Forfattarbesøk

Har du lyst på forfattarbesøk?

Her kan du lese om ulike tilbod forfattaren kan tilby. Både foredrag og presentasjonar av eigne bøker eller bokseriar. Han kan òg skreddarsy framsyningar som er tilpassa målgruppa.

Han har fleire års erfaring med formidling både for barn, ungdom og vaksne.

Ønsker du å bestille forfattaren, kan du kontakte han nedst på sida.

 

Frå a til å!

Forfattaren les ei heil bok!

dron.JPG

1-10 klasse / Vidaregåande / Vaksne

Frå 30 - 90 min, utan pause

Kvifor berre høyre utdrag, når du kan få høyre heile boka? Dette opplegget kan tilpassast fleire ulike aldersgrupper, og gjeld dei fylgjande bøkene:

Alle bøkene i serien om Pode. Opplegga vil vere illustrert med Øyvind Torseter sine prisvinnande illustrasjonar. Passer for 3-6 klasse.

"På rømmen i New York". Illustrert av Henning Lystad. Passer for 1-4 klasse.

"En smak av Zommer". Zombie-action frå Vestlandet. Humor og spenning. Passar for mellomtrinnet.

Bøkene i Skumring-serien: "Gamer", "Snatch" og "Dronen". Her vil forfattaren lese ei lett redigert utgåve av boka, slik at heile storyen kjem med. Dette er bøker som er tilrettelagt for ungdom med leseutfordringar. Bøkene er spennande og lette å diskutere i etterkant. Eit opplegg som nok vil passe best for gutar i ungdomsskulen og på vidaregåande, og som ikkje har eit spesielt godt forhold til litteratur i utgangspunktet.

 

Skrivetips for alle!

Foredrag som kan tilpassast alle aldersgrupper med praktiske skrivetips i alle sjangrar!

Dette opplegget baserer seg på fleire år med turnering, skrivekurs og ikkje minst ei tosifra tal med bøker i bibliografien. Forfattaren koker heile skriveprosessen ned til eit 60 minuttars foredrag om korleis byggje truverdige karakterar. Korleis putte desse inn eit spennande miljø, og til korleis skape ei engasjerande konflikt som lesaren skal leve seg inn i.

Dette passer aller best for dei som i utgangspunktet har lyst til å skrive, men kan også haldast for heile skuleklassar der ambisjonsnivået er ulikt. Forfattaren vil tilpasse seg etter deltakarane.

 

Kan vaksne lese ungdomsbøker?

Foredrag for vaksne lærarar, studentar, foreldre, formidlarar, bibliotekarar og andre litteraturinteresserte.

Eit nyutvikla opplegg der forfattaren tar for seg fleire av dei mest populære ungdomsbøkene sine, og fortel korleis han jobba dei fram, frå idé til ferdig bok. Han prøver også å finne svar på kvifor ungdommer ser ut til å like dei så godt. Kvifor han har blitt nominert heile fire gonger til Uprisen? Men aldri til kritikarprisar, eller Bragepris. Likar kanskje ungdommen noko anna enn dei vaksne? Her brukar han også andre forfattarar sine bøker som døme.

Forfattaren les frå eit par av bøkene, og inviterer til diskusjon rundt problematikken. Han går heller ikkje av vegen for å kritisere seg sjølv, og røper nokre ting som irriterer han i sine eigne bøker.

I tillegg er heile foredraget eit desperat rop til dei vaksne om å slutte å vere så vaksne. Det finnest eit hav av gode norske ungdomsbøker der ute, og sidan forfattaren har sete i Norske barne- og ungdomsbokforfattere sitt Litterære råd i årevis, så veit han kva han snakkar om.

 

Glimt frå fortida

Mellomtrinnet

Ungdomstrinnet

I boka Glimt blir lesaren kjent med to ungdommar. Jon og Solveig. Begge bur på den vesle øya Grovøy, langt ute i havgapet, og begge kjenner seg litt utanfor. Jon fordi han stammar fælt, og har vanskeleg med å få kontakt med andre, spesielt sidan han akkurat har flytta til øya. Solveig fordi ho blir tvungen til vere tenestejente hos den tyske kommandanten under andre verdskrigen, og derfor mister ho gradvis kontakten med vennenne sine. Jon og Solveig har ein del ting til felles, men dei er skilde frå kvarandre med ein heil generasjon. Dei veks opp i heilt ulike tidsaldrar, men er likevel knytte til kvarandre på mystisk vis. 

