Barn og vondskap

Små jenter i nattkjolar er noko av det skumlaste som finst. 

Første gong eg såg filmen Don`t Look Now, var på fjernsyn. Eg veit ikkje kva år. Eg hugsar noko av det veldig godt, mens andre ting er utydelege og vage. Likevel gjorde filmen eit enormt inntrykk. Handlinga er i korte trekk denne: Donald Sutherland og Julie Christie speler eit ektepar som sørgjer over dotter si  som drukna i eit tjern i hagen. For å kome seg vekk reiser dei til Venezia, der Donald Sutherland skal restaurere ei gamal kyrkje. I laupet av filmen byrjar han å sjå ei lita jente som spring rundt i gatene, med den same raude regnjakka som dottera hadde på seg då ho drukna. Han prøver å følgje etter henne. Han vil så gjerne vite kven ho er.

Eg veit ikkje om eg skjøna alt første gongen eg såg filmen. Eg har i ettertid funne ut at eg såg ein frykteleg sensurert versjon, der m.a. heile den poetiske kjærleiksscena midt i filmen var klipt bort, likeins  delar av den sjokkerande slutten. Inntrykket eg sat igjen med, frustrasjonen eg følte, dreidde seg om noko anna: Korleis kunne denne jenta vere så slem? Kvifor ville ho ikkje kontakte far sin? For eg var heilt sikker på at det var den avdøde jenta som alltid var to steg  framfor far sin i dei kalde vintergatene i Venezia. Eg forstod ikkje kvifor ho gjorde det.

Det finst mange filmar og bøker om vondskapsfulle barn, både overnaturlege og realistiske. Stephen King har skrive bøker både om barn som blir utsette for vald, og barn som utfører vald. Stephen King var lenge favorittforfattaren min. Han har nok påverka meg meir enn eg trur. Guten som gjenoppstår frå dei døde i Pet Sematary hugsar eg godt, og jenta med evna til å lage flammar i Firestarter fascinerte meg. Historiene han har skrive om barn, er kanskje det eg likar best med forfattarskapen hans.

Mange år etter at eg såg Don`t Look Now, gjekk eg på kino for å sjå filmen om leigemordaren Léon, med Jean Reno  i hovudrolla, og tolv år gamle Natalie Portman som hemnaren Mathilda. Sjølv hadde eg ein to år gamal gut heime, og tidleg i filmen blir ein fire år gamal gut drepen ved eit uhell. Eg hugsa det gjekk inn på meg, det gjorde vondt langt inn i ryggmargen. Men drapet blei utført r av ein tydeleg skurk, ein mann/skapnad  som seinare i filmen får som fortent, og då kjendest det ikkje så ille, likevel.

Fire år seinare gjekk eg for å sjå Trainspotting. Heime hadde eg no ein gut på fem og ei jente på berre eitt år. Filmen var morosam ei god stund. Sjølvsagt sterkt å sjå eit så usminka portrett av heroinmisbrukarar. Men Ewan McGregor var både overtydande og sympatisk i hovudrolla. Inntil eit visst punkt. Midtvegs i filmen er heile veneflokken så rusa at ein baby døyr av svolt midt blant dei. Ingen merkar noko. McGregor hadde eit vagt minne om barneskrik. Etter det klarte eg ikkje å fylgje med lenger. Eg sat berre og hata alle  karakterar intenst, håpte dei alle skulle døy av overdosar eller det som verre var. Eg fekk eit usakleg og overdrive forhold til filmen, og eg har ikkje klart å sjå han om igjen seinare.

Dette viste meg noko om korleis vald utført mot barn rører noko grunnleggjande i oss. For min del rørte det ved trongen til å verne  mine eigne barn mot alt vondt i verda. Eg kunne ikkje kome meg fort nok heim igjen frå kinoen, for å forsikre meg om at dei var trygge. For meg var det ein milepæl i mi oppfatning av barn på film.

Mens eg byrja å tenkje på å skrive denne artikkelen, kom eg til å hugse ein liten film som ikkje så mange har fått med seg: det psykologiske spenningsdramaet The Good Son frå 1993. Ein ung Elijah Wood speler ein gut som nettopp har mista mor si, og for ein kort periode skal guten bu hos onkelen og tanta, og ikkje minst fetteren, spela av Macauley Culkin - på denne tida ei verdsstjerne kjend frå dei to første filmane i serien Home Alone. At han tok ei rolle som denne var i seg sjølv nokså spesielt. Til å byrje med ser det ut til at dei to gutane skal bli gode vener, slik syskenbarn ofte er, men sjalusien og konfliktane ligg og lurer, og Macaulay Culkin portretterer eit av dei vondaste barna nokon gong vist på film. I alle fall i ein ikkje-overnaturleg sjanger. Eg har tatt meg sjølv i å lure på om filmen ville vore like sterk og ekkel om manuset var skrive for vaksne skodespelarar, med vaksen tematikk. Svaret må bli nei. Då ville filmen vorte  dusinvare, i ein sjanger som fløymer over av middelmådige bidrag. Det er nettopp fordi det handlar om to rivaliserande barn, der den eine er klart psykotisk, at det blir så ekstremt sterkt å sjå på. Men eg hata aldri denne filmen slik et hata Trainspotting. For denne gongen var dei to barna hovudpersonar og absolutt kapable til å forsvare seg sjølve og utøve kalkulert vald og faenskap mot kvarandre. Babyen i Trainspotting var rett og slett altfor uskuldig.

Det var likevel dette vonde som blei gjort mot barna som gjorde at eg byrja å tenkje på det heile på ein ny måte. For då eg endeleg kom over hatet eg følte mot Trainspotting, byrja eg sakte men sikkert å sjå på vald mot barn eller vald utført av barn som eit interessant verkemiddel, både på film og i litteratur. Eg hadde enno ikkje debutert som forfattar, langt mindre som skrekkforfattar. Men spiren var sådd, og eg byrja å sjå tilbake på filmar og bøker som hadde gjort inntrykk på meg tidlegare. Don`t Look Now kom sjølvsagt fort fram i hjernebarken, men som tidlegare nemnt var filmen som heilskap litt vag, det var for lenge sidan. The Good Son og Léon hadde eg sett i vaksen alder.

I barndomen fann eg den filmen som nok ubevisst har forma mykje av det eg tenkjer om både valdelege barn og horrorsjangeren generelt: The Exorcist. Den sit planta godt i begge  hjernehalvdelane den dag i dag. Eg veit ikkje nøyaktig når eg såg han første gong, sikkert nokre år etter Don`t Look Now. For dei som ikkje veit det: The Exorcist er visstnok basert på ei sann historie. Tolv år gamle Regan byrjar å vise unormal oppførsel, mor hennar tar henne med til legen, utan at det er til noka hjelp. Jenta blir verre og verre, og går igjennom nokre fæle medisinske undersøkingar. Det er til slutt legen som anbefaler mora å oppsøkje den katolske kyrkja, sidan ei god, gamaldags djevelutdriving kan ha ein positiv innverknad på folk som trur dei er besette av demonar. Regan trur sjølvsagt ikkje at ho er besett av demonar, ho er besett av demonar. Nærare bestemt ein slemming som heiter Pazuzu. Men det er sjølvsagt Linda Blair som sjokkerer i denne filmen. Hennar tolking av Regan. Det groteske språket hennar, sjølvskadinga, drap og truslar og den avsluttande duellen med eksorsisten, spelt av Max von Sydow. Filmen er framleis ein av dei beste skrekkfilmane som er laga. Men er det berre  fordi vi ser ei søt tenåringsjente som gradvis blir ein demon? Er det nok til å tilfredsstille skrekkpublikummet?

Filmen fekk fleire oppfylgjarar og eit utal av nyinnspelingar. Ingen av dei er like gode, sjølvsagt. Den opphavlege  filmen frå 1973 var rett og slett uvanleg godt handverk i tillegg. Solid manus med gode og truverdige karakterar, creepy musikk, strålande skodespelarar og tidvis genial regi av William Friedkin. Men kvifor likar vi å sjå slik vondskap strøyme ut av ei lita jente? Er det berre fordi det ikkje er forventa? Enkelte synest slikt er spekulativt, og berre brukt for å vekkje ekstra kjensler hos tilskodaren. Er det noko gale i det? tenkjer eg. Vi som diktar historier, vil jo vekkje kjensler hos mottakaren. Er enkelte triks billigare enn andre? Sjølvsagt er dei det. Men kjenslene er der likevel. Som i The Omen, ein film som verkeleg speler på farskjensler, der Gregory Peck sakte men sikkert finn ut at sonen ikkje er hans eigen, men faktisk sjølvaste Lucifer sin, og at einaste utveg er å ta livet av han. Eg veit ikkje korleis eg ville ha tolka han om eg hadde sett han  som nybakt far. Ville eg ha hata han som eg hata Trainspotting? Ikkje godt å seie. The Omen gjorde likevel inntrykk, men på ein annan måte enn The Exorcist. Det kan vere fordi den vesle guten Damien ikkje utfører så mykje av vondskapen sjølv, han har mange tenarar rundt seg; ein ekkel hund, ei sprø hushjelp og sjølvsagt mørke krefter frå helvete. Det verste med den vesle guten er eigentleg blikket - og smilet. Dette smilet som berre osar vondskap.

Eg trur neppe at Trainspotting-regissør Danny Boyle ville at eg skulle hate siste halvdel av filmen hans. Filmen la ikkje opp til det. Mot slutten byrjar sjølvsagt  Ewan McGregor å angre på det han har gjort, men då var det for seint for meg. Altfor seint. Filmen var øydelagd.

Filmar som ikkje er øydelagde, men som rett og slett har ein så høg grøssarfaktor at eg nesten ikkje har lyst å sjå dei om igjen, er dei japanske Ringu og Ju-on. Filmseriar som sjølvsagt er nyinnspelte i USA under titlane The Ring og The Grudge. Filmane viser ikkje vondskapsfulle barn slik som i The Omen og The Exorcist. Men mange av skrømta og skapnadene i japanske skrekkfilmar er svært barnlege. Ofte små jenter i nattkjole. Med andletet halvvegs skjult bak svart hår. Store auge i mørket.  

Då eg for nokre år sidan kom over vandrehistoria om Svarte-Mathilda, kom mange av desse tankane tilbake til meg. Dei kalde gatene i Venezia der Donald Sutherland spring etter dotter si, stemma til Linda Blair som demon, det djevelske smilet til Damien og små japanske jenter som skremmer livet av deg. Alle desse ekle kjenslene ville eg putte inn i denne bokserien. Det er elles  no sjølvskrytinga i denne artikkelen kjem.

Opphavet til namnet Svarte-Mathilda er eg ikkje hundre prosent sikker på. Eg høyrde det av dotter mi då ho var tenåring, ho hadde høyrt det av  nokon ho kjende på skulen. Uansett: Svarte-Mathilda er ei slags djevelsk lita jente som gøymer seg i spegelen på badet ditt. Og akkurat som «systera» Bloody Mary kjem ho ut av spegelen og drep deg om du seier namnet hennar så og så  mange gonger. Eg blei einig med meg sjølv om at sju gonger fekk vere nok. Eg byrja straks å tenkje på filmen Candyman, skriven av Clive Barker. Men den inneheldt ikkje vondskapsfulle ungar, berre ein gamal slave med hemnmotiv. Han òg gøymde seg i spegelen, og drap deg om du sa namnet fem gonger.

Eg byrja å skrive på bokserien og hamna tidleg i Venezia. Eg såg for meg den vesle jenta i Don`t Look Now, og ville at denne fascinerande byen på eit eller anna vis skulle vere med i bøkene. Då eg kom over historia om brørne og spegelmakarane Del Gallo, var mykje gjort. Spegelen i bøkene mine  skulle vere gamal, og han  skulle stamme frå Venezia.

Men kven var Svarte-Mathilda? Kvar kom ho inn i biletet? Då eg bladde gjennom gamle familiealbum, fann eg svaret. Tidleg på nittenhundretalet var ikkje folk så flinke til å smile viss nokon fotograferte dei. Dei såg alvorlege ut, nokre såg til og med farlege ut, eit par såg direkte vondskapsfulle ut. Då eg fann eit bestemt fotografi av ei lita jente langt tilbake i slekta, fann eg mi Mathilda. Det blei ei slags dobbeloppkalling, for min del. Både frå vandrehistoria som dotter mi fortalde meg, men sjølvsagt Natalie Portman sin rollefigur i Léon: tolv år gamle Mathilda.

Mathilda i mine bøker er eigentleg ikkje nokon vondskapsfull unge, men akkurat som Linda Blair i The Exorcist blir ho utsett for krefter ho ikkje kan styre. Men i første boka i trilogien om Svarte-Mathilda får vi ikkje vite det. Eg fortel historia om ei lita jente som heitte Mathilda, og som levde i Hardanger på slutten av 1800-tallet, og eg fortel om den demoniske Svarte-Mathilda som kjem ut av spegelen til fjorten år gamle Elisabeth, hovudpersonen i serien. Og det er nok desse møta som Elisabeth har med Svarte-Mathilda som har skremt lesarane mine mest. Det at ei lita jente kjem ut av spegelen med intensjonen å ta livet av deg. I ei heilt vanleg leilegheit i Bergen. Ein vanleg haustdag. Det veit eg at lesarane mine har fått mareritt av. Både vaksne og barn.

Tanken på at slike grusomme ting kan kome frå ein liten jentekropp, er skremmande. Det synest til og med eg, som har skrive bøkene. Er det på grunn av japanske skrekkfilmar at slike små jentespøkelse er så forbaska creepy? Er det berre eg som synest dei er creepy? Nei, det er det ikkje, mange elevar (og lærarar) nikkar gjenkjennande når eg fortel om det på skulebesøka mine. Eg veit at mykje av denne kjensla for min del kjem frå Don`t Look Now og The Exorcist, men det kan ikkje gjelde alle. Er det noko genuint fælt bak denne tanken, at noko så uskuldig som ei lita jente skal drepe? Er det kontrasten til slik vi oppfattar små jenter i den verkelege verda som gjer det? Mest sannsynleg litt av alt.

