I don`t wanna be a pirate!

"Eg vil ikkje vere pirat!" sa Jerry Seinfeld då han fekk på seg denne flotte skjorta. Men piratane i dag er ikkje så synlege, dei sit heime i skjul, for dei har ikkje noko anna val enn å bli nettopp piratar.

Entusiasten, filmelskaren, den serieavhengige som ikkje vil vente til favorittserien kjem på NRK, eller ut på Blu-ray. Dei som vil ha neste episode med det same den rullar over dei amerikanske tv-skjermane. 

I skrivande stund finst det ikkje noko alternativ dersom piratane ynskjer å fylgje med på dei nyaste tv-seriane frå USA. Dei kan sjølvsagt abonnere på HBO Nordic og Netflix, og kanskje ein av dei mange andre kabel- eller parabolleverandørane, men det blir litt som å abonnere berre på musikk frå Sony Music, eller ha eit filter på Spotify som berre slepp gjennom Bjørn Eidsvåg, eller Josh Groban. Det blir litt stusselig når ein ynskjer å høyre på både Frank Zappa og AC/DC på same spelelista. Utvalet som desse aktørane presenterer er mildt sagt magert. Den ulovlege tenesta Popcorn Time har mykje større utval, av både gammalt og nytt. Men det finst ikkje eit lovleg Popcorn Time. Popcorn Time er jo berre ein litt lettare måte å dele filer på, med ein meir brukarvenleg søkemotor. Alternativet til Popcorn Time er ei drøss med abonnement, og framleis får ein ikkje i nærleiken av eit like tilfredsstillande tilbod.

Heldigvis har ikkje Spotify mange begrensingar. Her kan du høyre nesten alt som finst av musikk, sjølvsagt med enkelte tåpelege unntak, som t.d. ei lang rekke soundtrack. Tilkomsten av Spotify og liknande tenester har gjort at ulovleg nedlasting av musikk nesten er borte. Nokre av dei rikaste artistane har sjøvsagt trukke seg ut og vil tene meir pengar på musikken sin gjennom Tidal, deira eigen konkurrent til Spotify og liknande tenester. Dette er eit steg i feil retning. Det kan hende at artistane får for lite betalt for å bli streama, men løysninga er ikkje å trekkje seg ut. Då blir dei sjølvsagt lasta ned av Spotify-brukarar og integrert inn i vanlege spelelister. Vi må heller ikkje gløyme at dette er ein bransje som rasa av sinne mot opptakskassetten, (og etter kvart videoopptakskassetten), og spådde musikkens død. Det var vel ikkje slik at musikken fekk fleire lyttarar ved å ta opp kompisar sine plater? Nei, takk til piratane for at vi har fått Spotify! Og ser vi over til dataspelverda finn vi tenesta Steam, som lar deg kjøpe og laste ned både nye og gamle spel, til ein rimeleg penge, noko som har ført til at ulovleg nedlasting av pc-spel er så godt som borte. Og både Nintendo, Microsoft og Sony tilbyr nedlasting av spel til spelkonsollane sine.

Når det gjeld film og tv så er stoda ei heilt anna. Film- og tv-bransjen i USA lever i si eiga boble. Og Rettighetsalliansen i Noreg er med på å oppretthalde denne. Ei boble som har stogga opp ein eller annan gong på tidleg åtti-tal. Då filmane først gjekk på kino i USA, så kom dei ut på betal-tv, etterfølgd av VHS og til slutt vanleg tv. Ei stund etterpå gjekk dei same runden i andre land i verda. Verda var delt inn i pene og pynteleg soner, der det var eit svare strev med å halde styr på rettighetar og premieredatoar. Dei som var filmentusiastar måtte berre føye seg, og ta det vesle dei fekk, når dei fekk det. 

(Rettighetsalliansen, seier du. Kven er det? Høyrest ut som eit vondt intergalaktisk imperium, Jo, det er ein paraplyorganisasjon for norske rettighetshavarar, som blant anna samlar inn IP-adresser til Popcorn Time-brukarane, og som i tillegg meiner at Blu-ray er framtidas format. Klarer nesten ikkje å skrive dette utan å le.)

Heldigvis kom Internett, og alt endra seg. Så snart ein film kunne digitaliserast kunne den leggjast ut på nettet. Og så snart DVD-en kom på marknaden, og folk byrja få raskare nett byrja piratane verksemda si. Ein skulle jo tru at bransjen ville følge etter? Endre litt på releasedatoar og mjuke opp regionssperrene? Men nei då. Berre små endringar har skjedd. Ein del filmar har no same releasedato på kino over heile verda. Storfilmar, sjølvsagt, ikkje dei små og uavhengige. Dette er det piratane som har fått til - det skal dei ha. No har faktisk storfilmar kanskje til og med premiere nokre dagar FØR i Noreg! Takk, Piratebay, seier eg. Dette har dei klart å tvinge gjennom. Kinobransjen innsåg at dei måtte gjere dette, elles så ville ikkje ein kjeft gå på kino i Europa. Kinobransjen var så desperate at dei til og med fekk liv i 3D formatet igjen. Og kinoar tilbyr luksusstolar, twist og kaffi for å bukte med piratane. Og sjølvsagt går eg på kino for å sjå ein storfilm som fortener stort lerret og høg lyd. Men når skal det bli forbod mot å tygge med open munn i norske kinosalar? I alle fall når ein et baconcrisp?

Framleis er det ein lang veg å gå.

Eg skal ta eit hypotetisk døme: Ein fiktiv person likar å sjå Game of Thrones, The Walking Dead og The Big Bang Theory. Kva må denne personen gjere i Noreg for å sjå dette rett etter episodane har gått på amerikansk tv? I skrivande stund kan han gjere som fylgjer: Han kan ha abonnement på HBO Nordic og få med seg Game of Thrones. Framleis står han utan dei to andre. Då kan han ha eit abonnement som inneheld FOX HD, og faktisk få med seg The Walking Dead berre to dagar etter USA-visning. Det er ikkje verst. Men framleis står han utan The Big Bang Theory. Dette viser ikkje TVNorge før ein månad og to etterpå. Ikkje lett dette her. Kva om han i tillegg likar The Blacklist og Hell on Wheels, og Falling Skies osv, osv. Kor mange abonnement må han ha? Og kor mange tenestar skal han måtte betale for? Og ikkje minst: kor lenge må han vente for å få tilgang på dei nyaste episodane? Med unntak av HBO må han i tillegg sjå alt på lineært TV i tillegg, med reklameavbrot!

Kor vanskeleg er det for dei amerikanske tv-kanalane å lage ein felles platform, som minner om den ulovlege tenesta Popcorn Time? Ikkje vanskeleg i det heile tatt. Faktisk er det ekstremt lett. Men dei må gi slepp på nokre kjepphestar. Dei må slutte å dele verda inn i soner, og i staden for sleppe alt på same tida, overalt. Og dei må slutte å tenke ordet "eksklusivitet". Dei må slette det frå harddiscen. Internett er anarkistisk. Folk vil sjå det dei vil, når dei vil, og dei er faktisk villige til å betale for det! Nedgangen i ulovleg musikknedlasting etter Spotify viser oss nettopp dette. Dei store selskapa samarbeider i staden intenst for å fakke piratane! Oh, the irony!

Piratane har pengar, og dei vil gjerne betale. Kanskje fleire hundre kroner i månaden for ei teneste som lar dei sjå alle dei seriane dei vil, når dei vil og korleis dei vil. Dei som kjøper mest DVD og Blu-ray er også dei som lastar mest ned ulovleg. Dei har pengane, berre ingenting å bruke dei på! Tretten millionar er rekorden i antal nedlastingar på ein enkelt episode av Game of Thrones. Tenk om berre halvaparten av desse abonnerte på ei teneste til 200 kroner i månaden? 100 kroner i månaden? Det kunne blitt mykje pengar av dette.

Dei som meiner at nettet skal sperrast av for sider som Piratebay ser alt i svart-kvitt. Dei evnar ikkje å sjå gråtonane her. Det å laste ned ein film er ikkje det same som å stele ein bil. Det er som å låne ei bok på biblioteket. I prinsippet er det akkurat det same. Det er gratis og det har same kvaliteten som det å kjøpe boka. Ja, men biblioteket har jo kjøpt den, seier du! Ja, men nokon har også kjøpt den DVD-en dei har rippa, nokon har kjøpt eit Netflix-abonnement og valgt å legge ut episodane til andre etterpå. Dette er satt på spissen, men dei digitale media krever det av oss.

For å setje det meir på spissen. Piratjegarane samanliknar nedlasting med tjuveri, altså det same som å stele ein bil. Dette er tåkelegging, avsporing og forenkling av debatten. Sjølvsagt er det ikkje det same å ta ein bil. Den dagen du kan laste ned ein kopi av naboens bil, då har du ei brukande samanlikning. Naboen har framleis bilen sin, medan du har ein kopi - i enkelte tilfeller med litt finare lakk, spesielt dersom du samanlikner med HBO som har dårlegare kvalitet på streaming i Norden enn i USA - der piratane legg ut episodane frå.

Dette er nytt, og vi må tenkje nytt. For piratane forsvinn aldri. Absolutt aldri. Den einaste måten å bli kvitt dei, er å gi dei eit betre alternativ. Ikkje like godt, men betre. Betre enn Popcorn Time. Betre enn å laste ned filene manuelt. Det dei tilbyr piratane no, er førti tjue år gamle Ladaer, når dei ynskjer å kjøpe ein skinande ny Ferrari. Gjerne til full pris! Med ekstrautstyr!

Eg drar det bittelitt lenger, eg. Eg vil faktisk dra det så langt som å seie at så lenge du har eit kabel- eller parabolabonnement, og i tillegg betaler NRK-lisens, så kan du laste ned så mykje du vil av amerikanske tv-seriar. Bruker vi dei tidlegare nevnte seriane, så har NRK rettar til å vise Game of Thrones, FOX har The Walking Dead og TVNorge har The Big Bang Theory. Alle dei andre seriane eg nevnte går på kanalar som er tilgjengelege i Noreg. Dersom du betaler for desse kanalane burde det vere opp til deg når du vil sjå seriane, og sidan kanalane ikkje viser dei umiddelbart og har elendige streamingmoglegheitar, må du finne dei på eiga hand. Og då synest eg du skal gjere nettopp det. Gjennom å stadig laste ned seriar, vil piratane til slutt tvinge tv- og filmbransjen til å tenke nytt. Dei vil måtte bli einige om ein platform, som Spotify, som funkar både for film og tv.

Når vi snakkar om seriar og filmar som ikkje ein gong er tilgjengelege i Noreg, eller Europa for den saks skuld, då er det i alle fall fritt fram. Korleis kan ein stele noko frå naboen, som naboen ikkje har?

Til og med HBO innrømmer at piratane er eit gode. HBO er kanskje den største aktøren på denne marknaden, som produserer seriar som nettopp Game of Thrones, og som tidlegare har gitt oss både Sopranos, The Wire, Band of Brothers og Boardwalk Empire. Då sjefen for Time Warner (som eig HBO), Jeff Bewkes, fekk høyre at Game of Thrones var det mest nedlasta programmet på tv, innsåg han den enorme marknadsføringsverdien i dette og uttalte: "Dette er betre enn å vinne ein Emmy!" Sjølvsagt er det det. Piratane er med på å skape buzz om seriar og filmar. Dei bloggar og twitrar, noko som gjer at fiktive hendingar i Game of Thrones dukkar opp som avisoverskrifter over heile verda. Dette hadde aldri skjedd om serien berre gjekk på vanleg tv. 

I tillegg så gjer piratane oss ei stor teneste som rettighetshavarane sjølv ikkje klarer, nemlig å tilby ein enorm katalog av gamle og halvgamle filmar og tv-seriar. Ting som har gått ut av databasen til Netflix, men som framleis har ein stor filmhistorisk verdi. Folk kjøper jo nesten ikkje fysiske kopiar lenger. Så kor skal dei få tak i dette om ikkje ulovleg på nettet? Bransjen veit om dette, men bryr seg ikkje. For dei handlar ikkje dette om å tilby kundane eit breitt utval av både nytt og gammalt. Det handlar om pengar, kort og godt. Og dei blir sure når dei veit at dei må bli einige med konkurrentane sine for å få dette til. 

Å tvinge Telenor til å stenge Piratebay er sensur. Uansett korleis du ser på det. Piratebay er ein søkemotor, akkurat som Google. Du kan søke på akkurat same tinga i Google, td. "Game of thrones s01e01 torrent", så vil du faktisk finne fleire linkar via Google enn Piratebay. Forskjellen er at Piratebay har spesialisert seg på å finne torrentfiler, medan Google finn ein del andre ting i tillegg. Ikkje berre er det fullstendig nyttelaust å stengje Piratebay, det er sensur av eit Internett som burde vore fritt. Det blir litt som om å ha ei vakt ved sida av postkassa, som sjekker om du får post som bryt lova. Eller fascisme, som eg likar å kalle det. 

Eg vil slutte å kalle dei som lastar ned ulovleg for piratar, men heller fridomskjemparar, motstandsfolk og heltar! Dei blir kjeppjaga av filmindustrien for å gjere jobben deira for dei. Ein grådig bransje som fortener å gå på trynet om dei ikkje skjerpar seg. Ein bransje som hyler og skrik over kor mange tilsette som mister jobben sin pga nedlasting. Korleis våger dei å leggje skulda for dette over på kundane sine? Ja, eg kaller dei kundar sidan det er dei same menneska som også er dei beste betalande kundane deira. Filmbransjen er i tillegg veldig bekymra for at den smale filmen forsvinn pga nedlasting, dei har rett og slett ikkje råd til å produsere dei lenger. Dette har dei skuld i sjølv. Stadig vekk knuser Hollywood sine eigne publikumsrekordar, folk bruker sine siste surt tente dollar og sender superheltfilmar gong etter gong opp på kinotoppen. Kva med å bruke overskotet til nokre små og smale filmar innimellom?

Dersom bransjen er bekymra for oppseiingar, så veit dei sjølv løysinga: Lag eit alternativ som knuser Popcorn Time ned i støvlane. Inntil det skjer håper eg motstandsfolka held fram med å laste ned ulovleg, så kan vi håpe at bransjen kjem ut av steinaldergrottene sine, og faktisk tilpassar seg. Det er på høg tid.

