Spørsmål og svar

 

Kvifor begynte du å skrive bøker?

Det er mange grunnar til det. Eg likar å finne på historier, det har alltid gjort, heilt sidan eg var liten. Eg ville eigentleg bli filmregissør i Hollywood, men fant fort ut at det var veldig slitsomt, så det å dikte forteljingar synest eg høyrdest litt "enklare" ute. Eg veit ikkje om det er det, men det er i alle fall veldig kjekt. Dessutan er eg ganske lat, eg likar tanken på å bestemme mi eiga arbeidsstid. I tillegg er det veldig miljøvennlig å gå til jobben. Eg har berre nokre få meter inn til heimekontoret mitt.

 

Når begynte du å skrive bøker? Og skreiv du dikt og noveller før du byrja å skrive lange bøker?

Nei, det gjorde eg ikkje. Eg gjekk rett på sak med lange bøker. Eg gav ut den første boka mi i 1999. Den heiter Pode, og den kan du lese meir om her. Eg begynte vel å skrive seriøst nokre år før den boka kom ut. Eg skreiv ein roman om Huldra som ingen forlag ville gi ut, derfor skreiv eg den om til eit teaterstykke. Og eg skreiv ein lang science-fiction roman som eigentleg var veldig dårleg, og som heller ingen forlag ville gi ut. Den ligg fremdeles "i skrivebordskuffa". 

 

Er det vanskeleg å skrive bøker?

Det kan vere det av og til. Nokre gonger står eg fast, men då er det berre å kjøre på! Dette er ein jobb, slik som alle andre jobbar, det nyttar ikkje å sitje å vente på inspirasjonen. Eg prøver å skrive kvar dag, dette er eit handverk og må haldast ved like. I tillegg er det viktig å lese mykje, det er ein fin måte å lære seg meir om skriving på. Nokre forfattarar synest redigeringsprosessen er den vanskelegaste. Altså det som skjer etter ein redaktør i eit forlag har sagt kva ho (eller han) synest om boka. Eg likar eigentleg den delen av jobben ganske godt. Det å endre, legge til, kutte å redigere i ein tekst, og sjå at den forandrar seg er veldig spennande. Korleis det å flytte ein setning, eller fjerne berre eitt einaste ord kan endre heile boka.

 

Blir du nokon gong lei av å skrive?

Tja, ikkje direkte lei. Men nokre gonger kan det vera vanskelegare enn andre gonger. Eg treng ro og fred rundt meg for å skrive. Eg kan ikkje gå rundt å bekymre meg for andre ting, eg må fokusere og konsentrere meg om det eg skal skrive, og ingenting anna.

 

Har du ein moral i bøkene? Eller eit budskap/tema?

Ikkje ein moral som gjeld alle bøkene mine, nei. Av og til kan det snike seg inn ein underliggande tematikk, som t.d. i boka Soledad som handlar om vern av miljøet, og korleis vi menneske oppfører oss mot kvarandre i ekstreme situasjonar.

Svarte-Mathildaserien er meir ein rein spenningsserie laga for å skremme og underhalde, men om du leiter lenge nok så kan du finne tematikk rundt dette med venskap, offervilje, kjærleik og ein liten dose religionskritikk, i alle fall i tredje boka. 

Det er aldri moral, tema eller budskap som får meg til å skrive ei bok. Det ville vore å begynne i feil ende, etter mitt syn. Viss utgangspunktet ditt er "no skal eg lære lesarane mine noko om ..." så burde du heller skrive fagbøker. Det begynner alltid med karakterane, eller eit problem som må løysast.

 

Kan du hjelpe meg å analysere bøkene dine?

Bokanalyse er det stort sett lærarar som er opptatt av, forfattarar driv ikkje med slikt. Men dersom du har i oppgåve å analysere ei bok så skal du vite at måten du les boka på er minst like god som måten læraren les den på. Det er heller ikkje alle bøker som bør analyserast, dei bør opplevast og ikkje øydeleggjast med analyse.

Men skal du likevel gi deg i kast med mine bøker så bør du kanskje tenkje på dette:

Virkemiddel som eg ofte brukar i spenningsbøkene mine er t.d. korte setningar, tydelege språklege bilete (slik at lesaren kan lett sjå det for seg), eg bruker filmatiske virkemiddel (cliffhangers mellom kapitla) og eg bruker ofte eg-formen (1. person). I grøssarane eg har skrive likar eg å antyde det skumle ei god stund før eg viser kva det er som ligg bak. Pirre fantasien, slik at lesaren byrjar å tenkje. I tillegg prøver eg å få lesaren til å føle det same som hovudpersonane mine. Men som sagt: eg likar ikkje å over-analysere bøker.

