Sletta kapittel frå Alt er lov.
Av og til er det ord, vendingar, karakterar eller til og med heile kapittel som ikkje blir med i den ferdige i boka. Då eg skreiv “Alt er lov” var det ganske mykje eg måtte kutta. Ein av dei vil eg likevel dela med dåke. Ei sann historie frå Os, sånn om lag våren 1943. Tyskarane hadde bygd ei forlegning på ein gard som heitte Hetleflåten, der hadde dei bygd bunkerar, sett opp kanonar, og dei hadde til ei kvar tid over hundre mann der. Deler av jobben deira gjekk ut på å skyta panserbrytande granatar over Liafjellet og ut i fjorden for å treffa allierte skip. Dette øvde dei på ofte, og granatane flaug lågt over Liafjellet og nærliggande gardar og grender før det trefte måla ute i fjorden.
Gamle Søre Neset skule. Juni 2026.
Men ein dag skaut dei ein ødelagt granat av garde. Dei bomma og granaten gjekk rett ned i taket på skulen ved foten av Liafjellet. Rett gjennom takstein, gjennom loftet, for så å bli hengande i taket rett over dei skrekkslagne elevane. Dette var ein granat med innbygd forseinking som skule eksplodera etter nokre sekund, nokre av dei vaksne skjøna dette, kanskje til og med elevane. Men panikken tok dei, likevel. Nokre sprang ut døra, andre hoppa ut vindaugene, medan dei venta på smellet. Men granaten detonerte aldri. Heldigvis. Tyskarane måtte koma og uskadeleggjera han seinare.
Dette skjedde på Skeie skule, eller Nore Neset som han heiter no, og blei nok dyssa ganske kraftig ned av nazistane. Men på folkemunne fanst denne historia lenge.
Og eg ville ha den med i boka.
Derfor flytte eg heile hendinga til Søre Neset skule og skreiv hendinga inn. Men både redaktør Johanne Hille-Walle og eg, bestemte oss for å kutta den. Kill your darlings, heiter den tunge prosessen når du skriv. Men her er hendinga, ikkje språkvaska, men likevel:
Søre Neset skule
Fredag 29. september 1944
Klokka 18:15
Ingenting kunne stoppa meg! Eg skulle snakka med Astrid. Ikkje tale om at ho var ei tyskarhore. Anna og Solveig kunne eg ikkje stola på. No skulle eg spørja Astrid rett ut om ho ville vera jenta mi. Eg følte meg uovervinneleg. No var eg ein del av Milorg, i kampen mot nazistane som hadde tatt landet vårt. Og denne kampen skulle me vinna. Sjølv om Astrid hadde likt ein nazist, ein eller annan gong, så skulle eg ikkje bruka det mot henne. Ein skarve tyskar skulle eg klara og knusa. I krig og kjærleik er alt lov. Motet og viljen låg utanpå, og Astrid ville sjå det på meg.
For å unngå Larsatunet og tvillingane, gjekk eg forbi Gamlahuset og følgde stien gjennom skogen. Men utanfor skulen stod Anna og Solveig og kviskra til Otto. Eg kom ikkje utanom. Då dei såg at det kom nokon, snudde dei seg brått mot meg, men heldt fort fram med gnålet då dei såg det var meg.
– Har du høyrt at Siri Austvik har gifta seg med ein tyskar? Foreldra hennar nektar å snakka med henne. Og no skal ho visstnok flytta til Tyskland!
Dette høyrdest ikkje sant ut. Men samstundes kjende eg ikkje Siri så godt, ho var tre-fire år eldre og budde på Osøyro.
Otto skulle til å seia noko, men plutseleg kom det eit brak frå taket på skulen, som om noko knuste taksteinane og raste gjennom. Tvillingane og eg hoppa til, og frå innsida av skulen høyrde me bråk og skrål. Nokon ropte «Herregud i himmelen!» Og Fossen kom springande ut døra. – Dei har bomba skulen! skreik han, og sprang mot oss. – Ta dekning!
