Alternative namn på Svarte-Mathilda

Sidan eg starta å turnera med bøkene om Svarte-Mathilda i 2010, har eg fått høyre mange alternative namn på denne forferdelege skapningen som gøymer seg i spegelen, og som du kan mane fram. Her er nokre av elevane sine forslag:

Bloody Mary (sjølvsagt)

Candyman (jippi, sa eg inni meg, nokon hadde sett ein av mine favorittskrekkfilmar!)

Bloody Mohammed, Svarte-David, Svarte-Marie, Blodige Marie, Stygge Marie, Bloody-Mathilda, Blodige Mathilda (reknar med at eg kanskje inspirerte elevane til å dikte opp dei to siste)

Den Hvite Dame

I Troms hadde dei høyrt om "Eva", som dei skulle kalle på inne på badet. Med lyset heilt av, og kaldt vatn rennande i springen skulle dei sei namnet hennar tre gonger.

Bloody Ali (som visstnok skjuler seg i spegelen på ei kebabsjappe på Jæren)

Blue elephant, Smiley, The Ghost Lady

Soria Moria (her skal du visstnok ta med deg spegelen til ein kyrkjegard og seie "Soria Moria" åtte gonger, uvisst kva som skal skje etterpå ...)

Ymse samtalar

Her kan du lese ymse samtalar forfattaren har hatt med elevar gjennom åra:

Kor mange av dykk les bøker på nynorsk? seier eg, slik eg ofte gjer i laupet av eit forfattarbesøk.

Jeg har lest et par, seier ein relativt uinteressert elev som sit i vinduskarmen, bakerst i klasserommet. 

Likte du dei? sa eg.

Nei.

Kvifor ikkje?

Forstod ingenting.

Kva var det du ikkje forstod? Språket eller innhaldet?

Ingenting.

Om lag førti minutt seinare roper same elev til meg, mens han overdøyver alle dei andre som er på veg ut:

Jeg skal faen meg lese boka di!!

(Det varma ekstra godt at dette var ein elev som ikkje hadde norsk som førstespråk.)

**

Hvorfor gjør "skurken" i GAMER de tingene han gjør? Hvorfor er han så gal?

Det er ikkje så lett å svare på. Eg gir ikkje noko skikkeleg forklaring på det i boka, det er litt opp til lesaren å finne ut av det. Kva er det som gjer ein person psykotisk? Men nokre hint får du jo i teksten, det gjeld berre å finne dei. Men eg vil ikkje overforklare det for lesaren.

Var det han hele tiden?

Ja, det var det. Men likte du boka?

Ja! Den var drittspennende!

**

Hvordan klarer du å skrive sååå spennende på nynorsk? Jeg trodde ikke det var mulig! (om Svarte-Mathilda)

**

Den boka skal jeg jammen meg kjøpe med det samme jeg kommer hjem! Kan jeg få håndhilse på deg? (om Svarte-Mathilda)

**

Eg har ei bok av deg heime!

Har du lese den?

Sikkert ikkje.

**

Spørsmål og svar

Her er den obligatoriske Q&A seksjonen. Nokre spørsmål er gode, andre er litt teite, men alle saman er ekte. Personlege spørsmål om familien og livet mitt svarer eg ikkje på. Eg kan heller ikkje greie ut om forfattarskapet mitt. Då bruker eg fleire timar, og eg følger Norsk forfattersentrum sine satsar når eg gjer slikt.

Kvifor begynte du å skrive bøker?

Det er mange grunnar til det. Eg likar å finne på historier, det har alltid gjort, heilt sidan eg var liten. Eg ville eigentleg bli filmregissør i Hollywood, men fant fort ut at det var veldig slitsomt, så det å dikte forteljingar synest eg høyrdest litt "enklare" ute. Eg veit ikkje om det er det, men det er i alle fall veldig kjekt. Dessutan er eg ganske lat, eg likar tanken på å bestemme mi eiga arbeidsstid. I tillegg er det veldig miljøvennlig å gå til jobben. Eg har berre nokre få meter inn til heimekontoret mitt.

