Uprisen 2015

Alle gode ting skulle likevel vise seg å ikkje vere tre. For tredje gong var eg nominert til Uprisen, og for tredje gong måtte eg sjå meg slått av ein annan forfattar. Denne gongen Sigbjørn Mostue og boka I morgen er alt mørkt. Å vere nominert med Soledad var sjølvsagt kjekt, eg får møte alle elevane som har lese bøkene og får deira ofte nådelause dom. Men aller kjekkast er det å møte dei andre nominerte forfattarane. Det mest irriterande er eigentleg at alle dei nominerte denne gongen har skrive bøker eg likar, kanskje spesielt nettopp Mostue. Då eg slukte boka hans dagen etter den plumpa ned i postkassa tenkte eg faktisk: Pokker, denne boka kjem til å vinne Uprisen. Det hadde vore verre å tape for ei bok eg direkte mislikte, men i I morgen er alt mørkt er ei forbaska bra bok. Utruleg spennande og velskriven. (Meg eg begynner alltid å tenkje på Stanley Jacobsen når eg høyrer tittelen.)

Foreningen !les har skapt eit ekstremt vellukka opplegg med Uprisen. Hundrevis av elevar får lese bøkene våre, og skrive anmeldelsar, og hundrevis av dei får kome til Lillehammer og bestemme kva for ei bok dei likar best. Håper ikkje dei blåblåblå klarar å øydeleggje dette tiltaket. Det hadde vore ei stor skam.

Det er veldig stas å bli nominert, men det hadde sjølvsagt vore kult å vinne ein gong, òg. Kanskje dei kan opprette ein ærespris? Nominert flest gonger? Eller noko slikt. Uansett så vann vi barnebokquizzen!

2014 - oppsummert

På tide med ei lita oppsummering av året. Tilfeldighetane ville ha det til at eg i år har gitt ut heile tre bøker, endå meir tilfeldig at alle tre er på sidemål. Har desse bøkene satt nokre spor etter seg? Eit enkelt internettsøk avslører sanninga.

Den første boka eg gav ut kom tidleg på året, allereie i februar. Den var rett og slett eit bestillingsverk frå Egmont Kids, som skulle starte ein bokserie for ungdom med namnet GRUSOM. Eg hadde allereie ei halvferdig bok liggande som eg ikkje visste kva eg skulle gjere med, den var litt for ekstrem, tenkte eg. Men Egmont likte den, og redaktør Heidi Sævareid og eg sat i gong eit intensivt samarbeid for å få boka ferdig. Eg blei godt fornøgd med resultatet, sjølv om eg skulle ynskje den blei marknadsført tyngre.

Boka hadde namnet En smak av Zommer og fekk nokre få bokmeldingar på nett og i avis. Tulleruska`s World meinte boka var eit slags The Walking Dead i bokform. Den likte eg. Dagsavisen skreiv at boka hadde både tone og overskot i tema og språk, dei meinte det heile var ubetaleleg og at hovudpersonen Max utstrålte ein sindig bygde-kulhet då katastrofen ramma. Og Byavisa Drammen skreiv at boka var eit heidundrande og blodsprutande festmåltid marinert i hjernemasse. Mistenker at det er Stig Elvis Furset som står bak denne. Magasinet påstår rett og slett at eg meistrar sjangeren skrekk for ungdom. Sjølv omtalte eg boka som ei blanding av Vi på Saltkråkan og Braindead. Alle hadde sjølvsagt rett. Boka var festleg å skrive og eg ser tilbake på den med eit ironisk flir. Det var kjekt å utrydde heile Bømlo i ein zombie-apokalypse. Eg gjer det gjerne igjen.

Neste bok ut var eit langt meir ambisiøst prosjekt for min del. Den dystopiske ungdomsboka Soledad. Eg kontakta Aschehoug forlag fleire år før eg gav den ut, og spurte om dei var interessert. Det var dei, og prosessen med å redigere og omskrive boka byrja straks eg var ferdig med siste boka i serien om Svarte-Mathilda. Det var enormt spennande for meg å skrive Soledad, det var utforsking av ein sjanger eg alltid har vore fascinert over, eg hugsar framleis inntrykket som filmen The Day After gjorde i tenåra, om etterdønningane etter eit atom-angrep. Vi som vaks opp under avslutninga av den kalde krigen har mange slike godbitar i minnet. Fascinasjonen over å vere heilt åleine igjen på jorda var utgangspunktet for Soledad. Gjennom å høyre musikk frå tenåra og å spele Playstationspel som The Last of Us tok samfunnet og karakterane i Soledad form. Men det heile starta med eit besøk på den fascinerande og vêrharde rogalandsøya Utsira.