Forfattaren intervjuar seg sjølv

 

 

 

 

Det er blitt ei ny greie at journalistar intervjuer forfattarene ved boklansering, i staden for å at dei gøymer seg bak skivepulten og anmelder bøkene utan å våge å møte forfattaren sitt blikk. Tøft av dei, eg likar ideen, og tenkte eg skulle kome dei i forkjøpet. Eg intervjuar meg sjølv.

Eg møter Røssland ein våt fredagsmorgon i slutten av august. Han sit på heimekontoret og trykker på tastaturet. Dette gjer han faktisk gjennom heile intervjuet, men eg vil ikkje vere frekk å kommentere det. Alle har sine greier. Han har eit kaffikrus det står Vandelay Industries på, og på pulten ligg det bøker og papir strøydd utover. Bak ein skrivebordslampe står det ein kosedyrversjon av Dumbo. Rett framfor står ein liten modell av BB-8 frå nye Star Wars-filmen. Eg hoppar i det.

Du kjem med ny bok i desse dagar, korleis har det gått?

Ikkje verst. Den kom litt før tida og ser skikkeleg fin ut. Glossy omslag og endeleg passerte eg to hundre sider med god margin.

Du skriv ikkje så lange bøker, har eg merka.

Nei, eg gjer ikkje det. Eg tenkjer at bøkene mine skal kunne lesast på ein lang ettermiddag. Eg likar å sjå dei for meg som ein film. Eg tenkjer veldig visuelt når eg skriv. Du skal ha mykje å fortelje dersom boka di skal bikke tre hundre sider. Spesielt om du i tillegg skriv seriar.

Ja, for du har jo skrive to seriar. Først fire bøker for barn i Pode-serien, og så tre grøssarar om spøkelset Svarte-Mathilda. Kva er det med serieformatet som lokkar?

Eg vil ikkje seie at det lokkar, eigentleg. Det var mest tilfeldig at Pode blei på heile fire bøker. Dei er frittståande og kan lesast kvar for seg, omtrent i den rekkefølga du vil. Når det gjeld Svarte-Mathilda så fekk eg ideen til alle bøkene omtrent samstundes, og eg skjøna at dette ville bli for langt og omfattande til å gi ut som ei bok.

Du fekk litt kritikk for å hoppe for raskt i det i den første boka om Svarte-Mathilda. At du ikkje tok deg tid til å bli kjent med karakterane før det byrja hende grusomme ting?

Som eg sa tidlegare. Eg tenkjer bøkene som film. Kan ikkje bruke for mykje tid på detaljar som lesaren kan fylle inn sjølv.

Også boka di Soledad fekk kritikk for dette på ein blogg. Eg siterer: "Boka kunne godt vært lenger. Gjerne hvertfall hundre sider i samfunnsskildring, så ca hundre sider til på plott-twistene, og du begynner å nærme deg noe." Kva har du å seie til dette?

Ikkje anna enn at bloggaren har beskrive nøyaktig den boka eg IKKJE ville skrive. Hundre sider på samfunnsskildring? Eit mareritt å lese slikt, synest eg. Kan ikkje vere stort betre å skrive det.

Svarte-Mathilda fekk også kritikk av ein bloggar for å fare med usanningar rundt bibliotekkartoteksystemet, sidan hovudpersonane kunne gå tjue år tilbake i tid å spore utlån.

Eg har sjølv jobba på bibliotek i ungdommen, det var null problem å finne ut kva folk hadde lånt. Sjølvsagt går alt på data no, men dersom biblioteket hadde teke vare på dei gamle kartoteka så ville det vore mogleg. Dette var altså det bloggaren valde å fokusere på i ei bok som handlar om demonar frå urtida. Jaja.

Men Svarte-Mathilda har også fått mykje skryt, og gjort det slik at du kan leve av å skrive. Har den ikkje?

Den har gjort det slik at eg leve av kombinasjonen å skrive og å reise på skuleturné.

Ja, for du reiser mykje rundt?

Ja, det gjer eg. I heile landet.

Og det likar du?

Ja, det er jo kjekt å møte barn og unge. Prøve å få dei interessert i litteratur.

Men tilbake til bøkene. Du fekk også gjennomgå litt på barnebokkritikk.no då boka di Gamer kom ut i 2011. Der anmeldaren meinte boka "suger". Og at moralen var heilt forkasteleg.

Eg hugsar ikkje ordlyden, men anmeldaren bar preg av å vere eldre enn boktrykkjarkunsten. Han viste inga forståing for gaming, og hadde bestemt seg på førehand at boka skulle vere eit angrep på spelindustrien, og spelavhengighet. Noko den ikkje er. Derfor blei det nok litt vanskeleg for han å få boka til passe inn i hans personlege moralske kodeks.

Er de ofte slik at anmeldarar misforstår bøker?

Eg kan berre snakke om dei få som tar seg bryet med å skrive om mine bøker. Soledad fekk til dømes mange fine omtaler både i Dagens Næringsliv, på barnebokkritikk.no og ikkje minst på Uprisen.no. Og desse set eg veldig stor pris på. Sjølv om eg eigentleg ikkje bør bry meg om kva dei synest, så er det veldig kjekt når anmeldarar forstår bøkene, og skriv godt om dei. Men i Bergens Tidende blei den slapt behandla, og anmeldaren hadde absolutt ikkje gjort jobben sin.

Kva meiner du?

Å kritisere ei bok fordi heltinna ikkje passa inn i anmeldaren sitt kvinnesyn, blir for dumt. Soledad var ein sterk karakter, men på slutten fekk ho hjelp av ein gut, noko som anmeldaren ikkje likte.

Men bør ikkje jenter i litteraturen vere sterke nok til å klare seg sjølv, då?

Det kan dei sjølvsagt vere. Alle tre bøkene om Svarte-Mathilda hadde sterke jenter i hovudrollene, og eine hovudpersonen i Glimt er jente. Men akkurat i mi bok så får Soledad hjelp mot slutten. Kvifor er det gale?

Ikkje spør meg. Eg er tilbøyeleg til å vera einig med deg.

Uansett så hadde ikkje BT-anmeldaren gjort jobben sin den gongen. Han påstod i tillegg at boka var den første i ein trilogi. Noko den ikkje er. Heile bokmeldinga bar preg av å ha ein agenda, i tillegg var den prega av særs dårleg research frå anmeldaren si side. Flau lesing, eigentleg.

Men boka blei nominert til Uprisen. Korleis var det?

Det var tredje gongen eg blei nominert, og tredje gongen eg ikkje vann. Gøy, men med bismak. Hadde vore kjekt å vinne ein gong. Uprisen er jo den viktigaste prisen for ungdomsbøker i heile verda. Gitt av ungdommen sjølv, og veldig kjekt å lese ungdommen sine anmeldelsar. Mykje meir proff enn mange andre. Dei bryr seg verkeleg om litteraturen.

(Glimt blei også nominert i 2016, men vann ikkje. Forfattaren har ikkje svart på spørsmål om dette og vil helst forbigå heile hendinga. (red.anm))

Men til den nye boka di, Glimt, kva handlar den om?

Den handlar om to ungdommar. Jon og Solveig. Begge femten år. Begge bur på den vesle øya Grovøy. Jon i vår tid, og Solveig under krigen. Solveig blir på ein måte tvungen til å vere tenestejente for den tyske kommandanten på øya, og Jon er akkurat flytta ut til øya.

Dei er altså skilde frå kvarandre med mange, mange år.

Det stemmer. Men likevel er dei knytte til kvarandre på mystisk vis.

Ja, dette er jo ei bok ein ikkje bør røpe for mykje av. Det er ein spennande grøssar som bind saman to ungdommar på ein relativt ny måte. Eg kan ikkje hugse å ha lese noko liknande.

Nei, ikkje eg heller. Ideen fekk eg ute på Utsira, akkurat som med Soledad. Men denne gongen kunne eg ikkje bruke namnet Utsira, sidan sirabuen faktisk har ei krigshistorie som er veldig ulik den eg skriv om. Eg ville ikkje trakke på nokre tær medan eg skreiv.

Nokre scenar i boka er ganske drøye. Du er ikkje redd for at enkelte vil synast dette er spekulativt?

Ikkje redd for det, nei. Eg har alltid likt det spekulative. Eg likar filmar med mykje vald i, og eg kan like dei utelukkande på grunn av valden. Men Glimt er ikkje spesielt valdeleg. Mykje mindre enn Svarte-Mathilda, t.d.

Ja, det er den, men den er framleis nokså krypande og ekkel, til tider.

Takk for det!

Men Solveig sin skjebne er nokså grufull, utan å røpe for mykje, og kan nesten oppfattast som nettopp spekulativ?

Ja, ho opplever fæle ting, og det var sterkt å skrive om det så direkte som eg gjorde. Men eg opplever det ikkje som spekulativt. Eg arbeidde mykje med dei kapitla for å gjere dei så truverdige som mogleg, slik at lesaren skulle heie på Solveig og få medkjensle. I tidlegare utgåver av teksten så følte både eg og forlaget at eg gjekk over streken i skildringane. Målet var ikkje å skape avsky, men altså medkjensle. Så viss medkjensle er spekulativt, så er nok boka det.

Så du har altså sensurert deg sjølv? Er ikkje det litt feigt?

Nei, det er det ikkje. Det kallast redigering, og ikkje sensur. Sensur blir utført av nokre andre, i ettertid, slikt vi fann i Noreg før i tida når det gjaldt film, eller i Kina eller Nord-Korea. Å redigere bort noko som ein sjølv meiner er for drøyt er ein del av det å skrive denne typen bøker. Det gjeld å finne balansegongen mellom det som er akseptabel bruk av fæle hendingar, og det som blir for mykje. Med Glimt føler eg at eg balanserer på denne eggen, men aldri bikkar over.

Men du bikkar ikkje andre vegen heller, og blir for snill?

Det er noko eg har bekymra meg for, for eg vil ikkje bli for snill. Eg meiner barn og ungdom fortener bøker som tar dei på alvor og som kan utfordre dei litt på akkurat dette. Barn tåler ekstremt mykje av både vald og dreping, og gjennom internett og speling så er dei vane til strerke inntrykk. På skuleturné merker eg ofte at elevar blir genuint redde for Svarte-Mathilda og spring ut av klasserommet. Då har eg gjort noko rett.

Kva aldersgruppe tenkjer du dette passar for?

Eg meiner det passer frå 9-10 år og oppover, men dette er veldig individuelt. Vaksne folk har fortalt meg at dei ikkje tåler å lese Svarte-Mathilda, og eg har lese for sjuåringar som elskar bøkene.

Det virkar nesten som du har høyrt på kritikarane, og gitt lesaren meir tid til å bli kjend med hovudpersonanen denne gongen. Stemmer det?

Eg har ikkje høyrt på kritikarane, men det er sant at både Jon og Solveig nok er meir komplette menneske enn det Elisabeth var i Svarte-Mathilda. Men også i Glimt skjer ting fort. Eg vil at lesaren skal oppfatte boka filmatisk. Lesaren må legge inn litt sjølv av sine eigne erfaringar. Ikkje få alt inn med teskei, slik som i mange andre bøker.

Du kjem stadig vekk inn på dette. Er dette noko du opplever mykje av i andre bøker? Du sit jo som leiar i Norske barne- og ungdomsbokforfattere sitt litterære råd, og les dermed alle norske barne- og ungdomsbøker. Er det for mange for lange bøker der ute?

Både ja og nei. Nokre klarer veldig fint å fortelje historiene sine på eit fornuftig antal sider, medan andre bikkar glatt over fire og fem hundre sider. Dette er i dei aller fleste tilfella for langt. Du skal verkeleg ha mykje på hjartet for å forsvare noko slikt. 

Er det spesielle sjangrar som skil seg ut?

Eg likar ikkje å peike, og eg skal vere forsiktig med å uttale meg, sidan eg har teieplikt når det gjeld rådsarbeidet. Men fantasy-sjangeren er belasta med veldig lange bøker, nesten alltid i seriar, og ofte kunne det nok vore kutta litt her og der. Både i bøker som eg synest er knallgode, og dei mindre gode. For eg likar jo både fantasy og sci-fi, men eg ville til og med ha kutta kraftig i Tolkien, om eg hadde vore redaktøren hans.

Oi!

Ja, det kan du godt seie. Men Ringenes herre er for lang, i mine auge. For mykje skildringar, og alt for mange songar. Filmane er betre, synest eg, sjølv om eg elskar bøkene.

Eg trur vi lar den ligge, og går tilbake til Glimt.

Det er sikkert lurt. Men eg har til gode å lese ei skikkeleg lettlest, kort fantasybok. I éitt bind.

Har du noko bodskap i boka? Noko du vil fortelje ungdommen?

Nei. Eigentleg ikkje. Den einaste boka mi som har eit tydeleg tema er Soledad. Den er eit angrep på ein passiv miljøpolitikk, men det var ikkje alle som fekk det med seg der heller.

Kvifor då, trur du?

Kanskje fordi eg ikkje seier det rett ut? Men fortel det gjennom augene til Soledad. Hundre prosent. Du må lese litt mellom linjene for å finne kritikken.

Angrar du på at du ikkje var tydelegare om dette i boka?

Nei. Absolutt ikkje. Eg likar ikkje så godt overtydelege bøker.

Så i Glimt ville du berre fortelje ei underhaldande og skremmande historie?

Ja, meir eller mindre. Dersom du absolutt skal skrive oppgåve om boka kan du sikkert finne tematikk rundt dette med venskap, å overkomme hinder i livet, forelsking osv. Til og med litt om korleis Noreg behandla jenter som rota seg bort i tyskarane under krigen, men som alle mine bøker skal det først og fremst handle om mennesket. Nokon som vi likar å lese om, forhåpentlegvis, og som rotar seg bort i noko fælt.

Du har eit relativt lettlest språk i mange av bøkene dine. Både når du skriv bokmål og nynorsk. Er dette noko du jobbar mykje med?

Ja, det er det. Eg har gitt ut to lettleste bøker for ungdom tidlegare, Gamer og Snatch. Der var det endå meir gjennomført, med korte setningar, ingen lange ord og mykje luft på sida.

Nokre har kritisert dette, og seier det øydelegg flyten. Kva meiner du om det?

Dette blir nok oftast sagt av veldig erfarne lesarar. Dei som kanskje likar at bøker er over fem hundre sider, gjerne i seriar, og med lange tunge setningar. Eg skriv for ungdom, mange av dei har lite leseerfaring. Dei treng ofte bøker som er lettare å lese reint fysisk.

Men det er ikkje berre i dei lettleste bøkene dine dette dukkar opp?

Nei, eg har nok tatt med meg den skrivemåten inn i dei "vanlege" bøkene mine, også. Eg likar for tida å skrive slik. Det strammar historia opp, gjer det enklare å kutte vekk det som ikkje er vesentleg.

Så du kuttar mykje i bøkene?

Ja, det gjer eg. Glimt hadde fleire karakterar i utgangspunktet, og var mykje lengre. Eg spleisa nokre av karakterane og kutta mykje av detaljane og skildringane frå krigens dagar, og fekk til slutt ei mykje strammare historie. Eg likar når eg ser at endringane eg gjer, lager ei betre bok.

Trur du at boka blir ein suksess?

Spørs kva du meiner med suksess? Eit andreopplag hadde jo vore kjekt. Men det er inga sjølvfølge.

(Boka kjem snart i pocket (red.anm.) og ligg på utlånstoppen på Deichmanske.)

 

Eitt år etterpå:

Vi nærmar oss slutten, har du lyst å røpe kva du jobbar med no?

Lyst og lyst, det er farleg å seie for mykje om kva som skjer i framtida. Spesielt i denne bransjen. Ein må vere forsiktig med å røpe for mykje. Men til dei som har gidda å lese heile dette skamlause intervjuet kan eg jo seie at ei fjerde bok i ein serie eg har skrive er ferdig, og forhåpentlegvis likar forlaget den. I tillegg arbeider eg med to lettlesne grøssarar for ungdom, på nynorsk! Og ei superheltbok på sidemål.

Oi! Det var mykje på ein gong!

Det er lett for deg å seie! Men ja, det kan gå litt i surr av og til. Derfor er det viktig å ha gode redaktørar.

Men dette er alt?

Tja, ikkje heilt. Eg har byrja å leike med ein idé frå krigen, nok ein gong. Men den er så original at eg ikkje vil røpe nokon ting. Den skal foregå i England, og handle om ein gut på tolv, det er alt eg vil seie. Eg er ikkje eingong sikker på om den skal vere på nynorsk, eller sidemål. I tillegg fabulerer eg om ei ungdomsbok om naturvern. Men karakterane og plotet må kome først, ikkje tematikken. Tematikken kan aldri kome først.

Du blir ikkje arbeidsledig med det første, altså?

Det ser ikkje slik ut.

Til slutt: Trur du dette intervjuet hamnar i Dagbladet?

Haha!!

Lykke til, i alle fall!

Tusen takk!

Huffda! Var ikkje det klippet litt drøyt, og ein smule spekulativt?

Jo, men det er slik vi forfattarar ofte tenkjer. I smular. Og spekulativt. Og vi hater å bli misforstått.

 

 

(foto: David Aasen)

 

Bokmelding: "Glimt" av Tor Arve Røssland

Årets bok skal granskast av den mest kritiske av alle lesarar, nemleg forfattaren sjølv.

Det er ikkje lett å fylgje opp ein suksess som Svarte-Mathilda. Men det ser ut til at Røssland har klart å skrive nok ei horribel bok for ungdom, med iskalde grøss og nervepirrande lesestunder for den som tør.

Akkurat som i serien om det demoniske spøkelset Svarte-Mathilda fortel også Glimt to parallelle historier. Vi møter to femten år gamle ungdommar, Jon og Solveig, som bur på vesle og forblåste Grovøy. Jon har nyleg flytta ut dit, og Solveig skal akkurat flytte inn til fastlandet sidan ho nettopp har blitt foreldrelaus. Dei har mykje til felles, Jon og Solveig, men dei er skilde i tid med nærare åtti år. Jon si historie går føre seg i vår tid, medan Solveig si startar i april 1940 - då tyskarane okkuperte Noreg. 

Solveig blir raskt gjort til tenestejente i sitt eige hus, og slepp å flytte. Noko ho er endelaust glad for. Dette blir ordna av den tyske kommandanten som overtek huset. Ho mister dermed gradvis kontakt med vennenne og kjærasten, og føler seg svært åleine. Krigen blei mykje meir langvarig enn ho trudde, og dei andre på øya synest ho blir litt for gode vener med tyskarane.

Jon prøver å skaffe seg nye venner, men det er ikkje lett når orda heng seg opp i munnen, spesielt rundt nye og ukjende folk stammar han noko heilt forferdeleg. Han kjem likevel i kontakt med eit rockeband som øver i ungdomshuset, og han forelskar seg grenselaust i Rebekka, som speler trommer i bandet. Men ingen av ungdommane tør å vere i ungdomshuset om kvelden. Seier dei dette berre på tull? Eller er det noko der? Jon må finne ut kva, og det som skjer er ikkje for lettskremte.

Dei to historiene funkar særs godt kvar for seg, og når dei gradvis snirklar seg mot kvarandre, og vi skjønar kva som er i ferd med å skje, blir det faktisk svært ubehageleg å lese. Og forfattaren har røpt at noko av det var ubehageleg å skrive, òg. Solveig opplever grusomme ting, og forfattaren legg ikkje fingrane mellom her. Dette kjem til å verke støytande på enkelte lesarar.

Men kva tyder eigentleg tittelen? Glimt? Dette er noko som lesaren skal få finne ut sjølv. Etterkvart som både Jon og Solveig kjem nærare ei slags forklaring byrjar det å utkrystallisere seg ei forferdeleg sanning.

Boka er både spennande og grusom. Men i tillegg er det noko menneskeleg og skjørt over dei to hovudpersonane. Det er truverdig og fælt å sjå okkupasjonen saman med Solveig, og korleis ho får oppleve både det verste og beste i andre menneske. Men kanskje aller mest i Jon klarer forfattaren å skildre det såre og vanskelege som mange tenåringar slit med: det å skaffe seg venner når ein er sosialt utfordra. Kapittelet der han ringer far sin for å få bu hos han i Stavanger, er både rørande og trist.

Men Røssland dveler aldri for lenge med sosialrealismen - det skulle tatt seg ut. Ekkel steming og mystiske karakterar i både fortid og notid skaper spenning og uhygge. Den fæle løytnant Steiner som terroriserer Solveig set djupe spor i lesaren, og ikkje minst Jon sine møte med demente gamle frøken Hansen er med på å gjere dette til ein isande grøssar.

Dersom du treng materiale til å skrive skuleoppgåve om boka kan du streife innom tematikk rundt misbruk av jenter, eller valdtekt, rett og slett. Og korleis nordmenn oppførte seg mot dei som jobba for tyskarane under krigen. Begge deler slikt som norsklærarar set pris på.

Forfattaren har gjort ein del research rundt korleis krigen gjekk føre seg langs kysten, og datoen for invasjonen på Grovøy er 11. april, noko som er slåande likt datoen tyskarane invaderte Utsira. Og det er jo Utsira som har inspirert denne boka, akkurat som med den dystopiske thrilleren Soledad. Men denne gongen har forfattaren tatt seg litt for store fridomar både med geografien og ikkje minst krigshistoria, så både tyskarar og lokalbefolkning er fullstendig oppdikta.

Sidan vi kjem så tett på hovudpersonane, oppelever vi det grufulle endå sterkare. Solveig sin skjebne og Jon si makteslause overfor det overnaturlege blir vår kamp mot våre eigne indre fiendar. Mange ungdommar, og vaksne, vil  nok kjenne seg igjen i desse menneska. Dette er kanskje den beste boka Røssland har skrive. Så langt. 

Uprisen 2015

Alle gode ting skulle likevel vise seg å ikkje vere tre. For tredje gong var eg nominert til Uprisen, og for tredje gong måtte eg sjå meg slått av ein annan forfattar. Denne gongen Sigbjørn Mostue og boka I morgen er alt mørkt. Å vere nominert med Soledad var sjølvsagt kjekt, eg får møte alle elevane som har lese bøkene og får deira ofte nådelause dom. Men aller kjekkast er det å møte dei andre nominerte forfattarane. Det mest irriterande er eigentleg at alle dei nominerte denne gongen har skrive bøker eg likar, kanskje spesielt nettopp Mostue. Då eg slukte boka hans dagen etter den plumpa ned i postkassa tenkte eg faktisk: Pokker, denne boka kjem til å vinne Uprisen. Det hadde vore verre å tape for ei bok eg direkte mislikte, men i I morgen er alt mørkt er ei forbaska bra bok. Utruleg spennande og velskriven. (Meg eg begynner alltid å tenkje på Stanley Jacobsen når eg høyrer tittelen.)

Foreningen !les har skapt eit ekstremt vellukka opplegg med Uprisen. Hundrevis av elevar får lese bøkene våre, og skrive anmeldelsar, og hundrevis av dei får kome til Lillehammer og bestemme kva for ei bok dei likar best. Håper ikkje dei blåblåblå klarar å øydeleggje dette tiltaket. Det hadde vore ei stor skam.

Det er veldig stas å bli nominert, men det hadde sjølvsagt vore kult å vinne ein gong, òg. Kanskje dei kan opprette ein ærespris? Nominert flest gonger? Eller noko slikt. Uansett så vann vi barnebokquizzen!

Lufta bør vere for alle

Eg lurer på om eg skal kjøpe meg ein vasspistol, fylle den med sjampo og vatn, og sprute i augene på alle som røyker i det offentlege rom. Dette er vel min rett? Er det ikkje? Å påføre plager på dei rundt meg? Er det ikkje dette som er fridom?

Det er vanskeleg for meg å vere heilt sakleg i diskusjonen rundt røyking. Eg klarer ikkje å stå fast på verdiane eg set høgt. Eg har vel kome fram til at eg er ein "bleeding-heart libertarian". Ein som meiner at folk skal ha stor grad av personleg fridom, men at vi i fellesskap skal ta oss av dei som fell utanfor, og at det offentlege skal ta seg av dei store og viktige tinga. Men skal den personlege fridomen vår få lov å ramme andre folk sin personlege fridom? The right to swing my fist ends where the other man’s nose begins, seier det gamle uttrykket. Men kva om handa held ein sigarett? Bør ikkje då avstanden vere endå litt større?

Eg trur ikkje røykarar er vonde menneske som likar å plage andre, eg trur rett og slett at dei ikkje veit betre. Eks-humorist Per Inge Torkelsen har i alle fall inga aning. Ikkje ein gong Frank Aarebrot, ein av Noregs klokaste, såg ut til å ha peiling på kva han utsette sine medmenneske for. Eg trur ikkje røykarane aner kor plagsomt og smertefullt det kan vere å passere ei nikotinsky på gata, utan å vere i stand til å kome seg vekk. Eller når du røyker rett utanfor ei dør, så bles faktisk mykje av røyken inn. Og når du står på balkongen din, så går røyken rett inn til ferienaboane i Syden, eller endå verre: inn til dei rundt deg i burettslaget heime i di eiga boligblokk.

Når eg er ute og går i det offentlege rom er eg som ein hjort på beitemarka, eg skuar rundt meg, sjekker vindretning og styrer unna det som kan skade meg. Men av og til er dette heilt umogleg, og røykskya er ikkje til å unngå. Eg klarer som regel å halde pusten, men eg er ikkje Houdini heller, og uansett hjelper det ikkje på augene. Er eg i tillegg så dum at eg klør meg på augene, så er dagen øydelagt. Det kan samanliknast med sviande sjampo, du kjenner det i mange timar, berre at sjampoen er ufarleg. 

Røykelova har gjort det betre å ete inne på restaurant, med mindre dører eller vindauger står opne, eller dersom du må passere uteområdet for å kome inn. Då er det berre å lukke augene, og halde pusten, eller gå ein annan stad. No er det faktisk komne røykfrie uterestaurantar, men når skal dette bli normen? Når skal utekonsertar bli røykfrie? I alle fall deler av konsertområdet? Hallo, Bergenfest! Røykfri snart, eller?

Som eg sa: eg trur ikkje røykarane veit betre. Om eg hadde gått rundt i det offentlege rom, eller på utekonsert og utført ei handling som eg visste var så plagsom og skadeleg som å røyke, så hadde eg skamma meg. Og sidan eg trur at folk stort sett er hyggelege og omtenkstomme er det einaste logiske svaret at røykarane ikkje veit betre. Dei treng vaksenopplæring.

Denne debatten har ein tendens til å spore av. Jamen, du står jo på ei gate full av eksos og klager på litt uskuldig tobakksrøyk! Nei, teknisk sett gjer eg ikkje det, men eg skjønar kva du meiner. Berre for å samanlikne med litt anekdotiske bevis: Eg går ofte rundt i Bergen og Oslo. Nokre gonger har eg vore i London og New York. Berre to gonger har eksos plaga meg like mykje som éin enkel sigarett. Første gongen var i Bergen for nokre år sidan då "giftlokket" var på sitt verste ein vinterkveld. Etter dette unngår eg Bergen på slike dagar, og eg skulle ynskje politikarane ville gjere noko med forureininga. Den andre gongen var i New York, ein kokvarm sommardag, då myndighetene anbefalte folk med astma om å halde seg inne akkurat den dagen. Dagen etter var forureininga borte. Det hadde med vind og luftfuktighet å gjere, visstnok, og det var plagsomt.

Med andre ord så må det i Bergen eit samla oppsop av vedfyring, svevestøv og eksos frå bil og båt for å matche aromaen frå éin enkel sigarett på eit busstopp. Eller verdas største by på ein av sine verste smog-dagar. Eg seier ikkje at eksos ikkje er eit problem. Eg seier det går an å ha to tankar i hovudet samstundes. Røyking utandørs i det offentlege rom har heller ingen nytteverdi.

Ja, men, det er mange lukter som er plagsomme! Kva med sveittelukt? Og parfyme? Sveittelukt er ikkje skadeleg. Heller ikkje parfyme. Men parfyme er plagsomt, det skal eg vere einig i, spesielt for allergikarar og folk med astma. Eg styrer unna parfyrmeri, og eg har flytta meg på bussen på grunn av for kraftige parfymedufter. Men når det kjem ein røykar inn på bussen, ein som tar eit siste drag i det han går opp til bussjåføren, då hjelper det ikkje om eg flytter meg til andre enden av bussen. Lukta treff som eit balltre i trynet, og hovudverk, tett nase og kløe blir mitt reisefylgje. Røyking forbode på busstopp ville dempa noko av dette. Då vil røykaren i det minste måtte gå 10-20 meter før han kom inn til oss andre. For ikkje å snakke om på lange bussturar, som t.d. med kystbussen, der desperate passasjerar spring ut for å røyke dersom bussen stoggar i 10-15 minutt. Gidder dei å gå nokre meter bort frå bussdøra? Nei, det gjer dei ikkje, dei må jo stå klar i tilfelle bussen byrjar å kjøre. 

Du er berre ein helsemoralist, seier røykarane til meg. Nei, det er eg ikkje. Folk kan ete, drikke og snuse så masse dei vil for meg. Eg synest til og med dei offentlege sjukehusa skal ta seg av skadene. Til og med dei som frivillig utset seg sjølv for ekstrem fare i skibakken eller i fallskjerm synest eg vi skal ta oss av på offentlege sjukehus - heilt gratis. Eg synest til og med sjukehusa skal ta seg av dei som pådrar seg kols og lungekreft fordi dei røyker, eller dei som må amputere beina pga røyking. (Ja, faktisk. Du kan google det om du ikkje trur meg). Det er berre så uendeleg trist at folk kan pådra seg alvorlege lidingar også som passive røykarar - eit fakta mange røykefanatikarar ignorerer. 

Men passiv snusing skader ingen, heller ikkje å sjå nokon ete hamburger, eller det å vere vitne til at ein fallskjerm ikkje løyser seg ut. Røyking er i særklasse fysisk plagsomt og skadeleg for dei rundt deg. Det virkar ikkje som om røykarar vil ta dette inn over seg, og dei diktar opp motargument som skal få oss til å føle oss mindreverdige. Røykarane er til og med frekke nok til å kalle seg sjølv mobbeoffer! Og mange av dei lever i vrangforestillinga om at dei er mykje meir sosiale og hyggelegare enn andre folk. Då er det vanskeleg å behalde trua på det gode i menneska. Det er ikkje røykarane som blir trakka på, det er røykarane som dagleg trakkar på alle andre rundt seg. Og det har dei gjort i generasjonar, derfor er det sjølvsagt både naturleg og forståeleg at dei går i forsvarsposisjon.

Det er berre å seie frå til oss, seier røykarane, så tar vi hensyn. Ja, særleg. Dei gongene eg har gjort det har eg blitt møtt med hånleg latter. Dei to gongene i livet eg har sett ein modig bussjåfør lukke døra framfor ein dampande passasjer, blei sjåføren like etterpå skjelt ut. Ikkje lett å vere kvardagshelt, då. Det sit langt inne å gå bort til eit framand menneske å seie "kan du vere så venleg å stumpe røyken". Og kor ofte skal ein måtte gjere dette? Om ein er ute i det offentlege rom vil det bli 20-30 gonger dagleg. Dessutan har eg jo ikkje lyst å gå nærare ein person som røyker, eg prøver som best eg kan å unngå dei.

På utekonsert kjem ein seg som regel ikkje unna, og folk bryr seg ikkje om du seier i frå. Dette har eg opplevd fleire gonger, og det skal vere verkeleg store artistar for å lokke meg på utekonsert. Den verste formen for gi-blaffen-haldning hos røykarar ser vi oftast på 17. mai. Barna sin festdag. Folk røyker langs toget, i toget, på skuleplassen på ettermiddagen - blant eggeløp og fiskedammar. På skuleplassen faktisk! Ein stad som det er strengt forbode å røyke på vanlege dagar, til og med der fyrer dei opp, medan barnekoret syng nasjonalsongen. Røyking i bunad ser for øvrig heilt teit ut. 

Men vi tar jo hensyn! seier mange av røykarane. Vi flytter oss unna og røyker ikkje inne, og i så fall berre under kjøkkenvifta (haha! som om det hjelper). Eg vil kome med ein påstand: Det finst ikkje éin einaste røykar i heile verda som aldri har plaga nokon med røyken sin. Med mindre du fyrer opp under vatn, så har du på eit eller anna tidspunkt plaga andre med dampinga di. Nokre plagar sjølvsagt meir enn andre, men alle som røyker har på eit eller anna tidspunkt plaga andre menneske. Punktum. Og nei, det hjelper ikkje å stå under kjøkkenvifta, det hjelper ikkje om du har eitt rom i huset du røyker i, det hjelper ikkje om du går ut på balkongen, heller. Naboane dine blir då passive røykarar når røyken din kryp inn vindaugene deira.

"Du vil berre ha ein formyndarstat!" får eg ofte høyre. Og svaret på det er ja. Sjølvsagt. Mest fordi vi allereie bur i ein formyndarstat, og det funkar. Vi har fartsgrenser til lands og til sjøs. Vi har ikkje lov å snakke i mobilen når vi kjører. Vi har promillegrenser, aldersgrenser, fartsgrenser, helgedagsfred, søndagsstengt, åpningstider og ein svært streng alkoholpolitikk, der vi ikkje eingong har lov å drikke øl på stranda eller i parken! Vi må ha våpenskap dersom vi skal eige våpen.  Det er reglar som bestemmer korleis vi bygger på vår eiga tomt. Til og med reglar som seier at alle nybygg skal ha plass til handikaptoalett, sjølv om sjansen er lik null for at du får ein rullestolbrukar på besøk.

Lat oss sjå litt på korleis samfunnet er tilrettelagt for funksjonshemma. Blinde har lov å ha med seg førarhund inn på restaurant og til og med på fly, sjølv om det både er uhygiensk og kan gi allergikarar problem. Det blir bygd ramper for rullestolbrukarar mange stader. Til og med ein høg pipelyd til dei blinde ved fotgjengarfelt er heilt vanleg. Matallergikarar som ikkje tåler td. fisk eller nøtter får spesialbehanding i barnehage, på skulen og på fly. Folk med ulike former for ADHD, dysleksi og psykiske lidingar får barndom, oppvekst og arbeidsliv tilpassa som best det lar seg gjere. Og alt dette fullstendig akseptert og normalt og akkurat slik det bør vere, det skulle berre mangle - sjølv om det gjeld ein veldig liten del av befolkninga. Og ein kan seie at slike som meg, som tåler røyk svært dårleg også er ein liten del av befolkninga, men kva tid skal vi få i alle fall deler av det offentlege rommet innretta etter oss, slik at vi kan ferdast fritt utan å bli sjuke og dårlege? Vi er ikkje fysisk rørslehemma, med det er veldig mange stader vi unngår totalt. Det er ikkje godt nok at restaurantar er røykfrie inne. På eit eller anna tidspunkt i framtida håper eg at det å fyre opp ein sigarett er like unormalt som å setje seg ned å drite på gata. Men det er nok ein laaaang veg å gå.

Litt meir anekdotisk bevis. Vi budde ein gong i ein tomannsbustad i Trondheim som stamma frå krigens dagar. Vi hadde øvste etasjen og det vi trudde var røykarar budde under oss. Av og til kjente vi sneken av røyk som kom sivande inn. Då sat naboen og røykte ute i hagen. Ein kveld eg hadde vore ute på kino (Alien 3), kom eg inn i stova og kunne skjære lufta med kniv. Det låg eit tjukt lag med grå røyk i heile rommet. Kona mi hadde tydelegvis sete i ei luftboble i enden av sofaen og hadde ikkje tenkt over det, men det gjorde min astma for oss begge. Opp med vindauger og vasking av klede! Det stinka rett og slett noko heilt forferdeleg. Forklaringa? Det eldre ekteparet under oss, som vi trudde røyka fast innandørs, gjorde faktisk ikkje det. Ho hadde nettopp fått lungekreft, og mannen røykte kun utandørs etterpå. Men når kona var på sjukehuset for å få kreftbehandling, pleide mannen av og til å ha kompisar på besøk, og då tok dei ein blås innandørs. Mesteparten av dette hamna oppe i stova vår. Fekk meg til å tenkje på kor mange hus dette gjeld. Hadde dette skjedd kvar dag måtte vi ha flytta.

Ein hugseregel røykarar kan lære seg er: viss du kan snakke med folk med innestemme når du røyker, er du for nær. Ropeavstand må til for at røykelukta ikkje sjenerer, då får du trimma lungene litt, òg. Og deler du ytterveggar med andre folk, stump røyken.

Eg er ikkje spesielt glad i forbod, eg er veldig glad i personleg fridom, men røykarane som gruppe har vist at dette får dei ikkje til. Mitt forslag til ny lov om stader du ikkje bør få røyke er: busstopp, gågater, fortau, bilar, burettslag, tomannsbostader... vent litt, det er kanskje enklare å liste opp stader der det er greit å røyke: privat einebustad (med mindre du bur saman med andre som ikkje røyker, eller barn), utandørs - minst hundre meter unna andre folk (og hus) dersom vindretninga er ok. Eg prøver å komme på andre stader, men får det ikkje til. Sjølv om eg er vestlending så meiner eg ikkje dette ironisk.

For å gjere det heile litt verre for røykarane sitt samvit. Det nye no er "third-hand-smoking". Det er så nytt at vi ikkje har noko skikkeleg norsk ord for det. Men alle som har vore inni eit hus der nokon har røykt, eller gått inn på bussen nokre minutt etter at sjåføren har røykt utanfor veit veldig godt kva det er. Det er tobakkrestar som klistrar seg til overflater som klær, veggar, gardiner, møbler, stolar osv. Og det viser seg at dette også er svært skadeleg, spesielt for spedbard og barn. Og akkurat som passiv røyking kan third-hand-smoking føre til astma, infeksjonar (som øyre- og lungebetennesle) og generelt sjukare ungar. Tenk på det neste gong du står under kjøkkenvifta og trur du tar hensyn. Eller når du går utanfor og røyker, så sit om lag 250 av dei 5000 stoffa i sigaretteren i håret ditt,  kleda og på hendene. Stoff som arsenikk, tjære og det koselege biproduktet formaldehyd.

Noko av det mest nussselege er likevel korleis ein del røykarar romantiserer sin eigen plagsomme uvane. "Vi vaks opp i røyk, og vi overlevde!" hostar dei. "Vi saknar den tida når vi kunne røyke innandørs på kafé," seier røykenostalgikaren. "Vi kunne sjå tankefulle ut medan vi stirra gjennom ei poetisk sky av røyk. Vi har mista noko på vegen!" Dette seier dei i fullt alvor. Herregud, tenkjer eg då. Ting var verkeleg ikkje betre før. Eg skal ikkje eingong nemne dei som seier: "Røyk luktar så godt!"

At Bergen kommune våren 2015 ikkje ville innføre røykeforbod på busstopp var eit tilbakesteg i byutviklinga. At Terje Søviknes (som røyker) var glad for dette burde vere grunn nok til å innføre forbodet. At Krf vil innføre røykeforbod i parkar osb er eit stort steg i riktig retning. Men sjølvsagt blir røykarar i harnisk og kjem med kommentarar som: "Ja, snart blir det forbode å puste også!" Nikotingenet går i fullstendig forsvarsmodus, og saklegheita forsvinn.

Eg kan vere litt usakleg, eg også, heilt til slutt: Ein mann står utanfor det opne vindauget ditt og røyker, ein annan mann står utanfor vindauget ditt og pisser i ein kaffikopp du har satt frå deg i karmen. Kven av dei to gjer noko skadeleg men lovleg, og kven gjer noko ufarleg og ulovleg?

Det er færre som røyker, og heldigvis for det, men det tar nok nokre år før vi er heilt kvitt styggedomen, spesielt med politikarar som er i lomma til tobakksindustrien og kallar det ein siger for folks personlege fridom å få lov å utsetje andre for helserisiko. Kven sin fridom? Ikkje min, i alle fall.

Skal eg lage min eigen fridom, eg òg? Leikebutikkane er fulle av våpen som sprutar vatn. Sjampoen står klar i dusjen. Skal eg snike meg etter Søviknesen og sprute vatn i øyret på han?

Nei, eg får vel vente til røykarane døyr ut som dei dinosaurane dei er. Eg likar ikkje å plage andre folk. Men eg kaller ein kreftpinne for ein kreftpinne.

I mellomtida får eg ta min paraply og gå ut av busstoppet. Eg kan halde pusten når eg går inn på Flesland, når eg vandrar over det som er igjen av fisketorget, eller når eg møter ein røykar. Det blir ein vane, det òg. Det er heldigvis ikkje eg som ender opp med kols.

It`s my turn to drive

For litt over eitt år sidan tok eg lappen. Eg har ikkje angra på det. Det er utruleg praktisk å kunne hente å bringe, kjøre på butikken, kjøre til byn for å gå på kino, og å kjøre på forfattarturné. For mange gonger har eg sete i venterom, eller stått langs vegen og venta på bussar eller taxiar og frose av meg både det eine og andre og tenkt: det hadde vore praktisk med leigebil akkurat no.

For to år sidan hadde eg ikkje lappen, men eg meldte meg likevel opp på turné i Den kulturelle skulesekken i Hordaland. Faktisk den første turneen eg meldte meg opp til sjølv. Alle andre turnear har eg blitt spurt om å reise på, då var det stort sett ikkje så nøye om eg hadde lappen, sjølv om det var ei utfordring for turnéleggarane. Eg har reist med båt, fly, tog, taxi og med privatsjøfør rundt om kring i fleire av fylka her i landet. Men det var nokre fylke som gjorde seg vanskelege. Vestfold, t.d. dei hadde så store avstandar, meinte dei. Herregud, tenkte eg, Sør-Trøndelag fekk det jo til, og Finnmark! Her snakker vi avstander!

Men også Sogn og Fjordane og ikkje minst heimfylket Hordaland ville helst at forfattarar på DKS-turné skulle kome seg rundt på eiga hand. Eg ville gjerne bu heime hos familien, men samtidig vere på turné. Eg meldte meg opp til turne i Hordaland, og på spørsmålet på søknadeskjema om eg har lappen svarte eg: "Ja". Utan nokon gong å kjørt ein bil.

Eg utsette det så lenge er klarte. Men til slutt måtte eg til pers, eg kjørte rundt på parkeringsplassen saman med kona mi Frøydis, ein søndag utanfor den lokale Remabutikken. Og til slutt klarte eg å løyse bilen. Eg freste rundt i førstegir og var dritnervøs for å gire opp. Frøydis sa eg var litt flinkare enn sonen min, men han hadde jo begynt å ta kjøretimar, og var før meg i løypa.

Eg utsette neste kjøretur, synest det var forferdeleg skummelt. Så fekk eg brev frå Hordaland fylkeskommune, søknaden om turné var innvilga. Eg skulle ut i fem veker i skuleåret 2013-14. Eg klarte å få den tidfesta til så seint i 2014 som mogleg. Langt utpå våren, nesten sommaren, faktisk.

Men eg utsatte framleis neste kjøretur, det var snart berre eitt år til turneen, og eg hadde framleis ikkje kjørt på vegen, og eg visste at det å ta lappen kom til å ta tid, fleire månader, kanskje eit heilt år. Det er ikkje berre berre å lære ein mann på over førti noko heilt nytt.

Så las eg på nettet at det kanskje kunne vere lurt å ta nokre kjøretimar på ein trafikkskule før ein gav seg i kast med privat lærekjøring, for å sjå kor landet låg. Då gjorde eg det. Fekk same kjørelærar som sonen min, på den lokale kjøreskulen på Os. Eg var ekstremt nervøs på bussturen inn til Os. Eg hadde så godt som inga erfaring, hadde kun kjørt i andregir, og eg visste at kjørelæraren skulle ha meg ut på vegen med det same.

Ein hyggeleg mann i femtiårsalderen møtte meg utanfor ein Mercedes med "skule" skiltet på. Er det dette vesle skiltet som skal fortelje folk at eg ikkje har peiling? Det er jo ikkje skilt framme på bilen! Dei eg møter har inga aning om at eg er like uerfaren som ein fjortenåring.

Eg handhelste, og blei dirigert inn i førarsetet. Hjartet var i halsen. Eg sveitta som ein gris. Han spurte om erfaring. Eg sa "Null". Ikkje eingong traktor? spurte han. Nei, sa eg. Moped? Nei, ingenting. To rundar på parkeringsplassen utanfor Rema, sa eg. Okey. Start opp, og kjør ut i vegen.

Eg gjorde som han sa. Bilen starta. Den gjekk nesten av seg sjølv då eg løfta på clutchen. Eg gassa alt for mykje, læraren vart nervøs. Eg blinka med lyset og kjørte ut på vegen. I trafikken. Ut mot ferjekaien på Hatvik. Seks kilometer. Det gjekk overraskande bra! Gira heilt opp i tredje!! Kjørte i nesten seksti! (i åttigrensa...)

Men så kom eg til eit kryss. Det kom ein bil frå høgre. Her har du vikeplikt, sa læraren rolog. Ja, sa eg og lurte på kor girstanga var. Måtte kikka ned for å vite kva gir eg var i. Var det tredje? Aner ikkje. Må i alle fall gira ned, tenkte eg. Eg prøvde å gira ned, trur kanskje eg gassa opp i staden for, tuta heilt utfrivillig. Plutseleg bråbremsar bilen og blir kvelt. Det var ikkje eg som bremsa, med det var eg som kvelte.

Det går an å bremse ned, samtidig som du girer ned, sa han.

Eg var heilt gele etter første kjøretimen, eg skolv i beina, gjennomvåt av sveitte. Eg hadde holdt armane stive, rett fram under heile kjøretimen. Når kjørelæraren måtte korrigere rattet, (det måtte han ofte) fekk han nesten ikkje snudd på det. Eg tviholdt det jo!

Eg fekk ny kjøretime berre nokre dagar etterpå. Same greiene. Håplaust. Giring og bremsing og løysing av bil i bakke måtte eg tenkje på. Eg måtte lære meg dei mekaniske tinga først, meistre det tekniske, sjølve styringa av bilen, før eg i det heile tatt kunne tenkje på trafikken rundt meg.

Eg drøymte om kjøring og giring og nedbremsing og blinking. Eg planla korleis eg skulle møte dei ulike kryssa, vegane og bakkane i nærmiljøet, der som vi hadde kjørt. Der eg var kjent. Utan å tenke på at eg ein vakker dag skulle kanskje kjøre ein annan plass, eller kanskje at det til og med kom andre bilar på vegen.

Eg var heilt utsliten då eg vakna om morgonane. Hjernen min jobba på overtid med å læra seg denne nye motorikken, bein og armar og auger og hjerne som skulle samarbeida på ein heilt ny måte. Det viste seg at Playstation ikkje hadde vore så god opplæring som eg hadde trudd.

Etter andre kjøretimen hinta kjørelæraren om at det var faktisk mogleg å ta lappen på automatgira bil. Det var mange som gjorde det, og dei fleste bilane i framtida kom til å vere automatgira. Eg vurderte det heilt seriøst. Eg hadde enorme problem med å få dette til å stemme. Hjernen kjempa i mot, og viss eg berre trong å gasse og bremse, så var det så mykje eg ikkje trong bry meg om. Då var det berre sjølve trafikken som var hinderet. Ikkje noko anna.

Eg sa eit foreløpig farvel til kjørelæraren tidleg om våren 2013, sa at eg no må kjøre privat, saman med kona mi. Elles blir dette veeeldig dyrt. Det er sikkert lurt, sa han. Så snakkast vi kanskje, og tenk på det med automatgir.

Eg tenkte på det. Det var litt flaut å ikkje få dette til. Eg var ein vaksen mann for pokker, dette må jo gå an. Eg såg på sjåførar ute på vegen. Gamle koner, unge jenter, menn med hatt, dei raraste framtoningar sat bak rattet. Viss dei klarer det, så må eg få det til!

Eg utsatte det lenge før eg kjørte med Frøydis igjen. Minst eit par månader. Kjørte ein liten tur, likte det ikkje. Hadde ikkje kontroll. Same problema. I ein bakke klarte eg ikkje å få start på bilen igjen. Det kom ein bil bak, Frøydis drog opp håndbremsen. Eg prøvde igjen og igjen. Såg bilen i spegelen. Måtte berre gi opp. Ho måtte overta rattet. Flaut, pinleg og forferdeleg irriterande. Slike situasjonar dukka opp fleire gonger. Dei fylte hovudet mitt. Eg såg for meg giring, clutching og gassing oppe i hovudet heile dagane. Eg klarte ikkje å sjå på at folk kjørte bil på fjernsyn eingong, utan å irritere meg. Det hadde aldri plaga meg før. Absolutt aldri! Og eg har sett The Blues Brothers nærare åtti gonger.

Men så ein dag kjørte vi ein litt lengre tur. Heim til foreldra mine. Eit par timars tur. Og då løysna det for meg. Eg kjørte ikkje perfekt, men dette var ein veg eg kjente godt. Og etterpå synest eg faktisk det var gøy å kjøre. Eg meistra bakkestart oftare og oftare, og eg likte meistringsfølelsen. Eg sat ikkje med stive armar lenger, men slappa av bak rattet. Likte det faktisk.

Så sommar og seinsommar 2013 gjekk med til utallige kjøreturar saman med Frøydis, i tillegg til teorikurs saman med ein flokk med 18-åringar, og eit særs pinleg førstehjelpskurs saman med 16-åringar på trafikalt grunnkurs, men eg måtte ha det. Det var obligatorisk. Å bli lagt i stabilt sideleie av ein godt vaksen teorilærar var noko eg aldri kjem til å gløyme.

Utpå hausten 2013 ringte eg til kjørelæraren og sa at eg var klar. Fekk time og han var heldigvis imponert over læringskurva. Det var eigentleg berre å gjennomgå dei obligatoriske kjøretimane eg måtte ha. Bykjøring, langkjøring, glattkjøring, kartkjøring osv. Plankekjøring, stort sett. Eg lærte sjølvsagt mykje desse timane, men det gjekk uvanleg greitt. Noko eg ikkje hadde trudd berre nokre månader før. Feila eg gjorde gjekk på kommunikasjonsproblem, læraren hadde ein tendens til å vere litt vag av og til. Og eg brukte litt tid på å lære meg korrekt plassering i rundkjøring.

Dessutan er det noko veldig unaturleg med to vaksne menn i ein svart Mercedes som sirklar rundt dei same nabolaga i Bergen sentrum. Gjerne nær ein skule, eller på ein skuleveg. Aldri nokon gong i livet vil ein kjøre bil på denne måten igjen. Kjør dit, sving til venstre, finn vegen til Haukeland. osv.

Eldstesonen fekk sin lapp før jul. Planen min om å ta lappen før ungane var feilslått. Eg tok teorien og bestod med 1 feil, og optikaren gav meg attest, oppkjøring var på Stord og lappen kom i posten nokre få veker før turneen starta våren 2014.

Første kjøreturen med lappen kjørte eg nesten på ein fyllik som hadde lyst å kaste seg ut i vegen. Os kommune, altså, her ser du alt.

Første kjøreturen åleine i bilen skrudde eg opp Rush på full guffe med songen Driven, der refrenget går: "It`s my turn to drive". 

Tilbake til sandkassen

Det er ikkje lett å forklare ein utanforståande ting ein sjølv likar. Eg har vore stor fan av spelserien Grand Theft Auto sidan spel nummer tre kom ut i 2001. I desse spela blir du plassert i ei open verd der du tilsynelatande kan gjere kva du vil, med herlege karakterar, ein gjennomført umoral og ei satirisk framstilling av absolutt alle mennesketypar, ja, det grensar til tider mot menneskeforakt, og det er rågøy!!

Det er britiske Rockstar Games som står bak serien, eit firma som har opplevd enorm suksess med både GTA, og det westerninspirerte Red Dead Redemption. Eg har spelt alle spela som har kome i serien etter GTA III, og det nyaste tilskotet, GTA V, var ikkje noko unntak. For dei som ikkje er heilt med så har det vore langt meir enn eitt spel innimellom, faktisk heile sju om du tar med Nintendo DS-versjonen.

Artig video der eldre diskuterer Grand Theft Auto 5.

GTA V er det største spelet så langt i serien. I den fiktive amerikanske delstaten San Andreas tar du styringa av tre veldig forskjellige karakterar og speler deg gjennom ei historie om venskap, svik, kjærleik, barneoppdragelse, utroskap og korleis bli ein mest mogleg suksessfull forbrytar. I tillegg kan du kose deg med naturfotografering, jakt, snikmording, pilottrening, ran, dykking, skydiving, dart, jakt på alien-artefakter, narkosmugling og dersom du vil kan du løyse ei gammal krimgåte. Det er med andre ord eit omfattande spel, som tar mange timar å gjennomføre hundre prosent. Noko eg for øvrig aldri har gjort, ein del av bil- og flystuntsa er rett og slett for vanskelege for meg.

Spela har heilt sidan starten vore kontroversielle. Den første marknadsansvarlege i Rockstar Games sende faktisk pressemeldingar til kristne politikarar i Storbritannia berre for å provosere dei, og for å få negativ omtale. Politikarane hylte om forbod før det første spelet kom ut. Men kritikarane har kasta seg på også etter spela vart populære. Spesielt på grunn av valden, og ikkje minst fridomen du har som spelar. Du kan velje å kaste ein handgranat inn i ei folkemengde, og i neste augneblink kan du leite etter pusekattar å fotografere med mobilen din. Og sjølvsagt alt innimellom. Ting du normalt ikkje ville gjere i det verkelege liv. Dette er ei verkelegheitsflukt ulikt noko anna. Det er faktisk utruleg underhaldande å kjøre rundt på stranda med tanks, eller hoppe ut i fallskjerm frå ein skyskrapar.

Spela har måtte tåle mykje kritikk på grunn av valden, og sjølvsagt er det mange foreldre rundt om kring i verda som ikkje likar at barna speler det, men dette er faktisk foreldra sitt ansvar. På same måten som det er foreldra sitt ansvar at ungane ikkje drikk alkohol, røyker hasj, eller køyrer på svaner med vannscooterane sine. GTA er ikkje ein spelserie for barn, mykje av innhaldet forutset at du har ein del livserfaring, og kjennskap til både politikk og populærkultur. Det er mogleg å hindre barna i å spele det, og det beste er at foreldra speler det sjølv. Finn ut kva det er, og snakk om det med barna. Å oppleve det sjølv før ein eventuelt kritiserer. Minstrekravet må vere at dei tileigner seg kunnskap. Helst då frå truverdige kjelder.

Det gjorde ikkje Kvinnefronten då dei valde å kritisere GTAV sitt kvinnesyn, det var dumt av dei. Først gav dei ut ei slags pressemelding der dei bad butikkar om å fjerne "søpla" frå hyllene. Eit veldig nyansert uttrykk dei valde å bruke. Dei meinte at butikkane valde profitt framfor etikk. Dette fekk dei mange klager på, og etterpå skreiv dei ein kronikk om tema. Hadde dei spelt spelet i mellomtida? Nei, det hadde dei ikkje. Dei baserte seg på youtube-klipp, og ikkje dei klippa som viser at du kan fotografere pusekattar. Dei orsaka seg ikkje og ville aldri slutte å ta opp kampen mot kvinnehat. Eit flott engasjement. Berre så synd at dei denne gongen bomma totalt.

Ja, du kan kjøpe seksuelle tenestar i spelet, og du kan velje å drepe den prostituerte etterpå. På same måten som du kan velje å drepe absolutt alle i spelet! Til og med kattepusen kan du knerte med øks etter du har fotografert han. Men du kan ikkje utøve seksualisert vald mot dei prostituerte, og poenga du får dersom benyttar deg av tenestane deira dei er minimale. Du får meir poeng for å kjøpe noko i ei brusautomat. Dei prostituerte er ein del av bybilde i spela, og det er ingen som oppfordrar deg til å oppsøkje dei. For nyansen sin del kunne det gjerne vore mannlege prostituerte også, eller mogleg å spele ein kvinneleg karakter. Dette trur eg kjem med tida. Tre av spela har svart hovudperson, noko som heller ikkje var naturleg for nokre år sidan. Og mange store spel har kvinnelege hovudpersonar, i enkelte spel kan du til og med velge kjønn når du startar opp. Dette er ei utvikling som gjeld heile spelindustrien, og som er i endring.

Det er eit val speldesigneren har gjort, seier kritikarane, at det er mogleg å drepe desse kvinnene, derfor er spelet kvinnefientleg. Dette vitnar om mangler på kjennskap til sjangeren som GTA er ein del av, nemlig det vi kallar sandkassespel. Ein sjanger der du kan vandre heilt fritt i ei fiktiv verd og gjere omtrent akkurat det du vil. Den einaste begrensinga som er lagt inn går på barn. Det er ingen barn, skular eller barnehagar i den fiktive verda GTA har skapt. Det er heller ikkje mykje snakk om jødar eller muslimar, men framandfrykt er det ekstremt mykje av. Dette er jo ein parodi på det amerikanske samfunnet. Men altså ikkje for barn.

Du drep i tillegg langt fleire menn enn kvinner i spelet, for å seie det slik. Politifolk, soldatar, sikkerhetsvakter, gjengmedlemmar osb osb. Å velje seg ut ein del av spelet og kalle seg krenka, det blir å ta ting ut av samanhengen. Var Hitler slem utelukkande fordi han var vegetarianar? Eller fordi han hadde bart? Korleis skal då ein veganar frå Trøndelag føle seg?

Men kvinnefigurane er framstilt så teite og stereotypisk, seier kritikarane. Ja, det er dei. Dei er faktisk framstilt så teit at det grensar mot parodisk. Tanta til den eine hovudpersonen i GTA V får verkeleg gjennomgå. Og dottera til den andre hovudpersonen er fullstendig blåst i hovudet, for ikkje å snakke om kona hans. Og ikkje minst sonen hans. Den hasjrøykande, arbeidsledige, heimebuande gameren som irriterer far sin grenselaust. For absolutt alle i GTA blir framstilt som stereotypar. Ikkje berre kvinnene. Her får alle gjennomgå. Svarte unge menn, middelaldrande kvite gubbar, canadiarar, europearar, rednecks, jegarar, kristne, asiatar, tv-vertar, konspirasjonsteoretikarar, elvisimitatorar, yogainstruktørar, filmprodusentar og ikkje minst spelindustrien sjølv. Blant mine favorittar er nok den kyniske nettsida Lifeinvader, ein klar parodi på Facebook. Produkt som IfruitPhone, Petsovernight.com, Pisswasser beer er berre nokre få som gjer narr av forbrukarsamfunnet vi bur i. Den religiøse sekta Epsilon som tilber guden Kifflom, er ein hysterisk parodi på scientologikyrkja. Eg gler meg til dei skal gå laus på Donald Trump i neste spel, sjølv om han ofte overgår parodiane.

Politikarar og det amerikanske samfunnet er dei som får gjennomgå mest. Gjennom heile spelserien så osar det av samfunnskritikk og satire. Mykje av dette er til stades gjennom alle radiokanalene du høyrer på medan du kjører rundt på ulike oppdrag, men også gjennom spela sine storyar. Den amerikanske draumen blir latterliggjort, og amerikanarar blir framstilt som stormannsgale våpenelskarar, alkoholiserte og psykotiske, men med eit godt hjarte, i alle fall innimellom. Hovudpersonane er ikkje noko unntak. Du som speler kan sjølvsagt legge dine eigne moralske verdiar til grunn for korleis du oppfører deg. Du kan ta omsyn til fotgjengarar om du vil, du må ikkje oppsøke dei prostituerte, og du treng ikkje kjøre på alle syklistar du møter (sjølv om dette siste er moro).

Her ein ein link til ein debatt om spelet på NRK sine nettsider.

Dataspel er kunst. Dette er etter mitt syn ein ukontroversiell påstand. Dersom film og tv er kunst, då er i alle fall dataspel kunst. Blandinga av godt manus, god historieforteljing, nydeleg design, fantastisk animasjon, sylskarp satire og strålande skodespelarprestasjonar gjer GTA V til stor kunst. Dersom du meiner at filmar som Gudfaren og Scarface er kunst, eller TV-seriar som Sopranos, så kan du ikke meine noko anna enn at Grand Theft Auto er kunst. GTA inneheld også haugevis av referansar til populærkultur, nokre er veldig tydelege, andre nesten umoglege å få med seg. Men også Sopranos var full av referansar til nettopp Gudfaren.

Eg har hatt store spelopplevingar. Ikkje berre med GTA. Spel som Red Dead Redemption var eit på eit visst tidspunkt eit skikkeleg spark i magen, og det dystopiske action-spelet The Last of Us er rein spelpoesi. Styggvakkert, rørande og intenst spennande.

Kvinnefronten gjer mykje bra for feminismen. Men å kalle alle som speler Grand Theft Auto for uetiske kvinnehatarar blir veldig usaklig. Eg kjenner meg ikkje igjen i den beskrivinga. Minner om debatten då Life of Brian blei forboden i Noreg, og få av kritikarane hadde gidda å sjå den. Best å halde seg til ting ein har greie på. Ha eit ope sinn, slik som mange av desse eldre i videoane. Du treng ikkje like Grand Theft Auto, men ikkje la din manglande kunnskap og ditt moralske snevre syn hindre andre i å like det.

Ein endå artigare video der eldre speler Grand Thefta Auto 5.

Eg betaler gjerne for NRK, men ikkje på denne måten.

Eg har eigentleg vore motstandar av å lisensfinansiere fjernsyn heilt sidan TV2 kom på marknaden i 1992. Det er mange grunnar til det, og her skal eg kort liste opp nokre av dei. 

- NRK har ikkje lenger den oppdragande allmenkringkastarrolla dei ein gong hadde.

- NRK har for lenge sidan byrja måle suksessen sin i sjåartal, noko som skal vere heilt uvesentleg for ein lisensfinansiert kanal. Dei snakkar om å "vinne" fredagskvelden, og "ta helga" frå dei andre kanalene. Dette skal ikkje bety noko for ein kanal som skal tene heile folket. 

- "Denne sendingen presenteres av..." 

- http://nrkbutikken.no/

- Kampen om tungvannet.

- NRK har fått for seg at dei skal kjøpe inn dei tåpelegaste reality-seriane frå utlandet. Og sanneleg produserer dei slikt sjølv òg, med Anno som versting. Fine kulissar og flinke statistar var ikkje hjelp i. Konseptet er problemet.

- NRK øydelegg barn si forståing av framandspråk med å dubbe både barne- og ungdomsseriar på NRKSuper. Det hjelper ikkje at dei gjer det på samtlege norske dialektar. Eg føler at ein liten bit av hjernen min døyr kvar gong eg tilfeldigvis er innom. Det er dette vi har Disney Channel til.

- Lilyhammer.

- Sport er det for mykje av. Dette høyrer heime på kanalar for spesielt interesserte, slik som nyare film høyrer heime på filmkanalar.

- NRK har aldri vist Star Trek, og har dermed frårøva oss som vaks opp på sytti- og åttitalet ein viktig del av populærkulturen. Sci-fi har i det heile tatt vore totalt ignorert. Det er faktisk folk i Noreg som ikkje veit kven Leonard Nimoy var.

- Det er noko litt fascistisk over å måtte betale for å eige ein tv-mottakar.

- DAB, sjølv om dette ikkje berre er NRK sin feil.

- At Derrick går i reprise.

- NRK påstår dei er gratis, det er dei jo ikkje, du betaler lisens, og du må betale tilknytningsavgift til signalleverandør.

- NRK (og alle dei andre) må tilpasse seg framtidas sjåarar, folk vil ikkje lenger sjå tv samtidig som alle andre. Folk vil streame, og laste ned til paddene sine og sjå når det passar. Lisensen funkar ikkje i denne samanhengen, den blir urettferdig. 

- NRK er ikkje lenger einerådande på nyheiter, det finst ein haug med kjelder som er like gode. Folk kjem ikkje til å ville benke seg framfor Dagsrevyen om nokre år. Nyheiter funker best på nett.

- Debattprogram er stort sett berre organisert krangling. 

- NRK viser ikkje årets viktigaste direktesending - Oscarutdelinga.

- Dei beste dokumentarfilmane går på kino.

- Det er snart ikkje fleire stader igjen i dette landet der ingen skulle tru at nokon kunne bu. 

- Halvbroren.

- NRK bruker ca 100 millioner på å kreve inn lisensen. 

- Dei har i alle år hatt ein tendens til å ikkje vise ferdig utanlandske tv-seriar. Det held med nokre få sesongar, virkar det som dei tenkjer. I farten kjem eg på Curb your enthusiasm, Red Dwarf og The Practice. I tillegg har dei ein lei vane å flytte sendetidspunkt, sendedag og kanal når det passar dei. Det var t.d. heilt umogleg å få med seg The Sopranos på NRK.

- NRK har dubba Michael Palin og David Attenborough.

- Kvaliteten på humorprogramma til NRK har dei siste åra gått rett nedover. Dette kan sjølvsagt endre seg over tid, men eg er ikkje optimistisk. TV2 er like ille. TVNorge er faktisk for tida mykje betre! Og det har dei vore i fleire år no.

- NRK er veldig Oslofiksert. Når dei seier Sør-Norge, meiner dei Oslo. Når dei seier heile Norge, meiner dei Austlandet.

- Som observante lesarar har oppdaga har eg lista opp dramaseriar innimellom her. NRK viser særs middelmådig drama og bruker store summar på det. Eg lengta mang ein gong etter reklamepausar under tungvannet.

Men er det ingen grunnar til å ha tv-lisens, seier du? Joda, det er det.

- NRK har ein gong for lenge sidan vist filmen Withnail & I.

- NRK Hordaland.

- Fleksnes.

- Dei viser ikkje reklame. (Noko som stort sett er bra, bortsett frå når eg ser norske dramaseriar.)

- Dei har hatt opplesing av to av bøkene mine i Barnetimen og betalte meg for å høyre på.

- Barnetimen. (I alle fall då eg var liten. Det var her eg "las" bøker.) Men no er jo denne nedlagt.

- Høyrespel på laurdagen. (I alle fall då eg var liten.)

- Dei viser av og til gode filmar, sjølv om dei er gamle og ofte i reprise. 

- Det meste som Harald Eia og Bård Tufte Johansen var involvert i. (Som dei har mista til TVNorge.)

- Julemorgen med Nissa og Elisabeth. (Inkludert Askepott.)

- At dei viste Poltergeist ein gong for lenge sidan og det skapte debatt.

- L.A. Law og Miami Vice.

- Dei tekstar av og til på nynorsk.

- Dei har ei oppegåande nettside, og ei nettløysing som har potensiale.

- Melodi Grand Prix.

- Og den kanskje viktigaste grunnen: Dagens blåblåblå regjering vil ha lisensen fjerna, men får det ikkje til. Og dei prøver å få NRK til å gå vekk frå nettsatsinga, noko som sjølvsagt er totalt øydeleggjande for NRK, og det er ikkje det eg vil. Slett ikkje.

Eg likar NRK.

Dei viser mykje bra. 

Dei tenkjer nytt. Som med Skam og Hurtigruten.

Eg kjem aldri til å stemme på eit parti for å få lisensen fjerna.

Det er til NRK sitt eige beste at dei går vekk frå lisensmodellen og over på ein annan betalingsmodell. Ei meir framtidsretta, nettbasert tv-løysing. Generasjonen som ikkje har noko forhold til streaming og nett og slikt er i ferd med å døy ut. Den nye generasjonen ser tv på mobilen, på pc-en og via alt anna enn tradisjonell tv-mottakar. NRK truar med å innføre éin lisens pr. husstand i staden for, slik at det blir enklare å krevje inn. Dette er ikkje vegen å gå. Det blir faktisk endå meir urettferdig.

Det er betre at NRK sjølve tar initiativet til dette, og skaffer seg frivillige sjåarar, for plutseleg får vi ei endå blåare regjering. Med fleirtal! Då er det ute med NRK. Kvar skal dei då gjere av seg? Utan ei krone.

Eg er meir tilhengar av å betale for dei kanalene eg vil ha. Det blir påstått at lisensen står sterkt, og mange synest det er greitt å betale for å sleppe reklame-tv, då bør det ikkje vere noko problem å legge om til ei anna betalingsform, eg er sikker på at mange faktisk vil betale for å få NRK sine kanalar. Utan tvang. Kanskje ikkje dei som dominerer i VG sitt kommentarfelt. Men mange andre.

Eg betaler gjerne for NRK. Med glede! Men ikkje på denne måten.

NRK har ein viktig tv- og kulturhistorisk plass i det norske samfunnet, og det er sjølvsagt at dei må delfinansierast via statsbudsjettet. Dei blåblåblåbrune klarer ikkje å fjerne NRK meir enn dei klarer å sparke Krekar ut av landet. Eller å få Sylvi Listhaig til å oppføre seg.

NRK får kanskje ikkje inn fem milliardar på denne måten, men så kan dei kutte ut nokre av dei meiningslause sportssendingane dei plager oss med. Kanskje dei til og med kan la ungane få høyre originalspråket på NRKSuper? Og ein gong for alle kan vi bli kvitt Skavlan! Han ser ut som han er dyr i drift.

Tid for stipendtildelingar...

For tre år sidan blei eg vald inn i Norske barne- og ungdomsbokforfattere (NBU) sitt Litterære råd. Klikk her for å lese meir om rådet. Det siste året har eg sete som leiar, og har tenkt å vere så open og "gjennomsiktig" som mogleg om kva som hender på møterommet. Dei to siste dagane har vi brukt til det som nok er den viktigaste jobben vår, nemlig å fordele og innstille til stipend. Berre for å seie det med det same: stipenda blir ikkje offentleggjort enno, men Statens kunstnerstipend/Kulturrådet krev at vi er ferdige med innstillingane før 31. januar, etterpå kan det skje endringar og forskyvningar og andre uforutsette ting som kan påverke dei endelege tildelingane. Derfor den totale teieplikta før Kulturrådet offentleggjer. 

Vi innstiller til/deler ut dei fylgjande stipenda:

NBU sine arbeidsstipend, 210 000,- pr år.