Glimt er først og fremst ein spennande grøssar, for alt er ikkje slik det skal vere på Grovøy, verken no eller under krigen. Det gamle ungdomhuset der Jon etter kvart blir kjent med dei framtidige klassekameratane sine skjuler noko. Ting hender om natta, uforklarlege ting, og ungdommane våger ikkje vere der lenger enn nødvendig.

Og kva er eigentleg dette glimtet? 

I dette opplegget tar forfattaren for seg historia bak boka. Både litt om krigshistorien langs norskekysten, men òg ein del om korleis dei historiske fakta blir brukt først og fremst til inspirasjon, og ikkje som ein fasit til korleis ein skal skrive ei bok. Forfattaren vil snakke litt om korleis ein fiende som Tyskland ikkje berre var ein gjeng med blodtørstige nazidjevlar, men at det alltid er ei menneskeleg side ved dei verste krigsforbrytarar. Noko som ein kan trekke parallellar til i dagens samfunn. Skal ein bekjempe ein fiende, må ein kjenne, og forstå ein fiende. Ein treng ikkje sympatisere, men prøve å sjå saka frå den andre sida. Var alle tyskarane som okkuperte Noreg psykopatiske mordarar? Dette var viktige spørsmål som dukka opp under skrivinga av Solveig si historie i Glimt.

Boka tar òg for seg korleis jenter som sympatiserte med tyskarane blei behandla etter krigen, og kor vanskeleg det er for Solveig å vite kva som er rett og gale. Desse kjenslene finn vi òg igjen i Jon si historie. Men dersom du ikkje har lese boka, kan det ikkje røpast for mykje.

Sjølve opplegget vil bestå av opplesing og forteljing om bakgrunnen for boka. Forfattaren nyttar bilete og film for å illustrere.

Elevane treng ikkje lese boka på førehand.

Opplegget varer ca 50 min, inntil 100 elevar. (Dersom rommet passar.)

Treng lerret og projektor for tilkopling til pc. 

Lydanlegg. 

Helst eit delvis blenda rom.

 

Spenning for ungdom

Ungdomstrinnet

Med utgangspunkt i bøkene SNATCH, GAMER og DRONEN i serien Skumring fortel forfattaren om korleis desse to bøkene blei til. Korleis han brukte si latterleg omfattande erfaring med dataspel då han skreiv GAMER. Og korleis han mentalt måtte bli ein skurk for å skrive SNATCH. To erfaringar han ikkje ville vere forutan.

Det er likeven DRONEN som blir via mest tid. Boka handlar om ein ung gut som blir radikalisert inn i eit farleg nasjonalistisk miljø. Dette vil garantert skape diskusjon!

Elevane treng ikkje ha lese bøkene på førehand.

Opplegget varer ca 60 min, veldig avhengig av elevane. Maks 60 elevar. 

Treng videoprojektor/lerret/smartboard.

 

Soledad - åleine i verda

Ungdomstrinnet

Vidaregåande

I dette opplegget tar forfatteren for seg heile prosessen som ligg bak å skrive ei bok, med utgangspunkt i boka Soledad frå 2014. Alt frå idéstadiet, research-fasen, sjølve skrivinga, kontakt med forlag, og kanskje det mest vanskelege av alt: redigeringa av teksten, den fasen der ein ofte må kutte bort det kjæraste ein har sidan det ikkje passar inn i heilskapen. Han tar seg sjølvsagt òg tid til å lese frå boka.

Forfattaren snakkar òg om korleis ei bok plutseleg kan endre karakter undervegs i skrivinga, og i tilfellet med boka Soledad, så gjekk boka frå å vere ei rein spenningsbok til å bli ein dystopisk thriller med eit underliggande politisk tema. Det blir eit innblikk i korleis skriveprosessen fungerer. Kva musikk, filmar, bøker eller dataspel som direkte kan inspirera til skriving. I dette tilfellet dystre og fæle framtidsdrama som The Road, og actionspel som The Last of Us.

Dette opplegget passar frå 8. trinn og ut vidaregåande. Sjølvsagt vil forfatteren tilpasse det til dei aktuelle aldersgruppene, men grunnprinsippet vil vere det same. 

