkjenne alt. Heilt til slutt er det korrekturlesing, der alle skrivefeila blir retta, og teksten bli laga om til ein tekst som fysisk passar inn i ei bok. Her er det viktig å vere nøyaktig, men av og til dukker det opp småfeil likevel.
Er du mørkredd?
Nei, men eg er livredd for edderkoppar!
Du forfatter, jeg har den Gamer-boka hjemme!!!
Har du lese den?
Nei.
Kor mykje pengar tener du?
Ikkje nok.
Kor gammal er du?
Passeleg.
Hvorfor skriver du ikke på bokmål?
Eg skriv begge deler. Prøv å les nynorsk, det er ikkje så vanskeleg som du trur.
Kor høg er du?
Litt for lav i forhold til vekta.
Er alle bøkene dine på stavangersk?
Nei, ingen av bøkene mine er på stavangersk.
Finst det film av boka?
Nei, dessverre. Kanskje du kan lage den?
Kor mykje kostar boka?
Sjekk nettbutikkane.