Har du alltid likt å lese bøker?

Nei, eigentleg ikkje. Då eg var liten las eg teikneseriar. Og høyrde på radioteater og opplesingar på radioen. I 14-15 års alderen byrja eg å lese romanar. Stort sett på engelsk. Og veldig mykje skrekk.

 

Når begynte du å skrive bøker? Og skreiv du dikt og noveller før du byrja å skrive lange bøker?

Nei, det gjorde eg ikkje. Eg gjekk rett på sak med lange bøker. Eg gav ut den første boka mi i 1999. Den heiter Pode, og den kan du lese meir om her. Eg begynte vel å skrive seriøst nokre år før den boka kom ut. Eg skreiv ein roman om Huldra som ingen forlag ville gi ut, derfor skreiv eg den om til eit teaterstykke. Og eg skreiv ein lang science-fiction roman som eigentleg var veldig dårleg, og som heller ingen forlag ville gi ut. Den ligg fremdeles "i skrivebordskuffa". 

Har du tatt utdanning for å bli forfattar? Eller har du gått på forfattarskule?

Nei, det har ikkje. Eg studerte litteraturvitenskap på universitetet, men då las vi stort sett berre bøker, det var ingen skriving. Eg har lært å skrive bøker heilt på eiga hand. Men det hjelper å lese masse, så det har eg gjort. Men det hjelper å sjå filmar og tv-seriar også, og spele dataspel, sjølvsagt.

 

Er det vanskeleg å skrive bøker?

Det kan vere det av og til. Nokre gonger står eg fast, men då er det berre å kjøre på! Dette er ein jobb, slik som alle andre jobbar, det nyttar ikkje å sitje å vente på inspirasjonen. Eg prøver å skrive kvar dag, dette er eit handverk og må haldast ved like. I tillegg er det viktig å lese mykje, det er ein fin måte å lære seg meir om skriving på. Nokre forfattarar synest redigeringsprosessen er den vanskelegaste. Altså det som skjer etter ein redaktør i eit forlag har sagt kva ho (eller han) synest om boka. Eg likar eigentleg den delen av jobben ganske godt. Det å endre, legge til, kutte å redigere i ein tekst, og sjå at den forandrar seg er veldig spennande. Korleis det å flytte ein setning, eller fjerne berre eitt einaste ord kan endre heile boka.

 

Blir du nokon gong lei av å skrive?

Tja, ikkje direkte lei. Men nokre gonger kan det vera vanskelegare enn andre gonger. Eg treng ro og fred rundt meg for å skrive. Eg kan ikkje gå rundt å bekymre meg for andre ting, eg må fokusere og konsentrere meg om det eg skal skrive, og ingenting anna.

Korleis ser skriveprosessen din ut?

Skal eg vere heilt ærlig så den ikkje ut i det heile tatt. Den er ulik for kvar bok. Nederst på denne sida kan du lese om kor inspirasjonen kom frå til fleire av bøkene mine, men sjølve prosessen frå idé til bok er alltid ulik. Nokre gonger planlegg eg, mens andre gonger berre skriv i veg utan nokon plan. Å forklare noko meir tar like lang tid som det tar å skrive ei bok.

Har du ein moral i bøkene? Eller eit budskap/tema?

Ikkje ein moral som gjeld alle bøkene mine, nei. Av og til kan det snike seg inn ein underliggande tematikk, som t.d. i boka Soledad som handlar om vern av miljøet, og korleis vi menneske oppfører oss mot kvarandre i ekstreme situasjonar. I Dronen og Den tolvte spelaren handlar det om rasisme. I Glimt handlar det om korleis enkelte gutar behandlar jenter frykteleg dårleg. Men det handlar òg om andre ting som du som lesar må oppdage sjølv.

Svarte-Mathildaserien er meir ein rein spenningsserie laga for å skremme og underhalde, men om du leiter lenge nok så kan du finne tematikk rundt dette med venskap, offervilje, kjærleik og ein liten dose religionskritikk, i alle fall i tredje boka. 