Sjølvsagt kunne Soledad hatt blitt meir synleg, og vore på toppen av alle salslister, men eg er blitt vane med å ikkje finne meg sjølv i bokhandlarane. Det er irriterande, men vanleg. Boka fekk uansett nokre fine omtaler. Og det var kanskje Ahmed Khaatab på barnebokkritikk.no som verkeleg skjøna boka: "Tor Arve Røssland er flink til å veksle rytmisk mellom rolige partier og mer intense situasjoner. Språket er troverdig, spesielt skinner Soledads mistenksomhet gjennom i språket på en måte som er tydelig, men uten å være full av klisjeer.

Samtidig er romanen tydelig i sin oppvurdering av det frie individet utenfor de nye småsamfunnene. Soledad sparker i flere retninger. I den finnes en markert kritikk av dagens passive miljøpolitikk, i tillegg tegner Røssland et dystert fremtidsbilde av menneskets evne til å skape siviliserte samfunn."

Tulleruska skreiv at boka var eit godt tilskot til dystopiane, og Anniken Thorsen på Deichmanske sin blogg sa at sterke, modige Soledad gjorde inntrykk på henne. Bergens Tidende hadde derimot ikkje gjort heimeleksa si og påstod at Soledad er første boka i ein trilogi, noko eg aldri har sagt, eg har faktisk understreka det motsette, at dette er ei enkeltståande bok og skal det skrivast oppfylgjar må det kome som ein folkekrav, og Kongen må be om det i nyttårstalen sin.

Bjørn Gabrielsen i Dagens Næringsliv hadde også fanga opp eit anna poeng som ingen andre hadde fått med seg. Korleis kvinner blir undertrykt i mitt tenkte framtidssamfunn, der sterke menn får herje fritt.

Soledad er eit angrep på ein passiv miljøpolitikk, og ja, den er pessimistisk når det gjeld menneske si evne til å skape siviliserte samfunn. Viss ikkje grep blir tatt vil både befolkningsvekst og miljøet til slutt vere vår undergang. Eller ikkje vår, men dei andre, sjølvsagt. Vi her i Noreg er for grådige og proteksjonistiske til at vi lar det skje med oss.

Det er faktisk på Uprisen.no at boka har fått mest merksemd, og det er utruleg artig å lese ungdommane sine eigne omtaler. Ungdom likar handling og action og dei hater dødtid i bøker. Derfor er det mange som meiner at boka starter litt treigt. Dei fleste kjem fort inn i handlinga, likevel, og dei synest den er ekstremt spennande. Nokre misliker den opne slutten, og at dei ikkje får forklaring på alt. Mens andre igjen har tatt poenget: "Jeg har hørt flere som sier at de etter å ha lest boka, har en del spørsmål de ikke har fått svar på, og at de ikke liker bokas åpne slutt. Personlig er jeg uenig i dette. Jeg føler dette gir leseren en mulighet til å tenke selv hvordan ting henger sammen, og hva som skjer etter siste side. Terningkast 6!"

Boka skal ikkje gi alle svar. Heile handlinga er sett frå Soledad sin synsvinkel, og denne synsvinkelen var viktig for meg. Dermed ville det vere heilt unaturleg at ho i den settinga ville finne svar på alt ho lurte på, utan at det hadde virka påklistra og overforklarande. Eg har alle svara oppi hovudet mitt, men dei deler eg ikkje med nokon, med mindre Kongen grip inn, sjølvsagt.

Boka stiller spørsmål, og lesaren skal finne svara sjølv. Og du finn svara i boka om du leiter, Soledad er inne på det undervegs, men ho kan sjølvsagt ikkje vere sikker på kva som står bak katastrofen som har ramma verda.

