Bokmelding av "Svarte-Mathilda II" av Tor Arve Røssland

Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: "Forfattar trillar terning på seg sjølv." Turen er komen til grøssaren "Svarte-Mathilda II" frå 2011.

Det er ikkje lett å skrive oppfylgjarar til bøker som har gjort suksess, men Tor Arve Røssland følte han måtte gjere ferdig historia om Svarte-Mathilda. Han har uttalt at han gjorde litt slik som George Lucas gjorde med Star Wars-filmane, han fann på heile historia, og så laga han den midtarste delen først. Det er altså midtpartiet vi kunne lese i den første boka.

I denne andre boka begynner det brutalt og brått, der ein av hovudpersonane frå bok nummer 1 døyr heilt plutseleg. Elisabeth, som no er blitt femten, får ikkje vite dette før eit godt stykke ut i boka. Ho er på språkreise til Italia saman med venninna si Gry. Dei bur i eit stort herskapshus utanfor Verona, eit hus som har sine eigne overnaturleger utfordringar.

Samstundes blir vi kjent med Sivert, ein liten gut frå ein røvarfamilie som kjem over den heimsøkte spegelen vi fekk vite så altfor lite om i bok nummer 1. Han blir gradvis forheksa av Svarte-Mathilda som gøymer seg i spegelen, og lesaren får nokre hint om kva vondskap som gøymer seg der inne. Nok ein gong er vi tilbake til Hardanger og 1800-talet.

Svarte-Mathilda II sluttar eigentleg ikkje, den er ei mellombok, og nok ein gong kjem det ei Star Wars samanlikning. Den er litt som Star Wars - Episode V - The Empire Strikes back. Ei ventebok, ei mellombok, der mange av bitane blir lagt på bordet, men dei blir ikkje pusla saman. Litt utilfredsstillande, kanskje, men det byggjer seg jo opp til den suverene Return of the Jedi, den beste filmen i serien.

Svarte-Mathilda II har det same enkle nynorske språket, med god flyt og driv. Redselsfullt er det, men noko av sjokkeffekten frå første boka er ikkje der. Men det er likevel nok av mystikk og skrømt til å skremme mangt eit barn.