Eg turnerer mykje i Den kulturelle skulesekken, og besøkjer stort sett mellomtrinnet med mitt opplegg om Svarte-Mathilda. Det er ei veldig spesiell kjensle å stå i eit heilt mørkt rom, der eg er opplyst av ei lampe eg har montert i boka, og konstatere at elevane sit musestille og ventar på at Svarte-Mathilda skal dukke opp. Kjem nokre av elevane til å springe ut? tenkjer eg kvar einaste gong, fordi det skjer faktisk ofte. Eg har fått klager frå rektorar, lærarar og foreldre som synest at dette var skummelt for deira barn, og eg har gjort justeringar i opplegget mitt. Eg vil jo ikkje gi ungane mareritt heller. Og har etter nokre hundre opplesingar funne ein balanse som fungerer. Det skal ikkje skremme livskiten ut av dei, men heller ikkje vere for snilt, for det ser ungane rett igjennom. Mange av dei er hardbarka skrekkfilmfans som har sett både Saw og The Walking Dead.

«People are cruel, especially children», seier Steve Martin om mobbarar i filmen Parenthood. Det er ikkje ein spesielt minneverdig og klassisk replikk som du finn i sitatbøker, men eg har sett filmen mange gonger, og har bite meg merke i akkurat den replikken. Menneske er vonde, spesielt barn. Har vi noko belegg for å seie nettopp det? Alle har vel sett ungar som blir mobba på skulen, kanskje nokre av oss har vore med på det òg, kanskje ikkje aktivt, men passivt deltakande, vi har i alle fall ikkje gripe inn for å stoppe mobbinga. Tusenvis av norske barn blir mobba kvar einaste dag på skulen, men er det fordi mobbarane er vondskapsfulle? Er det ikkje heller misunning, gruppepress, gjengmentalitet, redsle for sjølv å bli mobba som speler inn? Eller barn si manglande erfaring og korte empatitrening? Sinne som vinn over fornuft?

Men er ungar meir vondskapsfulle enn vaksne? Eller er dei berre dårlegare til å skjule kjenslene sine? Dei skrik og hyler om dei ikkje får sjokolade, dei smiler breiare og ler hjartelegare enn vaksne, og dei er kanskje truande til ein vondskap og sadisme som vi vaksne klarer å undertrykkje. Vi har sett fryktelege døme på barn som har drepe barn i den verkelege verda. Det skjer faktisk heile tida, og det som kanskje frustrerer oss mest, er å ikkje vite kvifor. Kva som ligg bak. Barn er psykologisk kompliserte vesen, og fakta er at vi aldri vil få vite kva som ligg bak desse hendingane! Kanskje ein psykiater kan finne ut av det etter nokre års intervju og behandling, men då har som regel nyheitsverdien forsvunne. Media og moralistar vil kanskje klandre videovald og dataspel, men det blir sjølvsagt altfor lettvint, og grensar mot ansvarsfråskriving frå heile storsamfunnet.

Vi som bruker vald og valdelege barn som bevisste verkemiddel i forteljingane våre, er kanskje ikkje skrudde saman slik som andre. Ikkje på nokon måte finn eg glede i å høyre om verkeleg vald utført av barn. Tvert imot. Men eg blir likevel nysgjerrig; er dette noko eg kan bruke? Kan eg finne noko i eit ekte barnesinn som kan tilpassast ei spenningsbok? I boka Svarte-Mathilda ville eg at den vondskapsfulle jenta skulle innehalde alt eg sjølv syntest var skummelt, for på den måten ville ho kanskje verke skummel for andre. Svarte-Mathilda hatar og freser, og utnyttar ofra sine svake sider. Hovudpersonen Elisabeth må mobilisere alle krefter for å stå imot vondskapen. Svarte-Mathilda var òg tenkt som ein bokserie, der ein må lese alle bøkene for å få med seg heile historia. Litt som ein tv-serie med uavslutta episodar, og du går glipp av noko viktig om du hoppar over ein episode. Men i grunnen låg heile tida valden og trusselen om snarleg og blodig død. Eg måtte faktisk sensurere meg sjølv for å unngå å bli for grusom. Likevel inneheld serien både kutting, slakt, massemord og flåing. Alt utført av barnlege skapningar. Er det meir spekulativt enn å la seg inspirere av uskuldige ting som små kattepusar, ponniar og forelska tenåringar i sommarsol? Det blir nok ei smakssak.  

Når eg ser tilbake på dei siste  bøkene mine, har det vore mest spenning og grøss for barn og unge det har gått i. Fleire av bøkene har vondskapsfulle barn eller ungdomar i store roller. Eg kjem nok alltid til å meine at vald mot barn og vald utført av barn er heilt legitime verkemiddel både på film og i litteratur. Eg veit at mange ikkje deler dette synspunktet, mange meiner det er motbydeleg. Eg meinte det som sagt sjølv ein kort periode då ungane mine var små. Men eg vende raskt tilbake til den mørke sida. Eg har alltid likt det spekulative og den grøssande kjensla av å sjå vald på lerretet. Eg kan gjerne sjå ein film berre for valden si skuld, eller lese ei bok berre for grøssen sin del. Ikkje på noko som helst måte trur eg at fiktiv vald i bøker, film eller dataspel kan gjere barn til valdsforbrytarar, og eg kjem til å hylle fiksjonskunstnarar som ikkje er redde for å skremme og sjokkere så lenge dei  lever.

(Tidlegare publisert i Minerva.)

Bokmelding: "Kodeord Overlord" av Tor Arve Røssland.

terningkast-6.jpg

Sidan journalistar sjelden tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker gjer Røssland det sjølv. Forfattaren anmelder si eiga bok Kodeord Overlord, utgitt på Vigmostad & Bjørke.

kodeord overlord.jpg

I den nyaste boka si reiser Røssland tilbake til andre verdskrigen. Det har han gjort før, i boka Glimt, men denne gongen er det ikkje norskekysten som er bakteppe, men den idylliske byen Effingham i bildeskjøne Surrey. Men det startar i London, der ti år gamle Henry Smith blir evakuert frå tyskarane si nådelause blitzbombing. Far hans døyr, og mora blir igjen i byen for å gjere jobben sin som sjukepleiar. Henry følger etter skulen sin, som blir flytta til tryggleiken på landet, langt unna bomberegnet. Han flyttar inn saman med rektoren på skulen og kona hans, medan bestekompisen Elliot hamnar hos bonden Philips.

Boka er fortalt i tilbakeblikk. For historia byrjar svært dramatisk den 4. juni 1944, to dagar før sjølve D-dagen. Henry blir arrestert av MI5 - sikkerheitstenesta, mistenkt for spionasje. Han blir avhøyrt av agent Mary White, og gradvis får lesaren innblikk i både dagleglivet Henry har levd dei siste fire åra, men også kvifor MI5 er sikre på at han jobbar for nazistane. Det er ei svært dramatisk historie som utfaldar seg.

Samtidig er boka eit godt tidsbilde av England i krigsåra. Den konstante frykta for tysk invasjon ligg heile tida i bakgrunnen. Men når ein stor militærleir, beståande av allierte soldatar frå både USA og Canada, dukkar opp, byrjar Henry å ane håp om at krigen nærmar seg slutten. Han er i det heile veldig opptatt av det militære. Han drøymer om å bli Spitfire-pilot, og saman med Elliot blir han fort vener med dei canadiske soldatane. Litt oppfriskande at det ikkje alltid er soldatar frå USA som blir framstilt som heltar.

Røssland har sagt at denne boka har han gått svanger med sidan han var rundt tolv år, og at heile boka er inspirert av ei sann historie. Det skal ha vore mykje research involvert, men at mesteparten er oppdikta for å skape spenning. “Det er faktisk litt vemodig å forlate Effingham,” seier forfattaren, sjølv om han berre har vore der i diktinga. “Dei siste to-tre åra har eg på ein måte levd i Sør-England oppi hovudet mitt, eg har forestilt meg frykta for invasjon, og eg har prøvd å forstå korleis denne redsla ville ha påvirka ein gut frå han er ti år, til han blir fjorten. Eg lese uendeleg mange avisartiklar om hendinga eg baserte boka på, men også historiske nedteikningar frå landsbyen og Surrey-distriktet, og sjølvsagt frå London. Eg har sett meg inn i korleis evakueringa foregjekk, kva ei gassmaske lukta, korleis det engelske skulesystemet var oppbygd, korleis britiske mynteiningar har endra seg, kor mykje te som var i den daglege rasjoneringspakken, korleis gire med ei Sherman stridsvogn og uendeleg mykje anna. Nesten ingenting er med i boka. I tillegg har eg lytta til 30-40 tals musikk medan eg skreiv. Musikk som var skriven for å bygge opp kampmoralen i England.” Mykje Vera Lynn, då? spør underteikna. “Ja. Veldig mykje,” svarer forfattaren.

Hovudpersonen Henry Smith er ikkje redd for invasjon heile tida. Han er ekstremt fascinert av det militære, og sjølv om forfattaren er erklært “passiv pasifist” av Den Norske Stat, så deler han denne fascinasjonen. “Eg støtter ikkje så mykje av dagens krigføring og våpenutvikling som bl.a. Noreg driv med,” seier han. “Men samstundes ser eg kor stort det var at dei allierte faktisk slo tilbake Hitlers tyrrani. Eg vil ikkje tenkje på korleis Europa ville ha vore dersom nazistane hadde vunne. Millionar av sivile blei drepne, ein heil generasjon unge menn ofra seg på frontlinja, og mange av dei kom frå både Canada og USA, sjølv om Sovjet sjølvsagt mista minst ti gonger så mange soldatar, så er det USA som har laga film om det etterpå. Eg har sett uendeleg mange dokumentarar om krigen, og uendeleg mange filmar og tv-seriar. Fascinasjonen og interessa for krigshistorie har alltid vore der. I tillegg er jo ein Spitfire eit nydeleg fly.”

Det kan underteikna skrive under på.

“Boka er også eit blikk på eit England lenge før både EU og Brexit,” seier Røssland vidare. “Og mykje av den framandfrykta vi ser i Europa idag eksisterte ikkje på same måten. I Tyskland gjorde den sjølvsagt det, men ikkje i England. Flyktningar kom til England både frå Noreg og resten av fastlandseuropa, sjølvsagt gjekk ikkje dette knirkefritt, men det var ingen kampanjar som stempla dei som “lukkejegarar”, i alle fall. Og mange av flyktningane gjekk rett inn i kampen mot nazistane.” (No sit forfattaren og googlar om det var nokon som dreiv slike hat-kampanjar, men han finn ingenting. Faktisk burde vi skamme oss i dag, meiner han. Slik er researchens vesen.)

Røssland har likevel fått konfliktar i samfunnet godt fram. Ikkje alle var like begeistra for dei evakuerte barna, og mange var svært fiendtlege til soldatane frå det amerikanske kontinentet. Jack Watson er ein slik karakter. “Ja, Jack Watson ville nok ha stemt for Brexit,” innrømmer Røssland. Men boka prøver ikkje å gjere seg relevant i dagens politiske verd, det ville gjort den mykje mindre tidlaus. I staden for fortel boka ei dramatisk og spennande historie frå ei tid veldig mange ser ut til å vite svært lite om. “Eg er mykje rundt i skulane på forfattarbesøk og mange elevar veit svært lite om krigen,” sukkar forfattaren. “Det vil eg gjere noko med. På ein så spennande måte som mogleg. Før reality-tv og bloggar-biografiar øydelegg hjernane deira.”

Og spennande er det. Bruken av avhøyret som ei slags rammeforteljing funkar veldig godt, og Henrys møte med agent White er skremmande lesing. Ho skyr ingen midlar for å få sanninga ut av han.

Sjølve plotet vil ikkje underteikna røpe noko meir av. Men sentralt i handlinga står Henrys gryande mistanke om at ein som er veldig nær han, faktisk er tysk spion. Og at han sjølv kan ha blitt utnytta. Hitlers spionar er overalt, og dei er særs oppfinnsame.

På spørsmål om kvifor han ikkje berre skreiv boka som eit historisk drama svarer han: “Det er ingen kjelder som fortel heile sanninga rundt det som skjedde, men mange små og store kjelder som til saman har gjort det mogleg å dramatisere historia. Dette er gjort før av BBC, i filmen The Mountain and the Molehill, men den er akkurat like historisk ukorrekt som boka mi,” fortset Røssland. “Filmen neddramatiserte, og var i stadenfor ein film om gutar som var opptatt av kven som hadde størst tiss, og veldig mykje om forelsking og slike ting. Ikkje så interessant å skrive om i denne samanhengen, syntest eg. Filmen var likevel eit godt portrett av England i krigsåra, og den var inspirerande å sjå under skrivinga. Men eg har valt å dramatisere hendingane noko valdsamt, for å gjere det eg likar best: skrive spenning for barn og unge. Og forhåpentlegvis skape leselyst.”

Boka passar for alle som likar krigshistorie, men aller mest for dei som likar spennande bøker, for krigen er berre eit bakteppe for ei dramatisk forteljing om svik, sakn, venskap og Henrys ynskje om å bli akseptert av “stefaren”; rektor Cross.

Som vanleg meiner forfattaren at dette er den beste boka han har skrive, og sjølvsagt den beste boka som er komen ut på fleire år. “Ja, det seier seg sjølv,” avsluttar han.

Hatet

Jødehatet byrjar å blomstre opp igjen. Konspirasjonsteoriar om korleis jødane skal overta verda får ny vind i segla, og høgreekstreme statsleiarar over heile verda er i mine auge ansvarlege.

“Ring ein jødisk ven og sei du er glad i han” blir det oppfordra til. Eg kjenner ingen jødar godt nok til å gjere noko slikt. (Kommentar: dette har endra seg sidan eg skreiv dette). Men eg byrja på ei liste over jødar som har påvirka meg opp gjennom åra. Sjølvsagt mykje folk frå underhaldningsbransjen her, men likevel. Lista er ikkje verken kronologisk eller alfabetisk, og den kjem nok til å bli oppdatert ofte.  Men desse folka er viktige for meg, nokre fordi eg har eit livslangt forhold til musikken, filmane, bøkene eller humoren, andre fordi dei har gjort ein eller to ting som har satt spor. Nokre av dei er sikkert religiøse i tillegg, men lista inneheld sjølvsagt også ateistar som Stephen Fry og Woody Allen.

