Forelde bryr seg ikkje om at barna driv med skadeleg idrett
Offisielle tal basert på sysning viser at altfor mange barn driv med organisert idrett. Her blir dei utsatt for beinbrot, forstuing, aggressive foreldre og ikkje minst ei usunn dyrking av ein konkurransementalitet som i beste fall kan skade dei for livet. Desse aktivitetane burde sjølvsagt hatt 18-årsgrense.
- Det har diverre blitt ein praksis at barn heilt ned i barnehagealder blir tvinga inn i dette, seier ein bekymra barnebokforfattar. - Dei aner ikkje kva som møter dei av psykisk terror, fortsett forfattaren.
Ikkje forbode
Det finst ingen lover som regulerer dette, det er idrettslaga sjølve som set grensene, men ofte overprøver foreldra råda dei får og tvingar ungane. - Eg aner ikkje kor mange gonger er høyrer "Det er til ditt eige beste!" seier ein fiktiv representant for idrettslaga. - Ungane grin og vil ikkje, men foreldra har eit slags uforløyst forhold til sin eigen "idrettskarriere" som er viktigare for dei.
Gruppepress
Ofte er det nok manglande kunnskap som ligg bak. Foreldra veit ikkje kor motbydelege ungar dei kan få dersom dei lar dei delta i ei slik grenselaus dyrking av vinnarane. - Livet er ikkje ein konkurranse, seier ein person som vil vere anonym, - vi treng ikkje fostre fram fleire blåblåblå-velgarar, eller fyllekjørarar.
Presset som ungane blir utsett for ved å føle seg mindreverdige fordi beina er for korte, at dei ikkje spring fort nok og at dei er redde for ballen kan gjere uboteleg skade. Alle veit dette, men ingen tør å ta debatten.
Boikott
Når vi no nærmar oss neste fotball-VM er eg stolt over at Noreg har valt å boikotte deltaking i det gjennomkorrupte regimet som arrangerer VM. Men det viser seg at nordmenn er så hjernevaska at dei kan finne på å halde med andre land istadenfor, t.d. England, Tyskland, og til og med Sverige. No gjeld det å få boikotte tv-sendingane i tillegg. Anslag seier at 7000 arbeidarar vil vere døde etter utbygginga av fotballrelatert infrastruktur i vertslandet. Det får vere grenser kva vil skal tåle av slik galskap, og her i Noreg startar indoktrineringa allereie i barnehagen, slik at når barna er blitt vaksne tenkjer dei berre på å vinne, og dei drit i alle som måtte døy for å nå dette "viktige" målet.
Enkelte er heilt klart for små til å skjøne omfanget!
18-årsgrense no!