Litterære skurkestrekar
I dag skreiv Hardanger Folkeblad dette:
"Forfattarvitjinga av Tor Arve Røssland resulterte i ei glødande interesse for bøker om Svarte-Mathilda.
– Det vart så gale at elevar smuglas bøkene under pulten i timane. Faglærarane kan nok meina sitt, men her på skulen påtalar me ikkje skurkestrekar av litterær art, seier Hildonen Teigland."
Likte meg godt på skulane i Ullensvang. Fem forfattarbesøk på berre ein dag er tøft, men vel verdt det når eg får slike tilbakemeldingar.