Her er det sikkert ein del du ikkje ante var jødiske. Her har du dei, i alle fall:

Woody Allen (regissør, skodespelar, forfattar, komikar)

Steven Spielberg (regissør, produsent)

Geddy Lee (bassist og vokalist i Rush)

Paul Auster (forfattar)

Dustin Hoffman (skodespelar - Tootsie, Rainman)

Jerry Seinfeld (komikar, skodespelar, produsent)

Larry David (komikar, skodespelar, produsent - Seinfeld, Curb Your Enthusiasm)

Marilyn Monroe (skodespelar, konverterte til jødedomen)

Eli Wallace (skodespelar - The Good The Bad The Ugly)

Joel Silver (filmprodusent)

Danny Kaye (skodespelar - White Christmas)

Kirk Douglas (skodespelar - Spartacus, Paths of Glory)

Peter Sellers (skodespelar - Dr. Strangelove, Being There)

Paul Newman (skodespelar - The Sting, Cool Hand Luke)

Jon Stewart (progamleiar - The Daily Show)

Carl Reiner (regissør, produsent, skodespelar - All of me, Dead Men Don`t Wear Plaid)

Jerry Lewis (skodespelar, regissør, produsent, forfattar - The King of Comedy)

Estelle Harris (skodespelar - Seinfeld)

Max Brooks (forfattar- The Zombie Survival Guide, World War Z)

Marvin Hamlisch (komponist, arrangør - The Sting)

Mel Brooks (regissør, skodespelar, produsent - The Producers)

Tony Curtis (skodespelar - Some like it hot)

Gene Wilder (skodespelar - Young Frankenstein)

William Shatner (skodespelar, regissør, produsent, songar - Star Trek, Boston Legal)

Leonard Nimoy (skodespelar, regissør, produsent, songar - Star Trek)

Yaphet Kotto (skodespelar - Alien, Midnight Run)

Harvey Keitel (skodespelar - Pulp Fiction, Mean Streets, Reservoir Dogs)

Piper Laurie (skodespelar - Carrie)

Jeffrey Tambor (skodespelar - Arrested Development)

Barbra Streisand (songar, skodespelar, regissør, produsent)

Brent Spiner (skodespelar- Star Trek)

Rob Reiner (regissør, skodespelar - Stand by me, Misery)

Frank Oz (regissør, produsent, skodespelar - Muppet show, Star Wars, Blues Brothers)

Bette Midler (songar, skodespelar - The Rose)

Barbara Hershey (skodespelar - Hannah and her sisters, The Entity)

Harrison Ford (skodespelar)

Bob Dylan (songar)

Richard Dreyfuss (skodespelar - Jaws, Close Encounters of the third kind)

Michael Douglas (skodespelar)

Stephen Fry (skodespelar, progamleiar, forfattar, komikar - QI, Wilde, Peter`s Friends)

Jeff Goldblum (skodespelar - Jurrasic Park)

John Landis (regissør - The Blues Brothers, Trading Places)

Billy Crystal (skodespelar, komikar)

James Caan (skodespelar - Godfather, Elf)

Ben Stiller (skodespelar - Meet the parents)

Jerry Stiller (skodespelar - Seinfeld, King of Queens)

David Schwimmer (skodespelar, regissør - Friends, Band of Brothers)

Paul Rudd (skodespelar - Friends, I love you, man, Ant-Man)

Jennifer Jason Leigh (skodespelar - Atypical, Hateful eight)

Lisa Kudrow (skodespelar - Friends)

Carrie Fisher (skodespelar, forfattar - Star Wars)

Harvey Fierstein (skodespelar, forfattar - Torch song trilogy)

Mandy Patinkin (skodespelar - The Princess Bride)

Jason Alexander (skodespelar - Seinfeld)

Jeff Garlin (skodespelar, produsent - Curb your enthusiasm)

Jon Favreau (regissør, produsent, skodespelar - Iron Man, Elf)

Robert Downey Jr (skodespelar - Chaplin)

Paul Simon (songar)

Art Garfunkel (songar)

Louis CK (skodespelar, komikar, regissør, forfattar, produsent - Louis, I love you, daddy)

Sarah Silverman (skodespelar, komikar)

Hank Azaria (skodespelar - The Birdcage)

David Duchovny (skodespelar, produsent - X-files, Californication)

Julia Louis-Dreyfus (skodespelar - Seinfeld, Veep)

Helena Bonham-Carter (skodespelar - King`s Speech)

Patricia Arquette (skodespelar - True Romance, Boyhood)

Matt Stone (regissør, produsent, forfattar, skodespelar - South Park, The Book of Mormon)

Winona Ryder (skodespelar - Stranger Things)

River Phoenix (skodespelar - Stand By Me)

Jaquin Phoenix (skodespelar - Gladiator, Walk the line)

Jamie Lee Curtis (skodespelar - Trading Places, Halloween)

Matt Lucas (skodespelar, komikar - Little Britain)

Daniel Day-Lewis (skodespelar - Let there be blood)

Jon Bernthal (skodespelar - The Walking Dead, Fury, Wolf of Wall Street)

Evan Rachel Wood (skodespelar - Thirteen, Westworld)

Jamie-Lynn Sigler (skodespelar - The Sopranos, Entourage)

Natalie Portman (skodespelar - Leon, Heat)

Jake Gyllenhaal (skodespelar - Night Crawler)

Daniel Radcliffe (skodespelar - Harry Potter, Extras)

Sacha Baron Cohen (skodespelar, regissør, produsent - Borat, Ali-G, Bruno)

Andrew Sachs (skodespelar - Fawlty Towers)

Stephen Frears (regissør - My Beautiful Laundrette, Dangerous Lliasons, The Crying Game)

Yehudi Menuhin (som eg faktisk har møtt) (fiolinist, dirigent)

Philip Glass (komponist - Candyman)

Nora Ephron (regissør - When Harry met Sally)

Charles Grodin (skodespelar - Midnight Run)

William Friedkin (regissør - The Exorcist)

JJ Abrams (regissør - Star Trek, Star Wars-The Force Awakens)

Stanley Kubrick (regissør, produsent, geni - 2001, Barry Lyndon, The Shining)

Sydney Pollack (regissør, produsent, skodespelar - Tootsie)

Peter Lorre (skodespelar - M)

Scarlett Johansson (skodespelar - Match Point)

Leonard Cohen (songar, forfattar)

Adrien Brody (skodespelar - Pianist)

Roman Polanski (Ja, han er sjølvsagt litt på kanten når det gjeld oppførsel, men han har likevel laga Rosemary`s Baby, Chinatown og Pianist)

Men Ayn Rand og Harvey Weinstein er også jødiske, noko som viser at dei ikkje skårer full pott kvar gong.

Den skumle vinden frå ytste høgre

Dei to siste bøkene mine Dronen og Den tolvte spelaren er tilsynelatande veldig ulike bøker. Dronen handlar om fjorten år gamle Thomas som blir dregen inn i eit nynazistisk miljø på Vestlandet. Den tolvte spelaren handlar om adopterte Kevin som opplever å bli utsett for rasistisk mobbing. Det einaste bøkene har til felles er at dei begge er støtta av Leser søker bok, som hjelper til å gjere bøker meir tilgjengeleg for lesesvake grupper i samfunnet.

Men begge bøkene hadde utspring frå eit spørsmål eg fekk frå Det Norske Samlaget. Om eg kunne tenkje meg å skrive ein lettlest nynorsk grøssar for ungdom? Ja, det kunne eg, sa eg. Og begynte å gruble. Først grubla eg fram ideen til Dronen, og merka at dette ikkje var nokon grøssar. Eg skreiv om til bokmål og etter ei stund kom boka på Mangschou forlag i serien Skumring, der eg har skrive to bøker før.

Dronen var til tider ubehageleg å skrive, sidan hovudpersonen går lenger og lenger inn i ein nasjonalistisk mentalitet som eg verkeleg avskyr. Då eg skulle skrive dialogar mellom Thomas og dei nynazistiske kompisane hans, gjekk eg inn på blant anna Sylvi Listhaug si Facebook-side, men eg rekna ikkje med å finne noko. Gjett om eg tok feil! Eg måtte faktisk tone ned nokre av sitata eg lånte derifrå, slik at nazistane eg skulle skrive om blei meir truverdige, og eg ville jo at nazistane mine skulle vere sympatiske. I alle fall til boka tok ei brå vending. Men på Facebook såg eg eit hat og ei bevisst spreiing av løgner både om konkurrende parti og ikkje minst innvandrarar og muslimar eg ikkje hadde sett maken til. Og eg snakker ikkje om kommentarfeltet.

Eg måtte inn på verkelege nynazistiske nettsider for å få ned kvilepulsen. Verkelege nynazistar er i det minste opne om kven dei er, og dei skjuler ikkje jødehatet, konspirasjonsteoriane og muslimhetsen. Dei marsjerer i gatene og vi veit stort sett kvar vi har dei. Men Frp og Listhaug er mykje meir utspekulerte. Dei hater nok ikkje jødar i Frp. Men dei framstiller seg sjølv som det einaste partiet som ynskjer å bekjempe terrorisme, og terroristar framstiller dei utelukkande som muslimske. Men faktum er at den einaste terroristen som har angripe Noreg var etnisk norsk, og han trådde faktisk sine nazistøvlettar som medlem av Frp, utan at dette nødvendigvis var orsaka til terroren.

Men neida, Carl Ivar, Siv og Sylvi har ikkje noko med dette å gjere. Årevis med hatretorikk har ingen fylgjer. Likar du ikkje det vi seier, så er det utelukkande din feil. Men ein gong nokon kritiserer hatretorikken deira, så inntar dei offerrolla og finn fram eit bilete der Listhaug ser skikkeleg trist ut. Og ekkokammeret på internett støtter og hyller den modige dama. Det må jo vere lov å setje ting på spissen? seier dei. Slik at folk flest ikkje tenkjer på at dei rike blir rikare med den mørkeblå politikken. At kulturlivet blir gradvis rasert legg heller ingen merke til. Eller at mange mannlege Frp-arar har det med å krafse på ungjenter i fylla. Muslimane må bekjempast slik at vi ikkje får sharia her i landet, slik som i Sverige! Med denne forkvakla Frp-logikken i bakhovudet skreiv eg historia om Thomas som blir nynazist, og som likar det. Men eg måtte som sagt roe det heile litt ned, elles hadde ingen trudd på historien eg ville fortelje.

Å skrive Den tolvte spelaren har eg innsett må ha vore ei ubevisst terapeutisk handling, for å gjere godt igjen det fæle eg skreiv om i Dronen. Kevin er adoptert frå Columbia og har opplevd mykje rasisme. Handlinga er lagt til 1985, året då eg sjølv vart fjorten og boka har ein klår antirasistisk tematikk. Den rasistiske bølla, Ronny, kunne like gjerne ha vore "helten" i Dronen, har eg tenkt. Det handlar om synsvinkel, og i Den tolvte spelaren er det ein god og sympatisk forteljar som hovudperson. Mens i Dronen er det ein gradvis usympatisk forteljar, til og med upåliteleg. Du kan eigentleg ikkje stole på han at han vil deg vel. Litt sånn eg oppfatter mange Frp-arar i rikspolitikken. 

Den moralske panikken er slett ikkje død

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å kommentere denne saka. Men så fann eg ut at dette er jo faktisk noko eg har studert på universitetet. Eg har utdanning, og kan dermed uttale meg! Eg har kanskje ikkje studert det filmtekniske bak klipp, regi, form og farge, men eg har vore filmfreak sidan eg var ti år gammal, har sete i to filmklubbstyre, skrive ein drøss med filmanmeldelsar og eg skreiv til og med hovudfagsoppgåve i filmvitenskap om nettopp debatten i norske medier, debatten om videovald. Eg gravde med ned i avisarkiv og las alt eg fann av artiklar og kronikkar for og i mot vald som underhaldning. Og kronikken som blei publisert nylig føyer seg fint inn i rekka av synsing, skriven av moralistar som eigentleg ikkje har sett seg inn i saka. Litt sånn som når nokre prestar klarte å forby Life of Brian utan å ha sett filmen.

Men lat oss spole tilbake. Det byrja med kronikkforfattar Terje Dragseth som meinte at alle som såg vald og seksualisert vald i t.d. Game of thrones og Westworld fantaserte om å gjere det same sjølv. Han kom veldig skeivt ut, synest eg: "HBOs avsluttede verdensomspennende suksess Game of Thrones var neppe blitt denne suksessen uten softporno og vold mot kvinner." Huff, då. Eg skjøna kva veg dette kom til å gå. Ikkje berre mangla han faktakunnskap, sidan Game of Thrones ikkje er avslutta, men han kjem med ein ubegrunna, laus påstand i tillegg. Den vidare argumenteringa hans minner meg svært mykje om moralistane eg las meg gjennom då eg skreiv hovudfagsoppgåva mi, med dette sitatet som eit av mange høgdepunkt:

«Jeg har sett TV-1000 uten sladd i Sverige. Jeg hadde ingen anelse om at det gikk an å se så langt inn i endetarmen på folk, sa Mona Høiness. KrF-leder Valgerd Svarstad Haugland nikket bekreftende.» (Dagbladet, 25.7.97)

Ja, den var kanskje litt flåsete, men eg kunne ikkje dy meg. Men kronikkforfattaren føyer seg som sagt fint inn i rekka av skråsikre moralistar vi har sett så mange gonger før. Her er berre nokre få døme:

«TV-volden skader og skremmer barna. Det kan enhver registrere.» (Sarpen, Sarpsborg, 17.8.90)

«Vi kan allerede merke at vi er på vei mot et mer aggressivt samfunn, antageligvis sterkt påvirket av det TV-skjermen viser oss. Men at råhet og vold i dagliglivet kan bli en følge av all TV-volden er det vel liten tvil om.» (Tromsø, 18.8.90)

«Målet er å holde på din oppmerksomhet. Få deg til å glemme å gjøre lekser, og heller spise potetgull.» («Men det jo bare film», Statens filmsentral, 1991)

«Gjerningsmannen var åpenbart påvirket av voldsporno.» (Vårt Land, 4.1.90)

Dette er berre eit ørlite knippe sitat, og eg trur ikkje kronikkforfattaren klarer å skape den moralske panikken han ynskjer. Det er heldigvis mange som har talt han imot. Også i dei store avisene.

Kronikkforfattaren gøymer seg bak sitt syn på feminisme når han driv ein kamp mot valden, for som han seier til Dagbladet: "Denne dramaturgien er gjennomtenkt og kan brukes til å fremme et budskap. Dette vet vi. Det er en grunn til at reklame er så utbredt i hele den vestlige verden. Det fungerer! Vi tror vi har et intellektuelt beredskap intakt, men seriene ses av millioner over hele den vestlige verden, og vi må kunne diskutere grenseløs vold og hvorfor vold er så viktig å formidle. Vold som underholdning byr meg imot!"