 

Har du nokon gong melka ei ku?

Nei, det har eg ikkje. Eg er allergisk mot kyr.

 

Du kødder med alt, du?

Er det eit spørsmål, eller ein påstand?

 

Dei kjekkaste skulebesøka er saman med andre forfattarar. Her med Bente Bratlund og Rune Belsvik - 2015

Dei kjekkaste skulebesøka er saman med andre forfattarar. Her med Bente Bratlund og Rune Belsvik - 2015

Likar du å reise rundt på skulebesøk? Og kva seier du når du står framfor elevane?

Ja, det likar eg veldig godt. Aller mest prøver eg å få barn og unge til å lese bøker. Eg prøver å få elevane til å forstå at skriving og lesing er dei to viktigaste eigenskapane vi menneske har, alt det andre vi lærer kjem frå dette. Ein del gutar blir litt paffe når dei finn ut at bak alle dataspela dei speler sit det ein eller fleire forfattarar og skriv spelet på førehand. Eg likar også å fortelje om skriveprosessen, og eg likar veldig å lese opp frå sjølve bøkene. Eg prøve å kombinerer dei to tinga, slik at det blir variert og spennande å høyre på.

 

Kvifor lar du barn og unge få vere med på skrivekursa dine?

Skrivekursa eg held er mest for barn og unge, og så lar eg vaksne få vere med viss dei har lyst.

 

Kva saknar du mest frå då du hadde vanleg jobb?

Julebordet. Uten tvil!

 

Har du nokon gong stått framfor spegelen og sagt "Svarte-Mathilda" sju gonger?

Nei, det har eg ikkje. Eg trur ikkje det er så lurt av meg å gjere det.

 

Trur du på spøkelser?

Nei, det gjer eg ikkje. Men eg synest det er veldig spennande å sjå film og lese bøker om dei. Og ikkje minst er det veldig gøy å skrive om dei.

 

Kva var favorittfaget ditt på skulen?

Eg likte aller best å skrive stil, spesielt oppgåver der eg kunne bruke fantasien heilt fritt. 

 

Kva fag likte du minst då?

Matte og gym. Heilt meiningslaust for meg, begge deler. Eg likar ikkje tal, men er veldig glad for at nokre folk gjer det, slik at dei kan lage datamaskinar og månerakettar og slikt. Gym var stort sett berre ein konkurranse om kven som hoppa lengst, sprang fortast og var flinkast i fotball, dette har null verdi for meg.

 

Kan eg få boka av deg?

Nei, den må du nok låne eller kjøpe.

 

Kan eg kjøpe den av deg for tusen kroner?

Kva skal eg lese frå i morgon, då?

 

Har du Facebook?

Ja. Der kan du like forfattarsida mi. Eg blir helst ikkje ven med folk eg ikkje kjenner, så forfattarsida mi inneheld den informasjonen eg ynskjer å dele offentleg.

 

Kan du begynne å lage teikneseriar?

Eg er alt for dårleg til å teikne. 

 

Kor lang tid tok det å skrive boka?

Det er eit veldig vanskelig spørsmål å svare på, spesielt sidan eg jobber med fleire bøker på same tida. Men det er uansett ikkje sjølve skrivinga som tar mest tid, det er alt etterarbeidet, redigeringa og ikkje minst: kuttinga. Den vonde prosessen der eg må fjerne dei delane av teksten som ikkje fungerer. Men som alltid endrar boka til det betre.

 

Kor mange bøker har du skrive?

Sjekk nettsida mi.

 

Æ elske mord!!

Javel?

 

Er det du som har skrive den boka?

Ja.

 

Skriv du bøkene heilt åleine?

Ja, det gjer eg. Men det er alltid eit forlag og ein forlagsredaktør som vil vere med å bestemme. Dei seier kva som er bra og kva som er dårleg, og så gjer eg endringar i teksten. Som regel blir ei bok betre av gå fram og tilbake mellom meg og redaktøren nokre gonger. Etterpå er det noko som kallast språkvask, der nokre andre enn meg les gjennom og fiksar på dårlege setningar og slike ting. Eg må sjølvsagt godkjenne alt. Heilt til slutt er det korrekturlesing, der alle skrivefeila blir retta, og teksten bli laga om til ein tekst som fysisk passar inn i ei bok. Her er det viktig å vere nøyaktig, men av og til dukker det opp småfeil likevel.

 

Er du mørkredd?

Nei, men eg er livredd for edderkoppar!

 

Du forfatter, jeg har den Gamer-boka hjemme!!!

Har du lese den?

Nei.

 

Kor mykje pengar tener du?

Ikkje nok.

 

Kor gammal er du?

Passeleg.

 

Hvorfor skriver du ikke på bokmål?