Varer mellom 45-60 min, avhengig av elevane. Maks 60 elevar, eller to klassar om gongen. På små skular går det fint å blande dei ulike trinna.

Han ser gjerne at elevane og lærarene tenkjer gjennom eventuelle spørsmål på førehand. Men det er ikkje noko krav at elevane har lese boka på førehand.

Reint teknisk trengs det videoprojektor/lerret/smartboard.

 

Svarte-Mathilda

Mellomtrinnet

Ungdomstrinnet

Svarte-Mathilda er ein grøssarserie som har skremt folk i alle aldrar. Forfattaren fortel om korleis bokserien blei til, kor inspirasjonen kom frå og kor tidkrevjande det kan vere å skrive historiske bøker. 

Kva er det som gjer ei bok skummel? Korleis tenkte forfattaren når han skreiv? Kva triks brukar skrekkforfattarar for å gjere det spennande og skummelt? Røssland avslører ein del av dette, og kjem med nyttige tips til den som vil skrive skumle og spennande saker.

Han les mest frå den første boka i serien, men kjem òg inn på kor handlinga går vidare i serien. 

Les om bøkene her.

Passar best på klassetrinna 5-8. Inntil hundre elevar.

Elevane treng ikkje lese bøkene for besøket, men det kan vere greit for elevane å vite at dette er skumle bøker.

Her trengs eit rom som kan blendast delvis, og som ikkje har gjennomgangstrafikk. I tillegg trengs lerret og ein videoprojektor for å koble til PC, sidan han viser ein heil del bilete undervegs.

Varer om lag 50 minutt.

Dette er eit heilt nytt opplegg rundt bøkene om Svarte-Mathilda, så dersom skulen din eller biblioteket ditt har hatt besøk av Svarte-Mathilda før, så forvent noko anna denne gongen.

 

Pode

1-4 klasse

Dei fire bøkene om Pode er morosamme, overdrivne og lette å engasjere ungane med. Forfattaren fortel om hovudpersonen, om familien hans og les frå nokre av bøkene. Her samtaler han òg mykje med elevane om alt det merkelege Pode opplever. Han fortel òg kor alle ideane i bøkene kom frå.

Les om bøkene her.

Passar best for klassetrinna 1-4. Éin eller to klassar om gongen. Kan gjerast i alle slags rom, treng ikkje spesielle tekniske hjelpemiddel. 

Varer om lag 45 minutt.

Lesestund for barneskulen

1-4 klasse

Tor Arve Røssland har sidan første bokutgjevinga si i 1999 gitt ut mange ulike bøker for barn og unge, i tillegg har han skrive mange korte tekstar til publikasjonar som Norsk Barneblad, lærebøker og ulike antologiar/samlingar. I dette skulebesøket plukkar han ut forskjellige tekstar og snakkar om korleis akkurat den teksten blei til.

Han les høgt, og samtalar med elevane rundt eventuell tematikk. Det kan vere at han les utdrag frå bøkene om Pode, ei novelle eller ein kort tekst. Dette kan tilpassast aldersgruppa. Besøket krev ingen førebuing frå skulen si side, og varer om lag 35 min.

Skrivekurs

For alle

På skriveleir i Lofoten - sommar 2016

På skriveleir i Lofoten - sommar 2016

Tor Arve Røssland kan tilby skrivekurs for barn, ungdom og vaksne. Etter ei innleiing med konkrete skrivetips basert på eigne erfaringar, faglitteratur og ikkje minst deltaking på skrivekurs sjølv, så blir det skriveoppgåver tilpassa den aktuelle aldersgruppa. Nokre av oppgåvene baserer seg på filmsekvensar og fotografi som skal setje fantasien i gong.

Etterpå blir det skriving av ny tekst som fortlaupande blir evaluert av forfattaren. Kursdeltakarane blir oppmuntra til å kome med innspel på dei andre sine tekstar. Hovudvekta ligg på å skape karakterar, plassere dei i eit miljø og begynne å tenkje på ei konflikt. Gjerne gjennom å skrive gode og truverdige dialogar. Det er ikkje noko mål for kurset å skrive ein ferdig tekst, men byrjinga på ei historie som skal pirre lesaren til å ville lese vidare, og ikkje minst: pirre forfattaren til å ville skrive vidare.