Kunne han ikkje berre sagt det med det same? Han likar ikkje vald. Det er heilt greit, det. Men trur han verkeleg på sin eigen konspirasjonsteorie om at det er eit "gjennomtenkt budskap" bak desse seriane? At mannfolka bak serien hater kvinner og gjer alt dei kan for å kue dei? At alt dei ynskjer er å valdta og sende kvinnene tilbake til kjøkkenbenken, barbeinte og gravide? Dette må han i så fall utdjupe og kome med kjelder på. Men så går han i fella og kjem med "reklame"-argumentet. Eit argument like gammalt som debatten. Det er ikkje det same å kjøpe Cola i staden for Pepsi, som det er å bli overgripar av å sjå Game of Thrones. At han som filmregissør ikkje ser dette, er for meg heilt ubegripeleg.

Vald byr han imot, og det skal han få lov til å meine. Han skal til og med få lov til å hyle og skrike i kronikkar og starte Facebook-debattar om det, det bryr meg svært lite. Men at han kjem med lause påstandar om at folk som ser slikt har valdtekstfantasiar som dei berre ikkje vil innrømme, då går han for langt og blir usakleg. Og han blir ein del av moralistgjengen som veit betre enn oss andre. Vi som ikkje veit vårt eige beste. Vi som må beskyttast og som ikkje klarer å dekode det vanskelege filmspråket. Kodar som for øvrig er noko av det første små barn lærer seg å forstå.  

Common sense. At folk blir mordarar av å sjå mord, eller overgriparar av å sjå valdtekt er ein ekstrem påstand, som ingen forskarar klarer å bevise. Men det er jo noko logisk i det, seier folk som kronikkforfatteren. Det virkar sannsynleg! Det er "common sense". Viss vi får høyre det nok gonger, så trur vi det til slutt! Litt slik som med religion. Og Donald Trump. Og partiprogrammet til Frp.

Martin Barker beskriv "common sense" i sin artikkel "The Newson Report. A case study in common sense", som også står i boka Ill effects frå 1997. "Common sense"-synet kjem av seg sjølv når visse forutsetningar ligg til rette for det, eller når ikkje alle forutsetningar er representert. Nokre fakta manglar i debatten, og "sunn fornuft" tar over.

Kronikkforfattaren meiner også at vi ikkje kan sjå effekten av valden før om 20-30 år, sidan dette fenomenet er så nytt. Ein ekstremt historielaus påstand. Noreg fekk Kinolova i 1913:

«Filmkontrollen må ikke godkjenne bilder som den mener det ville stride mot lov eller krenke ærbarhet eller virke forrående eller moralsk nedbrytende å vise offentlig.» (Lov om offentlig visning av kinematografbilder, 1913)

Drap av både kvinner og barn i filmar som Panserkrysseren Potemkin (1925) og Once upon a time in the West (1968) er gammalt nytt. I tillegg blir både liten og stor oppetne av haien i Jaws fra 1975, så å påstå at vald er noko nytt, som har dukka opp dei siste 20-30, er berre tull. Dette er like gamalt som oss. Les Illiaden og Odysseen, for ikkje å snakke om Bibelen så finn du nok av grusomme valdsskildringar. Effekten lar seg ikkje måle fordi den ikkje kan bevisast. Eit menneske er samansett av mange faktorar, og det å sjå noko på skjermen får oss ikkje til å kopiere det som tankelause robotar. Men det jo sunn fornuft at det er ein sammenheng. Er det ikkje?

Vald mot kvinner er ikkje noko nytt fenomen

Vald mot kvinner er ikkje noko nytt fenomen

Marie Kleve i Dagbladet seier om kronikken: "I det store og det hele er dette feministiske serier, der kvinnerollene er viktige. Det handler om kvinner som blir undertrykt, men som blir sterkere enn mennene som undertrykker dem. Slik har flere av hendelsene og scenene der voldtekt framstilles viktige funksjoner for handlingen."

Kronikkforfattar meiner noko anna: "Disse kvinnene presenterer ikke et alternativ til den mannsdominerte verdens vold og makt. Det er kvinner som agerer med de samme midler, den samme vold, og den samme form for maktutøvelse som mannfolka. Seksuelle overgrep mot kvinner konsumeres ukritisk og blir til underholdning for tv-seerne. Jeg reagerer sterkt på det trykket som skapes ved bruk av nettopp vold og overgrep i de store tv-seriene."

"Konsumeres ukritisk?" Javel? Her får han snakke for seg sjølv. Eg synest det er fælt å sjå, og eg sympatiserer ikkje med overgriparen, slik kronikkforfattaren gjer. Eg sympatiserer med offeret. Her forsøker kronikkforfattaren å starte ein god gammaldags moralsk panikk, med provoserande argument og at alle som ser ei valdtekt fantaserer om å gjennomføre den. Og han har valt seriane Westworld og Game of Thrones fordi dei er populære. Han vil ha lesarar og klikk på kronikken sin, og han legg ikkje skjul på det heller.

Dette minner om panikken som oppstod i 1993 då filmen Child`s Play 3 fekk skulda for eit barnedrap i England. Eller TV-serien Power Rangers fekk skulda for eit barnedrap i Trondheim i 1994. Det var ingenting som tyda på at dette var tilfelle. I England var drapsmennene også barn, på 10 og 11. Dei hadde vakse opp utan skikkeleg omsorg, med fattige og alkoholiserte foreldre. Skulen brydde seg ikkje om dei og dei falt utanfor systemet. Men avisene meinte det var meir sannsynleg at Child`s Play 3 hadde skulda for dette. Enklare å forstå. Enklare å ordne opp i med forbod og sensur. Sunn fornuft. Politietterforskinga kom fram til at dei mest sannsynleg ikkje hadde sett filmen. Men hysteriet råda i media og tilsynelatande oppegåande personar, som den gong barneombod Trond Viggo Torgersen kom med heilt håplause uttalelsar. Der han blant anna meinte vi burde forby alle 18-årsfilmar. Noko som ville ha drege med seg t.d. Gudfaren og Hjortejegeren ned i dragsuget. Men avisene auka opplagstala slik kronikken fekk mange klikk. "Fett!" meinte kronikkforfattaren at det var, då den passerte 60 000 klikk.

Kronikkforfattaren meiner også han har definisjonsmakt over kva feminisme er for noko, og at det ikkje kan definerast ut frå mannens synspunkt. At kvinnene i Game of Thrones ikkje representerer eit alternativ til den mannsdominerte verda. Eg lurer på kva verd han etterlyser? Er kvinner så ulike menn at dei har si eiga verd der ute ein stad? Ein stad med pudlar og blomar og ingen vonde ting? Der grådighet, maktkamp, hat og hemn ikkje eksisterer. Så ulike er vel ikkje menn og kvinner? Dyder og laster ser ikkje forskjell på folk. Dei er menneskelege, uavhengig av hudfarge og kjønn.

Game of Thrones har ein stor fanskare, både kvinner og menn. Serien er utan det søtladne Narnia-budskapet, og den representerer vår motbydelege verd, der dessverre vald, krig, maktkamp og overgrep er daglegdags. I tillegg har dei magi og drakar. Det er fantasy for vaksne.

Kva er det kronikkforfattaren vil? Fjerne alt han ikkje likar? Skal vi kanskje starte ei innsamling slik at han kan få nye batteri i fjernkontrollen sin? Eg håper han ikkje er tilhengar av noko slikt:

«Jeg vet at det finnes en undergrunnsflora av film som bør lokaliseres og fjernes.» (Bergens Tidende, 23.7.90)

Eg trur eigentleg ikkje det. Han har nok mest lyst til å provosere og diskutere, tenkjer eg. Litt slik som meg.

Men det er nok av dei som vil forby alt dei ikkje likar. Ei haldning eg har vanskeleg for å sjå noko glede av. Tilbake til tida då Staten greip inn og klippte og sensurerte? Ein ideologi som minner om fascisme. Kronikkforfattaren har også vore innom diverse Facebook-debattar, og det blir tydelegare og tydelegare at det er ikkje berre underhaldningsvalden han ikkje likar. Han har ein politisk agenda som eg for øvrig er einig i, men her sklir han heilt ut etter mitt syn, og prøver å skåre billige, populistiske poeng og tar alle han er ueinige med under same kam:

"Folk og fe glemmer fort. De tror (særlig de unge) at høyredreininga vi opplever i mer og mer ekstrem form og forkledning, er et spill, eller del av en fiksjon, eller noe som går over. Også mange unge kunstnere bagatalliserer reaksjonære svært konservativt kvinnesyn i de fanatiske fundamentalistiske kristne kretser. Folk har glemt den mørke høyredreininga som har lagt seg over hele den vestlige verden og mer enn det. Høyredreininga er reaksjonær, superliberal, konservativ. Trumps nye regjering består av menn som er ekstremt konservative. De produserer også film for Hollywood, etter å ha jobba i Goldman Sachs!!!!! Hvorfor produserer de film? For å tjene penger bare? Og er ikke konservatismen synonymt med et kvinnesyn vi trodde var passé. Idealet om den underdanige kvinne, er høyst oppegående. Også her på Sørlandet. Men jeg mistenker dem alle, for å sympatisere med holdningene, innerst inne, i det rommet de fornekter og fortrenger, for å heie og heppe fram de voldsforherligende romantiserte glansbilder i en fiksjon de spiser rått."

Eg synest det er like motbydeleg som kronikkforfattaren at kvinner blir undertrykt i den verkelege verda. Eg hater religion når den blir organisert og autoritær. Eg likar at kvinner og jenter gradvis får fleire hovudroller på film. Hunger Games og dei to nye Star Wars-filmane er berre nokre få døme på det. Dette er i tillegg filmar som også eit ungt publikum omfamnar. Dei har godt av kvinnelege heltar. Eg har kvinnelege hovudpersonar i mange av bøkene mine, og eg har ingen problem med å kalle meg feminist, men å bli kalt for kvinnehater med mitt eige "darkroom" er ei total avsporing av ein viktig debatt. Eg og folk som kronikkforfattaren mistenker, vi klarer å skilje mellom fiksjon og verkelegheit, vi et ikkje alt rått, og vi ser på valdelege verkemiddel som ein måte å skape ei kjensle i sjåaren. At kunsten skal spegle samfunnet, også dei mørke sidene. Nokre av desse bileta er sterke og ikkje for sarte sjeler, men vi kan ikkje berre lese Bobseybarna, heller. Måten kronikkforfattaren snakkar ned folk på er eit billig triks. Hersketeknikkane han brukar byr meg imot.

Men eg likar vald som underhaldning, og kan sjå filmar utelukkande på grunna av sterke scenar. Filmar som Starship Troopers, True Romance, Braindead eller tv-serien Ash vs Evil Dead er døme på dette. Valden er eit akivt element, den er ikkje seksualisert og den er full av humor. Dette likar eg. Eg har tilbrakt timevis i spel som Red Dead Redemption, The Last of Us og Grand Theft Auto-serien. Ikkje utelukkande for valden sin del, men underhaldningsverdien er heilt enorm. Og som historiefortellarar er dataspel unike.

Filmskaparar som Martin Scorsese, Brian DePalma, Quentin Tarantino, Oliver Stone og Cohen-brørne er kjent for å bruke vald i underhaldningsfilmane sine. Og filmar som Goodfellas, Scarface, Pulp Fiction, Natural Born Killers, Fargo og Miller`s Crossing er udiskutabelt gode filmar. Men gjer dei meg lyst til å bli mafiahitman av den grunn? Får eg lyst til å bli ein godhjerta seriemordar av å sjå Dexter? Nei. Eg er pasifist, og ein svært fredeleg person. Aldri vore i slåsskamp. Aldri drive med sport (som saman med fanatisk religion er rota til alt vondt). Katarsisteorien skal ein ikkje undervurdere. Det er noko befriande og stressforløysande med vald. I alle fall for min del. Eg seier ikkje at vi ikkje blir påvirka, vi hadde jo ikkje gidda å sjå film om vi ikkje følte noko, men vi blir ikkje mordarar og valdtekstforbrytarar av å sjå det på film. For meg er dette sunn fornuft.

Men blir aldri valden spekulativ i mine auge? Jo, det kan den bli. Den oppskrytte Lars von Trier, som eg meiner er berre form og svært lite innhald, overdriver i Anti-christ. Med sine groteske umotiverte slow-motion svart-kvitt bilete av si eiga psyke. Ein del filmar innan kannibalsjangeren drar det også for langt, og torturskrekk som Hostel og Saw kan bli litt for mykje av det gode for min del. Sjølv om første Saw-filmen har ein fin plottwist på slutten.

Kronikkforfattaren bommar også fullstendig med døma sine. Akkurat som Kvinnefronten gjorde då dei gjekk til angrep på Grand Theft Auto. Både Game of Thrones og Westworld er seriar som viser oss nettopp sterke kvinner i ei mannsdominert verd. For verda er mannsdominert, enten du likar det eller ei, og desse kvinnene vil gjere noko med det.

Her kan du laste ned heile hovudfagsoppgåva mi

Idrettsglede?

Eit av dei spørsmåla eg oftast får når eg er ute på skulebesøk er: "Kva fotballag heier du på?"

Ja, det er heilt sant. Då har eg stått og snakka om bøkene mine i ein times tid, og nokre elevar lurer altså kva fotballag eg finn verdig å heie på. Det er kanskje eit kompliment, at fotball, som dei elskar høgare enn livet virkar det som, er noko eg skal spørjast om. Ikkje veit eg. Eg svarer som regel vagt, vil ikkje såre nokon, seier at eg ikkje er så interessert i fotball. Så går eg vidare til neste spørsmål.

Idrettsglede? Ja, ho ser skikkeleg happy ut

Men sanninga er ei heilt anna. Eg hater faktisk fotball, og eigentleg all sport. Det grensar mot avskyeleg i mine auge. "Idrettsglede" er etter mitt syn eit umogleg ord. Eg var ikkje alltid slik, under vinter-OL i Albertville i 1992 så følgde eg faktisk med. Såg på Bjørn Dæhlie & Co. som suste rundt på ski, eg følgde med på medaljeoversikta og skulka kanskje til og med nokre forelesingar på universitetet i Trondheim for å få med meg løpa. Men i dei to åra som gjekk mellom Albertville og Lillehammer forsvann absolutt alt av interesse.

