Uprisen

Thomas Enger stakk av med Uprisen for boka Den onde arven, rett framfor nasen på meg og Svarte-Mathilda III. Eg skjønar eigentleg godt at ungdommane som skulle kåre vinnaren synest at Svarte-Mathilda III var ei litt vanskeleg bok å forholde seg til. Den er ikkje ei frittståande bok, men avslutninga på ein serie der alt heng saman i ei lang historie. Men akkurat som forrige gongen eg var nominert, så var det veldig kjekt å delta under festivalen. Gøy å møte juryklassanene og kjekt å bli kjent med dei andre nominerte som var til stades, kanskje spesielt Marte Aune (som eg også var på quizlag saman med under barne- og ungdomsbokquizzen). Ho er ein ung debutant som vi kjem til å høyre meir frå. Det er eg sikker på.

Ingen Upris på meg i år heller, kanskje neste år? 

Svarte-Mathilda III er nominert til Uprisen!

Akkurat som den første boka, er no den tredje boka i serien om Svarte-Mathilda nominert til Uprisen! Dette er prisen som blir delt ut av ungdommen sjølv, etter hundrevis av omtaler av alle ungdomsbøker som er gitt ut i 2013.

Svarte-Mathilda III er den siste boka i serien, og det kjennes godt at lesarane har tatt så godt i mot den som dette. Sjølv om media og forståsegpåarar ikkje gir den merksemd i det heile tatt, så viser det at den likevel når fram til ungdommen! 

Prisen blir delt ut av Foreningen !les og Litteraturfestivalen på Lillehammer. Kven som vinn Uprisen blir avgjort 22. mai, sjølvsagt på Lillehammer. 

Her kan du lese kva ungdommen synest om boka.

Her kan du lese korleis det gjekk førre gongen eg var nominert.

Lillehammer 2011

Møte mellom Norsk Litteraturfestival og eit vondt kne

Det går ikkje an å fortelje om opphaldet mitt på Lillehammer 25-26 mai utan å begynne dagen før. Eg vakna tidleg om morgonen av eit forferdeleg uvêr. Det regna og bles som om det skulle vore midt på vinteren. Eg kikka ut vindauget og såg at her måtte eg gripe inn.

Redde det som reddast kan!

Eg sprang ut på altanen og stabla stolar og trilla grillar før eg elegant skulle hoppa inn igjen på soverommet. Ute av stand til å berekna avstand og kor glatt eg faktisk var under føtene så sklei eg ned i bønestilling og knuste venstre kne og høgre legg rett i sengekanten. Dette kjem eg sikkert til å le av ein dag, tenkte eg, men akkurat der og då blei eg svimmel og kvalm.

Hadde dette hendt dagen eg skulle reise måtte eg ha meldt avbod til heile festivalen og Uprisen. Eg dopa meg på paracet, men sov uroleg. Eg drøymte om knuste kneskåler og at eg vann Uprisen mens bandet spelte "Only Girl (in the world)" av Rihanna.

Hadde heldigvis ingen ved sida av meg på flyet, og ei heil sitjegruppe for meg sjølv på toget. Eg halta ned på perrongen som ein gammal mann, ute av stand til å bøye venstre kne. Irriterte meg over alle trappene på togstasjonen på Lillehammer. Tok heisen som ein pleietrengande. Irriterte meg endå meir over trappene ned til festivalkontoret, vel vitande om at eg måtte gå dei same trappene opp igjen. Vetle Lid Larsen gjekk bak meg og hadde det travelt.

Vandra gjennom gatene. Kom sakte nærare og nærare hotellet. Såg Dag Solstad som blafra i vinden.

Blei innlosjert på Mølla hotell, som sjølvsagt hadde trapper ned til resepsjonen. Eitt trinn om gongen. Laga kø. Fantaserte om paracet. Sveitta som ein gris. Hadde framleis Rihanna på hjernen.

Kunne endeleg slappa av på hotellrommet nokre timar før eg skulle i elden om kvelden. Las litt i programmet. Dei hadde stava namnet mitt feil. Såg at eg og Sigbjørn Mostue var dei einaste av dei Uprisnominerte som ikkje hadde fleire oppdrag under festivalen. Kanskje like greit sidan eg ikkje heiter Tor Arne.

La meg til rette i senga med foten på ei pute og såg Boston Legal på pc`en.

