Bak kulissane i Svarte-Mathilda

Eg får ofte e-post frå lesarar som likar bøkene om Svarte-Mathilda, og eg møter ofte skuleelevar som har lese bøkene når eg er ute på skuleturné. Av og til får eg spørsmål om ting knytta direkte til handlinga og kva som hender i bøkene. Noko er det ikkje meininga at du som lesar skal vite, mens andre ting oppdager du dersom du leser litt ekstra nøye. Her er likevel ei forklaring på noko av det mest sentrale.

DU BØR IKKJE LESE DETTE DERSOM DU IKKJE HAR LESE BØKENE! HER RØPER EG SENTALE DELER AV HANDLINGA! SPOILERS!!!

 

Kven er eigentleg Svarte-Mathilda?

Svarte-Mathilda er ein skapning som gøymer seg inni ein spegel. Ho kjem ut av spegelen dersom du seier namnet hennar sju gonger. Som regel drep ho den som ytrar namnet, men dersom ho klarer å styre seg, eller personen klarer å flykte, så er Svarte-Mathilda i prinsippet fri til å vandre rundt utanfor spegelen til personen er drepen. Straks det skjer, blir ho fanga i spegelen igjen. Reint teknisk er Svarte-Mathilda eigentleg ei lita jente som heitte Mathilda, som blei besatt av demonen Morbus og hamna inni spegelen. I slutten av bok III drep ho guten Philip, i den trua at det berre var Elisabeth som hadde ytra namnet hennar. Det var det ikkje, og utan ein spegel å flykte inn i, så forsvinn ho, og alle sjelene ho har drepe, slepp fri.

 

Kven var Mathilda?

Mathilda Isadora Langetun levde frå 1881 til 1888 på garden Langetun i Hardanger. Mor hennar døydde tidleg, truleg drepen av Alexandra Wilhelmsen, som etterpå overtok undervisning og barnepass. Alexandra hadde ei dotter, Sigrun, som var nokre få år eldre enn Mathilda. Sigrun kom til garden og blei ven med Mathilda, men dei andre i bygda likte henne ikkje, trudde ho var forheksa sidan ho var alvorleg misdanna frå fødselen. Alexandra hadde ein plan om å overføre sjela til Sigrun til ein av dei friske barna sin kropp. Mange jenter døydde i desse eksperimenta, og spegelen som hang på garden var sentral i prosessen. Til slutt forsøkte ho med Mathilda og ein heilt ny framgangsmåte. Det heile enda med at Alexandra drap dotter si, demonen i spegelen gjekk inn i Mathilda og fekk henne til å drepe Alexandra, før ho blei dregen inn i spegelen og forsvann tilsynelatande sporlaust.

 

Kva er det med denne spegelen?

Spegelen blei laga av brødrene Giovanni og Dario Danzola del Gallo i Venezia i 1519. Saman med kunstmålaren og oppfinnaren Lorenzo Melzi fanga dei demonen Morbus inni spegelen. Ei forbanning blei kasta over spegelen slik at Morbus skulle bli fanga spegelen, men rett før han døydde kasta ein av “slavane” til Morbus ei ekstraforbanning over den, slik at demonen kan kome ut om nokon seier namnet hans sju gonger. Spegelen blei forsøkt skjult, men på slutten av 1800-talet blei den selt til William Langetun, som tok den med seg til garden sin i Hardanger. Der han fekk dottera Mathilda ei stund etterpå. Her hamna Mathilda i spegelen, og ho blei ei blanding av Morbus, Mathilda og mykje anna skummelt. Namnet Svarte-Mathilda er det ingen som veit opphavet til. Det blir nevnt at “er det dette ho kallar seg no”. Opphavet skal vere ukjend, nettopp fordi dette er ei vandrehistorie. Spegelen blir knust av Elisabeth, og Svarte-Mathilda forsvinn inn i medaljongen hennar. Ein av fem medaljongar som Svarte-Mathilda kan reise mellom, uavhengig av avstand og tid.

 

Kven er Sivert?

Sivert er guten som finn spegelen i 1899, på Langetun, etter at Mathilda har forsvunne inn i spegelen. Han blir besatt av krafta der inne, og svergar å beskytte spegelen for all framtid. Han blir unaturleg gammal, og lever heilt fram til vår tid. Han blir drepen av Elisabeth i Venezia.

 

Kven er Gallo-brørne?