Eg skriv begge deler. Prøv å les nynorsk, det er ikkje så vanskeleg som du trur.

 

Kor høg er du?

Litt for lav i forhold til vekta.

 

Er alle bøkene dine på stavangersk?

Nei, ingen av bøkene mine er på stavangersk.

 

Finst det film av boka?

Nei, dessverre. Kanskje du kan lage den?

 

Kor mykje kostar boka?

Sjekk nettbutikkane.

Slike hotell bør ein vere skeptisk til.

Slike hotell bør ein vere skeptisk til.

 

Er det vanskelig å vere forfattar?

Eg synest ikkje det. Men eg har brukt nokre år på å bli det. Det tar litt tid før ein føler seg som ein skikkeleg forfattar. Å bestemme seg for at dette er no jobben min. Det viktigaste er at ein har historier å fortelje.

 

Kor kjem du i frå?

Husnes i Kvinnherad kommune.

 

Korleis er ein vanleg dag for ein forfattar? 

Forfattarar har ikkje vanlege dagar. Nei, eg berre tullar. Ganske likt mange andre sine dagar, tenkjer eg. Bortsett frå at eg jobber heime i huset mitt, der sit eg på eit lite heimekontor og skriv bøker. Eg jobbar ofte med fleire bøker samstundes, og etter eg ikkje orkar å skrive lenger, så les eg bøker. På fritida likar eg å sjå film, gå på tur, grille, spele Playstation eller slappe av. Eg er ganske lat.

 

Kva fotballag heier du på?

Burde eg heie på eit fotballag?

 

Kva er den dårlegaste boka du har lest?

Veit ikkje heilt, men sikkert noko i serien om Bobseybarna.

 

Likar du sport?

Nei, eg likar ikkje sport. Mest fordi eg ikkje bryr meg om kven som vinn. Speler ikkje noko rolle for meg om dei med raud eller gul T-skjorte er best.

 

Har du kjæledyr?

Nei, eg er allergisk mot det meste.  Hadde akvarium tidlegare, og det kan godt hende eg får det igjen ein gong i framtida, viss eg gidder.

 

Kan du ikkje berre lese litt til ...?

 

**************************

 

 

Kva inspirerte deg til å skrive:

Bøkene om Pode? 

Stort sett ungane mine, og ting som dei fann på. Men også andre bøker eg las, filmar eg såg, og ikkje minst: ting som eg hugsa frå min eigen barndom.

 

Bøkene om Svarte-Mathilda?

Her fekk eg ideen av dotter mi, då ho leika Svarte-Mathilda inne på badet. Ho og nokre venninner gjekk inn, stilte seg framføre spegelen og prøvde å seie "Svarte-Mathilda" sju gonger. Dette blei det tre bøker av.

 

Boka "Soledad"?

Her fekk eg ideen på Utsira - ei lita øy i Rogaland, langt ute i havet. Eg gjekk rundt der ute og plutseleg såg eg for meg at eg var åleine på øya, og at eg måtte overleve. Så blei det til slutt ei bok både om overleving, miljøvern og kva som skjer med oss menneska dersom vi mister elektrisitet.

 

Boka "Glimt"?

Også denne boka fekk eg ideen til på Utsira, men i Glimt brukar eg ei oppdikta øy. Eg fekk høyre om eit ungdomshus der det spøkte, og i tillegg visste eg at det var ganske mange tyskarar der ute under krigen. Så byrja eg å skrive om det.

 

Boka "Gamer"?

Eg er veldig glad i å spele dataspel sjølv, då var det heilt naturleg for meg å skrive ei bok om det.

 

Boka "Snatch"?

Eg fekk ideen då eg planla å kidnappe ei jente som var vennine med dotter mi. Eg skulle sjølvsagt ikkje gjennomføre kidnappinga, men eg måtte planlegge den veldig nøye. Først var det berre eit tankeeksperiment, men så byrja eg å skrive om det.

 

Boka "En smak av zommer"?

Her fekk eg ideen då eg såg Knut Arild Hareide på fjernsyn, leiaren i Kristeleg folkeparti. Eg såg han plutseleg for meg som ein zombie, og tenkte at ei bok om ein zombieinvasjon på Bømlo (som er heimstaden hans) måtte vere ein god idé.

 

Boka "Dronen"?

Det begynte eigentleg som ein grøssar utan overnaturlege element. Kva er det skumlaste som finst i samfunnet? tenkte eg. Det å møte ein psykopat som lurer deg, var svaret mitt. Derifrå var det kort veg til ein fjortenåring som blei lokka inn i nasjonalismen.

 

Midnattssola på Nordkapp er slikt ein må få med seg på turné.

Midnattssola på Nordkapp er slikt ein må få med seg på turné.