Bokmelding: "Svarte-Mathilda III" av Tor Arve Røssland

Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: "Forfattar trillar terning på seg sjølv." Endeleg er turen komen til avslutninga i serien. "Svarte-Mathilda III" frå 2013.

Etter to skremmande bøker i serien, har Røssland verkeleg fått boltra seg i avslutninga. Tråden blir direkte tatt opp frå bok nummer 2, og hovudpersonen Elisabeth har hamna i Venezia saman med venninna Gry. Og no er det dei som jaktar på Svarte-Mathilda. Eller er det framleis dei som blir jakta på?

Også denne gongen er det ei parallellhistorie frå gamle dagar, og denne gongen er vi på 1500-talet, også i Venezia, hos brørne Dario og Giovanni del Gallo, som arbeidde som spegelmakarar. Venezia var i ein særs turbulent periode, og det blei ikkje betre av at ein barnemordar luska langs kanalane. Denne historia frå 1500-talet verkar gjennomarbeidd med eit truverdig tidsbilete, og levande karakterar som tilfører sagaen om Svarte-Mathilda tyngde og orginalitet. Sjølvsagt vil enkelte lesarar bli skuffa når mykje blir avslørt, det vil aldri passe inn i korleis ein såg for seg avslutninga. Det er noko av det negative med denne sjangeren. Men noko av det positive er at slike sagaer eigentleg aldri sluttar, sjølv om forfattaren har sett punktum, så lev (eller døyr) karakterane vidare.

Elisabeth får sitt oppgjer med Svarte-Mathilda, sjølv om prisen ho har betalt gjennom desse tre bøkene er enormt høg. Denne tredje boka er lengre, mørkare og skumlare enn dei to første. Noko av mystikken blir avslørt, men ny mystikk blir tilført.