Det kvalmande oppstyret som dukka opp før OL i Noreg var rett og slett ei endelaus rekkje med dråpar som fekk begeret til å flyte over. Etter det kan eg summere opp kva idrett eg har sett på ei hand:

Under Lillehammer OL hadde vi femmila på fjernsyn i bakgrunnen, sidan ein slektning av oss var til stades som publikum. Eg koste meg då Noreg tapte.

Eg såg tilfeldigvis Andreas Thorkildsen vinne eit OL-gull i spydkast. Det var litt kult, sidan han gjekk med strikkelue og ingen hadde forventa siger.

Vi var på ski-NM då vi budde i Trondheim, sidan ein slektning av kona mi skulle delta. Eg aner ikkje kven som vant, eller kva distanse vi såg. Det var kaldt og masse snø.

Eg såg tilfeldigvis Norge som slo Brasil i fotball-VM. (Eg såg halve kampen, men så såg eg halve kampen etterpå også, mot Italia, der Noreg tapte. Så dette blir vel éin kamp til saman).

Eg var heilt uforvarande på fotballkamp i London, der Arsenal slo Chelsea. Dette var ein sponsortur gjennom jobben eg hadde då. Eg ante ikkje at det var fotballkamp vi skulle på, men eg må innrømme at stemninga på Highbury-stadioen var ei spennande sosialantropologisk oppleving. Sjølve kampen var gørrkjedeleg.

Eg zappa innom ein curlingfinale i OL, der ein nikotinprega gubbe med norsk drakt førte laget sitt til siger.

Det er det eg kjem på i farten, det er garantert ikkje mykje meir.

Kvifor dette hatet mot idrett? Eg har fundert mykje på det. Eg trur det er mange grunnar.

1. Eg likar ikkje konkurransar. Det betyr absolutt ingenting for meg om Noreg har dei beste handballspelarane i verda, eller kven som kan gå fortast på ski. Eg drit rett og slett i det. Men kvifor synest eg Oscarutdelinga er så fascinerande, då? Det er ikkje ein konkurranse på same måten. Det er ei heidring som vert gjort i ettertid, det er ingen som lager ein film for å vinne Oscar. Kanskje med unntak av Spike Lee.

Dette med konkurranseinstinktet har eg grubla på i årevis. Kvifor er det så viktig for nokre av oss å "knuse" alle dei andre?

Det einaste eg misliker meir enn konkurranse er store idrettsarrangement. Då er det ikkje nok å konkurrere, store pengesummar skal kastast bort i tillegg. Vi ser gjennom fingrane med korrupsjon når tvilsomme regimer arrangerer OL og VM. Det er greit at store idrettsanlegg tar livet av arbeidarane som bygger dei. Ein heil by skal stoppe opp fordi nokon skal sykle om kapp. Men det er likevel konkurranseinstinktet som plagar meg mest. At barn heilt frå dei er små skal lærast opp til å bli best i absolutt alt dei driv med. At det å vinne er viktigare enn alt anna.

2. Eg likar ikkje at idrettsfolk blir gjort om til gudar. At ein fyllekjørar framleis dukkar opp som grillmeister i ei stor butikkjede er kvalmande. Dei dopar seg og blir tilgitt. Dei har tydelegvis andre reglar enn oss. Dei får betre og raskare sjukehusbehandling for skader dei har påført seg gjennom toskete oppførsel. Norske skistjerner som dopar seg og blir tatt blir behandla med silkehanskar i media, medan utanlandske blir refsa.

"Blir du med på kino?"

Proffboksing er eit godt døme på det umoralske. Vi heier på folk som slår kvarandre helselause (og av og til i hel). Dei er dårlege forbilder. Men eg elskar Rocky-filmane. Ironisk og dobbeltmoralsk, skulle ein tru. Men eg diggar filmar om andre verdskrigen, også. Det betyr ikkje at eg ynskjer ein tredje verdskrig.

Og kvifor er det slik at noko som er ulovleg i det verkelege liv, er lovleg innan sport? Boksing er berre eitt døme, men sykling er nesten verre. Berre tenk på vegtrafikklova, som tydeleg seier at du skal halde minimun tre sekund avstand til dei som er framføre deg. Som syklist i vegbanen må du følgje dei same lovene som bilane, for å unngå skader ved rask nedbremsing. Syklistar sit nesten i fanget på kvarandre når dei raser rundt, og ikkje berre under lukka kappløp, også langs vanlege vegar med vanleg trafikk. Kvifor er dette greitt? Skadene kan jo vere enorme. Og som vitne til ei ulukke pliktar du å hjelpe dei skadde. Publikum tør ikkje gripe inn, og konkurrentane suser av garde for vinne. Ja, ja, sjølvsagt har dei legar og følgebilar som hjelper til, men dei andre syklistane ofrar ikkje kollegaene sine ein tanke ein gong. "Glad det ikkje var meg!" tenkjer dei.

Tresekundsregelen, anyone?

Tresekundsregelen, anyone?

3. Eg likar ikkje ordet folkefest. Det var noko av dette som gjorde oppkjøringa mot Lillehammer så ekkel. Alle gjekk visstnok rundt og gleda seg! Det slutta eg gradvis med. Til eg byrja grue meg. Den einaste gongen ordet var legitimt i bruk var 8. mai 1945. Alt anna blir nisjefestar (ikkje nisse) der nokre få slår kvarandre på brystet og tar ære for kva nokre overtrente muskelbuntar strevar med.

4. All merksemda idrett får i media er berre heilt latterleg. Det byrjar å gå rette vegen no, når sport forsvinn inn på betalingskanalar. Det er der dette høyrer heime. Men eg får ufrivillig med meg alt for mange uinteressante sportsresultat. Nettavisene er overfylte av total uinteressant informasjon. Klimakrisa, krig og katastrofar blir anekdotar halve vinteren i dette landet.

5. Eg misliker at barn og unge blir tvinga inn i dette. Dei kaller det idrettsglede og leik. Men målet er jo alltid å vinne, og ein ekte leik kan du pr. definisjon ikkje vinne, for då er ikkje målet lenger å leike. Det finnest heilt sikkert flinke trenarar og idrettsleiarar rundt om kring som tar vare på barna, dette seier eg fordi eg generelt trur godt om folk, men det finnest også dei som påtvingar og står og skråler langs sidelinja. Eg seier ikkje at alle er like flinke på banen uansett, for det er dei sjølvsagt ikkje. Eg var ein kloms i gymtimane. Men er du ikkje på banen i fotball, så er du liksom ikkje noko. Ja, eg er sosialist og likar ikkje at barn blir utestengt. Eg har sjølv observert vaksne som latterleggjer barn på dei lokale fotballbanane.

6. Tilbake til dette med konkurransar som eg sa i punkt 1. Men dette kan ikkje nemnast for ofte. Eg misliker at barn og unge blir opplært til å knuse andre. At det å vinne er det einaste viktige, at dette konkurranseinstinktet framleis skal vere så ektstemt dominerande. Det er nettopp konkurranseinstinktet som skaper krig i verda. Det å alltid vere best, sjølv om du berre er eitt hundredel raskare enn nummer to. Kva med å betre seg sjølv som menneske? Kva med litt Star Trek-filosofi?

Eg meiner vi heller bør utvikle samarbeidsinstinktet til barna. Lære dei å arbeide mot eit felles mål, der det ikkje er noko poeng å vinne over andre for å nå dette målet. "Men konkurranse gjer at vi yter betre i alle yrker!" sier kritikarane mine. Det er berre fordi vi er så skakkøyrte i utgangspunktet, svarer eg. Vi er komne så langt i evolusjonen no, at vi kan legge bak oss steinaldermentaliteten som konkurranseinstinktet representerer. Vi treng å samarbeide om dei store problema i samfunnet; klimakrisa, rasisme og fattigdom. Dersom alle skal sitje på si tue og skrike "Eg er best!" så kjem vi ingen veg. Vi konkurrerer jo pokker meg om alt:

Min gud er betre enn din!

Eg kan ro fortare enn deg!

Presidenten min er tøffare enn din!

Integreringsministeren min er strengare enn din!

Eg kan ete fleire skillingsboller enn deg!

Plastikken eg kastar i havet er meir miljøvenleg enn din!

Dette usunne instinktet viser seg likevel best innan idretten. Dersom barn hadde fått lov til å sleppe å konkurrere i sport, og heller blitt oppmuntra til å drive med utøvande kunst i skulen, så hadde verda sett anleis ut. Kunst er ikkje for alle, men det er sanneleg ikkje idrett heller. Men det finnest mange ting som kjem inn under feltet kunst: t.d. drama, teater, musikk, dans, film, litteratur, grafisk design, animasjon, teikning, klesdesign, snekring og sjølvsagt mykje meir. I tillegg er det ein haug med tekniske disiplinar som er knytta til utøvande kunst: lysdesign, foto, spesialeffektar og mykje meir.

Men å samarbeide kan du jo gjere på eit fotballag, seier du. Ja, men for å nå dette målet må du knuse alle dei andre laga. Dette gjer du ikkje om du lar ungane drive med musikk, teater eller kunst. I alle fall ikkje viss du gjer det rett. Det finnest dei som vel å konkurrere innan kunst, også, men til forskjell frå idretten så kan du fint fjerne konkurransen frå kunsten utan å miste noko. Å sykle om kapp blir meiningslaust dersom du fjerner medaljane til dei tre beste. Då blir det berre å sykle veldig fort, noko som i seg sjølv er kjekt nok, men det blir nok dårleg TV ut av det. Eller dårlegare TV.

7. Korrupsjonen vi ser i store meisterskap er heilt motbydeleg. Eg er så glad for at Noreg tapte kampen om eit nytt OL. Og desto meir deppa pga sykkel-VM i Bergen. Eg seier ikkje at arrangørane i Bergen er korrupte, men når Bybanespor blir asfaltert over, kvardagen blir gjort komplisert for tusenvis av folk, og pasientar får utsatt operasjonar fordi sykkelløypene hindrar folk i kome fram til sjukehuset - då har lobbyvirksomheten vore intens i lokalpolitikken. Men det blir jo så frisk luft i Bergen! Byen er jo bilfri! Dette blir seriøst brukt som argument for VM. Ein av Noregs mest forureina byar, og ein av dei dårlegaste på sykkelstiar, innbiller seg at etter VM skal alle sykle til jobb. Det er rett og slett latterleg og ikkje så reint lite skammeleg. I tillegg brukte dei alt for mykje pengar å byrja tigge i lokalavisa etter bidrag. Flaut!

Dette bildet frå Rio burde vere nok til å illustrere kontrastane. Eg fattar ikkje at deltakarane har moral og etikk til å vere med på noko slikt. Og verre skal det bli. Qatar skal ha fotball-VM, og dersom du er ein av dei som har tenkt å sjå på, bør du vite at alle regnbogeflagga på Facebook-profilen din betyr ingenting. Du er ein hyklar som støtter drap, slavehandel, homohat og grov kvinnediskriminering. Eg hatar at både NRK og TV2 betalar for å få vise faenskapet, boikott hadde vore den einaste akseptable vegen å gå.

8. I tillegg kjem supportervald, skiløparsnørr, dårlege idrettssongar (med unntak av Shakira), menneskehandel og ein heil del andre ting.

Eg reknar ikkje med at mange er einige med meg i dette. Men eg blir ikkje imponert over at nokon spring uhorveleg fort, eller slår kvarandre i svime i bokseringen. Den form for viljestyrke dei har vist med å trene seg opp kunne dei brukt til noko anna. Bortkasta tid, i mine auge, å gå på ski fortare enn naboen. Med mindre zombie-apokalypsen kjem i romjula.

Eg blir imponert over ein god film, eller TV-serie, ei god bok, ei god plate eller eit fint maleri. Eit verk der ei gruppe (eller enkeltpersonar) har gjort noko vakkert som vi kan nyte. Noko om gir oss eit kunstnarisk kick som lever lenge i oss, og ikkje berre ei kortvarig glede over at alle dei vi ikkje heia på har tapt.

Men tilbake til spørsmålet "Kvifor er det så viktig for så mange å knuse alle motstandarar?" Her må vi nok ta psykologien til hjelp, og det gidd eg ikkje. Eg berre konstaterer at eg og mine disiplar har kome lenger i evolusjonen. Vi drit i kven som vinn i absolutt samtlege idrettsgreiner som er funne opp. Eg synest dyrkinga av idrettsheltar som gudar er umoralsk, store arrangement som VM og OL er uetiske og til sjuande og sist betyr det ingenting kven som vinn.

Sånn! No har eg brukt akkurat så mykje energi som idretten fortener at eg brukar. Eg går heller på kino.

Filmar som eigentleg ikkje er gode

Eg er filmfreak. Det har eg alltid vore. Eg har ei liste med favorittfilmar som inneheld filmar som Ringenes herre-trilogien, The Shawshank Redemption, Dumbo, City Lights, Mitt liv som hund, Stand by me og mange, mange fleire. Dei fleste filmane på lista mi er lite kontroversielle, dei er objektivt sett gode filmar, sjølv om det alltid er nokre surmaga folk som påstår at bøkene er betre. Men nok om det.

Det er også ei lang liste med relativt dårlege filmar som eg likar ekstremt godt, filmar som reint teknisk eller regimessig kanskje er amatørprodukt, men som gjennom godt manus eller gode skodespelarar likevel er fantastiske filmar. Ein kultfilm som Withnail & I (1987) kjem muligens inn på denne lista, mest fordi regissøren sjølv, Bruce Robinson, har sagt at filmen er ein velskreven, velspelt og dårleg regissert sak. Og ja, nokre scenar virkar litt klønete iscenesatt, men likevel har eg sett filmen utallige gonger. Det byr meg faktisk litt imot å nemne den i denne samanhengen, for svakhetane betyr absolutt ingenting når du ser filmen, men det er regissøren sin eigen feil som påpeika sine eigne svakhetar.

Andre filmar kan vi alle vere einige om er nokså dårlege. Likevel ser eg dei om igjen og om igjen. The Blues Brothers (1980) ein slik film. Den er altfor lang, manuset er syltynt, og mange av skodespelarane er så amatørmessige at det gjer vondt å sjå på. Likevel er The Blues Brothers er ein kultfilm som eg hadde sett over seksti gonger før eg fylte tjue. 

Ein annan film av litt nyare dato er A night at the Roxbury (1998). Usedvanleg teit story, overspeling på høgt nivå og eigentleg ikkje ein god film. Likevel ler eg like godt kvar gong av dei dumme vitsane og dei håplause karakterane.