Det er aldri moral, tema eller budskap som får meg til å skrive ei bok. Det ville vore å begynne i feil ende, etter mitt syn. Viss utgangspunktet ditt er: "No skal eg lære lesarane mine noko om ..." så burde du heller skrive fagbøker. Det begynner alltid med karakterane for meg, eller eit problem som må løysast.

 

Kan du hjelpe meg å analysere bøkene dine?

Bokanalyse er det stort sett lærarar som er opptatt av, forfattarar driv ikkje med slikt. Men dersom du har i oppgåve å analysere ei bok så skal du vite at måten du les boka på er like god som måten læraren les den på. Det er heller ikkje alle bøker som bør analyserast, dei bør opplevast og ikkje øydeleggjast med analyse.

Men skal du likevel gi deg i kast med mine bøker så bør du kanskje tenkje på dette:

Virkemiddel som eg ofte brukar i spenningsbøkene mine er t.d. korte setningar, tydelege språklege bilete (slik at lesaren kan lett sjå det for seg), eg bruker filmatiske virkemiddel (cliffhangers mellom kapitla) og eg bruker ofte eg-formen (1. person), men ikkje alltid. I grøssarane eg har skrive likar eg å antyde det skumle ei god stund før eg viser kva det er som ligg bak. Pirre fantasien, slik at lesaren byrjar å tenkje. I tillegg prøver eg å få lesaren til å føle det same som hovudpersonane mine. Men som sagt: eg likar ikkje å overanalysere bøker.

 Men kan du fortelje kva budskapet er?

Nei, det kan eg eigentleg ikkje. Då må eg tolke boka for deg, og det er ikkje min jobb. Eg har skrive boka, og det er ikkje sikkert eg hadde noko budskap å formidle då eg skreiv. Det er opp til deg som lesar og finne ut av dette.

Har du nokon gong melka ei ku?

Nei, det har eg ikkje. Eg er allergisk mot kyr.

 

Du kødder med alt, du?

Er det eit spørsmål, eller ein påstand?

Dei kjekkaste skulebesøka er saman med andre forfattarar. Her med Bente Bratlund og Rune Belsvik - 2015

Dei kjekkaste skulebesøka er saman med andre forfattarar. Her med Bente Bratlund og Rune Belsvik - 2015

Likar du å reise rundt på skulebesøk? Og kva seier du når du står framfor elevane?

Ja, det likar eg veldig godt. Aller mest prøver eg å få barn og unge til å lese bøker. Eg prøver å få elevane til å forstå at skriving og lesing er dei to viktigaste eigenskapane vi menneske har, alt det andre vi lærer kjem frå dette. Ein del gutar blir litt paffe når dei finn ut at bak alle dataspela dei speler sit det ein eller fleire forfattarar og skriv spelet på førehand. Eg likar også å fortelje om skriveprosessen, og eg likar veldig godt å lese opp frå sjølve bøkene. Eg prøve å kombinerer dei to tinga, slik at det blir variert og spennande å høyre på.

 

Kvifor lar du barn og unge få vere med på skrivekursa dine?

Skrivekursa eg held er mest for barn og unge, og så lar eg vaksne få vere med viss dei har lyst.

 

Kva saknar du mest frå då du hadde vanleg jobb?

Julebordet. Uten tvil!

 

Har du nokon gong stått framfor spegelen og sagt "Svarte-Mathilda" sju gonger?

Nei, det har eg ikkje. Eg trur ikkje det er så lurt av meg å gjere det. Nei, det var berre tull, sjølvsagt har eg prøvd.

Må du vere ein bestemt plass for å skrive? Eit bestemt miljø?

Nei, eigentleg ikkje. Eg kan skrive kor som helst. Men av praktiske årsaker sit eg som regel oftast heime på kontoret i huset mitt. Og høyrer på instrumentalmusikk. Men eg kan skrive når eg på reise også, berre at då pleier eg å ta ferie. Men å skrive bøker handlar ikkje berre om å trykke på eit tastatur. Eg grublar og planlegg lenge i forveien. Kanskje fleire år før eg begynner å skrive. Og eg grublar på mange bøker samtidid.