Siste boka eg gav ut var thrilleren Snatch, i serien Skumring på Mangschou forlag. Eit lite bergensbasert forlag som gir ut massevis av gode bøker for barn og ungdom. Dette var andre boka mi i denne serien, der den første var Gamer (2011). Snach handlar om to ungdommar som kidnappar ei rik jente i Bergen, for å krevje løysepengar for henne. Eg kan godt vere den første som seier det: Dette er ei umoralsk bok. Eg skal ikkje røpe slutten, men ei barnekidnapping er i utgangspunktet tvilsamt, det ser til og med eg. Men eg likar historier om forbrytarar og halvkriminelle. Det er kjekt å heie på dei som er på skuggesida av samfunnet.

Boka har fått litt merksemd på bokbloggar, men aviser og større nettstader skriv ikkje om lettleste ungdomsbøker. Bloggarane meinte den var actionfylt med sugande ekkel spenning, og med ein overraskande slutt. Også på Uprisen.no har den fått nokre omtaler. Nokre synest den fortel ei orginal historie, nokre synest den er for kort, mens enkelte meiner den er kjempespennande.

Det blir ikkje tre bøker til neste år. Kanskje berre éi. Men den blir til gjengjeld på nynorsk. Det kan eg love.

 

 

Uprisen

Thomas Enger stakk av med Uprisen for boka Den onde arven, rett framfor nasen på meg og Svarte-Mathilda III. Eg skjønar eigentleg godt at ungdommane som skulle kåre vinnaren synest at Svarte-Mathilda III var ei litt vanskeleg bok å forholde seg til. Den er ikkje ei frittståande bok, men avslutninga på ein serie der alt heng saman i ei lang historie. Men akkurat som forrige gongen eg var nominert, så var det veldig kjekt å delta under festivalen. Gøy å møte juryklassanene og kjekt å bli kjent med dei andre nominerte som var til stades, kanskje spesielt Marte Aune (som eg også var på quizlag saman med under barne- og ungdomsbokquizzen). Ho er ein ung debutant som vi kjem til å høyre meir frå. Det er eg sikker på.

Ingen Upris på meg i år heller, kanskje neste år? 

Svarte-Mathilda III er nominert til Uprisen!

Akkurat som den første boka, er no den tredje boka i serien om Svarte-Mathilda nominert til Uprisen! Dette er prisen som blir delt ut av ungdommen sjølv, etter hundrevis av omtaler av alle ungdomsbøker som er gitt ut i 2013.

Svarte-Mathilda III er den siste boka i serien, og det kjennes godt at lesarane har tatt så godt i mot den som dette. Sjølv om media og forståsegpåarar ikkje gir den merksemd i det heile tatt, så viser det at den likevel når fram til ungdommen! 

Prisen blir delt ut av Foreningen !les og Litteraturfestivalen på Lillehammer. Kven som vinn Uprisen blir avgjort 22. mai, sjølvsagt på Lillehammer. 

Her kan du lese kva ungdommen synest om boka.

Her kan du lese korleis det gjekk førre gongen eg var nominert.

Bokmelding: "Svarte-Mathilda" av Tor Arve Røssland

Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: "Forfattar trillar terning på seg sjølv." Endeleg er turen komen til grøssaren "Svarte-Mathilda" frå 2010.

Kven har vel ikkje høyrt om Bloody Mary? Ei spøkelsesjente som gøymer seg i spegelen din, og kjem ut og drep deg om du seier namnet hennar fem gonger, eller var det sju? Eller hundre? Her har du litt av problemet med "urban legends," eller vandrehistorier som vi seier her til lands, du kan ikkje heilt stole på dei. Likevel har forfattar Tor Arve Røssland tatt på seg oppgåva å fortelje om Bloody Mary si vonde norske syster, Svarte-Mathilda. Opphavet hennar er nokså diffust, men forfattaren er likevel observert rundt omkring på norske barneskular der han presenterer sin versjon som den absolutt sanning.

Men kva handlar så denne boka om? Først og fremst om fjorten år gamle Elisabeth, ei jente vi umiddelbart får sympati for. Ho har mista storebror sin i ein brann, foreldra skal skilja seg og saman med mor si skal ho flytte til ein liten stad utanfor Bergen. Kven ville vel ikkje sympatisert med henne? Allereie første dagen kjenner ho eit intenst ubehag i leilegheita, det luktar rart, ho høyrer lydar og det er frykteleg kaldt der inne, same kor mykje dei fyrer i omnen.

