Bergensbanen stengt

Natt til 1. januar i år blei Bergensbanen stengt grunna ein mystisk lapp som vart funnen på eit sete i stillesona. (Foto: Scanpix)
Den handskrivne lappen inneheldt ein tekst på eit språk som var heilt uforståeleg for konduktøren. Han kontakta straks PST og etter at Miltbranngruppen hadde undersøkt lappen, kunne toget få gå igjen, men først etter 78 timars intens etterforsking.
- Jeg fikk helt panikk, sa konduktøren. - Jeg trodde det var en fremmed religiøs tekst og fryktet for både mitt og passasjerens liv, spesielt mitt.
Overoberst Smith i Miltbranngruppen henta inn tolkar både frå Saudi-Arabia og Texas, men det var først då ein konduktør på lokaltoget mellom Voss og Bergen fekk lappen i hende, at mysteriet løyste seg.
- Lappen var ikkje anna enn ei handleliste til jul, konstaterte han. - Rett nok var det ein del ubegripelege ting som ikkje reknast som menneskemat på lista, men på Voss er dette heilt normalt.
At lappen i tillegg var skriven på nynorsk gjorde det mykje verre for PST, og på toppen av det heile var det små ironiske kommentarar innimellom sjølve handlelista som gjorde forvirringa total.
- Eg veit ikkje om dette er frå Koranen, eller om det er frå reglementet til National rifle association, sa tolken frå Texas og rista på hovudet.
Lappen blei til slutt brent av omsyn til rikets tryggleik. - Best å vere på den sikre sida, sa Smith.
NSB forsikrar at dei skal sende alle sine tilsette på både nynorsk- og ironikurs straks. Og like etter sende dei ut ei pressemelding på nynorsk for å vise at dei ikkje skiljer mellom dei offisielle språka i Noreg. Pressemeldinga såg slik ut: "Forlåt uss, me vet inte hur man snackar Ny-norsk."