Ein makaber dans

Om skrekk

Mitt eige forhold til skrekksjangeren begynte då eg var 8-9 år gammal. Eg låg på golvet og støtta meg på ei pute, rett framfor høgtalaren til stereoanlegget. Der lytta eg til radioteateret på NRK. Her blei det servert dei mest utrulege historiar, eg har levande minne om Jules Verne sin "En verdensomseiling under havet," hardkokte detektivhistoriar og mordgåter, men kanskje aller best hugsar eg spøkelseshistoriane, science fictionforteljingane og den iskalde, grøssande kjensla på ryggen mens eg høyrte på.

Dette tidlegaste minnet har eg faktisk skrive om i boka "Plutselig skjøna eg alle songane" frå 2004:

"Høgtalarane på golvet. Ein på kvar side av seksjonen. Minna meg om laurdagsbarnetimen og radioteateret. Eg låg alltid på golvet framfor eine høgtalaren, på ei oransje pute, og høyrde på den eine kriminalforteljinga etter den andre. Forteljingar om reiser under havet. Skrekkhistorier om levande tre frå andre planetar som piska menneska i hel med greinene. Kometar som gjorde folk blinde. Triffidane som stakk dei forgifta greinene sine inn i dei hjelpelause, blinde menneska. Spøkelse som stod i vindaugo og kikka på meg."

Dette med kometar som gjorde folk blinde og triffidane som forgifta folk trudde eg lenge var to forskjellige historier, faktisk heilt til eg blei vaksen og såg filmen "The Day of the Triffids" frå 1962. Då gjekk det mangt eit lys opp for meg.

   Det skumlaste var likevel eit spøkelse som kikka ned på meg frå eit vindauge. Eg hugsar ikkje ordrett korleis det blei skildra, men eg kan framleis sjå for meg korleis det såg ut. Eit forfalle gamalt hus, med mørke vindauge. I ein av dei øvste etasjane såg eg eit ansikt. Grått og dystert, og utan auger, nase og munn. Berre nokre hol her og der. Dette holete ansiktet har eg nesten alltid i bakhovudet når eg skriv grøssarar sjølv. Kva var det med dette ansiktet som var så skummelt? Eg har jo aldri sett det. Nokon skildra det for meg på radio ein eller annan gong på slutten av 70-talet, eller bygynnelsen av 80-talet. Kor skummelt kan det vere? Ikkje så reint lite, faktisk. Eg lukker augene - ser det for meg den dag i dag. Kanskje eg har lagt til litt, men eg trur ikkje det er mykje. Det er framleis grått og dystert, med nokre nifse hol her og der. Eg trur det er den dystre kjensla som er sterkast. Det å ikkje kunne sjå, og høyre, men å forholde seg til verda gjennom nokre mørke hol i fjeset.

   Denne intense lyttinga på radioteateret fekk meg etter ei stund over på litteraturen. Eg begynte tidleg å lese bøker, og det var stort sett skrekk det gjekk i heime på Røsslandsgarden. Eg pløyde gjennom det meste av Stephen King, ein del av Clive Barker og høgdepunkta til Dean R. Koontz. Var innom Alistar MacLean og Robert Ludlum og, men det var ikkje heilt det same. Det var skrekken eg likte. Dei blodige Books of Blood av Clive Barker og mursteinseoposa til Stephen King som It frå 1986 og The Shining frå 1977. Då eg hadde lese ferdig The Shining eller Ondskapens hotell som den heiter på norsk, såg eg filmen av Stanley Kubrick, med Jack Nicholson i hovudrolla. Eg likte den ikkje, den var veldig ulik boka og eg las at Stephen King heller ikkje likte den. Men dagen etterpå såg eg den om igjen (vi måtte jo få mest muleg ut av videoar som vi leigde) og då likte eg den. Eg elska den faktisk. Eg lærte meg at ei elendig filmatisering likevel kan vere ein fantastisk film. Eg forelska meg fullstendig i Stanley Kubrick den gongen. I mine auge er Charlie Chaplin, Alfred Hitchcock og Stanley Kubrick dei einaste verkelege genia i filmhistoria.

   Tilbake til boka.

   Eg slutta heilt å lese Clive Barker. Eg syns faktisk han var litt for ekstrem, det var ikkje mykje som var overlatt til fantasien hos den karen. Han laga film og, Clive Barker. Han filmatiserte si eiga novelle The Hellbound Heart og kalla den for Hellraiser (1987.) Ein film som blei så sønderklipt av Statens Filmkontroll at ikkje eingong vi som hadde lese novella skjøna kva filmen handla om. Filmkontrollen førte til mange banneord rundt videospelaren gjennom heile åtti- og nittitalet. Kvifor i all verda skulle ikkje vi nordbuarar få lov til å sjå avrivne kroppsdelar og innvollar slik som alle andre? I dag har vi ein av dei mest liberale sensurreglane i verda når det gjeld skrekk og vald - heldigvis. Både Tyskland, Irland og ikkje minst Australia har mykje strengare reglar. Eg såg nyleg filmen om igjen. Den var ikkje mykje å skryte av. Det finst eldre filmar som har halde seg mykje betre. Eg kjem tilbake til dei.

   Eg slutta å lese Stephen King og. Eg hugsar då det skjedde. Eg hadde akkurat lese ferdig boka The Dark Half frå 1989, og sa til meg sjølv at dette blir nok sikkert den siste boka eg les av han. Ikkje fordi den var spesielt dårleg, men eg var filmstudent i Trondheim og var i ferd med å stifte familie. Ikkje mykje tid til slike lange romanar då.

   Men då både film- og litteraturstudiet gjekk mot slutten så tok eg mellomfag i litteratur, og fordjupa meg i nettopp skrekklitteraturen. Det var då eg stifta bekjentskap med dei absolutt største heltane innan sjangeren, og dei absolutt største klassikarane. La oss ta det frå begynnelsen.

   Ei av dei første bøkene som blir rekna som grøssar er Horace Walpole si bok The Castle of Otranto frå 1764. Intriger, incest og eit muleg spøkelse på eit mørkt og dystert slott. Den blir sett på som den første gotiske roman, og har bana vegen for seinare, større verk av andre og meir kjente forfattarar. Sjølve boka er ikkje spesielt skummel etter dagens standard. Då er det meir spennande ting som skjedde seinare.

   I 1818 gav den 21 år gamle Mary Shelley ut boka Frankenstein; Or, The modern Prometheus. Eit tema som skulle bli særs sentralt i sjangeren blei introdusert med denne boka: vitskap som går frykteleg gale. Victor Frankenstein prøver å overvinne døden med å skape eit levande menneske av livlause kroppsdeler. Einaste problemet var at skapningen var ufysleg stygg og med eit relativt dårleg temperament. Jo, visst var han i stand til å føle medkjensle og seie vakre ting, men han hadde og ei hemnlyst vi sjelden har sett maken til. Boka er og rekna som ei av dei første som blandar skrekk med science fiction. Den har gitt oss eit utall meir eller mindre vellukka filmar, tv-seriar og spinnoffprodukt. Min favoritt et filmen  Re-Animator frå 1985. Herlig film om ein lege som prøver å få litt liv på likhuset.

   I 1886 kom Robert Louis Stevenson ut med boka The strange case of Dr. Jekyll and Mr. Hyde. Opprinneleg ei litt lang novelle, men som likevel har sett sitt spor i historia. Og eit nytt sentralt tema i skrekkgenren blei introdusert: delte personar. Dr. Jekyll kokar i hop eit stoff som han drikk og blir til den slemme Mr. Hyde. Eg likar godt namn deira: Jekyll (djevel) og Hyde (den som gøymer seg.) Historia har blitt filmatisert, gjort om til teaterstykke, lystspel, komedie og ikkje minst var eg sjølv veldig inspirert då eg skreiv barneboka Anti-Pode i 2006. Der helten min Pode møter ein vond dobbeltgjengar som prøver å stele livet hans.

   I 1897 kom kanskje den mest inflytelsesrike skrekkboka nokon gong ut. Den irske forfattaren Bram Stoker fordjupa seg i skjebnen til grev Dracula, og vampyren blei for alltid ein del av populærkulturen. Dracula er ei meisterleg blandig av legejournalar, brev, lydbandopptak og avisartiklar, der historia til dei involverte, og deira forhold til Dracula sakte men sikkert blir avslørt. Ei bok som held seg like godt då den kom, syns eg.

   Bram Stoker fant ikkje opp vampyren, men han gav han eit skikkeleg spark bak, og fekk han fram i rampelyset. I dag blir vi overaust av vampyrhistoriar både på tv, film og i bokform. Sjølv har eg ramla litt av lasset, men eg blir full av beundring for t.d. Stephenie Meyer som har klart å treffe målgruppa så presist med sine Twilightbøker. Filmane er kanskje ikkje meiesterverk på noko som helst vis, men dei og treff målgruppa og alle involverte ler heile vegen til banken. Blir litt misunneleg av slikt.

   Sjølvsagt kunne ein ikkje basere eit studium på berre desse fire bøkene, så forfattarar som Edgar Allan Poe, H.P. Lovecraft og E.T.A. Hoffmann stod og på pensum. Saman med andre teoretiske verk som omhandla alt frå romantikken til fantasy. Steget mellom dei to er ikkje så langt som ein skulle tru. Men det var nok boka The philosophy of horror, or paradoxes of the heart av Noël Carroll som gjorde størst inntrykk. Eg hugsar kor imponert eg var over at han klarte å seie noko gjennomtenkt og klokt om det å bli skremt av film og litteratur. Korleis han utvikla sin eigen filosofi rundt dette paradokstet i menneskesjela: Kvifor blir vi tiltrukne av noko som vi i det verkelege liv vil gjere kva som helst for å unngå? Vi kosar oss med monster, drap og vald i bokform eller på film, men om vi hadde møtt Dracula ein sein kveld så hadde vi sprunge som tullingar heim til mor. Kva er det med oss som gjer at vi likar det når vi opplever det fiktivt? Og kvifor kjennes det så ekte ut? Kvifor får vi gåsehud av ei løgn? For all litteratur og film er jo løgn. Carroll kom blant anna fram til at vi berre latar som. Eg følte meg litt snytt då, men han hadde jo eit poeng. Vi berre latar som om vi blir skremt, og sidan vi er så flinke til å leve oss inn i ting så kjennes det heilt ekte ut. Og vi menneske er nysgjerrige av natur, vi likar å utsetje oss sjølv for fare, berre sjå på Jarle Trå, til dømes. Adrenalinkicket vi får av spennande og skumle forteljingar (kanskje mest på film) er noko vi vil oppsøkje gong etter gong fordi vi likar å late som.

   Då har vi vore borti skrekk der menneska sjølv står for vondskapen (Otranto), skrekk der menneska leiker gud og skaper eit monster (Frankenstein), skrekk der menneska møter på eit uavhengig monster (Dracula), og skrekk der menneska har ei vond side dei ikkje nødvendigvis veit om (Jekyll and Hyde.)

   Då gjenstår min favoritt - spøkelseshistoria.

   Eg likar skrekk, det har du sikkert forstått. Men eg blir aldri fysisk redd av monster, medisinske eksperiment eller slemme folk. Stort sett blir eg ikkje redd av vampyrar heller, men eg skal innrømme at det grøssa nedover ryggen då eg las Stephen King si vampyrforteljing, Salem`s Lot (1975) då eg var 13-14 år gamal, men dette er lenge sidan!

   Det som verkeleg har skremt meg som lesar, lyttar og sjåar er spøkelsesforteljingane. Og spesielt dei som inneheld små jentespøkelse. Små jenter, som gjerne berre spring forbi, står med ryggen til, snur seg fort rundt og glefsar mot meg. Likbleike, med svarte tenner og vått, skite hår som heng ned i ansiktet. Døde for fleire hundre år sidan, eller kanskje heilt ferske og bloddrypande.

   Eg skal innrømme at det er mest på film eg får frysningar av dei. Eit av dei første minna eg har om skrekkfilm er Nicolas Roeg sin film Don`t Look Now frå 1973. Donald Sutherland og Julie Christie som vandrar rundt i eit kaldt og ugjestmildt Venezia på vinterstid. Donald begynner tidleg å sjå den døde dottera vandrande rundt i raud regnfrakk. Han fylgjer etter og det går slik det må gå.

   Ein annan film eg har levande minne frå er The Exorcist, og frå 1973. Spesielt røysta til den besette Linda Blair, der demonen snakkar gjennom henne. Dette gjekk gjennom marg og bein og eg kan den i dag få frysingar berre eg tenkjer på det.

   Men ein treng ikkje gå i barndommen for å finne skumle filmar som går kaldt nedover ryggen. I 1999 laga M. Night Shyamalan filmen The Sixth Sense om ein liten gut som ser døde menneske. Fantastisk ekkel film som nærmar seg Alfred Hitchcock på sitt beste.

   Eg kunne skrive uendeleg mykje om skrekkfilm, men eg er jo trass alt forfattar og bør halde meg til litteraturen. Men eg føler at i meir enn nokon annan sjanger så er skrekkfilmen og skrekkboka særs nær kvarandre.

   Alle dei tre filmane var viktige for meg då eg skreiv grøssaren Svarte-Mathilda (2010.) Utan dei filmane hadde det nok ikkje blitt ei så skummel bok ut av det. Rett nok baserte eg mykje på moderne vandrehistorier, men stemninga, lydar og oppbygging tok eg frå skrekkfilmen. Tematikken er nok gamal, og plasserer seg trygt og godt saman med Dracula og andre monster og sjølvsagt blant dei andre spøkelsa i spøkelsessjangeren, men boka er likevel tenkt som ein film. Eg ser det for meg i hovudet, og prøver så å beskriva det, leva det og få det ned på papiret. Korleis guten i The Sixth Sense opplevde å sjå dei døde var noko eg ville overføra til hovudpersonen i mi bok. Korleis skulle eg få stemma til Svarte-Mathilda til å høyrast lik ut som stemma til Linda Blair (og demonen) i The Exorcist? Det er ikkje alltid like lett å vite om ein lukkast med slikt. Men dei som har lese boka og har kome bort til meg har virka geniunt skremte. Ein Facebooktilhengar sa at boka var skumlare enn Ondskapens hotell. Og fleire lærarar eg har snakka med på turné har ikkje ville lesa den for elevane. Den er rett og slett for skummel. Elevane gjer sjøvsagt opprør etter at eg har reist, og forlanger å få fjerna denne sensuren.

   Då kosar eg meg.

   Då har eg gjort noko rett.

   Det kjennes godt.

   Eg har fått augene opp igjen for Stephen King. Det var ei bok eg ikkje las i ungdomstida, nemlig The Stand frå 1978. Den har eg plukka opp i mitt førtiande år og fryder meg over korleis han fekk det til. Dei levande karakterane hans, dei skrekkelege hendingane, nervepirrande situasjonar og korleis hovudpersonane opplever at menneska går under av eit dødeleg virus.

   Kva meir kan ein ynskja seg?

(tidlegare publisert på Norske barne- og ungdomsbokforfattere si nettside)