 

Trur du på spøkelser?

Nei, det gjer eg ikkje. Men eg synest det er veldig spennande å sjå film og lese bøker om dei. Og ikkje minst er det veldig gøy å skrive om dei.

 

Kva var favorittfaget ditt på skulen?

Eg likte aller best å skrive stil, spesielt oppgåver der eg kunne bruke fantasien heilt fritt. 

 

Kva fag likte du minst då?

Matte og gym. Heilt meiningslaust for meg, begge deler. Eg likar ikkje tal, men er veldig glad for at nokre folk gjer det, slik at dei kan lage datamaskinar og månerakettar og slikt. Gym var stort sett berre ein konkurranse om kven som hoppa lengst, sprang fortast og var flinkast i fotball, dette har null verdi for meg.

 

Kan eg få boka av deg?

Nei, den må du nok låne eller kjøpe.

 

Kan eg kjøpe den av deg for tusen kroner?

Kva skal eg lese frå i morgon, då?

 

Har du Facebook?

Ja. Der kan du like forfattarsida mi. Eg blir helst ikkje ven med folk eg ikkje kjenner, så forfattarsida mi inneheld den informasjonen eg ynskjer å dele offentleg.

 

Kan du begynne å lage teikneseriar?

Eg er alt for dårleg til å teikne. 

Har du ei favorittbok blant dine eigne bøker? Eller ei du likar minst?

Nei, dette er umogleg å svare på. Eg blir temmeleg blind for kvaliteten på mine eigne ting. Eg likar dei alle!

 

Kor lang tid tok det å skrive boka?

Det er eit veldig vanskelig spørsmål å svare på, spesielt sidan eg jobber med fleire bøker på same tida. Men det er uansett ikkje sjølve skrivinga som tar mest tid, det er alt etterarbeidet, redigeringa og ikkje minst: kuttinga. Den vonde prosessen der eg må fjerne dei delane av teksten som ikkje fungerer. Men som alltid endrar boka til det betre.

 

Kor mange bøker har du skrive?

Sjekk nettsida mi.

 

Æ elske mord!!

Javel?

 

Er det du som har skrive den boka?

Ja.

 

Skriv du bøkene heilt åleine?

Ja, det gjer eg. Men det er alltid eit forlag og ein forlagsredaktør som vil vere med å bestemme. Dei seier kva som er bra og kva som er dårleg, og så gjer eg endringar i teksten. Som regel blir ei bok betre av gå fram og tilbake mellom meg og redaktøren nokre gonger. Etterpå er det noko som kallast språkvask, der nokre andre enn meg les gjennom og fiksar på dårlege setningar og slike ting. Eg må sjølvsagt godkjenne alt. Heilt til slutt er det korrekturlesing, der alle skrivefeila blir retta, og teksten bli laga om til ein tekst som fysisk passar inn i ei bok. Dette blir kalla ombrekking, og då er som regel trykkeriet blanda inn. Her er det viktig å vere nøyaktig, men av og til dukker det opp småfeil likevel.

 

Er du mørkredd?

Nei, men eg er livredd for edderkoppar!

 

Du forfatter, jeg har den Gamer-boka hjemme!!!

Har du lese den?

Nei.

 

Kor mykje pengar tener du?

Ikkje nok.

 

Kor gammal er du?

Passeleg.

 

Hvorfor skriver du ikke på bokmål?

Eg skriv begge deler. Prøv å les nynorsk, det er ikkje så vanskeleg som du trur.

 

Kor høg er du?

Litt for lav i forhold til vekta.

 

Er alle bøkene dine på stavangersk?

Nei, ingen av bøkene mine er på stavangersk.

 

Finst det film av boka?

Nei, dessverre. Kanskje du kan lage den?

 

Kor mykje kostar boka?

Sjekk nettbutikkane.

Slike hotell bør ein vere skeptisk til.

Slike hotell bør ein vere skeptisk til.

 

Er det vanskelig å vere forfattar?

Eg synest ikkje det. Men eg har brukt nokre år på å bli det. Det tar litt tid før ein føler seg som ein skikkeleg forfattar. Å bestemme seg for at dette er no jobben min. Det viktigaste er at ein har historier å fortelje.