Peter Jackson sin andre film Bad Taste (1987) er ikkje noko velpolert og elegant oppleving. Den har amatørar i alle roller (inkludert Jackson sjølv, som speler to av dei), effektane er billige, det same med klipping og foto. Men filmen imponerer likevel, og den gjorde det lenge før Peter Jackson laga Ringenes herre. Han gjorde nesten alt på denne filmen sjølv, og det er kanskje derfor den har fascinert meg. Sam Raimis The Evil Dead (1981) kjem i same kategori og sjanger. Han òg må seiast å ha gjort det bra etterpå.

Eg kan ramse opp ein drøss med filmar som eg veit er ganske dårlege, men som er min "guilty pleasure" likevel: Robocop 2, Starship Troopers, Hardware, Corky Romano, Waterworld, Independence Day, Lethal Weapon, The Running Man osv osv.

Nei, ropar du! Dei er ikkje dårlege! Nei, dei er jo ikkje det, eg likar dei jo, men eg kunne like gjerne ha hata dei dersom eg første gongen eg såg dei hadde hatt ein dårleg dag, eller var med feil folk, eller på feil stad i livet. Eg kunne argumentert tilhengarar av filmane i senk, slik eg med glede argumenterer mot filmar som eg verkeleg mislikar, som Dogville, Mulholland Drive, 300 og Kristin Lavransdatter. Men det er også ein annan sak.

Faktum er at enkelte filmar er det ikkje så nøye med den objektive kvaliteten, det er mi oppleving og mine minner rundt filmen som er viktige. Kven eg var med, kor gammal eg var, kor eg budde, og slike ting. Å sjå filmane om igjen blir ein måte å gjenskape dei opprinnelege kjenslene ein hadde.

Talentfulle barn

Sidan eg skriv barne- og ungdomsbøker, og ikkje klarer å definere meg sjølv som hundre prosent vaksen, så identifiserer eg meg ofte med barn. Det kan skje når eg les ei bok, men den er alltid filtrert gjennom ein vaksen forfattar og er dermed ikkje hundre prosent ærleg. Det kan skje når eg les opprivande nyhende om barn som blir misbrukt, forfulgt eller drept, men dette er ofte for fælt å forholde seg til. Men aller sterkast er det når eg ser knallgode barneskodespelarar på film eller tv. Eg skal prøve å gjere greie for nokre av dei som har påvirka meg mest.

Aller nyaste barnetaletentet eg har sett er Jacob Tremblay i den veldig spesielle filmen Room (2015). Tremblay speler fem år gamle Jack, som heile livet har vore innstengt i eit lite rom saman med mor si. Han veit svært lite om verda utanfor, den eksisterer berre på TV. Brie Larsson som speler Ma blei kidnappa som 17-åring, og har vore i rommet i sju år. Ein grusom skjebne, men på ein eller annan måte så er Jack "lukkeleg", det er først når mora byrjar å fortelje at det faktisk finst andre menneske utanom dei to, og kidnapparen, at kjenslene hans byrjar å gå både høgt og lågt. Dei klarer å komme seg ut av rommet, og blir gjenforent med familien til Ma.

Det som gjer denne filmen så ekstremt god er først og fremst Jacob Tremblay (f. 2006). Han er rett og slett heilt fantastisk god, både som den forvirra og virkelighetsfjerne guten som er innestengt, men kanskje aller best når han kjem ut i verda og må lære seg alt. Små ting som å gå i trapper, og store ting som å begripe ein enorm blå himmel. Det er overveldande for både guten og mora.

Filmen er frykteleg rørande, men aldri klissete, den er spennande utan noko action, og den er frykteleg trist. At eit barn må gjennomgå dette gjer vondt å tenkje på. Og heile denne filmen er sett ut frå Jack sin synsvinkel. Vi får ikkje vite noko meir enn han, men vi har sjølvsagt våre vaksne referansar som han ikkje har.

I klippet under mottar han Critic´s Choice Award for beste unge skodespelar for 2015, der han blant anna fortel kva han skal gjere med statuetten. Blir du ikkje sjarmert av dette er du ein murstein:

Room var kanskje ikkje klissete og sentimental, men det kan eg ikkje lova vidare. Første store film eg såg der barn verkeleg gjorde inntrykk var nok E.T. The Extra Terrestrial (1982). Steven Spielberg sin fantastiske film om Elliott som får besøk av eit romvesen. Han prøver å skjule E.T. for familien, men etter kvart er både veslesyster og storebror involvert, og det går i tillegg opp for oss at E.T. sjølv er eit barn. Henry Thomas, Robert Macnoughton og Drew Barrymore speler dei tre syskena, og scenen der Elliott og E.T. seier farvel er ikkje berre rørande, men noko av det beste eit barn har gjort på lerretet:

Steven Spielberg er i særklasse god til å få det beste ut av barneskodespelarane sine, sjå berre på Christian Bale i Empire of the Sun (1987) og alle barneskodespelarane i Jaws (1975), Jurrasic Park (1993), Artificial Intelligence A.I (2001) og War of the Worlds (2005). I Close Encounters of the Third Kind (1977) brukte Spielberg og crewet nokså spesielle metodar for å få reaksjonane til fire år gamle Gary Cuffey til å verke så naturlege som mogleg. Dei kledde seg ut og overraska guten med tull og tøys.

Imponerande barneroller finn vi også i filmar som The Sixth Sense (1999) der Haley Joel Osment er livredd for spøkelser.

Anna Paquin vann faktisk Oscar for rolla si i The Piano (1993). 

Abigail Breslin gjorde ein fantastisk jobb i Little Miss Sunshine (2006).

Barn treng ikkje berre spele snille roller, heller. Linda Blair gjer inntrykk i The Exorcist (1973), der ho er besett av ein demon. Og Macauley Culkin speler psykopat i The Good Son (1993). Best hugsar vi jo han frå Home Alone 1 og 2. Veldig rart og litt kult å sjå han som barn med mordariske tendensar.

Nokre av desse barnestjernene forsvinn, medan andre held fram med skodespelarkunsten, med større og mindre hell. Nokre ser du med ein gong kjem til å nå langt. Eg gløymer aldri då eg såg Leon (1994) på kino, der tolv år gamle Natalie Portman viste at ho allereie då var eit megatalent:

Leon er ein film som rører borti nokre nifse tema rundt barns uskuld, og Natalie Portman potretterer foreldrelause Matilda slik at ein kan få klump i halsen.

Men det er ikkje berre som skodespelarar barn kan imponere, sjølv om det er noko tidlaust som alle kan ta del i når det skjer på lerretet. Musikk og dans kan vere like store opplevingar. Sjekk denne musikkvideoen med australske Sia, og ikkje minst jenta som dansar:

Eg er ikkje spesielt interessert i dans, men himmel og hav så bra Maddie Ziegler dansar! Eg trur ikkje ho er meir enn elleve år her.

Barn kan vere ekstremt talentfulle, og dei bør få sjansen til å vise seg, dersom det er det dei vil. Sjølvsagt er mange blitt pressa av ambisiøse foreldre, men eg trur ikkje nokon blir så talentfulle som dei i klippa overfor utan at dei vil det sjølv.

Men alle døma dine er jo amerikanske, seier du. Ja, nesten alle. Strengt tatt er Leon ein fransk film, med engelsk dialog, men ja, mykje av populærkulturen som har påvirka meg er nok amerikansk. Den finnest gode døme frå vårt naboland. Mitt liv som hund (1985), Lotta på Bråkmakargatan (1992) Fanny och Alexander (1982) frå Sverige har alle imponerande barn i store roller. Kan dei få dette til i Noreg? Heilt sikkert. Men så langt har eg aldri sett noko liknande her. Det næraste eg har vore må vere NRKs Vaffelhjarte (2011), basert på Maria Parr si bok. Men også her er det preg av overinstruerte barn som ikkje i nærleiken av t.d. Drew Barrymore i E.T. når det gjeld å virke naturleg framfor kamera.

I norsk barne-tv/film virkar det ofte som om ungane berre les eit manus høgt, utan å meine orda som kjem ut av munnen på dei. Det er ikkje ungane sin feil, dei har fått eit dårleg manus og ein dårleg regissør. Eller kanskje dei vaksne tenkjer at sidan det er ungar som er publikum så treng dei ikkje bry seg med å gjere det skikkeleg? Slik undervurdering av barn er noko av det verste eg veit. Slikt kan skje på amerikansk film, òg, berre så det er sagt. George Lucas, bestekompisen til Steven Spielberg slit med å regissere barn (og vaksne, for den saks skuld). Berre tenk kor bra Star Wars Episode I - The Phantom Menace (1999) kunne ha vore, dersom Steven Spielberg hadde hatt regi?

Eg kan ramse opp ein haug med andre filmar og tv-seriar som har imponert meg med sterke barneskodespelarar, og vil til slutt nemne Rob Reiner si filmatisering av Stephen King novella The Body, nemleg filmen Stand by me (1986). Her er ungane i grenseland til å bli tenåringar, men dei speler fantastisk godt i ein film som er ein av mine personlege favorittar. Filmen fortel om eit tap av uskuld, og om det å gå ut av nettopp barndomen. Wil Wheaton og John Cusack er med i klippet under, men filmen har også fantastiske prestasjonar av Jerry O`Connell, Corey Feldman og sist men ikkje minst: River Phoenix som døydde i 1993 - noko som gjer filmen ekstra trist.

Barn må få vere barn, sjølvsagt, men det er ekstremt sterkt å sjå barn som speler fletta av sine vaksne motspelarar på lerretet, eller barn som dansar som om heile livet står på spel. Vi treng fleire av dei.

I don`t wanna be a pirate!

"Eg vil ikkje vere pirat!" sa Jerry Seinfeld då han fekk på seg denne flotte skjorta. Men piratane i dag er ikkje så synlege, dei sit heime i skjul, for dei har ikkje noko anna val enn å bli nettopp piratar.

Entusiasten, filmelskaren, den serieavhengige som ikkje vil vente til favorittserien kjem på NRK, eller ut på Blu-ray. Dei som vil ha neste episode med det same den rullar over dei amerikanske tv-skjermane. 

I skrivande stund finst det ikkje noko alternativ dersom piratane ynskjer å fylgje med på dei nyaste tv-seriane frå USA. Dei kan sjølvsagt abonnere på HBO Nordic og Netflix, og kanskje ein av dei mange andre kabel- eller parabolleverandørane, men det blir litt som å abonnere berre på musikk frå Sony Music, eller ha eit filter på Spotify som berre slepp gjennom Bjørn Eidsvåg, eller Josh Groban. Det blir litt stusselig når ein ynskjer å høyre på både Frank Zappa og AC/DC på same spelelista. Utvalet som desse aktørane presenterer er mildt sagt magert. Den ulovlege tenesta Popcorn Time har mykje større utval, av både gammalt og nytt. Men det finst ikkje eit lovleg Popcorn Time. Popcorn Time er jo berre ein litt lettare måte å dele filer på, med ein meir brukarvenleg søkemotor. Alternativet til Popcorn Time er ei drøss med abonnement, og framleis får ein ikkje i nærleiken av eit like tilfredsstillande tilbod.

Heldigvis har ikkje Spotify mange begrensingar. Her kan du høyre nesten alt som finst av musikk, sjølvsagt med enkelte tåpelege unntak, som t.d. ei lang rekke soundtrack. Tilkomsten av Spotify og liknande tenester har gjort at ulovleg nedlasting av musikk nesten er borte. Nokre av dei rikaste artistane har sjøvsagt trukke seg ut og vil tene meir pengar på musikken sin gjennom Tidal, deira eigen konkurrent til Spotify og liknande tenester. Dette er eit steg i feil retning. Det kan hende at artistane får for lite betalt for å bli streama, men løysninga er ikkje å trekkje seg ut. Då blir dei sjølvsagt lasta ned av Spotify-brukarar og integrert inn i vanlege spelelister. Vi må heller ikkje gløyme at dette er ein bransje som rasa av sinne mot opptakskassetten, (og etter kvart videoopptakskassetten), og spådde musikkens død. Det var vel ikkje slik at musikken fekk fleire lyttarar ved å ta opp kompisar sine plater? Nei, takk til piratane for at vi har fått Spotify! Og ser vi over til dataspelverda finn vi tenesta Steam, som lar deg kjøpe og laste ned både nye og gamle spel, til ein rimeleg penge, noko som har ført til at ulovleg nedlasting av pc-spel er så godt som borte. Og både Nintendo, Microsoft og Sony tilbyr nedlasting av spel til spelkonsollane sine.

Når det gjeld film og tv så er stoda ei heilt anna. Film- og tv-bransjen i USA lever i si eiga boble. Og Rettighetsalliansen i Noreg er med på å oppretthalde denne. Ei boble som har stogga opp ein eller annan gong på tidleg åtti-tal. Då filmane først gjekk på kino i USA, så kom dei ut på betal-tv, etterfølgd av VHS og til slutt vanleg tv. Ei stund etterpå gjekk dei same runden i andre land i verda. Verda var delt inn i pene og pynteleg soner, der det var eit svare strev med å halde styr på rettighetar og premieredatoar. Dei som var filmentusiastar måtte berre føye seg, og ta det vesle dei fekk, når dei fekk det. 

(Rettighetsalliansen, seier du. Kven er det? Høyrest ut som eit vondt intergalaktisk imperium, Jo, det er ein paraplyorganisasjon for norske rettighetshavarar, som blant anna samlar inn IP-adresser til Popcorn Time-brukarane, og som i tillegg meiner at Blu-ray er framtidas format. Klarer nesten ikkje å skrive dette utan å le.)

Heldigvis kom Internett, og alt endra seg. Så snart ein film kunne digitaliserast kunne den leggjast ut på nettet. Og så snart DVD-en kom på marknaden, og folk byrja få raskare nett byrja piratane verksemda si. Ein skulle jo tru at bransjen ville følge etter? Endre litt på releasedatoar og mjuke opp regionssperrene? Men nei då. Berre små endringar har skjedd. Ein del filmar har no same releasedato på kino over heile verda. Storfilmar, sjølvsagt, ikkje dei små og uavhengige. Dette er det piratane som har fått til - det skal dei ha. No har faktisk storfilmar kanskje til og med premiere nokre dagar FØR i Noreg! Takk, Piratebay, seier eg. Dette har dei klart å tvinge gjennom. Kinobransjen innsåg at dei måtte gjere dette, elles så ville ikkje ein kjeft gå på kino i Europa. Kinobransjen var så desperate at dei til og med fekk liv i 3D formatet igjen. Og kinoar tilbyr luksusstolar, twist og kaffi for å bukte med piratane. Og sjølvsagt går eg på kino for å sjå ein storfilm som fortener stort lerret og høg lyd. Men når skal det bli forbod mot å tygge med open munn i norske kinosalar? I alle fall når ein et baconcrisp?