Samstundes blir vi også kjent med ei gruppe menneske på slutten av 1800-talet, langt inni Hardangerfjorden. Eit realistisk tidsbilete blir presentert, og oppi dette ei grufull historie om menneskeofring og okkulte ritual. Som alt saman krinsar rundt ei lita jente som heiter Mathilda, og ein gamal spegel som stammar frå Italia. 

Same spegelen heng på badet hos Elisabeth, og ved hjelp av klassekameraten Philip og bibliotekaren Viggo kjem ho over vandrehistoria om Svarte-Mathilda. Philip skal absolutt vere med henne heim og teste det ut framfor spegelen, noko Elisabeth motvillig går med på. Dei seier namnet hennar sju gonger, og det går slik det må gå. Vondskapen er ute.

Svarte-Mathilda har mange referansar til anna populærkultur. Eit kapittel er rett og slett stolen frå episoden "Members only" frå The Sopranos, og replikkar både frå Star Trek og kultfilmen Candyman er dårleg kamuflert i teksten. Men dette er det jo berre nerdar, og dei med direkte kontakt med forfattaren som oppdagar. 

Boka har eit lettfatteleg nynorsk, som sjølv den mest innbarka riksmålsbrukar ikkje vil ha noko problem med å lese. Nynorsken er faktisk med på å gjere det heile meir ekkelt, for denne boka er rett og slett forferdeleg skummel. Den kryp under huda på deg, og gjer heile leseopplevinga særs ubehageleg. Forfattaren sjølv har tilstått at han fekk frysningar av si eiga bok då han skreiv den. Anten hugsar han dårleg kva han har skrive, eller kanskje han berre er veldig lettskremt.

Uansett dette er ei bok som er vanskeleg å leggje frå seg, og ein byrjar å lengte etter ein oppfylgjar så snart ein er ferdig.


Lillehammer 2011

Møte mellom Norsk Litteraturfestival og eit vondt kne

Det går ikkje an å fortelje om opphaldet mitt på Lillehammer 25-26 mai utan å begynne dagen før. Eg vakna tidleg om morgonen av eit forferdeleg uvêr. Det regna og bles som om det skulle vore midt på vinteren. Eg kikka ut vindauget og såg at her måtte eg gripe inn.

Redde det som reddast kan!

Eg sprang ut på altanen og stabla stolar og trilla grillar før eg elegant skulle hoppa inn igjen på soverommet. Ute av stand til å berekna avstand og kor glatt eg faktisk var under føtene så sklei eg ned i bønestilling og knuste venstre kne og høgre legg rett i sengekanten. Dette kjem eg sikkert til å le av ein dag, tenkte eg, men akkurat der og då blei eg svimmel og kvalm.

Hadde dette hendt dagen eg skulle reise måtte eg ha meldt avbod til heile festivalen og Uprisen. Eg dopa meg på paracet, men sov uroleg. Eg drøymte om knuste kneskåler og at eg vann Uprisen mens bandet spelte "Only Girl (in the world)" av Rihanna.

Hadde heldigvis ingen ved sida av meg på flyet, og ei heil sitjegruppe for meg sjølv på toget. Eg halta ned på perrongen som ein gammal mann, ute av stand til å bøye venstre kne. Irriterte meg over alle trappene på togstasjonen på Lillehammer. Tok heisen som ein pleietrengande. Irriterte meg endå meir over trappene ned til festivalkontoret, vel vitande om at eg måtte gå dei same trappene opp igjen. Vetle Lid Larsen gjekk bak meg og hadde det travelt.

Vandra gjennom gatene. Kom sakte nærare og nærare hotellet. Såg Dag Solstad som blafra i vinden.

Blei innlosjert på Mølla hotell, som sjølvsagt hadde trapper ned til resepsjonen. Eitt trinn om gongen. Laga kø. Fantaserte om paracet. Sveitta som ein gris. Hadde framleis Rihanna på hjernen.

Kunne endeleg slappa av på hotellrommet nokre timar før eg skulle i elden om kvelden. Las litt i programmet. Dei hadde stava namnet mitt feil. Såg at eg og Sigbjørn Mostue var dei einaste av dei Uprisnominerte som ikkje hadde fleire oppdrag under festivalen. Kanskje like greit sidan eg ikkje heiter Tor Arne.

La meg til rette i senga med foten på ei pute og såg Boston Legal på pc`en.