Me sprang alle fem oppover mot Baggane, og så langt vekk frå skulen som mogleg. Eit stykke unna kunne eg høyra eit dempa smell. Ikkje frå skulen, men frå mange kilometer unna. Det blei stilt, og alle stoppa opp. No kunne me sjå holet i skuletaket. Det var stort og gapande, og støv frå dei knuste taksteinane var kverlva opp.
– Eg skjønar ikkje, sa Fossen. – Korfor sprengde han ikkje? For det heng ein granat i taket over klasserommet.
– Tenk om det hadde vore elevar på skulen, pesa Otto. – Dei hadde blitt livredde og pissa seg ut!
– Otto Tveiten! sa Fossen strengt, og Otto sprang vidare. – Eg trudde eg hadde lært deg å snakka finare enn dette.
Anna og Solveig fniste og sprang etter Otto. Dei kom sjølvsagt til å fortelja dette til alle. Og dei kom sikkert til å ha med ein detalj om at nokon hadde pissa seg ut. Sjølv om det ikkje var sant.
Men tenk om granaten hadde eksplodert? Og tenk om det hadde vore elevar på skulen då det skjedde?
– Eg kan ikkje skjøna noko anna enn at dette var eit uhell, sa Fossen og såg ned mot holet i taket. – Ikkje eingong tyskarane ville sikta på ein skule. Og kor kom granaten frå?
– Sikkert frå ei av dei mange kanonstillingane dei har rundt om kring her, sa Astrid, som dukka opp bak oss.
– Eg må kontakta tyskarane, sa Fossen. – Dei må koma og fjerna granaten før han sprenger heile skulebygget i fillebitar. Alle må halda seg langt unna!
Han gjekk oppover, og ropte at folk ikkje måtte gå nær skulen.
Astrid og eg slo følgje opp til Baggane. Eg hadde så utruleg lyst til å fortelja om det eg hadde vore med på den natta flygarane blei frakta. Viss eg forsiktig skrytte av det eg hadde gjort, ville ho kanskje bli imponert over meg? Men eg måtte berre halda det for meg sjølv. Eg angra på at eg hadde sagt det til Ole.
– Du veit mykje om dei tyske kanonstillingane, sa eg i stadenfor.
Ho nikka. – Folka på mange gardar har blitt tvinga vekk for å gjera plass til soldatar og kanonar.
Orda til Anna og Solveig gjekk gjennom hovudet mitt. At Astrid hadde funne seg ein tyskar. Men eg klarte ikkje å sjå det for meg.
– Men kva gjer du her? spurde ho.
– Eg skulle berre, sa eg og måtte svelgje midt i setninga, – opp til … og eg lurte på …
Nei! tenkte eg. Orda berre surra rundt i hovudet mitt, og stoppa opp lenge før dei kom ut. Det var ikkje så lett å snakka med henne som eg hadde planlagt.
– Eg reknar med du skal i konfirmasjon på Bjørnarøy på søndag? sa ho og stoppa opp.
Eg nikka, roa meg og såg ned på skoa mine. Før eg møtte augene hennar igjen. – Det er veslebror til Ole som skal i konfirmerast, og mange skal ut dit.
– Då snakkast me i overimorgon, smilte ho og tok meg på armen.
Det gjekk eit støyt gjennom meg, og eg raudna i kinna. – Ja, det gjer me sikkert.
Ho gjekk over bakkane og bort til huset sitt. Eg hadde ikkje lenger noko ærend på Baggane, så eg gjekk vidare og heim. Sjølv om eg ikkje hadde spurt henne om me skulle gå i lag, så følte eg at me gjorde det. Ho tok meg jo på armen!
Det var som eg gjekk på skyer over Larsatunet og ned bakken.
Det kribla i heile kroppen.