Framleis er det ein lang veg å gå.

Eg skal ta eit hypotetisk døme: Ein fiktiv person likar å sjå Game of Thrones, The Walking Dead og The Big Bang Theory. Kva må denne personen gjere i Noreg for å sjå dette rett etter episodane har gått på amerikansk tv? I skrivande stund kan han gjere som fylgjer: Han kan ha abonnement på HBO Nordic og få med seg Game of Thrones. Framleis står han utan dei to andre. Då kan han ha eit abonnement som inneheld FOX HD, og faktisk få med seg The Walking Dead berre to dagar etter USA-visning. Det er ikkje verst. Men framleis står han utan The Big Bang Theory. Dette viser ikkje TVNorge før ein månad og to etterpå. Ikkje lett dette her. Kva om han i tillegg likar The Blacklist og Hell on Wheels, og Falling Skies osv, osv. Kor mange abonnement må han ha? Og kor mange tenestar skal han måtte betale for? Og ikkje minst: kor lenge må han vente for å få tilgang på dei nyaste episodane? Med unntak av HBO må han i tillegg sjå alt på lineært TV i tillegg, med reklameavbrot!

Kor vanskeleg er det for dei amerikanske tv-kanalane å lage ein felles platform, som minner om den ulovlege tenesta Popcorn Time? Ikkje vanskeleg i det heile tatt. Faktisk er det ekstremt lett. Men dei må gi slepp på nokre kjepphestar. Dei må slutte å dele verda inn i soner, og i staden for sleppe alt på same tida, overalt. Og dei må slutte å tenke ordet "eksklusivitet". Dei må slette det frå harddiscen. Internett er anarkistisk. Folk vil sjå det dei vil, når dei vil, og dei er faktisk villige til å betale for det! Nedgangen i ulovleg musikknedlasting etter Spotify viser oss nettopp dette. Dei store selskapa samarbeider i staden intenst for å fakke piratane! Oh, the irony!

Piratane har pengar, og dei vil gjerne betale. Kanskje fleire hundre kroner i månaden for ei teneste som lar dei sjå alle dei seriane dei vil, når dei vil og korleis dei vil. Dei som kjøper mest DVD og Blu-ray er også dei som lastar mest ned ulovleg. Dei har pengane, berre ingenting å bruke dei på! Tretten millionar er rekorden i antal nedlastingar på ein enkelt episode av Game of Thrones. Tenk om berre halvaparten av desse abonnerte på ei teneste til 200 kroner i månaden? 100 kroner i månaden? Det kunne blitt mykje pengar av dette.

Dei som meiner at nettet skal sperrast av for sider som Piratebay ser alt i svart-kvitt. Dei evnar ikkje å sjå gråtonane her. Det å laste ned ein film er ikkje det same som å stele ein bil. Det er som å låne ei bok på biblioteket. I prinsippet er det akkurat det same. Det er gratis og det har same kvaliteten som det å kjøpe boka. Ja, men biblioteket har jo kjøpt den, seier du! Ja, men nokon har også kjøpt den DVD-en dei har rippa, nokon har kjøpt eit Netflix-abonnement og valgt å legge ut episodane til andre etterpå. Dette er satt på spissen, men dei digitale media krever det av oss.

For å setje det meir på spissen. Piratjegarane samanliknar nedlasting med tjuveri, altså det same som å stele ein bil. Dette er tåkelegging, avsporing og forenkling av debatten. Sjølvsagt er det ikkje det same å ta ein bil. Den dagen du kan laste ned ein kopi av naboens bil, då har du ei brukande samanlikning. Naboen har framleis bilen sin, medan du har ein kopi - i enkelte tilfeller med litt finare lakk, spesielt dersom du samanlikner med HBO som har dårlegare kvalitet på streaming i Norden enn i USA - der piratane legg ut episodane frå.

Dette er nytt, og vi må tenkje nytt. For piratane forsvinn aldri. Absolutt aldri. Den einaste måten å bli kvitt dei, er å gi dei eit betre alternativ. Ikkje like godt, men betre. Betre enn Popcorn Time. Betre enn å laste ned filene manuelt. Det dei tilbyr piratane no, er førti tjue år gamle Ladaer, når dei ynskjer å kjøpe ein skinande ny Ferrari. Gjerne til full pris! Med ekstrautstyr!

Eg drar det bittelitt lenger, eg. Eg vil faktisk dra det så langt som å seie at så lenge du har eit kabel- eller parabolabonnement, og i tillegg betaler NRK-lisens, så kan du laste ned så mykje du vil av amerikanske tv-seriar. Bruker vi dei tidlegare nevnte seriane, så har NRK rettar til å vise Game of Thrones, FOX har The Walking Dead og TVNorge har The Big Bang Theory. Alle dei andre seriane eg nevnte går på kanalar som er tilgjengelege i Noreg. Dersom du betaler for desse kanalane burde det vere opp til deg når du vil sjå seriane, og sidan kanalane ikkje viser dei umiddelbart og har elendige streamingmoglegheitar, må du finne dei på eiga hand. Og då synest eg du skal gjere nettopp det. Gjennom å stadig laste ned seriar, vil piratane til slutt tvinge tv- og filmbransjen til å tenke nytt. Dei vil måtte bli einige om ein platform, som Spotify, som funkar både for film og tv.

Når vi snakkar om seriar og filmar som ikkje ein gong er tilgjengelege i Noreg, eller Europa for den saks skuld, då er det i alle fall fritt fram. Korleis kan ein stele noko frå naboen, som naboen ikkje har?

Til og med HBO innrømmer at piratane er eit gode. HBO er kanskje den største aktøren på denne marknaden, som produserer seriar som nettopp Game of Thrones, og som tidlegare har gitt oss både Sopranos, The Wire, Band of Brothers og Boardwalk Empire. Då sjefen for Time Warner (som eig HBO), Jeff Bewkes, fekk høyre at Game of Thrones var det mest nedlasta programmet på tv, innsåg han den enorme marknadsføringsverdien i dette og uttalte: "Dette er betre enn å vinne ein Emmy!" Sjølvsagt er det det. Piratane er med på å skape buzz om seriar og filmar. Dei bloggar og twitrar, noko som gjer at fiktive hendingar i Game of Thrones dukkar opp som avisoverskrifter over heile verda. Dette hadde aldri skjedd om serien berre gjekk på vanleg tv. 

I tillegg så gjer piratane oss ei stor teneste som rettighetshavarane sjølv ikkje klarer, nemlig å tilby ein enorm katalog av gamle og halvgamle filmar og tv-seriar. Ting som har gått ut av databasen til Netflix, men som framleis har ein stor filmhistorisk verdi. Folk kjøper jo nesten ikkje fysiske kopiar lenger. Så kor skal dei få tak i dette om ikkje ulovleg på nettet? Bransjen veit om dette, men bryr seg ikkje. For dei handlar ikkje dette om å tilby kundane eit breitt utval av både nytt og gammalt. Det handlar om pengar, kort og godt. Og dei blir sure når dei veit at dei må bli einige med konkurrentane sine for å få dette til. 

Å tvinge Telenor til å stenge Piratebay er sensur. Uansett korleis du ser på det. Piratebay er ein søkemotor, akkurat som Google. Du kan søke på akkurat same tinga i Google, td. "Game of thrones s01e01 torrent", så vil du faktisk finne fleire linkar via Google enn Piratebay. Forskjellen er at Piratebay har spesialisert seg på å finne torrentfiler, medan Google finn ein del andre ting i tillegg. Ikkje berre er det fullstendig nyttelaust å stengje Piratebay, det er sensur av eit Internett som burde vore fritt. Det blir litt som om å ha ei vakt ved sida av postkassa, som sjekker om du får post som bryt lova. Eller fascisme, som eg likar å kalle det. 

Eg vil slutte å kalle dei som lastar ned ulovleg for piratar, men heller fridomskjemparar, motstandsfolk og heltar! Dei blir kjeppjaga av filmindustrien for å gjere jobben deira for dei. Ein grådig bransje som fortener å gå på trynet om dei ikkje skjerpar seg. Ein bransje som hyler og skrik over kor mange tilsette som mister jobben sin pga nedlasting. Korleis våger dei å leggje skulda for dette over på kundane sine? Ja, eg kaller dei kundar sidan det er dei same menneska som også er dei beste betalande kundane deira. Filmbransjen er i tillegg veldig bekymra for at den smale filmen forsvinn pga nedlasting, dei har rett og slett ikkje råd til å produsere dei lenger. Dette har dei skuld i sjølv. Stadig vekk knuser Hollywood sine eigne publikumsrekordar, folk bruker sine siste surt tente dollar og sender superheltfilmar gong etter gong opp på kinotoppen. Kva med å bruke overskotet til nokre små og smale filmar innimellom?

Dersom bransjen er bekymra for oppseiingar, så veit dei sjølv løysinga: Lag eit alternativ som knuser Popcorn Time ned i støvlane. Inntil det skjer håper eg motstandsfolka held fram med å laste ned ulovleg, så kan vi håpe at bransjen kjem ut av steinaldergrottene sine, og faktisk tilpassar seg. Det er på høg tid.

Tilbake til sandkassen

Det er ikkje lett å forklare ein utanforståande ting ein sjølv likar. Eg har vore stor fan av spelserien Grand Theft Auto sidan spel nummer tre kom ut i 2001. I desse spela blir du plassert i ei open verd der du tilsynelatande kan gjere kva du vil, med herlege karakterar, ein gjennomført umoral og ei satirisk framstilling av absolutt alle mennesketypar, ja, det grensar til tider mot menneskeforakt, og det er rågøy!!

Det er britiske Rockstar Games som står bak serien, eit firma som har opplevd enorm suksess med både GTA, og det westerninspirerte Red Dead Redemption. Eg har spelt alle spela som har kome i serien etter GTA III, og det nyaste tilskotet, GTA V, var ikkje noko unntak. For dei som ikkje er heilt med så har det vore langt meir enn eitt spel innimellom, faktisk heile sju om du tar med Nintendo DS-versjonen.

Artig video der eldre diskuterer Grand Theft Auto 5.

GTA V er det største spelet så langt i serien. I den fiktive amerikanske delstaten San Andreas tar du styringa av tre veldig forskjellige karakterar og speler deg gjennom ei historie om venskap, svik, kjærleik, barneoppdragelse, utroskap og korleis bli ein mest mogleg suksessfull forbrytar. I tillegg kan du kose deg med naturfotografering, jakt, snikmyrding, pilottrening, ran, dykking, skydiving, dart, jakt på alien-artefakter, narkosmugling og dersom du vil kan du løyse ei gammal krimgåte. Det er med andre ord eit omfattande spel, som tar mange timar å gjennomføre hundre prosent. Noko eg for øvrig aldri har gjort, ein del av bil- og flystunta er rett og slett for vanskelege for meg.

Spela har heilt sidan starten vore kontroversielle. Den første marknadsansvarlege i Rockstar Games sende faktisk pressemeldingar til kristne politikarar i Storbritannia berre for å provosere dei, og for å få negativ omtale. Politikarane hylte om forbod før det første spelet kom ut. Men kritikarane har kasta seg på også etter spela vart populære. Spesielt på grunn av valden, og ikkje minst fridomen du har som spelar. Du kan velje å kaste ein handgranat inn i ei folkemengde, og i neste augneblink kan du leite etter pusekattar å fotografere med mobilen din. Og sjølvsagt alt innimellom. Ting du normalt ikkje ville gjere i det verkelege liv. I alle fall ikkje eg. Dette er ei verkelegheitsflukt ulikt noko anna. Det er faktisk utruleg underhaldande å kjøre rundt på stranda med tanks, eller hoppe ut i fallskjerm frå ein skyskrapar.

Spela har måtte tåle mykje kritikk på grunn av valden, og sjølvsagt er det mange foreldre rundt om kring i verda som ikkje likar at barna speler det, men dette er faktisk foreldra sitt ansvar. På same måten som det er foreldra sitt ansvar at ungane ikkje drikk lampeolje, røyker hasj, eller køyrer på svaner med vannscooterane sine. GTA er ikkje ein spelserie for barn, mykje av innhaldet forutset at du har ein del livserfaring, og kjennskap til både politikk og populærkultur. Det er mogleg å hindre barna i å spele det, og det beste er at foreldra speler det sjølv. Finn ut kva det er, og snakk om det med barna. Å oppleve det sjølv før ein eventuelt kritiserer. Minstekravet må vere at dei tileigner seg kunnskap. Helst då frå truverdige kjelder.

Det gjorde ikkje Kvinnefronten då dei valde å kritisere GTAV sitt kvinnesyn, det var dumt av dei. Først gav dei ut ei slags pressemelding der dei bad butikkar om å fjerne "søpla" frå hyllene. Eit veldig nyansert uttrykk dei valde å bruke. Dei meinte at butikkane valde profitt framfor etikk. Dette fekk dei mange klager på, og etterpå skreiv dei ein kronikk om tema. Hadde dei spelt spelet i mellomtida? Nei, det hadde dei ikkje. Dei baserte seg på youtube-klipp, og ikkje dei klippa som viser at du kan fotografere pusekattar. Dei orsaka seg ikkje og ville aldri slutte å ta opp kampen mot kvinnehat. Eit flott engasjement. Berre så synd at dei denne gongen bomma totalt.

Ja, du kan kjøpe seksuelle tenestar i spelet, og du kan velje å drepe den prostituerte etterpå. På same måten som du kan velje å drepe absolutt alle i spelet! Til og med kattepusen kan du knerte med øks etter du har fotografert han. Men du kan ikkje utøve seksualisert vald mot dei prostituerte, og poenga du får dersom benyttar deg av tenestane deira dei er minimale. Du får meir poeng for å kjøpe noko i ei brusautomat. Dei prostituerte er ein del av bybilde i spela, og det er ingen som oppfordrar deg til å oppsøkje dei. For nyansen sin del kunne det gjerne vore mannlege prostituerte også, eller mogleg å spele ein kvinneleg karakter. Dette trur eg kjem med tida. Tre av spela i serien har svart hovudperson, noko som heller ikkje var naturleg for nokre år sidan. Og mange store spel har kvinnelege hovudpersonar, i enkelte spel kan du til og med velge kjønn når du startar opp. Dette er ei utvikling som gjeld heile spelindustrien, og som er i endring.