Lurte på kor lang tid eg kom til å bruke på å gå til Banken - lokalet der eg og Hilde Hagerup skulle møte juryklassane. Bekymra meg for om eg klarte å stå i 1 time og 40 minutt. Var det kanskje betre å sitje? Begge deler blei vondt etter kort tid.

Ei handfull paracet fekk meg til å gløyme kneet mens det heile heldt på. Elevane visste tydelegvis ikkje at dei kunne stille oss så mange spørsmål dei ville, så det blei mest eg og Hilde som utbroderte så mykje vi klarte på dei spørsmåla vi fekk. Det var likevel kjekt å møte dei. Hadde ei gruppe fans som eg sette stor pris på. Eg og Hilde bestemte oss for byte bøker. Gler meg til å lese boka hennar.

Slappa av med Bob Dylan framsyning etterpå. Ein fyr som sang Dylan på nynorsk var litt kul, men Håvard Rem med hendene i lommene som brølte ut kristen-Dylan var ikkje heilt i mi gate. Ida Jenshus si tolking av Boots of Spanish Leather var nydeleg. Då Jan Erik Vold kom på scenen gjekk eg. Har ingenting imot han, men eg rekna ikkje med at han ville klare å overgå Ida Jenshus.

Eg enda dagen på Bryggerikjelleren med hyggelege folk frå Samlaget og Norske barne- og ungdomsbokforfattere. Vanskeleg å finne ut korleis eg skulle sitje utan å bøye kneet. Døyvde smertene med øl.

Om morgonen dagen etter var eg klar for Uprisutdeling. Samstundes måtte eg sjekke ut av hotellet. Måtte dra kofferten den lange vegen bort til jernbanestasjonen. Der hadde dei inga bagasjeoppbevaring.

Banna for meg sjølv.

Måtte dra kofferten heilt bort til Banken. Sveitta og halta.

Helste på nokre av elevane. Dei veit nok kven som har vunne, tenkte eg. 

Før utdelinga skulle vi møte opp tre kvarter før for å få instruksjonar av tv-teamet som skulle streame heile utdelinga direkte på NRK nett-TV. Reine Oscarutdelinga. Fekk møte programleiar Vera Michaelsen som trudde eg var Sigbjørn Mostue.

"Eg er ikkje han," sa eg.

"Å! Er det du som har skrive Sorte-Mathilda?"

"Svarte-Mathilda," sa eg.

"Det er den einaste boka eg ikkje har fått lese," sa ho. "Eg fekk den aldri av forlaget."

Sjølvsagt gjorde du ikkje det, tenkte eg, og lurte på å skifte namn til Tor Arne, berre for å gjere alt lettare.

Til min store skrekk skulle alle dei nominerte opp på scenen under showet for å bli intervjua. Vera forklarte oss kva spørsmål ho skulle stille. Eg hugsa ingen av dei. Eg tenkte berre på dei tre trappetrinna opp til scenen. Klarer eg å gå opp utan å sjå ut som ein nittiåring?

Eg beit det i meg då eg gjekk opp. Kva gjer ein ikkje for direktesendt tv? Vera var veldig hyggeleg og proff. Har ingenting vondt å seie om henne.

Eg var faktisk lukkeleg då eg sette meg ned igjen etter intervjuet, vel vitande om at Axel og Morten kom til å vinne prisen. Då slapp eg å gå trappetrinna igjen.

Prisen blei utdelt, nokre elevar var sure fordi eg ikkje vann. Det likte eg.

Hadde ein kort og litt stressande lunsj med dei hygglege folka frå Samlaget, der eg fortalte dei at programleiar Vera aldri hadde fått boka mi, før eg og Sigbjørn Mostue måtte ta toget til Gardermoen. Hyggeleg kar som eg håper å sjå igjen. Vi blei kasta ut av den stille sona fordi vi var så masete. Måtte halte meg gjennom heile det fordømte toget før vi fant ledige seter ein annan stad, midt blant ein av juryklassane.

Etter tog, fly, flybuss og rutebuss var eg heime i ti-tida om kvelden. Skulle ynskja at NSB, Norwegian, Flybussen og Tide Buss var meir samkjørte. Forferdeleg mykje venting.

Hadde eigentleg tenkt å filme mykje meir, men kneet orka rett og slett ikkje.

Her kan du likevel sjå ein kort film der eg blant anna kastar takketalen i do: