Bokmelding: "Kodeord Overlord" av Tor Arve Røssland.

terningkast-6.jpg

Forfattaren anmelder si eiga bok Kodeord Overlord, utgitt på Vigmostad & Bjørke.

kodeord overlord.jpg

I den nyaste boka si reiser Røssland tilbake til andre verdskrigen. Det har han gjort før, i boka Glimt, men denne gongen er det ikkje norskekysten som er bakteppe, men den idylliske byen Effingham i bildeskjøne Surrey. Men det startar i London, der ti år gamle Henry Smith blir evakuert frå tyskarane si nådelause blitzbombing. Far hans døyr, og mora blir igjen i byen for å gjere jobben sin som sjukepleiar. Henry følger etter skulen sin, som blir flytta til tryggleiken på landet, langt unna bomberegnet. Han flyttar inn saman med rektoren på skulen og kona hans, medan bestekompisen Elliot hamnar hos bonden Philips.

Boka er fortalt i tilbakeblikk. For historia byrjar svært dramatisk den 4. juni 1944, to dagar før sjølve D-dagen. Henry blir arrestert av MI5 - sikkerheitstenesta, mistenkt for spionasje. Han blir avhøyrt av agent Mary White, og gradvis får lesaren innblikk i både dagleglivet Henry har levd dei siste fire åra, men også kvifor MI5 er sikre på at han jobbar for nazistane. Det er ei svært dramatisk historie som utfaldar seg.

Samtidig er boka eit godt tidsbilde av England i krigsåra. Den konstante frykta for tysk invasjon ligg heile tida i bakgrunnen. Men når ein stor militærleir, beståande av allierte soldatar frå både USA og Canada, dukkar opp, byrjar Henry å ane håp om at krigen nærmar seg slutten. Han er i det heile veldig opptatt av det militære. Han drøymer om å bli Spitfire-pilot, og saman med Elliot blir han fort vener med dei canadiske soldatane. Litt oppfriskande at det ikkje alltid er soldatar frå USA som blir framstilt som heltar.

Røssland har sagt at denne boka har han gått svanger med sidan han var rundt fjorten år, og at heile boka er inspirert av ei sann historie. Det skal ha vore mykje research involvert, men at mesteparten er oppdikta for å skape spenning. “Det er faktisk litt vemodig å forlate Effingham,” seier forfattaren, sjølv om han berre har vore der i diktinga. “Dei siste to-tre åra har eg på ein måte levd i Sør-England oppi hovudet mitt, eg har forestilt meg frykta for invasjon, og eg har prøvd å forstå korleis denne redsla ville ha påvirka ein gut frå han er ti år, til han blir fjorten. Eg lese uendeleg mange avisartiklar om hendinga eg baserte boka på, men også historiske nedteikningar frå landsbyen og Surrey-distriktet, og sjølvsagt frå London. Eg har sett meg inn i korleis evakueringa foregjekk, kva ei gassmaske lukta, korleis det engelske skulesystemet var oppbygd, korleis britiske mynteiningar har endra seg, kor mykje te som var i den daglege rasjoneringspakken, korleis gire med ei Sherman stridsvogn og uendeleg mykje anna. Nesten ingenting er med i boka. I tillegg har eg lytta til 30-40 tals musikk medan eg skreiv. Musikk som var skriven for å bygge opp kampmoralen i England.” Mykje Vera Lynn, då? spør underteikna. “Ja. Veldig mykje,” svarer forfattaren.

Hovudpersonen Henry Smith er ikkje redd for invasjon heile tida. Han er ekstremt fascinert av det militære, og sjølv om forfattaren er erklært “passiv pasifist” av Den Norske Stat, så deler han denne fascinasjonen. “Eg støtter ikkje så mykje av dagens krigføring og våpenutvikling som bl.a. Noreg driv med,” seier han. “Men samstundes ser eg kor stort det var at dei allierte faktisk slo tilbake Hitlers tyrrani. Eg vil ikkje tenkje på korleis Europa ville ha vore dersom nazistane hadde vunne. Millionar av sivile blei drepne, ein heil generasjon unge menn ofra seg på frontlinja, og mange av dei kom frå både Canada og USA. Eg har sett uendeleg mange dokumentarar om krigen, og uendeleg mange filmar og tv-seriar. Fascinasjonen og interessa for krigshistorie har alltid vore der. I tillegg er jo ein Spitfire eit nydeleg fly.”

Det kan underteikna skrive under på.

“Boka er også eit blikk på eit England lenge før både EU og Brexit,” seier Røssland vidare. “Og mykje av den framandfrykta vi ser i Europa idag eksisterte ikkje på same måten då. Flyktningar kom til England både frå Noreg og resten av fastlandseuropa, sjølvsagt gjekk ikkje dette knirkefritt, men det var ingen kampanjar som stempla dei som “lukkejegarar”, i alle fall. Og mange av flyktningane gjekk rett inn i kampen mot nazistane.” (No sit forfattaren og googlar om det var nokon som dreiv slike hat-kampanjar, men han finn ingenting. Faktisk burde vi skamme oss i dag, meiner han. Slik er researchens vesen.)

Røssland har likevel fått konfliktar i samfunnet godt fram. Ikkje alle var like begeistra for dei evakuerte barna, og mange var svært fiendtlege til soldatane frå det amerikanske kontinentet. Jack Watson er ein slik karakter. “Ja, Jack Watson ville nok ha stemt for Brexit,” innrømmer Røssland. Men boka prøver ikkje å gjere seg relevant i dagens politiske verd, det ville gjort den mykje mindre tidlaus. I staden for fortel boka ei dramatisk og spennande historie frå ei tid veldig mange ser ut til å vite svært lite om. “Eg er mykje rundt i skulane på forfattarbesøk og mange elevar veit svært lite om krigen,” sukkar forfattaren. “Det vil eg gjere noko med. På ein så spennande måte som mogleg. Før reality-tv øydelegg hjernane deira.”

Og spennande er det. Bruken av avhøyret som ei slags rammeforteljing funkar veldig godt, og Henrys møte med agent White er skremmande lesing. Ho skyr ingen midlar for å få sanninga ut av han.

Sjølve plotet vil ikkje underteikna røpe noko meir av. Men sentralt i handlinga står Henrys gryande mistanke om at ein som er veldig nær han, faktisk er tysk spion. Og at han sjølv kan ha blitt utnytta. Hitlers spionar er overalt, og dei er særs oppfinnsame.

På spørsmål om kvifor han ikkje berre skreiv boka som eit historisk drama svarer han: “Det er ingen kjelder som fortel heile sanninga rundt det som skjedde, men mange små og store kjelder som til saman har gjort det mogleg å dramatisere historia. Dette er gjort før av BBC, i filmen The Mountain and the Molehill, men den er akkurat like historisk ukorrekt som boka mi,” fortset Røssland. “Filmen neddramatiserte, og var i stadenfor ein film om gutar som var opptatt av kven som hadde størst tiss, og veldig mykje om forelsking og slike ting. Ikkje så interessant å skrive om i denne samanhengen, syntest eg. Filmen var likevel eit godt portrett av England i krigsåra, og den var inspirerande å sjå under skrivinga. Men eg har valt å dramatisert hendingane noko valdsamt, for å gjere det eg like best: skrive spenning for barn og unge. Og forhåpentlegvis skape leselyst.”

Boka passar for alle som likar krigshistorie, men aller mest for dei som likar spennande bøker, for krigen er berre eit bakteppe for ei dramatisk forteljing om svik, sakn, venskap og Henrys ynskje om å bli akseptert av “stefaren”; rektor Cross.

Som vanleg meiner forfattaren at dette er den beste boka han har skrive, og sjølvsagt den beste boka som er komen ut på fleire år. “Ja, det seier seg sjølv,” avsluttar han.

Bokmelding: "Glimt" av Tor Arve Røssland

Årets bok skal granskast av den mest kritiske av alle lesarar, nemleg forfattaren sjølv.

Det er ikkje lett å fylgje opp ein suksess som Svarte-Mathilda. Men det ser ut til at Røssland har klart å skrive nok ei horribel bok for ungdom, med iskalde grøss og nervepirrande lesestunder for den som tør.

Akkurat som i serien om det demoniske spøkelset Svarte-Mathilda fortel også Glimt to parallelle historier. Vi møter to femten år gamle ungdommar, Jon og Solveig, som bur på vesle og forblåste Grovøy. Jon har nyleg flytta ut dit, og Solveig skal akkurat flytte inn til fastlandet sidan ho nettopp har blitt foreldrelaus. Dei har mykje til felles, Jon og Solveig, men dei er skilde i tid med nærare åtti år. Jon si historie går føre seg i vår tid, medan Solveig si startar i april 1940 - då tyskarane okkuperte Noreg. 

Solveig blir raskt gjort til tenestejente i sitt eige hus, og slepp å flytte. Noko ho er endelaust glad for. Dette blir ordna av den tyske kommandanten som overtek huset. Ho mister dermed gradvis kontakt med vennenne og kjærasten, og føler seg svært åleine. Krigen blei mykje meir langvarig enn ho trudde, og dei andre på øya synest ho blir litt for gode vener med tyskarane.

Jon prøver å skaffe seg nye venner, men det er ikkje lett når orda heng seg opp i munnen, spesielt rundt nye og ukjende folk stammar han noko heilt forferdeleg. Han kjem likevel i kontakt med eit rockeband som øver i ungdomshuset, og han forelskar seg grenselaust i Rebekka, som speler trommer i bandet. Men ingen av ungdommane tør å vere i ungdomshuset om kvelden. Seier dei dette berre på tull? Eller er det noko der? Jon må finne ut kva, og det som skjer er ikkje for lettskremte.

Dei to historiene funkar særs godt kvar for seg, og når dei gradvis snirklar seg mot kvarandre, og vi skjønar kva som er i ferd med å skje, blir det faktisk svært ubehageleg å lese. Og forfattaren har røpt at noko av det var ubehageleg å skrive, òg. Solveig opplever grusomme ting, og forfattaren legg ikkje fingrane mellom her. Dette kjem til å verke støytande på enkelte lesarar.

Men kva tyder eigentleg tittelen? Glimt? Dette er noko som lesaren skal få finne ut sjølv. Etterkvart som både Jon og Solveig kjem nærare ei slags forklaring byrjar det å utkrystallisere seg ei forferdeleg sanning.

Boka er både spennande og grusom. Men i tillegg er det noko menneskeleg og skjørt over dei to hovudpersonane. Det er truverdig og fælt å sjå okkupasjonen saman med Solveig, og korleis ho får oppleve både det verste og beste i andre menneske. Men kanskje aller mest i Jon klarer forfattaren å skildre det såre og vanskelege som mange tenåringar slit med: det å skaffe seg venner når ein er sosialt utfordra. Kapittelet der han ringer far sin for å få bu hos han i Stavanger, er både rørande og trist.

Men Røssland dveler aldri for lenge med sosialrealismen - det skulle tatt seg ut. Ekkel steming og mystiske karakterar i både fortid og notid skaper spenning og uhygge. Den fæle løytnant Steiner som terroriserer Solveig set djupe spor i lesaren, og ikkje minst Jon sine møte med demente gamle frøken Hansen er med på å gjere dette til ein isande grøssar.

Dersom du treng materiale til å skrive skuleoppgåve om boka kan du streife innom tematikk rundt misbruk av jenter, eller valdtekt, rett og slett. Og korleis nordmenn oppførte seg mot dei som jobba for tyskarane under krigen. Begge deler slikt som norsklærarar set pris på.

Forfattaren har gjort ein del research rundt korleis krigen gjekk føre seg langs kysten, og datoen for invasjonen på Grovøy er 11. april, noko som er slåande likt datoen tyskarane invaderte Utsira. Og det er jo Utsira som har inspirert denne boka, akkurat som med den dystopiske thrilleren Soledad. Men denne gongen har forfattaren tatt seg litt for store fridomar både med geografien og ikkje minst krigshistoria, så både tyskarar og lokalbefolkning er fullstendig oppdikta.

Sidan vi kjem så tett på hovudpersonane, oppelever vi det grufulle endå sterkare. Solveig sin skjebne og Jon si makteslause overfor det overnaturlege blir vår kamp mot våre eigne indre fiendar. Mange ungdommar, og vaksne, vil  nok kjenne seg igjen i desse menneska. Dette er kanskje den beste boka Røssland har skrive. Så langt.