Det er eit val speldesigneren har gjort, seier kritikarane, at det er mogleg å drepe desse kvinnene, derfor er spelet kvinnefientleg. Dette vitnar om mangler på kjennskap til sjangeren som GTA er ein del av, nemlig det vi kallar sandkassespel. Ein sjanger der du kan vandre heilt fritt i ei fiktiv verd og gjere omtrent akkurat det du vil. Den einaste begrensinga som er lagt inn går på barn. Det er ingen barn, skular eller barnehagar i den fiktive verda GTA har skapt. Det blir nok for nær opp mot skulemassakrekvardagen i USA. Det er heller ikkje mykje snakk om jødar eller muslimar, men framandfrykt er det ekstremt mykje av. Dette er jo ein parodi på det amerikanske samfunnet. Men altså ikkje for barn.

Du drep i tillegg langt fleire menn enn kvinner i spelet, for å seie det slik. Politifolk, soldatar, sikkerhetsvakter, gjengmedlemmar osb osb. Å velje seg ut ein del av spelet og kalle seg krenka, det blir å ta ting ut av samanhengen. Var Hitler slem utelukkande fordi han var vegetarianar? Eller fordi han hadde bart? Korleis skal då ein veganar frå Trøndelag føle seg?

Men kvinnefigurane er framstilt så teite og stereotypisk, seier kritikarane. Ja, det er dei. Dei er faktisk framstilt så teit at det grensar mot parodisk. Tanta til den eine hovudpersonen i GTA V får verkeleg gjennomgå. Og dottera til den andre hovudpersonen er fullstendig blåst i hovudet, for ikkje å snakke om kona hans. Og ikkje minst sonen hans. Den hasjrøykande, arbeidsledige, heimebuande gameren som irriterer far sin grenselaust. For absolutt alle i GTA blir framstilt som stereotypar. Ikkje berre kvinnene. Her får alle gjennomgå. Svarte unge menn, middelaldrande kvite gubbar, canadiarar, europearar, rednecks, jegarar, kristne, asiatar, tv-vertar, konspirasjonsteoretikarar, elvisimitatorar, yogainstruktørar, filmprodusentar og ikkje minst spelindustrien sjølv. Blant mine favorittar er nok den kyniske nettsida Lifeinvader, ein klar parodi på Facebook. Produkt som IfruitPhone, Petsovernight.com, Pisswasser beer er berre nokre få som gjer narr av forbrukarsamfunnet vi bur i. Den religiøse sekta Epsilon som tilber guden Kifflom, er ein hysterisk parodi på scientologikyrkja. Eg gler meg til dei skal gå laus på Donald Trump i neste spel, sjølv om han ofte overgår parodiane.

Politikarar og det amerikanske samfunnet er dei som får gjennomgå mest. Gjennom heile spelserien osar det av samfunnskritikk og satire. Mykje av dette er til stades gjennom alle radiokanalene du høyrer på medan du kjører rundt på ulike oppdrag, men også gjennom spela sine storyar. Den amerikanske draumen blir latterliggjort, og amerikanarar blir framstilt som stormannsgale våpenelskarar, alkoholiserte og psykotiske, men med eit godt hjarte, i alle fall innimellom. Hovudpersonane er ikkje noko unntak. Du som speler kan sjølvsagt legge dine eigne moralske verdiar til grunn for korleis du oppfører deg. Du kan ta omsyn til fotgjengarar om du vil, du må ikkje oppsøke dei prostituerte, og du treng ikkje kjøre på alle syklistar du møter (sjølv om dette siste er moro).

Her ein ein link til ein debatt om spelet på NRK sine nettsider.

Dataspel er kunst. Dette er etter mitt syn ein ukontroversiell påstand. Dersom film og tv er kunst, då er i alle fall dataspel kunst. Blandinga av godt manus, god historieforteljing, nydeleg design, fantastisk animasjon, sylskarp satire og strålande skodespelarprestasjonar gjer GTA V til stor kunst. Dersom du meiner at filmar som Gudfaren og Scarface er kunst, eller TV-seriar som Sopranos, så kan du ikke meine noko anna enn at Grand Theft Auto er kunst. GTA inneheld også haugevis av referansar til populærkultur, nokre er veldig tydelege, andre nesten umoglege å få med seg. Men også Sopranos var full av referansar til nettopp Gudfaren.

Eg har hatt store spelopplevingar. Ikkje berre med GTA. Spel som Red Dead Redemption var på eit visst tidspunkt eit skikkeleg spark i magen, og det dystopiske action-spelet The Last of Us er rein spelpoesi. Styggvakkert, rørande og intenst spennande.

Kvinnefronten gjer mykje bra for feminismen. Men å kalle alle som speler Grand Theft Auto for uetiske kvinnehatarar blir veldig usaklig. Eg kjenner meg ikkje igjen i den beskrivinga. Minner om debatten då Life of Brian blei forboden i Noreg, og få av kritikarane hadde gidda å sjå den. Best å halde seg til ting ein har greie på. Ha eit ope sinn, slik som mange av desse eldre i videoane. Du treng ikkje like Grand Theft Auto, men ikkje la din manglande kunnskap og ditt moralske snevre syn hindre andre i å like det.

Ein endå artigare video der eldre speler Grand Thefta Auto 5.

Eg betaler gjerne for NRK, men ikkje på denne måten.

Eg har eigentleg vore motstandar av å lisensfinansiere fjernsyn heilt sidan TV2 kom på marknaden i 1992. Det er mange grunnar til det, og her skal eg kort liste opp nokre av dei. 

- NRK har ikkje lenger den oppdragande allmenkringkastarrolla dei ein gong hadde.

- NRK har for lenge sidan byrja måle suksessen sin i sjåartal, noko som skal vere heilt uvesentleg for ein lisensfinansiert kanal. Dei snakkar om å "vinne" fredagskvelden, og "ta helga" frå dei andre kanalene. Dette skal ikkje bety noko for ein kanal som skal tene heile folket. 

- "Denne sendingen presenteres av..." 

- http://nrkbutikken.no/

- Kampen om tungvannet.

- NRK har fått for seg at dei skal kjøpe inn dei tåpelegaste reality-seriane frå utlandet. Og sanneleg produserer dei slikt sjølv òg, med Anno som versting. Fine kulissar og flinke statistar var ikkje hjelp i. Konseptet er problemet.

- NRK øydelegg barn si forståing av framandspråk med å dubbe både barne- og ungdomsseriar på NRKSuper. Det hjelper ikkje at dei gjer det på samtlege norske dialektar. Eg føler at ein liten bit av hjernen min døyr kvar gong eg tilfeldigvis er innom. Det er dette vi har Disney Channel til.

- Lilyhammer.

- Sport er det for mykje av. Dette høyrer heime på kanalar for spesielt interesserte, slik som nyare film høyrer heime på filmkanalar.

- NRK har aldri vist Star Trek, og har dermed frårøva oss som vaks opp på sytti- og åttitalet ein viktig del av populærkulturen. Sci-fi har i det heile tatt vore totalt ignorert. Det er faktisk folk i Noreg som ikkje veit kven Leonard Nimoy var.

- Det er noko litt fascistisk over å måtte betale for å eige ein tv-mottakar.

- DAB, sjølv om dette ikkje berre er NRK sin feil.

- At Derrick går i reprise.

- NRK påstår dei er gratis, det er dei jo ikkje, du betaler lisens, og du må betale tilknytningsavgift til signalleverandør.

- NRK (og alle dei andre) må tilpasse seg framtidas sjåarar, folk vil ikkje lenger sjå tv samtidig som alle andre. Folk vil streame, og laste ned til paddene sine og sjå når det passar. Lisensen funkar ikkje i denne samanhengen, den blir urettferdig. 

- NRK er ikkje lenger einerådande på nyheiter, det finst ein haug med kjelder som er like gode. Folk kjem ikkje til å ville benke seg framfor Dagsrevyen om nokre år. Nyheiter funker best på nett. Og NRK si dekking av nyhende er akkurat like spekulativ og prega av click-bait som alle dei andre kommersielle kanalene.

- Debattprogram er stort sett berre dårleg organisert krangling. 

- NRK viser ikkje årets viktigaste direktesending - Oscarutdelinga.

- Dei beste dokumentarfilmane går på kino.

- Lykkeland.

- Det er snart ikkje fleire stader igjen i dette landet der ingen skulle tru at nokon kunne bu. 

- Halvbroren.

- NRK bruker ca 100 millioner på å kreve inn lisensen. 

- Dei har i alle år hatt ein tendens til å ikkje vise ferdig utanlandske tv-seriar. Det held med nokre få sesongar, virkar det som dei tenkjer. I farten kjem eg på Curb your enthusiasm, Red Dwarf og The Practice. I tillegg har dei ein lei vane å flytte sendetidspunkt, sendedag og kanal når det passar dei. Det var t.d. heilt umogleg å få med seg The Sopranos på NRK.

- NRK har dubba Michael Palin og David Attenborough.

- Kvaliteten på humorprogramma til NRK har dei siste åra gått rett nedover. Dette kan sjølvsagt endre seg over tid, men eg er ikkje optimistisk. TV2 er like ille. TVNorge er faktisk for tida mykje betre! Og det har dei vore i fleire år no.

- Heimebane.

- NRK er veldig Oslofiksert. Når dei seier Sør-Norge, meiner dei Oslo. Når dei seier heile Norge, meiner dei Austlandet.

- Som observante lesarar har oppdaga har eg lista opp dramaseriar innimellom her. NRK viser særs middelmådig drama og bruker store summar på det. Eg lengta mang ein gong etter reklamepausar under tungvannet.

Men er det ingen grunnar til å ha tv-lisens, seier du? Joda, det er det.

- NRK har ein gong for lenge sidan vist filmen Withnail & I.

- NRK Hordaland.

- Fleksnes.

- Dei viser ikkje reklame. (Noko som stort sett er bra, bortsett frå når eg ser norske dramaseriar.)

- Dei har hatt opplesing av to av bøkene mine i Barnetimen og betalte meg for å høyre på.

- Barnetimen. (I alle fall då eg var liten. Det var her eg "las" bøker.) Men no er jo denne nedlagt, og mine bøker er ikkje å finne i arkivet.

- Høyrespel på laurdagen. (I alle fall då eg var liten.)

- Dei viser av og til gode filmar, sjølv om dei er gamle og ofte i reprise.

- Det meste som Harald Eia og Bård Tufte Johansen var involvert i. (Som dei har mista til TVNorge.)

- Julemorgen med Nissa og Elisabeth. (Inkludert Askepott.)

- At dei viste Poltergeist ein gong for lenge sidan og det skapte debatt.

- L.A. Law og Miami Vice.

- Dei tekstar av og til på nynorsk.

- Dei har ei oppegåande nettside, og ei nettløysing som har potensiale.

- Melodi Grand Prix.

- Og den kanskje viktigaste grunnen: Dagens blåblåblå regjering vil ha lisensen fjerna, men får det ikkje til. Og dei prøver å få NRK til å gå vekk frå nettsatsinga, noko som sjølvsagt er totalt øydeleggjande for NRK, og det er ikkje det eg vil. Slett ikkje.

Eg likar NRK.

Dei viser mykje bra. 

Dei tenkjer nytt. Som med Skam og Hurtigruten.

Eg kjem aldri til å stemme på eit parti for å få lisensen fjerna.

Det er til NRK sitt eige beste at dei går vekk frå lisensmodellen og over på ein annan betalingsmodell. Ei meir framtidsretta, nettbasert tv-løysing. Generasjonen som ikkje har noko forhold til streaming og nett og slikt er i ferd med å døy ut. Den nye generasjonen ser tv på mobilen, på pc-en og via alt anna enn tradisjonell tv-mottakar. NRK truar med å innføre éin lisens pr. husstand i staden for, slik at det blir enklare å krevje inn. Dette er ikkje vegen å gå. Det blir faktisk endå meir urettferdig.

Det er betre at NRK sjølve tar initiativet til dette, og skaffer seg frivillige sjåarar, for plutseleg får vi ei endå blåare regjering. Med fleirtal! Då er det ute med NRK. Kvar skal dei då gjere av seg? Utan ei krone.

Eg er meir tilhengar av å betale for dei kanalene eg vil ha. Det blir påstått at lisensen står sterkt, og mange synest det er greitt å betale for å sleppe reklame-tv, då bør det ikkje vere noko problem å legge om til ei anna betalingsform, eg er sikker på at mange faktisk vil betale for å få NRK sine kanalar. Utan tvang. Kanskje ikkje dei som dominerer i VG sitt kommentarfelt. Men mange andre.

Eg betaler gjerne for NRK, men eg vil ikkje betale for noko eg ikkje bruker. Og nei, det er ikkje det same som at mine skattepengar går til barneskular når eg ikkje går på skulen lenger. SKI-VM, Heimebane, Pinlige sykdommer og Melodi Grand Prix er ikkje viktig for samfunnsbygginga. Det er underhaldning, eller for meg er i alle fall Melodi Grand Prix underhaldning, dei andre døma kan eg klare meg uten. Så kvifor må eg betale for dei? Det hamonerer ikkje med rettferdssansen min.

Våren 2019 kom omlegginga, frå lisens til NRK-skatt, der inntekta bestemmer kor mykje du skal betale. For ektepar/sambuarar med over 350 000 kvar i lønn blir det dyrare enn før, men for dei som tener mindre kostar NRK ingenting. Du må framleis betale for noko du ikkje nødvendigvis bruker, og med denne skatten må ALLE betale, sjølv om dei ikkje eig fjernsynsmottakar. Det er framleis tvang involvert, berre betre skjult på skattesetelen. Ikkje ei god løysing.

NRK har ein viktig tv- og kulturhistorisk plass i det norske samfunnet, og det er sjølvsagt at dei må delfinansierast via statsbudsjettet, og via kanalpakken du velger å abonnere på. Dei blåblåblåbrune klarer ikkje å fjerne NRK meir enn dei klarer å sparke Krekar ut av landet. Eller å få Sylvi Listhaug, Per Sandberg, Tor Mikkel Wara m/fam. til å oppføre seg.

NRK får kanskje ikkje inn fem milliardar på denne måten, men så kan dei kutte ut nokre av dei meiningslause sportssendingane dei plager oss med. Kanskje dei til og med kan la ungane få høyre originalspråket på NRKSuper?