Lurte på kor lang tid eg kom til å bruke på å gå til Banken - lokalet der eg og Hilde Hagerup skulle møte juryklassane. Bekymra meg for om eg klarte å stå i 1 time og 40 minutt. Var det kanskje betre å sitje? Begge deler blei vondt etter kort tid.

Ei handfull paracet fekk meg til å gløyme kneet mens det heile heldt på. Elevane visste tydelegvis ikkje at dei kunne stille oss så mange spørsmål dei ville, så det blei mest eg og Hilde som utbroderte så mykje vi klarte på dei spørsmåla vi fekk. Det var likevel kjekt å møte dei. Hadde ei gruppe fans som eg sette stor pris på. Eg og Hilde bestemte oss for byte bøker. Gler meg til å lese boka hennar.

Slappa av med Bob Dylan framsyning etterpå. Ein fyr som sang Dylan på nynorsk var litt kul, men Håvard Rem med hendene i lommene som brølte ut kristen-Dylan var ikkje heilt i mi gate. Ida Jenshus si tolking av Boots of Spanish Leather var nydeleg. Då Jan Erik Vold kom på scenen gjekk eg. Har ingenting imot han, men eg rekna ikkje med at han ville klare å overgå Ida Jenshus.

Eg enda dagen på Bryggerikjelleren med hyggelege folk frå Samlaget og Norske barne- og ungdomsbokforfattere. Vanskeleg å finne ut korleis eg skulle sitje utan å bøye kneet. Døyvde smertene med øl.

Om morgonen dagen etter var eg klar for Uprisutdeling. Samstundes måtte eg sjekke ut av hotellet. Måtte dra kofferten den lange vegen bort til jernbanestasjonen. Der hadde dei inga bagasjeoppbevaring.

Banna for meg sjølv.

Måtte dra kofferten heilt bort til Banken. Sveitta og halta.

Helste på nokre av elevane. Dei veit nok kven som har vunne, tenkte eg. 

Før utdelinga skulle vi møte opp tre kvarter før for å få instruksjonar av tv-teamet som skulle streame heile utdelinga direkte på NRK nett-TV. Reine Oscarutdelinga. Fekk møte programleiar Vera Michaelsen som trudde eg var Sigbjørn Mostue.

"Eg er ikkje han," sa eg.

"Å! Er det du som har skrive Sorte-Mathilda?"

"Svarte-Mathilda," sa eg.

"Det er den einaste boka eg ikkje har fått lese," sa ho. "Eg fekk den aldri av forlaget."

Sjølvsagt gjorde du ikkje det, tenkte eg, og lurte på å skifte namn til Tor Arne, berre for å gjere alt lettare.

Til min store skrekk skulle alle dei nominerte opp på scenen under showet for å bli intervjua. Vera forklarte oss kva spørsmål ho skulle stille. Eg hugsa ingen av dei. Eg tenkte berre på dei tre trappetrinna opp til scenen. Klarer eg å gå opp utan å sjå ut som ein nittiåring?

Eg beit det i meg då eg gjekk opp. Kva gjer ein ikkje for direktesendt tv? Vera var veldig hyggeleg og proff. Har ingenting vondt å seie om henne.

Eg var faktisk lukkeleg då eg sette meg ned igjen etter intervjuet, vel vitande om at Axel og Morten kom til å vinne prisen. Då slapp eg å gå trappetrinna igjen.

Prisen blei utdelt, nokre elevar var sure fordi eg ikkje vann. Det likte eg.

Hadde ein kort og litt stressande lunsj med dei hygglege folka frå Samlaget, der eg fortalte dei at programleiar Vera aldri hadde fått boka mi, før eg og Sigbjørn Mostue måtte ta toget til Gardermoen. Hyggeleg kar som eg håper å sjå igjen. Vi blei kasta ut av den stille sona fordi vi var så masete. Måtte halte meg gjennom heile det fordømte toget før vi fant ledige seter ein annan stad, midt blant ein av juryklassane.

Etter tog, fly, flybuss og rutebuss var eg heime i ti-tida om kvelden. Skulle ynskja at NSB, Norwegian, Flybussen og Tide Buss var meir samkjørte. Forferdeleg mykje venting.

Hadde eigentleg tenkt å filme mykje meir, men kneet orka rett og slett ikkje.

Her kan du likevel sjå ein kort film der eg blant anna kastar takketalen i do: