Hei, eg heiter Pode og eg er seks år gamal.
Eg bur i ein liten by ved sjøen, men eg er ikkje heilt sikker på kva byen heiter. Eg har ein storebror som heiter Pyton, og ei veslesyster som heiter Petra. Far min skriv kokebøker og mor mi syng, trur eg. Forfattaren min har aldri gidda å fortelje nøyaktig kva ho driv med.
Det kjekkaste eg veit er å vera saman med Anton, han er like gamal som meg, han er faktisk fødd akkurat same dagen! Om sommaren brukar vi å leike saman heile tida. Viss det då ikkje skjer eit eller anna, og det gjer det som regel.
Ein gong kom det ein gul mann i ein gul ufo og sa at vi måtte ete opp maten vår for at vi skulle få fint vêr dagen etterpå. Det var eit svare strev med å få dette til, sidan far lagar så mykje ekkel mat. Hadde du klart å ete kalkun med kakao? Eller spaghetti med blekksprut?
Ein annan gong lærte eg meg å fly, og møtte ein kannibal som ville ete opp meg og Anton.
Hadde det ikkje vore for ein forfattar som heiter Tor Arve Røssland hadde de aldri fått høyra om alt det som eg opplever, og hadde det ikkje vore for ein teiknar som heiter Øyvind Torseter hadde de aldri fått vita korleis eg ser ut.
Bøkene om meg kan du låne på biblioteket, kjøpe på samlaget.no - eit par av dei kan du kjøpe frå bokbuffeen.no eller direkte frå forfattaren min!
Om ikkje lenge kjem faktisk alle bøkene om meg ut på nytt! Og du slepp å kjøpe dei ei og ei, fordi alle fire kjem i ein perm. Og den skal heite Absolutt Pode. Der kjem også ei heilt ny historie om Pode, som heiter Podekast. Gled deg!