NBU sine diversestipend, ikkje noko maksbeløp, men ofte likt Staten sitt.

Staten sine arbeidsstipend, herunder stipend for yngre/nyetablerte, seniorkunstnarar, etablerte kunstnarar og "vanlege" arbeidsstipend. Desse har ulik lengd, frå 1-10 år, men dette kan de lese om på Statens kunstnerstipend sine nettsider. Det ikkje alle år vi har tilgjengelige stipend for etablerte/senior, sjølv om mange søkjer nettopp desse.

Staten sine diversestipend. Maks 80 000,-

Houen og Mohrs legat, som går utelukkande til reiser og er vanskeleg å få.

Rasmus Løland-stipendet. Blir gitt av Rogaland fylkeskommune, men altså vi som innstiller.

Bokhandlerstipendet, til ein forfattar vi har stor tru på.

Vi innstiller til ALMA-prisen. Astrid Lindgren Memorial Award som er ekstremt vanskeleg å få.

Og vi deler ut Trollkrittet, NBU sin eigen debutantpris. 

Alt dette har vi fått gjort desse dagane, men vi må halde godt kjeften om det i eit par månader til...

Bokmelding "Snatch" av Tor Arve Røssland

Eg held fram med denne sjølvutleverande eigenmeldinga, no er det årets siste utgjeving, "Snatch", som skal under lupen.

Snatch handlar om gutane Henrik og Martin om bestemmer seg for å kidnappe rikmannsdottera Henriette, for å kreve løysepengar for henne. Oppe i hovuda deira virkar dette som ein enkel plan, dei snatcher jenta, gøymer henne på ein avsidesliggande gard nokre dagar og innkasserer ti millionar raske kroner. Men det meste går sjølvsagt gale. Jenta skader seg, Henrik sin bror (som eig garden) dukkar opp, og Martin viser seg å vere ein særs ustabil partner-in-crime. Slutten og korleis dei heile går med jenta og gutane skal eg ikkje røpe, men dette er heilt klart ei bok med moralske utfordringar. 

Boka er utgitt i Mangschou sin serie Skumring, og den er skriven i ein lettlest stil. Akkurat som Røssland si førre bok i same serien; Gamer. Denne gongen har forfattaren tatt steget bort frå det populære spelmediet som var hovudtema i Gamer, og fortel ei meir rett fram krimhistorie, med mykje spenning, både på det ytre og indre plan. Henrik, som må seiast å vere hovudperson, utfører ikkje denne kidnappinga heilt utan kvaler. Men med ei syster som han ynskjer å få bort frå den alkoholiserte mora, blir freistinga for stor. Kva om han kan skaffe seg ei leilegheit der systara kan bu dei siste åra før ho blir myndig? Han vil ikkje kaste henne inn i forsterfamiliar. Han vil hjelpe henne. Martin sine motiv er mindre noble, akkurat som Martin sjølv. 

Forfattaren har jobba mykje med truverdet rundt sjølve kidnappinga. Kva ville han sjølv ha gjort viss han skulle kidnappe ein tolvåring? Korleis utføre sjølve kidnappinga? Korleis sende brev om løysepengar? Osv. Røssland innrømmer at han måtte tenkje litt som ein forbrytar for å få dette til. Han måtte planlegge i detalj for at dette skulle funke i boka. Største forskjellen på han sjølv om kidnapparane i boka er at Røssland òg såg for seg alle dei eventuelle problema som kunne dukke opp, både dei praktiske og moralske. Henrik og Martin oppdager desse utfordringane undervegs.

Boka ynskjer ikkje å vere ein moralsk peikefinger. Forfattaren antar at lesaren veit at dette er ei avskyeleg handling, men han stiller likevel spørsmålet: Kor langt er du villig til å få for å hjelpe ein du er glad i? Henrik er villig til å gå mykje lenger enn dei aller, aller fleste. Martin derimot gjer dette kun for seg sjølv.

Boka er kjapp i stilen, med korte setningar og mykje spenning og action. Du les den ut på ein kveld, og du kjem sikkert til å måpe litt over slutten. Den kom som ei overrasking, også på forfattaren.

2014 - oppsummert

På tide med ei lita oppsummering av året. Tilfeldighetane ville ha det til at eg i år har gitt ut heile tre bøker, endå meir tilfeldig at alle tre er på sidemål. Har desse bøkene satt nokre spor etter seg? Eit enkelt internettsøk avslører sanninga.

Den første boka eg gav ut kom tidleg på året, allereie i februar. Den var rett og slett eit bestillingsverk frå Egmont Kids, som skulle starte ein bokserie for ungdom med namnet GRUSOM. Eg hadde allereie ei halvferdig bok liggande som eg ikkje visste kva eg skulle gjere med, den var litt for ekstrem, tenkte eg. Men Egmont likte den, og redaktør Heidi Sævareid og eg sat i gong eit intensivt samarbeid for å få boka ferdig. Eg blei godt fornøgd med resultatet, sjølv om eg skulle ynskje den blei marknadsført tyngre.

Boka hadde namnet En smak av Zommer og fekk nokre få bokmeldingar på nett og i avis. Tulleruska`s World meinte boka var eit slags The Walking Dead i bokform. Den likte eg. Dagsavisen skreiv at boka hadde både tone og overskot i tema og språk, dei meinte det heile var ubetaleleg og at hovudpersonen Max utstrålte ein sindig bygde-kulhet då katastrofen ramma. Og Byavisa Drammen skreiv at boka var eit heidundrande og blodsprutande festmåltid marinert i hjernemasse. Mistenker at det er Stig Elvis Furset som står bak denne. Magasinet påstår rett og slett at eg meistrar sjangeren skrekk for ungdom. Sjølv omtalte eg boka som ei blanding av Vi på Saltkråkan og Braindead. Alle hadde sjølvsagt rett. Boka var festleg å skrive og eg ser tilbake på den med eit ironisk flir. Det var kjekt å utrydde heile Bømlo i ein zombie-apokalypse. Eg gjer det gjerne igjen.

Neste bok ut var eit langt meir ambisiøst prosjekt for min del. Den dystopiske ungdomsboka Soledad. Eg kontakta Aschehoug forlag fleire år før eg gav den ut, og spurte om dei var interessert. Det var dei, og prosessen med å redigere og omskrive boka byrja straks eg var ferdig med siste boka i serien om Svarte-Mathilda. Det var enormt spennande for meg å skrive Soledad, det var utforsking av ein sjanger eg alltid har vore fascinert over, eg hugsar framleis inntrykket som filmen The Day After gjorde i tenåra, om etterdønningane etter eit atom-angrep. Vi som vaks opp under avslutninga av den kalde krigen har mange slike godbitar i minnet. Fascinasjonen over å vere heilt åleine igjen på jorda var utgangspunktet for Soledad. Gjennom å høyre musikk frå tenåra og å spele Playstationspel som The Last of Us tok samfunnet og karakterane i Soledad form. Men det heile starta med eit besøk på den fascinerande og vêrharde rogalandsøya Utsira.

Sjølvsagt kunne Soledad hatt blitt meir synleg, og vore på toppen av alle salslister, men eg er blitt vane med å ikkje finne meg sjølv i bokhandlarane. Det er irriterande, men vanleg. Boka fekk uansett nokre fine omtaler. Og det var kanskje Ahmed Khaatab på barnebokkritikk.no som verkeleg skjøna boka: "Tor Arve Røssland er flink til å veksle rytmisk mellom rolige partier og mer intense situasjoner. Språket er troverdig, spesielt skinner Soledads mistenksomhet gjennom i språket på en måte som er tydelig, men uten å være full av klisjeer.

Samtidig er romanen tydelig i sin oppvurdering av det frie individet utenfor de nye småsamfunnene. Soledad sparker i flere retninger. I den finnes en markert kritikk av dagens passive miljøpolitikk, i tillegg tegner Røssland et dystert fremtidsbilde av menneskets evne til å skape siviliserte samfunn."

Tulleruska skreiv at boka var eit godt tilskot til dystopiane, og Anniken Thorsen på Deichmanske sin blogg sa at sterke, modige Soledad gjorde inntrykk på henne. Bergens Tidende hadde derimot ikkje gjort heimeleksa si og påstod at Soledad er første boka i ein trilogi, noko eg aldri har sagt, eg har faktisk understreka det motsette, at dette er ei enkeltståande bok og skal det skrivast oppfylgjar må det kome som ein folkekrav, og Kongen må be om det i nyttårstalen sin.

Bjørn Gabrielsen i Dagens Næringsliv hadde også fanga opp eit anna poeng som ingen andre hadde fått med seg. Korleis kvinner blir undertrykt i mitt tenkte framtidssamfunn, der sterke menn får herje fritt.

Soledad er eit angrep på ein passiv miljøpolitikk, og ja, den er pessimistisk når det gjeld menneske si evne til å skape siviliserte samfunn. Viss ikkje grep blir tatt vil både befolkningsvekst og miljøet til slutt vere vår undergang. Eller ikkje vår, men dei andre, sjølvsagt. Vi her i Noreg er for grådige og proteksjonistiske til at vi lar det skje med oss.

Det er faktisk på Uprisen.no at boka har fått mest merksemd, og det er utruleg artig å lese ungdommane sine eigne omtaler. Ungdom likar handling og action og dei hater dødtid i bøker. Derfor er det mange som meiner at boka starter litt treigt. Dei fleste kjem fort inn i handlinga, likevel, og dei synest den er ekstremt spennande. Nokre misliker den opne slutten, og at dei ikkje får forklaring på alt. Mens andre igjen har tatt poenget: "Jeg har hørt flere som sier at de etter å ha lest boka, har en del spørsmål de ikke har fått svar på, og at de ikke liker bokas åpne slutt. Personlig er jeg uenig i dette. Jeg føler dette gir leseren en mulighet til å tenke selv hvordan ting henger sammen, og hva som skjer etter siste side. Terningkast 6!"

Boka skal ikkje gi alle svar. Heile handlinga er sett frå Soledad sin synsvinkel, og denne synsvinkelen var viktig for meg. Dermed ville det vere heilt unaturleg at ho i den settinga ville finne svar på alt ho lurte på, utan at det hadde virka påklistra og overforklarande. Eg har alle svara oppi hovudet mitt, men dei deler eg ikkje med nokon, med mindre Kongen grip inn, sjølvsagt.

Boka stiller spørsmål, og lesaren skal finne svara sjølv. Og du finn svara i boka om du leiter, Soledad er inne på det undervegs, men ho kan sjølvsagt ikkje vere sikker på kva som står bak katastrofen som har ramma verda.

Siste boka eg gav ut var thrilleren Snatch, i serien Skumring på Mangschou forlag. Eit lite bergensbasert forlag som gir ut massevis av gode bøker for barn og ungdom. Dette var andre boka mi i denne serien, der den første var Gamer (2011). Snach handlar om to ungdommar som kidnappar ei rik jente i Bergen, for å krevje løysepengar for henne. Eg kan godt vere den første som seier det: Dette er ei umoralsk bok. Eg skal ikkje røpe slutten, men ei barnekidnapping er i utgangspunktet tvilsamt, det ser til og med eg. Men eg likar historier om forbrytarar og halvkriminelle. Det er kjekt å heie på dei som er på skuggesida av samfunnet.

Boka har fått litt merksemd på bokbloggar, men aviser og større nettstader skriv ikkje om lettleste ungdomsbøker. Bloggarane meinte den var actionfylt med sugande ekkel spenning, og med ein overraskande slutt. Også på Uprisen.no har den fått nokre omtaler. Nokre synest den fortel ei orginal historie, nokre synest den er for kort, mens enkelte meiner den er kjempespennande.

Det blir ikkje tre bøker til neste år. Kanskje berre éi. Men den blir til gjengjeld på nynorsk. Det kan eg love.

 

 

Å jobbe med fleire bøker samstundes

Dei siste åra har eg jobba med fleire bokprosjekt parallelt. Bøkene om Svarte-Mathilda, Gamer, Soledad, En smak av Zommer og boka som kjem til hausten; Snatch, vart alle skrivne på same tida. Sjølvsagt litt fram og tilbake, men eg klarer ikkje å konsentrere meg om berre éin tekst om gongen.

Eg hadde eigentleg bestemt for å berre skrive éi bok no i haust. Men slik blir det nok ikkje. Eg har sagt ja til å skrive ein lettlest fantasyserie for barn, ein skitskummel grøssar for ungdom og ei forferdeleg dyster ungdomsbok om nær framtid. Men ikkje ein einaste oppfølgar i sikte - berre nye, ferske historier som eg gler meg til å byrje med. Og denne veka har eg byrja i ein ende, nemlig skitskummel grøssar for ungdom. Tenkjer at eg skriv eit førstutkast og lar det ligge mens eg hopper over på fantasyen for dei minste.

Og heile tida ligg dei store romanane og ventar på å bli ferdigskrivne. 

Sjølvmelding får merksemd

For om lag eit år sidan bestemte eg meg for å skrive anmeldelsar av mine eigne bøker, mest som eit slags stunt, sjølvsagt, men også eit bittert stikk til aviser og media som sjeldan eller aldri tar seg bryet med å anmelde norske barne- og ungdomsbøker. Og i alle fall ikkje nynorske bøker! Anmeldelsane eg skriv er partiske og uhøgtidelege, ikkje meint å kunne retteleie ein kritisk lesar, men eit innblikk i kva eg har tenkt med akkurat den boka. I tillegg sit eg jo på informasjon som ein vanleg avisanmeldar ikkje har tilgong på. 

I går la ut den nyaste anmeldelsen på Facebook, dette fekk forfattarkollega Tom Egeland auge på, og vips blei det litt oppstuss rundt det heile. I dag skriv nettstaden BOK365 om sjølvmeldinga. Eg kan berre håpe at det ballar på seg, og at nokon til og med kjøper boka etter dette?

Boka er Soledad, som kom ut på Aschehoug tidlegare i vår, og den har i motsetnad til mine tidlegare bøker, faktisk fått eit par anmeldelsar. Men det er langt igjen til eg er laurdagsgjest i Dagsrevyen.

Les oppslaget på BOK365 her.

