Hei, eg heiter Pode og eg er seks år gamal.

Eg bur i ein liten by ved sjøen, men eg er ikkje heilt sikker på kva byen heiter. Eg har ein storebror som heiter Pyton, og ei veslesyster som heiter Petra. Far min skriv kokebøker og mor mi syng opera.

Det kjekkaste eg veit er å vera saman med Anton, han er like gamal som meg, han er faktisk fødd akkurat same dagen! Om sommaren brukar vi å leike saman heile tida. Viss det då ikkje skjer eit eller anna, og det gjer det som regel.

Ein gong kom det ein gul mann i ein gul UFO og sa at vi måtte ete opp maten vår for at vi skulle få fint vêr dagen etterpå. Det var eit svare strev med å få dette til, sidan far lagar så mykje ekkel mat. Hadde du klart å ete kalkun med kakao? Eller spaghetti med blekksprut?

Ein annan gong lærte eg meg å fly, og møtte ein kannibal som ville ete opp meg og Anton.

Hadde det ikkje vore for ein forfattar som heiter Tor Arve Røssland hadde de aldri fått høyra om alt det som eg opplever, og hadde det ikkje vore for ein teiknar som heiter Øyvind Torseter hadde de aldri fått vita korleis eg ser ut.

Bøkene om meg kan du låne på biblioteket, kjøpe på samlaget.no - eit par av dei kan du kjøpe frå bokbuffeen.no eller direkte frå forfattaren min!

 

Denne fylgjande teksten står i Gyldendal Safari lesebok for 4 trinnet.

Du kan høyre den med å trykke her. Hugs å klikke deg inn på side 111-15 når du kjem inn på linken.

 

Da Vinci-Poden

 

I år skulle Pode sin familie på ferie til Frankrike.

Det hadde far bestemt.

Pode ville heller til Guatemala. Der hadde dei vore før, og der var det varmt og fint.

I Frankrike var det regn og kaldt.

Skulle ein først til Frankrike måtte ein til Paris, og skulle ein først til Paris måtte ein gå på kunstmuseum. Eit kjempestort hus med alt for mange måleri på veggane.

Pode meinte det var for få møblar der. Nesten ingen stader å setje seg ned. Det var ikkje meininga å setje seg ned, sa far. Her skulle ein gå rundt og sjå på måleria.

Det skulle vel gå rimeleg fort, tenkte Pode. Det var vel berre å jogge gjennom gangane medan ein kasta eit og anna tilfeldig blikk på bileta.

Men dette var ikkje far einig i. Her skulle ein gå sakte fram og tilbake og kikka og studera kvart einaste bilete i fleire minutt. Far og mor brukte evig lang tid på kvart einaste bilete, nokre gonger gjekk dei faktisk tilbake og såg på nokre av dei om igjen. Far fortalte at nokre av desse bileta var mange hundre år gamle, og at målarane hadde brukt fleire år på å gjere dei ferdig. Då kunne vi som ser på dei i dag i det minste spandere eit par minutt på å beundra kor vakre dei var.

Pode gjespa, og lurte på kvifor så mange folk hadde samla seg borte ved eit spesielt bilete. Ein heil haug med turistar frå Japan stod og filma og tok bilete, medan museumsvakta forklarte at dei ikkje hadde lov til å fotografera der inne. Dei brydde seg ikkje om det. Dei berre knipsa i veg og sa beundrande ord på japansk.

- Kva er det som er så spesielt med det biletet der? spurde Pode.

Far løfta opp Pode og fortalte at det var det mest berømte av alle måleri i heile verda. Måla av ein mann som heitte Leonardo da Vinci i 1502, over fem hundre år sidan.

- Men kven er ho dama?

- Ho heitte Mona Lisa, og ingen veit heilt sikkert kven ho var, berre at ho var ei dame frå den italienske byen Firenze. Ingen veit kvifor landskapet bak henne er så mystisk og kvifor ho har hårnett på seg. Men veit du kva dei lurer aller mest på?

- Nei, sa Pode.

- Det største mysteriet med bilete av Mona Lisa er smilet hennar.

Dei japanske turistane blei ført vekk av fire museumsvakter og no kunne far og Pode kome seg nærare.

- Ser du, sa far. - Ho har eit veldig lurt smil.

Pode såg det. Ho sat og smilte som om ho hadde ein løyndom ingen visste om. Ikkje eingong han som hadde måla det, han da Vinci fyren.

Plutseleg gjekk det slik det måtte gå i store kunstmuseum. Pode måtte på do. Han måtte forferdeleg på do. Far peika kor toalettet var, men der var det sjølvsagt ein kjempelang kø. Plutseleg såg Pode at Mona Lisa såg på han. Det hadde ho gjort heile tida, men no såg ho verkeleg rett på han. Smilet var ikkje så lurt lenger og ho gjorde signal med augo og hovudet. Ho peika liksom på noko på veggen. Ein firkanta boks med ein knapp inni. Pode skjøna ikkje kva det stod, men Mona Lisa gjorde signal at han skulle trykke på knappen. Pode gjorde som ho sa og plutseleg høyrdest ein øyredøyvande lyd gjennom heile museet.

Brannalarmen gjekk! Pode visste jo at det var han som hadde gjort det, så han var ikkje redd for at det brann. Museumsvaktene jaga folk ut, medan Pode gøymde seg under ein benk. 

Når alle er gått ut, tenkte han, kan eg snika meg inn på do og endeleg få tisse.

Etter berre eit lite minutt var alle ute. Far og mor kom sikkert til å leita etter han, men dei fekk berre bekymra seg nokre minutt, for det var rett før han tissa i buksa.

Han spratt opp og bort til toalettet.

Der var døra låst!

Korleis i all verda? Hadde vaktene verkeleg låst døra før dei gjekk ut? Pode klarte ikkje å tenkja meir på det no, han kjende at han snart kom til å tisse i buksa. Og det sømer seg ikkje på store kunstmuseum. Han stod midt på golvet og såg på Mona Lisa igjen. Ho smilte ikkje no heller, ho berre nikka bort mot ei diger plante som stod ved sidan av benken.

- Skal eg tisse opp i potteplanta? kviskra Pode.

Mona Lisa nikka og såg forventningsfull ut.

Pode småsprang bort til planta og kunne endeleg få tisse.

Mona Lisa såg til sides og opp i taket medan ho plystra lydlaust, slik at Pode kunne få tisse i fred.

Pode vaska hendene i ei drikkefontene og tørka dei på planta og gjekk glad og letta bortover golvet igjen. Han høyrde far som ropte og kom springande i eit av naboromma.

Pode kasta eit siste blikk opp på Mona Lisa som hadde fått smilet sitt tilbake. Det lure og varme smilet som ingen visste grunnen til.

Utanom Pode, då.