Dei kan òg arbeide med munnleg forteljing ved hjelp av assosiasjonsøvingar og improvisasjon. 

Det er eit krav at deltakarane er villige til å lese opp sine eigne tekstar og delta aktivt på kurset.

Det ideelle deltakartalet på slike kurs er mellom 10 og 20, men også heile skuleklassar på 30 elevar er fullt muleg. Tema kan vere etter ynskje, t.d. humor, spenning, grøss, satire osb.

Tor Arve Røssland tilbyr òg føredrag om eige forfattarskap, skrekkgenren, barne- og ungdomsfilm, forholdet mellom film og litteratur og andre emne som måtte falle naturleg.

HONORAR

Nei, dette er ikkje zombiar.

Nei, dette er ikkje zombiar.

Forfattaren nyttar utelukkande Norsk forfattersentrum sine minstesatsar som utgangspunkt. Dette er heilt avhengig av kor langt det er å reise, kor mykje førebuing som trengs og kven oppdragsgjevaren er. Minstetakstane er som det ligg i namnet: minste takst, og høgare honorar må påreknast utanom skuleverket.

Det er ikkje høve til å bruke satsane til Den kulturelle skulesekken for andre oppdragsgjevarar.

Viss avreise må skje dagen før besøket, eller reisa er lang, kjem det eit tillegg på 4000. Må heimreisa skje dagen etter siste oppdrag kjem same tillegget på 4000.

Opphald, kost og mest praktiske reise for forfattaren blir dekka av oppdragsgjevar.

Forfattaren skal sjølv godkjenne overnattingsstaden før oppdragsgjevar reserverer.

Forfattaren reserverer reisa si sjølv for å finne mest praktiske reisemåte. Han prøver alltid å finne den rimelegaste reisemåten, men ikkje dersom det blir urimeleg lang ventetid.

Leigebil er det oppdragsgjevar som reserverer på næraste utleigestad. Som oftast ein flyplass.

Forfattaren bruker alltid Norsk forfattersentrum som mellomledd, så alle avtalar skal også sendast dit, men først etter at avtale er gjort med forfattar. Faktura til oppdragsgjevar kjem også frå Norsk forfattersentrum.

Her finn du Norsk Forfattersentrum sine minstesatsar for forfattarbesøk.

Ta kontakt med forfattaren på e-post: tor-arve(alfakrøll)online.no for meir informasjon.

Kalenderen under er alltid oppdatert og kan nyttast for å sjekke ut ledige veker.

Turnéoversikt

HAUST 2017

27-30 august. Møte NBU.

4-8 september. Veke 36. Turné. Oppland. DKS. Svarte-Mathilda. Turnéplan. 

12. september. DKS møte Buskerud. 

20. september. Opptatt. 

25-29 september. Veke 39. Turné. Oppland. DKS. Glimt. Turnéplan.

29-30. september. NBU. 70-års fest!

9-13 oktober. Veke 41. Turné. Buskerud. DKS. Glimt.

18-19 oktober. Veke 42. Turné. Oppland. DKS. Glimt.

20. oktober. Opptatt. 

23-26 oktober. Ørlandet.

29. oktober. Opptatt. 

Veke 44. SILK. Svarte-Mathilda

                         GLIMT

7-11 november. Opptatt.

14. november. Rådsmøte.

6. desember. Møte NBU.

 

VÅR 2018

16-17 januar. Stipendmøte NBU.

19. januar. Tid for ti. Haugesenteret. Foreningen !les.

Veke 4-6. Turné. Hordaland. DKS. Glimt.

         22. januar - 12. februar.

18. februar - 25. februar. 

Torsdag 5. april til 6. april. Veke 14. Turné. Buskerud. DKS. Glimt.

9-13 april. Veke 15. Turné. Buskerud. DKS. Glimt.

13-15 april. Årsmøte NBU.

Veke 16. Dei 100 beste. Eg listar opp dei 100 beste barne- og ungdomsbøkene frå dei siste seks åra (sånn ca). Garantert fri for vaksenbøker!

Veke 21. Turné. Oppland. DKS. Svarte-Mathilda. 

 

Her kan du sjå tidlegare forfattarbesøk: