Litterære skurkestrekar

Eit lite utdrag frå framsyninga Huldra som eg skreiv første gong i 2002. I 2009 blei stykket omskrive og sett opp igjen.
Huldra vil gifta seg med kjærasten Sandra, sidan dette er den einaste måten ei hulder kan miste halen på, og bli til eit menneske. Men presten er ikkje like lett å overtale ...
Skodespelarane gjorde ein kjempeinnsats, fotografen (meg) var litt meir ustødig.
Eg har aldri vore nokon stor idrettsmann, her ser de meg som assisterande målvakt. Dette er min største prestasjon i ein sport eg ikkje heilt skjøner vitsen med.
Mimrar om då eg var i Kirkenes i februar og besøkte Jarfjord skule. 30 minusgrader! Gler meg til sommaren!
For tida er eg opptatt med å skrive ungdomsromanen Gamer, som mest sannsynleg kjem ut i år. Litt avhengig av kor raske forlaget er, og kor rask eg er til å skrive om.
Har også gjort ferdig Svarte-Mathilda II, men den kjem nok ikkje før i 2012.