Skrekkslagne ungar

Eg har reist mykje rundt i skuleverket og fortalt om bokserien Svarte-Mathilda. Eg fortel om korleis boka blei til, viser nokre bilete og les frå boka. Men aller først fortel eg om vandrehistorier, eller urban legends, som det heiter på engelsk. Og korleis ideen til bøkene kom frå nettopp ei Bloody Mary-liknade vandrehistorie, der den spøkelsesliknande jenta Svarte-Mathilda kjem ut av speilet om du seier namnet hennar sju gonger. Alt dette gjer eg i eit mørkt rom, der berre eg og lerretet er opplyst. Dette lager ei ekstra skummel ramme rundt.

Eg har lese og fortalt om dette hovudsakleg til elevar på mellomtrinnet, altså klassetrinna 5-7. Av og til hender det at barna blir redde. Det har hendt at dei har sprunge grinande ut av rommet. Det har hendt at eg har fått klager frå rektor etterpå, at foreldra har tatt kontakt fordi ungane ikkje får sove. Den verste eg fekk var kanskje frå ei jente i Hordaland. Storesystera hennar sendte med denne meldinga: 

"Jeg hører fra min lillesøster at du har skrevet noen bøker om Svarte Mathilda, hun er så redd at hun har flyttet inn på rommet til foreldrene og hun tør ikke å være på badet. Hun er redd Svarte Mathilda skal komme igjennom speilet å ta henne og at hun skal bli fristet til å si navnet hennes til speilet."

Eg skal innrømme at den gjorde inntrykk. Dette var ei jente i sjetteklasse, der eg hadde vore på besøk på skulen hennar, og faktisk snakka litt med henne på førehand. Eg har jo ikkje lyst å skremme vetet av dei! Det er sjølvsagt plagsomt å gå med mareritt lenge etter noko slikt. 

Men samsundes så tenkjer eg at dei andre 99.99 % av ungane frydar seg og synest dette er spennande og dei kan ikkje få nok. Dei som elskar det mystiske, det spennande og det grufulle og som ikkje bryr seg om at dei får mareritt. Dei som rett etter mitt besøk spring på biblioteket og låner bøkene, eller aller helst; kjøper dei! For til sjuande og sist er det dette det dreier seg om: Eg vil få ungar til å lese bøker, aller helst mine bøker, sjølvsagt. Men samme det, berre dei les. 

The Slender Man var ikkje til stades då bilete blei tattDet har vore litt snakk om The Slender Man i det siste, og korleis denne oppdikta, skumle barnemordaren visstnok har inspirerte unge jenter til drapsforsøk. Det blir for lettvint. Då eg tok hovudfag i filmvitenskap på slutten av 1990-talet så forska eg på debatten kring filmsensur i Norge på nittitalet. Og det dukkar opp mediepanikkar med jamne mellomrom. Meir eller mindre seriøse samfunnsdebattantar som meiner mykje om både vald i litteratur, film og spel. Og som er heilt sikre på at dei som speler t.d. spel som Grand Theft Auto eller Call of Duty blir massemordarar i det verkelege liv. Var det slik at Sim City førte til ein boom av byplanlegging blant folk? Nei, sjølvsagt ikkje. Det blir ei litt for lettvint samanlikning. 

Mi erfaring etter å ha snakka med snart 15000 barn (10-12 år) om både vandrehistorier, spøkelser og dataspel, er at dei er særs flinke til å skilje mellom fiksjon og virkelighet. Sjølvsagt vil dette variere, og enkelte moralske voktarar vil aldri like at vald finst i fiksjonen. Men hovudtrenden er at barna skjønar forskjellen mykje tidlegare enn det mange trur. Eg meiner ikkje at vi skal ha eit fullstendig frislepp av alt for alle, men ei bevisstgjering rundt det faktum at det er mange faktorar som gjer eit menneske valdeleg. Eg spør ofte kva filmar dei ser og kva spel dei speler, og svara eg får er ofte noko slik: Fritt vilt, Død snø, Saw, The Walking Dead osv. Når det gjeld spel: Call of Duty, Grand Theft Auto og sjølvsagt; Minecraft. Hadde alle blitt påvirka av dette, så hadde norske skuleplassar sett veldig annleis ut.

Bokmelding "Soledad" av Tor Arve Røssland

Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: "Forfattar trillar terning på seg sjølv." Denne gongen den dystopiske "Soledad".

Kva har kanadisk progrock og Utsira til felles? Les vidare og finn det ut. 

Denne boka går rett på sak. Før vi i det heile tatt blir kjent med hovudpersonen får vi vite at ho er heilt åleine på den forblåste øya Utsira, utanfor rogalandskysten. Eit lite tilbakeblikk fortel oss at Soledad var komen til øya saman med den spanske kunstnarfaren sin, og at ho eigentleg trivst godt på ferie ute i havgapet.

Men raskt blir lesaren kasta ut i einsemda. Alle menneska på øya er borte, og eit vanvittig uvêr går til angrep på alt som rører seg inne på fastlandet. Vi får eit hint tidleg om at det er fleire overlevande, blant anna ei gamal hjelpelaus kvinne frå eldresenteret, og eit helikopter som ser ut som det skal kome og redde Soledad - berre for å bli truffen av lynet og synke i havet.

Soledad blir verande åleine vinteren over, og vi må kjenne på angst og desperat tvil hos den unge jenta. Kva har skjedd og kor er alle saman? Då plyndrarar frå fastlandet tar all maten hennar står ho i tillegg i fare for å svelte i hjel. Ho kjem seg over til fastlandet og møter ulike samfunnsstrukturar der inne. Berre for å sjå det eine systemet etter det andre spele fallitt. Menneska kan ikkje lenger leve slik dei gjorde før katastrofen. Og kva var så denne katastrofen? Røssland viser oss ei særs dyster framtid for menneslekta. Vi kan berre gløyme alt vi har av moderne hjelpemiddel, og alt som blir driven av bensin eller straum. Vi blir kasta tilbake til tida før den industrielle revolusjon, og Moder Jord passer på at vi held oss der. 

Soledad er ein sterk hovudperson. Ho våger å gjere det som gjerast må, og ho handlar ut frå kjenslene og det som ho meiner er rett. Men ho er og ein av dei få som innser kva grusom hemn naturen har planlagt for oss menneske, og eit snev av kynisme kjem også inn i henne. Forfattaren lar ho vere helten, men av og til treng til og med ein helt hjelp. Denne balansegongen mellom Soledad og guten Asle gir boka ein styrke.

Dette er først og fremst ei intens spenningsbok, som i tillegg har ein klår og tydeleg bodskap: vi må passe på jorda vår, det er den einaste vi har. Ein filosofi som ikkje overskuggar handlinga, forholdet ho etter kvart får til guten Asle eller dei spennande situasjonane ho hamnar i, men bodskapen ligg og ulmar i bakgrunnen som ei ubehageleg sanning.

Forfattaren har røpt at boka er delvis inspirert av hans eigne misforståingar av tekstane til rockebandet SAGA, spesielt songane i den meir eller mindre ukjente Chapter-serien, der dei song om den unge Albert Einstein. Denne Einstein-koblinga hadde ikkje Røssland fått med seg og han tolka tekstane litt vel post-apokalyptisk. Då han i tillegg var på tur til Utsira og opplevde einsemda og dei folketomme vegane, var ideen planta i hovudet hans.

Nokre har fått det for seg at dette skal vere første boka i ein trilogi, noko forfattaren sjølv nektar på. Med mindre folk går mann av huse og handlar inn førsteboka, då, vel og merke. Så kynisk har han blitt denne vestlendingen, som nok ein gong syndar og nyttar sidemålet for å tekkast lesaren, og si eiga lommebok. 

Soledad hamnar fint inn i trenden av dystopiske ungdomsbøker som prøver å fortelje oss noko. Den er spennande, intens og smertefull, og den fell ikkje for freistinga å bable i veg i hundrevis av sider om dei "fascinerande framtidssamfunna", slik så mange bøker som sklir ut i både tre og fire bind, der forfattararane gløymer at det er mennesket som skal vere i sentrum, og ikkje endelause beskrivingar av dei nye strukturane som held saman verda. Boka er kort, og kan opplevast som ein film. Det gjer vondt for oss menneske når vi må sjå oss sjølve i spegelen på denne måten. Held vi fram slik vi gjer no, vil det ikkje vere nok plass til oss på denne jorda. Nokon må gå. Og dei som blir igjen blir kyniske undertrykkarar.

Uprisen

Thomas Enger stakk av med Uprisen for boka Den onde arven, rett framfor nasen på meg og Svarte-Mathilda III. Eg skjønar eigentleg godt at ungdommane som skulle kåre vinnaren synest at Svarte-Mathilda III var ei litt vanskeleg bok å forholde seg til. Den er ikkje ei frittståande bok, men avslutninga på ein serie der alt heng saman i ei lang historie. Men akkurat som forrige gongen eg var nominert, så var det veldig kjekt å delta under festivalen. Gøy å møte juryklassanene og kjekt å bli kjent med dei andre nominerte som var til stades, kanskje spesielt Marte Aune (som eg også var på quizlag saman med under barne- og ungdomsbokquizzen). Ho er ein ung debutant som vi kjem til å høyre meir frå. Det er eg sikker på.

Ingen Upris på meg i år heller, kanskje neste år? 

Svarte-Mathilda III er nominert til Uprisen!

Akkurat som den første boka, er no den tredje boka i serien om Svarte-Mathilda nominert til Uprisen! Dette er prisen som blir delt ut av ungdommen sjølv, etter hundrevis av omtaler av alle ungdomsbøker som er gitt ut i 2013.

Svarte-Mathilda III er den siste boka i serien, og det kjennes godt at lesarane har tatt så godt i mot den som dette. Sjølv om media og forståsegpåarar ikkje gir den merksemd i det heile tatt, så viser det at den likevel når fram til ungdommen! 

Prisen blir delt ut av Foreningen !les og Litteraturfestivalen på Lillehammer. Kven som vinn Uprisen blir avgjort 22. mai, sjølvsagt på Lillehammer. 

Her kan du lese kva ungdommen synest om boka.

Her kan du lese korleis det gjekk førre gongen eg var nominert.

Bokmelding: "En smak av Zommer" av Tor Arve Røssland

Verken aviser eller media generelt tar seg bryet med å anmelde barne- og ungdomsbøker, derfor blir forfattarane nøydd til å vurdere seg sjølv. Sidan det er ubehageleg å dømme kollegaene sine bøker, har eg starta serien: "Forfattar trillar terning på seg sjølv." Forfattaren granskar si eiga splatterbok "En smak av zommer".

Zombiar inntar Zvortland

Ein vakker sommardag i det idylliske øyriket Bømlo på Vestlandet er Max på veg til sommarjobb. I all hemmelighet for mor si har han fått jobb i dei nyopna gullgruvene, der den eksentriske amerikanske gullgravaren Savini er sikker på å bli både rik og berømt. Nede i dei mørke gruvegongane skjer det noko, og Savini kjem ut med eit mystisk bitemerke på ryggen og eit rykande temperament.

Max har sitt å slite med, både skuldkjensla for faren sin tragiske klatredød, og ikkje minst: korleis skal han skal vinne draumejenta Sofie? Akkurat når alt ser ut til å gå bra, blir øya overstrømd med zombiar! Og Max har meir enn nok strev med å halde seg i live, og å finne igjen Sofie som sjølvsagt befinn seg milevis unna. 

Røssland har på fiffig vis fortalt deler av historia gjennom mystiske avhøyr, der ein hemmelighetsfull agent grillar folk som har meir eller mindre tilknytning til hovudpersonen Max, og gradvis blir vi klar over ein farleg konspirasjon bak det heile - eller ikkje? Dette er noko av det vi skal gruble over.

Boka er både heseblesande spannende og herleg leikande. Den nye GRUSOM-serien til Egmont har gitt forfattaren sjansen til å boltre seg i både vald, satirisk humor og kanskje litt meir karikerte karakterar enn han vanlegvis ville gjort. Dette er hemningslaust kommersielt og blodig underhaldande i skjærgarden - Braindead møter Vi på Saltkråkan, med eit snev av World War Z. Røssland lover fleire bøker i denne serien av frittståande bøker, om dette skulle vise seg å bli populært.

Røssland kan sin horror, og her er det referansar til både klassiske zombiefilmar av George Romero og nyare boksuksessar som The Zombie Survival Guide av Max Brooks. Sanneleg dukkar det opp ein del veldig lokale parodiar òg, men dette ville ikkje forfattaren utbrodere vidare.

Boka er skriven på sidemål, altså eit konservativt og fintflytande bokmål. Vi som kjenner dialektane på Vestlandet får berre innbille oss at dei snakkar flytande bømladialekt i denne boka, så går heile sidemålsproblematikken fort over. Her flyt både blod og kroppsdeler, mens vi heier på helten Max, og kjærasten Sofie. Men kan menneska reddast frå denne apokalypsen?

Soledad

Eg sit her med den aller siste finpussen på det som skal bli bok i laupet av våren. Den postapokalyptiske thilleren Soledad. Eg måtte rett og slett ha ein liten pause frå manuset og blogge litt.

Boka har endra seg ein del dei siste rundane, og det er alltid skummelt, men samtidig så ser eg at det stadig blir betre og betre. Og hovudhandlinga blir ikkje endra på noko som helst vis. Ein del småkarakterar må finna seg i å bli drept, eller i verste fall: bli skrivne ut av boka! Andre endrar litt rolle, og nokre må finne seg i å miste nokre replikkar. Slik er det berre i redigeringsfasen. Boka blir kortare, og betre.

Det er vel ikkje noko poeng i å halde det skjult lenger. Dette er ei bok med eit tema og til og med ein bodskap.  Det var ikkje slik det heile begynte, men tematikken har liksom kome snikande mens eg skreiv. Den er ikkje overtydeleg og pedagogisk, langt i frå, men eg trur det blir rett å kalle boka ein miljøthriller frå no av. Menneskeskapte klimaendringar går heilt amok, og vesle Soledad er fanga midt i elendigheita. Eller ikkje akkurat midt i, ho er fanga på øya Utsira utanfor Haugesund. 

Først og fremst er dette ei spenningsbok for barn og ungdom, men det skadar ikkje om dei tenkjer over forbrukarsamfunnet og miljøet når dei er ferdige med å lese.