Alt er lov
Alt er lov - og sjølvsagt kan forfattaren melda sine eigne bøker.
Niklas Lindblad - Mystical Garden Design
Det er tre år sidan Tor Arve Røssland gav ut den bloddryppande Blodmåne, og like lenge sidan han avslutta den dystopiske serien Overleve. No er han tilbake med den intenst spennande, rørande og særs truverdige Alt er lov. Og no er han igjen inspirert av sanne historiar frå andre verdskrigen. Ein tematikk han har vore innom før, både i Glimt og Kodeord Overlord. Men denne gongen er hendingane mykje nærare han, sidan bokas rammeforteljing føregår “i mitt eige nabolag”, som han likar å seia.
Han opererer då med eit utvida nabolag, sidan eg har det frå sekre kjelder at det tar 25 minutt å gå til bokas mest sentrale location, frå der han bur. Men lat oss byrja med starten. Boka blir sparka i gang av ei dramatisk naudlanding, som skjedde den 26. september 1944. På Haugland i tidlegare Os kommune - no Bjørnafjorden. Eit kanadisk bombefly måtte naudlanda, tidleg om morgonen, og dette sette i gang ei menneskejakt som Vestlandet knapt har sett maken til. Tusenvis av tyske soldatar vart sende til området for å leita, men grunna motstandsrørslas innsats blei dei seks flygarane heldt skjult heilt til 12. oktober, då dei blei henta av Shetlands-Larsen, og kom seg trygt over Nordsjøen til alliert jord. Ikkje så mykje spenning i dei historiske fakta, altså. Men det er her Røssland tar eit genialt grep for å fortelja historia, så dramatisk og actionfyllt som berre han kan.
Han følgjer fleire dramatiske hendingsforlaup frå denne perioden gjennom hovudpersonane Arne og Astrid, medan naudlandinga heile tida ligg som ei rammeforteljing. Spesielt på Os er det mange som veit om denne hendinga, og hundrevis av etterkommarar etter motstandsfolka vil nok kunne reagera på at Røssland fullstendig har unngått å nemna dei verkelge heltane i boka. Han har rett nok nokre karakterar som er basert på verkelege folk, men så vidt denne bokmeldaren veit, så er alle namna oppdikta.
Vigmostad & Bjørke - 2026. Niklas Lindblad - Mystical Garden Design.
Me følgjer Astrids (18) dobbeltliv, der ho både spionerer på nazistane og lever som bonde på Haugland, saman med tanta si. Heile tida står ho i fare for å bli avslørt, både av nordmenn, tyskarane og ikkje minst av norske nazistar. Som i hennar tilfelle inkluderer både foreldra og bror hennar.
Arne (17) får endeleg sjansen til å visa at han er verdig motstandskampen, då han blir hyra inn av faren til å vera med å ro dei seks kanadiarane som er på rømmen. Midt på natta medan tyskarane er i ferd med å starta opp den intense jakta på dei.
Tre hendingar står sentralt her: Naudlandinga på Haugland, bombinga av Laksevåg og Gestapos raid mot landsdelen hausten 1944. Særleg dette sistnemnde kjem nært på Arne i ei av dei mest opprivande scenane eg har lese på mange år.
Det er fleire historiske referansar i boka, men dei kan du oppleva sjølv, men eg kan seia at Røssland har saumlaust klart å blanda hendingane med dei oppdikta karakterane. Lurer du likevel på kva som er sant og ikkje, kan du finna ut av det gjennom eit oppklarande etterord. Men les sjølvsagt boka først!
Eg følte verkeleg at eg var på Haugland, i Bergen og på Laksevåg når eg las boka. Røssland har klart å gjenskapa tidsperioden hundre prosent truverdig. Både gjennom karakterane, miljøskildringane og språket. Boka føles også aktuell sjølv om hendingane me får lesa om skjedde i 1944. Ikkje minst dei særs sterke skildringane av bombinga av Laksevåg er med på å understreka dette. Det fekk i alle fall mine tankar til å retta seg både mot krigen i Ukraina, og terrorbombinga av Gaza. Men utan at dei historiske parallellane får lov til å overta med sin etterpåklokskap-peikefingar. Lesaren er heile tida til stades i 1944.
Dei norske nazistane frå krigen; Hirden, Det norske statspoliti og andre forrædarar får også sin tvilsame plass i boka. Mange lesarar kjem nok til å reagera sterkt på korleis deira situasjon blir avlutta. Her får me sjå kor lite som faktisk har endra seg sidan krigen.
Men det kanskje aller sterkaste elementet i boka er Astrids veslebror, ti år gamle Geir. Han får overta forteljarperspektivet i nokre kapittel som leier opp mot 4. oktober 1944. Han går på Holen skole på Laksevåg, og alle som kan litt om bergensk krigshistorie veit jo korleis det gjekk. 193 sivile døydde under eit mislukka alliert bombeangrep. 61 av dei var barn på skulen. Geir får oppleva dette på nært hald. Etter dette blir boka mørkare, meir håplaus og tristare, og som lesar lengtar du tilbake til naudlandinga og flygarar på flukt - som i dette lyset blir nesten ein feel-good-historie.
Dette er ei ekstremt godt researcha bok, noko som held truverdet på eit høgt nivå. Alt frå kva det naudlanda flyet faktisk heitte, til grufulle detaljar rundt bombinga av Laksevåg. Spenninga held seg konstant heile tida, og overraskingar står i kø for lesaren. Og forfattaren kan avsløra at sjølve slutten kom overaskande til og med på han.
Boka er ikkje berre ei spenningsbok for ungdom, ho passar for absolutt alle. Ungdom har godt av å lesa om dette, men det har sanneleg vaksne også. Arne og Astrid er to gode hovudpersonar, men også Geir gjer eit sterkt inntrykk. Når bombene fell riv det i hjarta.
I bokmeldingar er alt lov, også at forfattaren skryt av si eiga bok. For som han seier: “kven skal elles gjera det? Dei store mediehusa i Noreg har jo totalt ignorert tilnærmingane mine, og nesten ingen bryr seg om ungdomsbøker. Berre barnebokritikk har faktisk gjort det.”
Sjølvskryt skal du lytta til - det kjem frå hjarta.
Tor Arve Røssland 12. mai. 2026.