Tjue år som forfattar!

I haust er det tjue år sidan eg gav ut den første boka mi. Barneboka Pode kom ut oktober 1999, og markerte starten på forfattarskapet mitt. Den gongen tenkte eg ikkje på at dette kunne bli jobben min. Eg hadde akkurat fått full jobb på Elkjøp i Bergen. Eg hadde tre ungar, lån og akvarium. Men etterkvart kom det ut eit par bøker til, og eg gjekk ned til deltidsstilling på Elkjøp - noko som viste seg å vera det luraste eg har gjort i mitt “vanlege” yrkesliv. Eg hadde aldri holdt ut så lenge viss ikkje. Akvariet blei knust då vi skulle flytte, men til gjengjeld flytta vi inn i einebustad, så eg haldt fram med å jobbe på Elkjøp heilt fram til 2012. Då var det nok. Eg byrja som rådsmedlem i Norske barne- og ungdomsbokforfattarar sitt Litterære råd, og eg byrja turnere for alvor. No har eg vore ute av rådet ei god stund, men eg har framleis ikkje følt behovet for å ta ein vanleg jobb. Eg må innsjå at det er forfattar eg skal bli.

I år, altså 2019, har eg gjort ei lita oppsummering over karrieren, og eg må seie eg er nøgd med tanke på både ungar, jobb, akvarium og det faktum at eg er svært lat.

Oppsummering:

  • I år kjem den syttande boka mi ut, Kodeord Overlord, og det er ei bok eg tenkt på sidan eg var tolv-fjorten år.

  • I laupet av desse åra har eg hatt desse som redaktør: Guri Vesaas, Stein Versto, Finn Totland, David Aasen, Kjersti Instefjord, Erle Stokke, Bente Lothe Orheim, Ingrid Senje Rasmussen, Ragnfrid Trohaug (Det Norske Samlaget) Simone Stibbe (Skald) Heidi Sævareid (Egmont Kids) Johanne Askeland (Aschehoug) Anne-Stefi Teigland, Petra Helgesen, Johanne Hille-Walle (Mangschou) Og no i år fulgte eg etter Johanne Hille-Walle til Vigmostad & Bjørke sidan Mangschou hadde førebels stopp på nye utgjevingar. I tillegg har eg Brynjulf Jung Tjønn i bakhovudet når eg skriv neste boka mi - for den er på nynorsk og blir ei cross-over bok, og Brynjulf er redaktøren min på Samlaget no. Ja, dette er mange redaktørar, og eg har lenge trudd det ligg ei forbanning over meg. Og ja, all denne utskiftinga er heilt klart ein medvirkande årsak til at eg ikkje har gitt ut endå fleire bøker. Ein må liksom byrje på nytt kvar gong.

  • Eg har skrive to teaterstykke: Huldra, som blei sett opp av Vestlandske teatersenter to gonger. Og Prinsesse Slim, som blei sett opp av Os barne- og ungdomsteater. I tillegg har både Svarte-Mathilda og Pode blitt sett opp som teater, men utan at eg har vore direkte involvert.

  • Eg har bidratt til tre av Skald sine nynorske novellesamlingar. Har i tillegg skrive for Norsk barneblad.

  • Eg har turnert forferdeleg mykje i Noreg, og eg likar det.

  • Eg har vore nominert til Uprisen fem gonger. Noko som er veldig inspirerande. Det at ungdommen likar bøkene er det viktigaste.

  • Filmselskap har tatt kontakt og avtalar er signert !!

Eg tenkjer å halde fram med mykje av det same. Skrive bøker, reise på turné og drøyme meg bort. Eg har jo blitt bestefar, og det gir jo eit nytt perspektiv på livet. Eg rakk ikkje tjue bøker på tjue år, men sytten er ikkje så gale, det heller.