 

Kor kjem du i frå?

Husnes i Kvinnherad kommune.

 

Korleis er ein vanleg dag for ein forfattar?

Forfattarar har ikkje vanlege dagar. Nei, eg berre tullar. Ganske likt mange andre sine dagar, tenkjer eg. Bortsett frå at eg jobber heime i huset mitt, der sit eg på eit lite heimekontor og skriv bøker. Eg jobbar ofte med fleire bøker samstundes, og etter eg ikkje orkar å skrive lenger, så les eg bøker. På fritida likar eg å sjå film, gå på tur, grille, spele Playstation eller slappe av. Eg er ganske lat.

 

Kva fotballag heier du på?

Burde eg heie på eit fotballag?

 

Kva er den dårlegaste boka du har lest?

Veit ikkje heilt, men sikkert noko i serien om Bobseybarna.

 

Likar du sport?

Nei, eg likar ikkje sport. Mest fordi eg ikkje bryr meg om kven som vinn. Speler ikkje noko rolle for meg om dei med raud eller gul T-skjorte er best.

 

Har du kjæledyr?

Nei, eg er allergisk mot det meste.  Hadde akvarium tidlegare, og det kan godt hende eg får det igjen ein gong i framtida, viss eg gidder.

 

Kan du ikkje berre lese litt til ...?

 

**************************

 

Ofte får eg spørsmål om å kva som inspirerer meg og sanninga er at inspirasjon kan kome frå kor som helst, ofte heilt uventa, andre gonger skriv eg om noko eg har tenkt meg fram til. Men idear og tankar kjem ofte frå anna kunst; film, litteratur, teikneseriar, dataspel, musikk eller biletkunst. Ofte får eg idear frå folk eg møter, samtalar eg har hatt, eller ein tur eg har vore på. Men under her har eg skrive litt om kor konkrete bøker hadde opphavet sitt:

Kor fekk du ideen til bøkene om Pode? 

Stort sett ungane mine, og ting som dei fann på. Men også andre bøker eg las, filmar eg såg, og ikkje minst: ting som eg hugsa frå min eigen barndom.

 

Bøkene om Svarte-Mathilda?

Her fekk eg ideen av dotter mi, då ho leika Svarte-Mathilda inne på badet. Ho og nokre venninner gjekk inn, stilte seg framføre spegelen og prøvde å seie "Svarte-Mathilda" sju gonger. Dette blei det tre bøker av.

 

Boka "Soledad"?

Her fekk eg ideen på Utsira - ei lita øy i Rogaland, langt ute i havet. Eg gjekk rundt der ute og plutseleg såg eg for meg at eg var åleine på øya, og at eg måtte overleve. Så blei det til slutt ei bok både om overleving, miljøvern og kva som skjer med oss menneska dersom vi mister elektrisitet.

 

Boka "Glimt"?

Også denne boka fekk eg ideen til på Utsira, men i Glimt brukar eg ei oppdikta øy. Eg fekk høyre om eit ungdomshus der det spøkte, og i tillegg visste eg at det var ganske mange tyskarar der ute under krigen. Og eg har alltid vore veldig interessert i krigshistorie, og kanskje spesielt andre verdskrigen. Sikkert fordi besteforeldra mine fortalde historien frå krigen då eg var liten, men også fordi eg har sett utallige filmar, og lese ein drøss med teikneseriar som handlar krigen. Så byrja eg å skrive om det.

 

Boka "Gamer"?

Eg er veldig glad i å spele dataspel sjølv, då var det heilt naturleg for meg å skrive ei bok om det.

 

Boka "Snatch"?

Eg fekk ideen då eg planla å kidnappe ei jente som var vennine med dotter mi. Eg skulle sjølvsagt ikkje gjennomføre kidnappinga, men eg måtte planlegge den veldig nøye. Først var det berre eit tankeeksperiment, men så byrja eg å skrive om det.

 

Boka "En smak av zommer"?

