Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland er fødd i Bergen, men oppvaksen i Kvinnherad kommune. Han debuterte som forfattar i 1999 med den humoristiske barneboka Pode, og har sidan den gong gitt ut ei rekke bøker for barn og ungdom. Han har skrive grøssarar i serien Svarte-Mathilda, dystopisk science-ficton i Soledad, og krim i bøker som Gamer og Snatch. Han likar heile tida å utforske nye sjangrar.

Han seier sjølv at han likar å skrive bøker som han likar å lese, heilt uavhengig av kven bøkene måtte passe for når dei kjem ut.

I barndomen sprang han etter sauer på Røsslandsgarden, som ligg midt mellom bygda Sunde og industristaden Husnes. I nabohuset budde besteforeldra hans, og i nabohuset deira budde oldefar. Han leika utandørs med venner og syskenborn heile sommaren. Når det var dritvêr sat han inne og leika med Lego eller spelte dataspel på Commodore 64. Han høyrte mykje på radioteater og høyrespel. Han begynte eigentleg ikkje å lese bøker før han var i 13-14 årsalderen, men etter det las han mykje, og han har aldri tenkt å slutte!

Seinare har han budd på Voss, i Trondheim og i Bergen, men no bur han og familien på Halhjem utanfor Bergen. Kona hans heiter Frøydis og ungane heiter Daniel, Veronika og Jonas.

Då han såg ET - The Extra Terrestrial på kino i 1982, fann han ut at å dikte historiar var noko han likte. Han fantaserte om å bli verdsberømt Hollywoodregissør, men då han fann ut kor mykje strev det var å lage film slo han seg til ro med diktekunsten. 

Av utdanning har han blant anna hovudfag i filmvitenskap frå Universitetet i Trondheim, samt mellomfag i litteraturvitenskap og mediepedagogikk.

I tillegg til bøkene har han skrive skodespelet Huldra, som Vestlandske Teatersenter har sett opp heile to gonger (2001 og 2009). Har òg hatt tekstbidrag i antologiar, lærebøker og framsyningar.

Favorittforfattarar er Paul Auster, Ragnar Hovland, Siri Hustvedt, Rune Belsvik, Roald Dahl, Neil Peart, Ingvar Moe og Stephen King.

Favorittfilmane er Ringenes Herre, Gudfaren 1 og 2, Dumbo, District 9, Avatar, Scarface, Star Trek (2009), Shawshank Redemption, Star Wars 1-3, Star Wars - The Force Awakens, Withnail & I, Mitt liv som hund, Barry Lyndon, 2001 - A Space Odyssey, Jaws, Hannah and her Sisters, Manhattan, Annie Hall, Modern Times, Braveheart, Leon, The Patriot, Flåklypa Grand Prix, City Lights, Gladiator, Little Miss Sunshine, The Good the Bad and the Ugly, Betty Blue, The Birdcage, Notting Hill, Once Upon a Time in the West, Cinema Paradiso, Stand By Me og sjølvsagt ET. Denne lista blir stadig oppdatert.

Foto: André Soltvedt

Foto: André Soltvedt

Her har du litt fullstendig unyttig informasjon om Tor Arve Røssland:

Favorittmusikken er Rush, Antonio Vivaldi og Johnny Cash.

Favorittspela er Red Dead Redemption, Burnout Paradise, Sim City, Grand Theft Auto-serien og Rome: Total War.

Er allergisk mot kattar, hundar, kaniner, rotter, mus og støv. Men merkeleg nok ikkje mot sjimpansar og sauer.

Nekta millitæret fordi han ikkje ville gå i takt med andre menneske.

Ser langt fleire filmar enn han les bøker.

Medlem av Norske barne- og ungdomsbokforfattere sitt litterære råd frå 2012, og får dermed lese alle norske barne- og ungdomsbøker.

Er ganske sikker på at zombiar eksisterer, og at styresmaktene dekkjer over sanninga i frykt for massehysteri.

Synest at Larry David, Karl Pilkington og Ricky Gervais er dei morsomste menneska i heile verda.

Har sett alle Star Trek-filmane og alle Star Trek-seriane. Til saman er det tretten filmar på om lag to timar kvar. Seriane inneheld til saman 702 episodar, på 31456 minutt, eller 524,26 timar eller 21,8 dagar med speletid. Og snart kjem det ein ny tv-serie!

Har for mykje fritid sidan han tar meg bryet med å rekne ut kor mange minutt Star Trek er.

Synest all sport er kjedeleg fordi han ikkje bryr meg om kven som vinn.

Likar ikkje kvardagsrasisme. Eller høgtidsrasisme, for den saks skuld.

Favorittbøkene er blant andre Sveve over vatna av Ragnar Hovland, It av Stephen King, The Book of Illusions, Leviathan og The Brooklyn Follies av Paul Auster, Madame Bovary av Gustave Flaubert og The Zombie Survival Guide av Max Brooks.

Favoritt tv-seriane er: Star Trek: Deep Space Nine, Star Trek: The Next Generation, The Sopranos, The Walking Dead, Black Books, Brideshead Revisited, Band of Brothers, An Idiot Abroad, Boston Legal, Curb Your Enthusiasm, Extras, Battlestar Galactica, The Wire, Boardwalk Empire, Seinfeld, Dexter, Game of Thrones, The Ricky Gervais Show, Modern Family, Peep Show, Stranger Things og Arrested Development.

Favorittbyane er Venezia og New York.

Har jobba i mange år på Elkjøp, både som seljar og som ansvarleg for film, spel og software. Begynte i 1999, slutta i 2012, då han blei heiltidsforfattar.

Synest at Kygo og Coldplay er noko av det kjedelegaste som har skjedd med populærmusikken.

Synest at skjønnlitteratur som ikkje er oppdikta er utan verdi.

Livredd for edderkoppar.

Høyrer alltid på musikk når han skriv. Som regel forskjellig instrumentalmusikk.

Er ofte ueinig i null-gangen.

Likar å leike seg med film, og har laga mange forskjellige småfilmer. Denne linken tar deg vidare til youtube der du kan sjå fleire filmar han har laga.