Gallo-brørne er dei som lagar spegelen på 1500-talet i Venezia. Giovanni er eldst og sjukleg. Dario er yngst og gift med Beatrice, dei har sonen Umberto saman. Umberto blir drepen av ein mordar i byen, og Dario blir ein del av etterforskninga. Han finn ut at det er minst to mordarar, som begge kler seg ut som Pestlegen. Han får hjelp av Lorenzo Melzi som fortel dei om demonen Morbus, som har besatt tre prominente borgarar i Venezia til å drepe. Biskopen, legen og rådgjevar Pompeio Bruno. Sjølv går Morbus forkledd som ei vakker kvinne. Dei klarer til slutt å fange Morbus inni spegelen, men Melzi blir i siste augneblink besatt og drep Dario.

 

Kven er Lorenzo Melzi?

Han var oppfinnar og kunstmålar som reiste til Venezia for å hjelpe Gallo-brørne å fange Morbus. Han blir sjølv besatt og ein beskyttar av spegelen. Han lever heilt fram til vår tid, og kaller seg sjølv for Fletcher når han snakker med Elisabeth og Gry. Til slutt dukkar han opp for Elisabeth og avslører seg.

 

Kven er Elisabeth?

Elisabeth er hovudpersonen i alle tre bøkene. Ho har mista bror sin, Tommy, i ein brann, foreldra skal skilje seg og Elisabeth og mor skal flytte til ei lita leilegheit utanfor Bergen. Her går spøkelset etter jenta Maria van Vliet igjen og prøver å åtvare Elisabeth mot spegelen som heng på badet. Elisabeth blir kjent med klassekameraten Philip og bibliotekaren Viggo, og dei prøver å finne ut kven som myrda Marie. Dumme som dei er, så kallar Elisabeth og Philip på Svarte-Mathilda. Ho seier det seks gonger, og han seier det éin gong. I bok II og III byrjar ho verkeleg å skjøne at ho ser spøkelse som ingen andr ser. Elisabeth ender bok III med ein ekkel hallusinasjon, der ho ser det eldgamle ansiktet til Lorenzo Melzi. Eller er det ikkje ein hallusinasjon, likevel?

 


Kven er Philip?

Philip blir ven med Elisabeth, og lokkar henne til å vere med å kalle på Svarte-Mathilda. Han forsvinn etter dei kallar på henne. Og Elisabeth ser han ikkje igjen før mange månader etterpå, i Venezia. Han har vore fanga av Sivert, og vore slaven til Svarte-Mathilda. Han vaknar av besettelsen og ofrar seg for Elisabeth. Han får skulda for å ha drepe Gry, og Elisabeth slepp unna. Philip dukkar opp på eit foto mot slutten av første boka, eit gammalt foto frå slutten av 1800-talet. Grunnen til dette er at demonen Morbus som bur i spegelen alltid malte offera sine. Men som den moderne demonen han er nyttar han no fototeknikk for å vise ofra sine. Og så snart Philip blei forheksa av Svarte-Mathilda dukka han opp i fotoet over dei var drepne av Svarte-Mathilda opp gjennom åra.

 


Kven er Gry?

Gry er venninna til Elisabeth som ho reiser til Italia saman med i bok II og III. Ho finn ut av alt, og ender opp død i bok III. Drepen av Svarte-Mathilda.

 

Kven er Viggo?

Han er bibliotekaren som hjelper Elisabeth og Philip med å finne bøkene som Marie lånte. Han likar krim og vandrehistorier og i bok II og III reiser han til Venezia for å spore opp spegelen som Elisabeth fortalte om. Han blir drepen av Svarte-Mathilda.

 

Kva er ei vandrehistorie?

Ei vandrehistorie, eller ei Urban legend, er ei forteljing som blir overbrakt munnleg frå person til person. Det kan vere nesten som ein dårleg vits, ei grusom ekkel utfordring, eller ei historie om det overnaturlege. Vandrehistorier finn du i alle kulturar til alle tider.

 

Kven er Marie van Vliet?

Ho budde i leilegheita der Elisabeth flytter inn, tjue år tidlegare. Ho blei drepen på badet av Svarte-Mathilda, og Elisabeth prøver å finne ut kven som drap ho. Elisabeth finn ut at læraren hennar var far til Marie. Marie går igjen og prøver å åtvare Elisabeth mot Svarte-Mathilda.

 

Er bøkene basert på historiske fakta?

Nei, alt er oppdikta, men del Gallo-brørne har levd i virkeligheten. Dei budde i Venezia på 1500-talet og dei laga speglar. Lorenzo Melzi er også basert på virkelige personar. Men det er svært lite historiske fakta om dei. Det meste er oppdikta.

 

Kor kjem namnet Svarte-Mathilda frå?

Det er det faktisk ingen som veit heilt nøyaktig. I alle fall ikkje denne forfattaren ...

 

 

Plakaten til teaterframsyning i 2016

Plakaten til teaterframsyning i 2016