Her fekk eg ideen då eg såg Knut Arild Hareide på fjernsyn, den tidlegare leiaren i Kristeleg folkeparti. Eg såg han plutseleg for meg som ein zombie, og tenkte at ei bok om ein zombieinvasjon på Bømlo (som er heimstaden hans) måtte vere ein god idé.

 

Boka "Dronen"? Og “Jegeren”?

Det begynte eigentleg som ein grøssar utan overnaturlege element. Kva er det skumlaste som finst i samfunnet? tenkte eg. Det å møte ein psykopat som lurer deg, var svaret mitt. Derifrå var det kort veg til ein fjortenåring som blei lokka inn i nasjonalismen. Nasjonalisme er noko av det farlegaste vi har i samfunnet, berre sjå på terroristen og barnemordaren som drap så mange uskuldige den 22. juli. Retorikken som mange av dagens konservative politikarar bruker er med på å skape framandfrykt og hat mot dei som kjem til landet og treng hjelp. Det skremmer meg at nokre folk tolkar denne retorikken i verste meining er villige til å bli nynazistar for å halde utlendingar ute.

Eg tenkte aldri å lage oppfølgar til “Dronen”, fordi eg likte den pessimistiske slutten. Men likevel kom “Jegeren” nokre år etter, som fortalde forsetjinga av Erik og Thomas. No var dei blitt myndige.

 

Boka "Den tolvte spelaren"?

Denne boka skreiv eg samstundes med Dronen, og den er på ein måte ein motpol. Dronen handlar om ein nynazist. Den tolvte spelaren om Kevin som er adoptert frå Columbia, om som dermed ikkje ser ut som ein hundre prosent etnisk nordmann. Han opplever mobbing og rasisme frå skulebølla Ronny. Men utgangspunktet var det samme som med Dronen: skrive om noko fælt som skjer med ein tenåringsgut. Den tolvte spelaren er ein guffen grøssar, med overnaturlege element, men første om fremst ei bok om å føle seg utanfor.

Boka “Kodeord Overlord”?

Eg fekk ideen då eg var om lag tolv år gammal, då eg las om Leonard Dawe. Ein rektor på ein engelsk guteskule utanfor London. Han laga kryssord på fritida, og ein dag i 1944 blei han arrestert av MI5, mistenkt for å vere tysk spion. Han hadde nemlig røpa åtte topphemmelege kodeord i kryssorda sine, og MI5 ville vite kor han hadde høyrt dei. Mange år seinare las eg at rektoren hadde fått orda av gutane på skulen, som hang rundt i militærleiren i nabolaget. Orda var så hemmelege at dei kunne ha endra utfallet på heile krigen, dersom tyskarane hadde fått fatt i dei, og funne ut kva dei stod for. Men dei allierte soldatane i leiren såg på gutane som ein del av gjengen og stolte på dei. Guten blei også arrestert, og då eg høyrte om han begynte eg å dikte opp boka om Henry Smith.

Bokserien “Overleve”?

 Dette er også ein ganske gammal idé som eg fekk for mange år sidan, og den var ganske enkel: Kva skjer dersom det kjem ei ny istid? Dette førte til utruleg mykje research om havsraumar, klimaendringar, issmelting, havforsking, teknologi, forskingsskip osv osv. Det tok meg likevel mange år å finne ut kven som skulle vere hovudpersonar, og når eg gjord det, falt mage bitar på plass i hovudet mitt. Dei resterande bitane falt på plass då eg bestemte meg for at serien skulle foregå i framtida.

Boka “Blodmåne”?

Her var ideen ganske enkelt: Klarer eg å lage ei bok som er umogleg å lage film av? Det høyrest kanskje ikkje så vanskeleg ut, men alle mine bøker er ekstremt visuelle, eg tenker j aldri i kapittel, men i scenar!

Etter mange års grubling begynte eg å skrive boka om nokre ungdomsjenter som opplever forferdelege ting på Overblikk høgfjellshotell.

 

Midnattssola på Nordkapp er slikt ein må få med seg på turné.

Midnattssola på Nordkapp er slikt ein må få med seg på turné